Page 1


Wimbledon


Gudmund Skjeldal

Wimbledon Der graset er grønast


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2018 Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond. ISBN 978-82-02-57970-8 1. utgave, 1. opplag 2018 Illustrasjoner: Alle foto er tatt av Ellen Lande Gossner Omslagsdesign: Miriam Edmunds Omslagsfoto: Clive Brunskill/Getty Images Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: Livonia Print Sia, Latvia 2018 Trykt på 80 g Amber Graphic, 1,25 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Innhald

DEL I. FJERNSYNET Århundrets kamp . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Graset . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . The All England Lawn Tennis & Croquet Club. . . .

9 23 30

DEL II. SPELET Sesongvariasjonar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Tanken på spelet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . McEnroe mot Björn Borg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Pengane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Amatøren Molla . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Utandørs . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lidenskapen for Federer . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Bønder og tennis . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 77 år med tørke. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

41 49 74 96 108 128 140 162 172

DEL III. TURNERINGA Å venta på Federer . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 185 The queue . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 192


DEL IV. ETTERORD Frognerparken. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 275 Spel ballen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 277 Takk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 279 Litteratur. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 280 Tilvisingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 282


DEL I

FJERNSYNET


Århundrets kamp

Nelson Mandela hadde bedt fangevaktarane på Robben Island om ein radio, og sat og høyrde på World Service i cella si. Boris Becker og Stefan Edberg spela junior-EM i Västberg, og såg på fjernsynet saman. Tim Adams, i dag kommentator i søndagsavisa The Observer, var på bilferie i Wales med foreldra og strevde med antenna for å få inn BBC-sendinga på den gamle tv-en i campingvogna. Det regna og det hagla heile den veka Adams var der. Han sat stort sett inne og følgde Wimbledontennisen. I Bergen var det mykje folk i gatene etter at Sundt varemagasin stengde klokka eitt, kaféen Ole Bull på Grand Hotell var smekkfull. Men då klokka passerte halv tre, forlét stadig fleire han, og eit par frå Tyskland, som åt torsk, og ein journalist frå Bergens Tidende, med kaffi og eit rekesmørbrød, var dei einaste som sat att. Far min på Skjeldal gjekk og hesja i brattbakkane, er eg redd, og hadde hatt god bruk for oss gutane. Det var laurdag den 5. juli 1980. På grunn av alt regnet som Wimbledonarrangøren hadde stridd med den første turneringsveka, pressa dei inn mixed double-finalen klokka tolv, og denne drygde ut. Singlefinalen for her9


rane byrja difor noko forsinka etter sendeskjemaet klokka 15.00 norsk tid. Björn Borg var blåøygd og hadde lyse lokkar ned på skuldrene, han var den ungkvinnene hadde elska og storma grasbanane for, no var han så erfaren at det engelske etablissementet også kunne lika han. Ifølgje tv-kommentatoren hadde han late skjegget gro så lenge han ikkje tapte i Wimbledonturneringa, men det såg velstelt ut. Fire gonger før hadde svensken vunne finalen på Centre Court, dei fire føregåande åra på rad. Han var stillfaren og ærleg på banen. Han såg ut som om kjenslene ikkje beit på han. Han likna ein skikkeleg gentleman. På den andre sida av nettet stod John McEnroe. Han var ein ung gut frå Queens i New York som spela i sin aller første finale på Centre Court. Men han hadde vunne US Open året før, og han hadde slått Borg tre gonger. Denne finalen mellom dei to aller beste var på førehand utropt til «århundrets kamp». McEnroe såg misnøgd ut med alt og alle; hertugen i The Royal Box, dommarane rundt om på banen, dei nær femten tusen tilskodarane, til og med det grøne graset. Han braut alle finare engelske kodar, han eksploderte i raseri, han skjelte ut ein linjedommar, krangla med hovuddommaren. Han verka eigentleg mest fortvila over seg sjølv og sitt eige spel. Sjølv då kunne han dempa ballen så fintfølande ved nettet, berre med venstrehanda på racketen, som om han var ein dirigent som skar harmoniske stykke ut av lufta. Eg elska måten han var liksom utolmodig på, korleis han stupte fram mot nettet for å avgjera ballvekslingane. Finn Søhol, kommentatoren på NRK, sympatiserte ster10


