Vestover: Bergens Tidende i 150 år av Gudmund Skjeldal

Page 1


Gudmund Skjeldal

Vestover Bergens Tidende i 150 år


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2017 Forfattaren har fått støtte frå Fritt Ord og Det faglitterære fond. ISBN 978-82-02-56185-7 1. utgave, 1. opplag 2017 Omslagsdesign: Miriam Edmunds Omslagsfoto: Atelier K.K. (forside), Bjørn Erik Larsen (bakside) Ellen Lande Gossner (forfatterportrett) Sats: Type-it AS, Trondheim 2017 Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2017 Sett i 10,1/13 pkt. Sabon og trykt på 80 g Holmen Book Cream 1,8. Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cappelen Damm AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Innhald

Føreord . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

7

DEL I. OPPHAVET (1868–1896)

Kapittel 1. Frå Stryn til Sveits og til Engen 12 . . . . . . . . . . . . . . . .

13

DEL II. Å TA PARTI ELLER IKKJE TA PARTI (1883–1945) Kapittel 2. Retning Venstre . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kapittel 3. Ideen om nøytralitet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kapittel 4. Den gylne middelvegen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kapittel 5. «Da det virkelig gjaldt» (1940–1945) . . . . . . . . . . . . .

69 89 111 149

DEL III. VESTLANDETS STORAVIS (1945–1985) 6. Vendinga mot Vesten . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7. «Har vi en førsteside som selger?» . . . . . . . . . . . . . . . . 8. Vest for fjella . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9. BTO – «ambassaden» på Karl Johan. . . . . . . . . . . . . . 10. Frisleppet. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11. Den sterke fototradisjonen i BTs nyare tid . . . . . . . .

197 217 223 229 239 259

Kapittel Kapittel Kapittel Kapittel Kapittel Kapittel

Del IV. FRÅ REKORDÅR TIL KRISE (1985–2016)

Kapittel 12. Familien til ende . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kapittel 13. Schibsted Alt Saman? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

265 311


DEL V. DIGITAL TRANSFORMASJON (1996–)

Kapittel 14. Talen i tala . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

333

DEL VI. AVRUNDINGAR (1868–2018) Kapittel 15. Meir enn ei avis . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kapittel 16. Saka som Bergens Tidende fekk . . . . . . . . . . . . . . . . . Kapittel 17. Vestover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

361 369 381

DEL VII. TILLEGG

Takk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . J.W. Eides Stiftelses journalistpris. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Litteratur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

391 393 395

Gjestetekstar

Da Knut Hamsun kom til Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Brann og BT – i gode og vonde dagar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Draumen om landet frå Sveio til Stryn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Gullalderen i Bergens Tidende . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Krise på krise . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Er det naudsynt å lage bråk? Karikaturstriden i BT. . . . . . . . . . . . Rapport frå ein revolusjon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den siste papirjournalist . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Framtida i Media City Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Sluttnotar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

403 414 424 435 446 457 467 480 489 500


Føreord

Eg må få byrja med ein vits, ein av dei få eg kan. Ein harding, ein bergensar og ein vossing var alle dømde til døden. Dette må då ha vore i tida før 1875, då den siste på Vestlandet vart halshogd i Bergen. Alle dei tre skulle få oppfylt eit siste ynskje. Hardangerkaren var kan henda ein tidleg Lothepus, oppvaksen på Nå. Han bad om å få drikka eplesider frå heimstaden sin. Bergensaren høyrde kanskje til det gamle borgarskapet. Han bad om å få halda ein tale. Og vossingen? Vossingen bad om å bli halshogd før bergensaren. Denne spøken seier truleg noko om vestlendingane. Hardangerfolk og sjøvante folk er kan henda dei mest sjølvhjelpne og sjølvsikre av dei. Menneska i Bergen, etter klisjeen alltid taletrengde og høgtidsstemte, treng folk rundt seg. Og vossingar, små og store bønder i den aude innlandsbygda, har alltid hatt eit mindreverdskompleks i møte med bergensaren. Dei vil heller arbeida med nevane, åleine. Vestlendingar, sjølv i den smale tydinga av folk som bur i Hordaland, er mangfaldige skapningar. Spørsmålet er kva som samlar dei. Eg er sjølv frå bygda Voss. Eg har vakse opp med den hånfliren bøndene sette opp når bergensarane køyrde i grøfta, det hatet vi kjente på når dei rente i hel lam på vegen over Hamlagrø, men også den beundringa som kilte i magen når ein las petitane til Lotte Schønfelder, fotballreferata til Davy Wathne og reportasjane til Frode Grytten. Ein kunne ikkje bu på Voss utan å halda Bergens Tidende. Ein gledde seg med bokmålsteks7