kast med Björn Borg. Ikkje berre var Borg frå nabolandet, som han sa, han var blond, og han verka så stoisk roleg og så majestetisk uslåeleg med det presise returspelet sitt. Det var kanskje slik Søhol sjølv burde ha spela. Han vedgjekk i alle fall favoriseringa då han fortalte meg om minna sine. Begge spelarane hadde panneband. Björn Borg brukte eit kvitt, John McEnroe ganske talande eit raudt. Racketane deira var begge av tre. Ved nettet sat ein eigen dommar og sjekka om serveballane sneia kanten. Slazengerballane var kvite. Ganske store grasfelt bakom grunnlinja og framme ved nettet var blitt brune. På Skjeldal hadde vi nyleg fått fargefjernsyn. Det var McEnroe som byrja kampen, med ryggen til kamera. Alt på andreserven, før det første poenget var ferdigspela, då kameraet fokuserte inn på Borg, utbraut Søhol: «Se på denne fighteren!» Men New Yorkar-en var kvassare i starten. Slik han stod vinkla frå motstandaren på serven sin, med føtene heilt parallelt med grunnlinja, var det vanskeleg å vita kvar ballen ville komma når han vreid korsryggen rundt og slo. Det såg vondt ut, og ein kunne frykta at han ikkje ville få eit langt liv i sporten. Han var venstrehendt, noko som gjorde at han kunne skru serven sin langt ut i backhandsida til Borg på diagonalane mot høgre. Han serva seg enkelt til gameleiinga 1–0, og den aller første pausen i matchen. Spelestilen til McEnroe passa best til gras. Han storma fram til nettet når han kunne. Björn Borg var nok aller best på grusen. Han hadde 11


utvikla ei kraft i grunnlinjeslaga som få andre kunne stå seg mot. Han brukte to hender på backhandsida, sjølv om det braut med den klassiske «pene» måten å spela tennis, og sjølv om trenaren ein gong hadde rådd han frå det. Tre strake sigrar hadde han frå grusturneringa French Open, fem i alt derifrå. Han hadde trent seg opp til ein betre serve, og han våga seg gjerne fram mot nettet også, slik grasspelet lokkar ein til å gjera. I tennis kan ein velja om ein vil la ballen stussa underlaget éin gong eller om ein vil velja det meir teknisk krevjande volleyslaget og ta han på direkten. Graset dempar spretten meir enn det grusen gjer. Sidan den andre spelaren dermed får mindre tid til å bu seg på og sikta inn motslaget, angriper den første framme ved nettet der vinklane er store begge vegane og volleyslaga gjerne drepande. Ein kan også legga ballen død like over nettet, om handlaget med racketen er finslipt nok. Borg var ikkje like dyktig som McEnroe i dette kunstferdige spelet, i alle fall ikkje i sitt første servegame. Han gav i ei ballveksling ved nettet rivalen sin heile tre sjansar til å passera på den eine eller den andre sida og han mista poenget til slutt. I sjølve gamepoenget fekk McEnroe til ein ekkel lobb over han, ballen duppa ned like innom grunnlinja, og Borg nådde ikkje å få returen sin over nettet, endå så rask som han var. McEnroe leia 2–0. Han heldt fram med å serva vanskeleg for Borg, det vart 3–0. Borg kom inn i kampen med betre servar no, men McEnroe heldt fram med dei glitrande direkteslaga. Han noterte seg 4–1. 12


I neste game rota svensken bort serven to gonger på rad. Dette var den andre dobbeltfeilen han gjorde i dette første settet. Hadde han nervar likevel? På ein annan andreserve rusa McEnroe fram til nettet og overraska Borg, som sendte ballen ut. Med ein velretta retur frå backhandsida si sette amerikanaren han sjakk-matt på sjølve gameballen. Han braut han på ny. Han hadde leiinga 5–1 og kunne surfa settet inn i sitt eige game. Han hadde enno ikkje rasa mot dommarane. Han trong heller ikkje gjera det, så kvast og reint som han spela. Han var perfekt konsentrert. På den første settballen sin var han nær ved å mista fatninga, han hadde komme seg fram til nettet og slo ballen hårfint ut med venstrehandsvolleyen. Viss han då var ute. McEnroe stod lenge ved det kvite nettet. Søhol sa han var nær ved å bita av seg tunga, og det såg sanneleg slik ut av tv-bileta også. Kan henda var det av respekt for Borg at han lét protesten vera. Kan henda ana han at ballen var for lang og berre klandra seg sjølv. Søhol meinte i sendinga at McEnroe aldri prøvde å juksa direkte, sjølv om han oppførte seg dårleg. Han tok faren, som produceren stadig klippa inn i biletet, til inntekt for det same synspunktet. John McEnroe sr. kunne pusta letta ut. Sonen vann det første settet, 6–1. Produceren brukte denne pausen til å visa saktestudiar av servane til dei to spelarane, og glimt av dei mange tilskodarane. Ein del av mennene sat med dress og slips. Folk røykte. Søhol måtte vedgå at McEnroe hadde sine tilhengarar, han også, endå om han ikkje sjølv akkurat likte dei høge jubelropa deira. Det fanst dei som ønskte å sjå meir bak kulissane, som han sa. Med det meinte han at steinand13


letet til Björn Borg røpte ingenting av kva han tenkte. Så langt var han blitt utspela. Han hadde ikkje vore i nærleiken av noko i McEnroes serve. Men kampen var enno ung. Han hadde enno to sett å endra vindane på. Han byta til ein litt hardare strenga racket. Søhol kalla han ein arbeidshest. McEnroe var ein fullblods «gallopør». Far vår kan ha vore innom stova som snarast på dette tidspunktet. Klokka fire åt han gjerne litt ettermiddagsmat, det vi kalla «nons» (og som eg alltid har lurt på har røter i det engelske «afternoon»). Fort var han ute att i slåtten, det var meldt regn mot kvelden. Mor vår gjekk sikkert ut og hjelpte han med hesjinga. Vi brørne blei sitjande. I London var det sol. I det andre settet av Wimbledonfinalen byrja spelet jamnare. Borg gav seg ikkje med å prøva nettspel i eigen serve, og klarte seg noko betre. Kommentatoren på NRK gjorde oss merksame på at han tok nokre steg endå nærare nettkanten. Men McEnroe heldt fram med å serva variert og velplassert. Ingen slurvar eller dobbeltfeil. Borg kom aldri inn i skikkeleg lange ballvekslingar og kom seg ikkje til brotpoeng i gama åt amerikanaren. I staden var det den svenske meisteren som måtte kjempa for å halda sine serveomgangar, to gonger hadde McEnroe sjanse til gjennombrot på stillinga 2–2. På stillinga 15–0 i det sjette gamet kom kanskje det vakraste slaget hans så langt. Han gav serven sideskru, så ballen traff godt mot det ytre hjørnet av serveruta, til venstre for returspelaren (den som kallast «fordelsruta»), og ballen skjena ut av banen; dermed måtte svensken langt til sides 14


for å nå han med eit backhandslag, men Borg var oftast lynrask i reaksjonen og klarte å tvinga denne returen over nettet på midten, utruleg nok. McEnroe var då på veg fram i banen, han måtte hoppa litt opp for å stemma volleyslaget sitt i den rette høgda ved hofta. Ballen smaug seg over nettet og i ein herleg boge heilt ut mot den andre singlelinja, trygt utanfor rekkevidda til Borg. Det såg så enkelt ut. Det var ufatteleg vanskeleg. I det neste gamet, det sjuande, hadde McEnroe igjen opninga. På to altfor slappe volleyar frå Borg kunne han berre styra ballen tilbake, og skaffa seg med det to breakballar og stillinga 15–40. Søhol observerte det alt medan ballvekslinga gjekk føre seg: «Der har McEnroe sjansen, og der har han den igjen.» Den andre returen blei nokre bitre få centimeter for lang. Hadde han vunne to gameballar her, kunne han fort fått leiinga 3–4. Slik som han serva så langt, ville han lett plukka to game til og skaffa seg den veldig lovande leiinga 2–0 i sett, det som på engelsk, og underleg nok, heiter «two to love». Dette kunne vera poenget som snudde settet, meinte Søhol. McEnroe var typen som hugsa slike ballar. Borg, derimot, «Ice-Borg» som han blei kalla i London, sletta berre minnet om den førre ballen. Han serva seg ut av klemma, og fekk leiinga 4–3. McEnroe feia gjennom servegamet sitt, og stillinga var 4–4. No slo McEnroe fantastiske returar frå grunnlinja, og han spela seg til tre små settballar i Borgs serve. Borg, som hadde byrja gamet med ein dobbeltfeil, klinte til med returballar som det rauk krit av og redda seg ut av farane. Ny liten pause ved dommartrappa. Drygt ein times spel så 15


langt. McEnroe var fortsatt den førande, men Borg hadde synt kva psyke som budde i han. Med nye ballar i servegamet sitt hadde McEnroe ingen problem, trass i frustrasjonen over sjansane som ikkje hadde resultert i noko handfast enno. Han kvitterte til 5–5. Men også Borg serva seg enkelt gjennom neste omgang, det stod 6–5. Settet tikka mot tie-break. På stillinga 15–0 var det McEnroe som slurva med volleyen sin; ballen gjekk i nettet. I det neste poenget, der han mislukkast med ein halvlang stoppball, fekk Borg for god tid til å stilla inn eit forehandslag med mykje overskru. McEnroe fekk berre dytta ballen tilbake der framme ved nettet, og Borg kunne storma fram og dunka ballen enkelt forbi han. Den svarte tavla synte 15–30. Det var ein svært viktig ball som skulle spelast no. Søhol: «McEnroe vet det. Han tar seg god tid, spretter ballen. Nå må han ikke tape poenget, McEnroe. Da kan han miste settet.» Det blir sagt om tennis at teljemåten var noko den engelske overklassen fann på for å halda kroppsarbeidarar unna idretten sin. Det skulle vera komplisert å forstå. Ein går frå 15 til 30 og til 40, og så vidare til «game» (60). Ved 40–40 heiter det «deuce». Derifrå må du gå om «Advantage» («AD» på resultattavla), før du får gamet. Kvifor tel ein ikkje enkelt oppover slik ein gjer i bordtennis og volleyball og badminton, til 11 og 21 og 251? Om du slurvar

1 Poengstega er blitt forklart med røtene som sporten delvis har i franske kloster, der 60 var eit dominerande tal, og uttrykket «deuce» ved 40-40 utifrå uttrykket «à deuxe a deu», «to frå partiet». Men denne teorien kan vanskeleg stadfestast.

16


med serven din i badminton, tapar du poenget og serven går over til motstandaren. I tennis har ein lov å serva om att om ein bommar på den merka ruta, og ein har kvart sitt servegame på omgang. Det er å forventa at ein held servegamet sitt; viss ein tapar det, seier ein gjerne at ein blir broten. Ein byter side ved annakvart game (på oddetal), og ein sit seg alltid ned og kviler mellom desse småbolkane, på Borg si tid også etter det aller første. Ein må støtt ha to poeng meir enn den andre for å få gamet, og etter det same prinsippet også nå 6 game mot motstandaren sine 4, eller 7 mot hennar 5, for å kapra settet. I vanlege turneringar er det nok med to sett, i Wimbledon må herrane vinna tre. Men sjølv på Skjeldal, på ein bølgete og storkupert avsats i ein avsidesliggjande skogsdal i ein fjellrik kommune i ein grisgrendt del av landet, i ein forblåst utpost i Europa, forstod vi ungane kva tennis handla om. Vi skjønte at det var nokre poeng som var viktigare enn andre, og når alvoret verkeleg stramma seg til. Det var ikkje nok å vinna dei første servane og få ei leiing. Vi forstod det i arbeidet på garden: Spikrane måtte heilt inn i treverket. Skrudde ein ikkje mutterane heilt innåt metallet, kunne dei vri seg ut att. Fekk ein ikkje høyet i hus, var arbeidet med hesjene forgjeves. John McEnroe skrudde no serven sin langt ut mot Borgs backhand slik han hadde gjort gjennom heile dysten så langt, og sprang mot nettet. Den firdobbelte meisteren klarte endeleg å styra ballen forbi. Det var ein magisk skråstilt retur. Borg måtte langt utom doublelinja då ballen kom fykande, måtte strekka armane det overkroppen var god for, halda racketen nøyaktig og stødig i same 17


hundredel av eit sekund. Tennisballen fann liksom sjølv eit grasstrå innom grunnlinja å landa på, som om han ville anerkjenne slaget til Borg. Stillinga var med eitt 15–40. Brått hadde Borg skaffa seg to settballar. Han, som ikkje hadde skaffa seg éin sjanse til å spela om gamet når McEnroe serva. Han, som hadde vore den veikaste av dei to i byrjinga. Like brått nappa svensken no til seg endå eit poeng og stal heile settet. Stillinga på lystavla i hjørnet var lik, 1–1. Dette var blodig urettferdig. McEnroe hadde eigd og dominert spelet, han hadde spela nesten fullkommen tennis. Ein eller annan gud måtte ha misunna han det og gripe inn. Mange kvinner på tribunen huja og lo. Ein mann hadde reist seg, han stod med sigar i kjeften og klappa. Han hadde knept skjorta på vidt gap, eit smykke dingla på brystet. John McEnroe sat på huk ved grunnlinja. Han sat slik lenge. Han såg ut som om han skulle byrja å gråta då Borg skulle til å serva igjen i det tredje settet. Björn Borg trakk ikkje éi mine. Finn Søhol var begeistra for utviklinga i kampen, det var ikkje vanskeleg å ana det. Borg leia kampen for første gong, om enn med berre eit fattig poeng i sin eigen serve, som Søhol uttrykte det. «Du må ikke slappe av», formana han Björn Borg då han dumpa eit direkteslag i nettkanten. McEnroe serva for sin del to feil på rad, og bomma også på enklare volleyar ved nettet. Konsentrasjonen syntest å ha svikta han. Borg, derimot, nytta medvinden og motet som utlikninga hadde gjeve han. Tittelforsvararen braut McEnroes game med ein knallhard forehandretur som fylte ballen med mykje overskru og som gjorde at han duppa han 18


ned i tide over nettet. Med 2–0 i det tredje settet hadde han det psykologiske overtaket på motstandaren. Og sjølv om finaledebutanten i Wimbledon spela seg til fleire utliknande gamepoeng seinare, han hadde faktisk tre sjansar og altså 0–40 i eitt av gama – det var nesten eit lite sett i seg sjølv med sju stansingar på deuce – stod den meir erfarne meisteren imot og fekk med seg heile denne bygningsklossen til ny og lang pause, 6–3 i game, 2–1 i sett. Kampen hadde vart i nesten to timar. Om ikkje lenge skulle far ha kyrne inn til mjølking frå utebeitet. Det hadde vore fint for han om einkvan av oss gutane kom ut og hjelpte han å henta dei, i det minste. Det surra fluger over ryggane deira der dei brukte å stå ved grinda nede ved Vårflorsmyra og venta på å komma inn. På fjernsynet hadde dei sett opp høgdepunkt frå NM i friidrett kl. 17.40, men NRK strauk denne programposten då dramaet i London drog slik ut. Ettermiddagsnytt byrja vanlegvis 17.55, Barne-TV alltid klokka 18.00. Sju minutt før klokka seks såg det ut som Borg skulle avgjera det heile. Han hadde vunne i McEnroes servegame like før, og han hadde komme seg trygt til to matchballar i eigen serve, 5–4 i game, 40–15 i poeng. Tilhengarane hans på tribunen stod klare til å jubla; i trenarlosjen rumenske Mariana Simionescu som var forlova med han og like eins manageren Lennart Bergelin. På rada bakom dei sat faren til John McEnroe, og truleg kjærasten. Hovuddommaren måtte hysja på mange tusen tilskodarar. Finn Søhol snakka no om nervane til Borg, ikkje til McEnroe. Björn Borg hadde vore så spent før dei avgjerande poenga i finalen året før, fortalde fjernsynseksper19


ten. Den forsvarande vinnaren i Wimbledon hadde knapt klart å halda racketen sin då. Men Søhol kunne ikkje sjå at Borg på nokon måte var spent på dette tidspunktet, at noko kunne øydeleggja nervane hans: «Han ser helt rolig ut. Men John McEnroe, hva klarer du nå?» Tennis er ein utprega mental idrett. Det gjeld å halda øydeleggjande tankar unna. Når poenga går imot og heile sett glepp unna, er det om å gjera ikkje å tenkja på stillinga. Ikkje gløtta på den digre skjermen i hjørnet med dei rovdyrgule tala. Ikkje bry seg om tilskodarane. Ein må tenkja på kva rørsler ein skal utføra, og berre dei. Kvar ein skal plassera seg for førsteserven. Det same gjeld den som står på dørstokken til sigeren, han må heller ikkje tenkja forbi poenget, og til lukka og kjensla av lette etterpå. Berre halda blikket på ballen. Når ein så står med ryggen mot sjølve avgrunnen, når ein veit at det neste poenget kan vera det siste, og kanskje aldri, aldri skal ein få sjansen att i den gjævaste finalen på jord, må ein spela med dødsforakt. Det gjeld å slå den susande stoffballen som om han betyr ingen verdens ting. Merkeleg nok er det då dei profesjonelle gjerne gjer sine aller beste prestasjonar, som om dei fryktar meir å tapa enn dei ønskjer å vinna. Kanskje var det slik med John McEnroe som var ein slik utprega perfeksjonist. Kanskje var det slik med Björn Borg også. Det syntest no som om McEnroe bestemte seg for å bli verande ved grunnlinja, og kanskje lokka Borg fram mot nettet. Returane hans verka litt reserverte, som om han med vilje førte ballane over nettet og ikkje slo dei. Han 20


fekk Borg utolmodig nok til å angripa på eit for laust slag, eit som McEnroe kunne prikka inn til sides for han. Det same skjedde ein gong til, stillinga vart 40–40. Ein drønnande retur var det som følgde så – på Borgs harde førsteserve. Borg hadde storma mot nettet, men McEnroe, med eit backhandslag og berre ei hand på racketen, klinka ballen forbi. «Come on!», ropte han til seg sjølv. Publikum jubla, mellom dei ein mann med ei gammal admiralskappe og ein annan med ein sigarett i munnen. McEnroe vinka til dei med racketen sin. Søhol kunne nesten ikkje tru det: Amerikanaren hadde vunne halve Centre Court. Det var 5–5 i fjerde sett. Men klokka var fire minutt på seks. På 30–0 i McEnroes serve kunne ein høyra ei stemme på øyra til Søhol. Ho sa (høyrbart for den som skrur opp lyden på opptaket på fullt i dag) at dei var nøydde til å setja over til Oslo og at sendinga skulle takast opp att klokka 18.45. På andreserven til McEnroe (som var eit ess!) gjentok Søhol beskjeden: «Vi må bryte, vi skal tilbake til Oslo. Men vi kommer tilbake klokken 18.45 med avslutningen på denne dramatiske kampen. Over til Oslo.» Så kom ein programvert frå studio på Marinelyst i biletet, han var minst like så skjeggete som Borg, og han forklarte at vi skulle få fem minutt frå Wimbledon før høgdepunkta i friidretts-NM klokka 18.50. Far min, den bonden, det er ikkje vondt meint når eg seier det slik, må ha vore den einaste som lo.


Graset

Finst det noko vakrare enn nyslått gras? Noko flottare med sommaren enn dei opne flatene etter bøndene, dei mjuke teppene utanfor rekkehusa, dei nystelte grøne parkane der folk kan spela fotball og kasta frisbee og berre liggja? Kjenna lukta av det. I den ikoniske (og ikkje ironiske) filmen frå siste resten av det førre tusenåret, Pretty Woman, tar rikmannen av seg dei rådyre skorne sine i ein park i Los Angeles. Han rullar av seg dei svarte sokkane også, og han går nokre steg berrføtt i graset. Han er fortrylla. Han hadde gløymt det. Det er ein million grasstrå berre i den parken; rikmannen deler den grøne formuen med studentane og dei huslause og dei prostituerte. Og ekorna og linerlene. Du har ikkje levd forgjeves om du har gått berrføtt nokon gong. Du skal trø i graset. I SW 19 (UK), det vil seia på eit postnummer sørvest av London, i det som med ei viss overdriving enno heiter Storbritannia, er kunsten med graset driven til det feilfrie. 19 rektangulære banar ligg der like flate og reine som vassyta i stille basseng. Heile hausten og vinteren og våren blir dei gjeta. Stråa er blitt stelt og kanskje snakka med. Banemeis23


teren er sprekkeferdig av stoltheit når den gigantiske turneringa tar til, men inni seg må han også kjenna drag av ei smerte. No skal graset bli øydelagt. På småbruket Skjeldal der eg voks opp, sprang vi gjerne berrføtte i den første stripa etter fôrhaustaren. Slik dyrka vi sommaren: Når far vår hadde laga ein heil runde i det halvmeterhøge graset med traktoren og med den effektive fôrhaustaren på sida av han, den som var kopla til kraftuttaket og som med ein vanvitig rask rotor kutta og løfta og spydde graset oppi tilhengaren bak traktoren, hadde vi ein friidrettsbane. Det var eit ulendt og heller ueigna vestlandsterreng vi hadde, både til stadionidrettar og til jordbruk, eigentleg. Men vi tok tider og noterte rekordar. Vi var Sebastian Coe og Steve Ovett. Vi var engelskmenn meir enn vi var klar over. Far vår var mest opptatt av å få graset i hus. Han hadde bruk for kvart strå; garden var kanskje femti mål med dyrka mark og mjølkekyrne var stundom berre fire og fem på båsane, og vi var seks ungar som skulle ha mat på bordet og helst sko på beina og klede på kroppen, og kanskje nye ski dersom mjølkeinntektene strekte til. Syrestilkane og engsoleiene og løvetannblomane i hellingane nedanfor husa der fôrhaustaren ikkje kom til, måtte rakast i haugar med river. Haugane måtte lempast på svansen med høygaflar, og lassa måtte køyrast inn på låven. Graset måtte rivast laust igjen og kastast ned i den åttekanta og den firkanta siloen som var fire og fem meter djupe. Vi klatra ned på stigar til botnen av siloane og trampa i graset så det skulle bli plass til meir. Når dei var passeleg metta, hoppa vi i dei. 24


Men når siloane blei stappa fulle, og far dekte dei med duk og pressa fôret med vatn eller silolodd, kom tida for hesjene. Ein del av det grøne graset skulle bli til tørt høy. Og høyet måtte nappast ned frå hesjestrengane og fraktast inn på låven. Slåtten tok aldri slutt. Var det rart vi sneik oss til å sjå på tv? Når vi slåttesveinane fekk sjansen, når far sov lur etter middagen klokka halv tolv(!), når han var langt nede på ekrene med fôrhaustaren, eller når slåmaskina – O lukke! – slo klikk, sprang vi inn og skrudde på fjernsynet. Der var alt ferdig. Der var fullkomne grøne flater og kritstrekar som om ein gud hadde streka der med linjalen sin. Der var ballgutar i shortsar og dommarar i stramme bukser. Der stod Martina Navrátilová og Chris Evert Lloyd. Der var dei kviskrande kommentarane til Søhol, og dei mørkklingande lydane frå racketane til spelarane. Der var det heilt stille under dei viktigaste ballvekslingane. Der var Wimbledon. Vi sat trollbundne. Vi sat så lenge at far blei rasande på oss: Til slutt kom mor inn og jaga oss ut att. Friidrett var fint; løping hadde far vår sjølv drive med i ungdomen. Det hengte faktisk eit bilete av han i tv-rommet frå då laget hans defilerte inn på Bislett stadion framfor Holmenkollstafetten, grendekameratane i sirlege stramme rekker, i slike blå gymdrakter som likna litt på pysjamasar, tykte vi. Fotball kunne også gå an, endå han frykta for skadane vi kunne få, og kva det kunne komma til å seia for vintersesongen vår på langrennsski. Det var vi gutane som hadde byrja å sjå på tippekampar, og han hadde fått interessa for ballspelet saman med oss. Spesielt var han forført av cor25


nerane til Tom Lund, kapteinen til Lillestrøm og lagføraren for landslaget – det mytiske landslaget som slo England i 1982. Han likte så godt måten Tom Lund skrudde ballen bananaktig innover i feltet på. Men han kunne ikkje forstå kva tennis var godt for. Ein kunne brukt eit heilt liv på å forklara det. Ein skulle hatt fleire liv, så ein kunne via seg til berre denne kunstgreina åleine, underskruane, diagonalane, og opningane som viser seg etter fire og fem trekk. Britane gjer det på sin sindige og kanskje djupsindige måte: Dei set av to veker i året til å prisa livet som gror, leiken mellom menneska, og dei fullkomne sveva innom strekane. Ikkje noko mindre. Men heller ikkje noko meir. Det var britane som gav friidretten nytt liv og regelverk, slik som dei også sette fotballen i betre system, og som dei stramma til og standardiserte badminton, og som dei også systematiserte og tok patent på den moderne tennisen. Wembley og Wimbledon var sentrum i universet, frå desse himmelske stadiona skaut ballane fart og retning ut i heile verda. Wimbledon har vore eit slags Morgedal eller Mekka for tennisen heilt sidan starten av turneringa i eldgamle 1877.1 Wimbledon er eit eige paradis. Om vi ikkje kan tru på sjølve frelsa i idretten, skuldar vi britane ei andektig reise dit. 1 Det teoretiske grunnomgrepet her er «sportifisering» slik ein Matti Goksøyr har brukt det skarpsindig i ei doktorgrad om korleis idrettane i gamle Bergen blei moderniserte. Rune Slagstad har også skrive klokt om begrepet i boka (Sporten) som kom i 2008. Eg drar mest vekslar på boka «Sport and the British» av Richard Holt. Eg skal ikkje hefta lesaren med så altfor mange fleire fotnotar i den framskridande teksten, berre nemna at dei viktigaste tilvisingane for ulike påstandar og sitat i kvart kapittel følgjer til slutt i boka.

Wimbledon- der graset er grønast av Gudmund Skjeldal  
Wimbledon- der graset er grønast av Gudmund Skjeldal  

Det er reisa til Wimbledons magiske gras, og det er skildringa av Roger Federers og Serena Williams kunstferdige spel. Det er dramaet i Borg...