føreord

tane som det naturleg nok var flest av, og ein naut dei nynorskartiklane som også fanst i avisa. Denne boka er skriven med fritt mandat; nynorsken er ein del av den fridomen. Sjefredaktør Øyulf Hjertenes bad meg i desember 2015 om å skriva historia til Bergens Tidende fylte 150 år i januar 2018. Han har fått lesa teksten i utkast, som mange andre som kjenner soga til BT, eller si eiga tid i henne, har fått kommentera dei mistaka og misforståingane dei har sett. Men synspunkta og tilnærmingane er eg ansvarleg for, som òg eg er å lasta dei feila som enno står att. Eg har sjølv arbeidd i Bergens Tidende ein liten bolk, som vikar og bokansvarleg halvtanna år frå 2014. Dei kjennskapane og venskapa eg har fått på huset, har eg forsøkt å halda utanom dei meiningane eg legg fram her. Dersom eg er påverka av redaksjonen i synspunktet på noko, er det at BT skal halda fram med å laga nyhende og kommentarar og reportasjar. Det er ingen løyndom at norske mediehus, og Bergens Tidende mellom dei, står i store utfordringar. Eg var til stades ved den innskrenkinga som vart gjord kjend for redaksjonen i januar 2016. Ein ting stod klart for meg: Ideen Bergens Tidende må ikkje forsvinna. Vestlendingar liker kan henda galgenhumor. Men ingen av dei liker å døy.

Idéhistorie Vestover er ei idéhistorie om Bergens Tidende. Kort sagt handlar ho om det samfunnsoppdraget som BT har arva og forma for seg sjølv. Ei avis eller eit mediehus i stort handlar både om økonomiske konjunkturar, om ei teknologisk rivande utvikling og om ei redaksjonell historie – her er den siste den klart viktigaste. Under botnlinja er Bergens Tidende eit privatkapitalistisk forretningskonsept. Som butikk søker ho eit overskot, utan direkte subsidiar frå staten. Men avisa styrer også etter noko meir, noko ho vil gjera for samfunnet. Ho har tru på makta i det frie ordskiftet. Ho jagar nyhende på sin bestemte måte. Kvar har BT plas8


føreord

sert seg, politisk geografisk og kulturelt? Og korleis har ho levd opp til strevet for det frie ordet? Å nærma seg historia slik er å ta leiarartiklar og strategiar, brev og notat, styrereferat og årsmeldingar, jubileumsutgåver og vanlege aviskvardagar på fullt alvor, men også å gå inn i normative problemstillingar. Meir enn mange historikarar har for vane, har eg drista meg til vurderingar og dommar av Bergens Tidende. Med ynskjet om at ideen ikkje skal døy, kjem spørsmålet korleis BT har levd opp til han. Eg har valt å gjera noko journalistar nesten aldri nektar seg: Eg har ikkje med eit einaste intervju som del av den fortalde historia. Eg har snakka med ein heil del av dei som kjenner Bergens Tidende frå dei siste femti åra, eg skulle gjerne ha møtt endå fleire, dei som eg har fått tid til å spørja ut, har skjerpa hypotesane mine. Dei har gjort meg klokare på kvar eg skulle leita i den overveldande historia. Men eg har nytta berre skriftlege kjelder for det eg har sitert, og det eg har våga påstå. Slik sikrar eg meg at sitata fortel den historiske sanninga. Minnet vårt er skrøpeleg, og det endrar seg heile tida med erfaringane vi gjer oss i livet. Eg har bede åtte ulike menneske skriva kvar sin gjestetekst til denne boka. To av dei er forskarar, dei andre seks har anten vore viktige figurar i BTs historie, eller dei er med avisa enno. Slik har boka dels fått verdfulle fordjupingar, dels fått spennande ulike perspektiv på sentrale hendingar i moderne tid. Eg har sjekka faktaopplysningane i gjestetekstane og vore som ein redaktør for dei, og sett ei grense for artikkellengda. Målforma har dei fått velja sjølve, det speglar også av den liberale språkpraksisen i Bergens Tidende sjølv. Synspunkta står einast for forfattarane sjølve. Verdsoppfatninga i tekstane harmonerer ikkje alltid med kvarandre; det har nettopp vore noko av poenget med å få somme av dei inn i denne boka, at meiningane om utviklinga i avisa og mediehuset er svært delte. Lesaren må gjerne byrja med gjestebidraga og dra inn den samanhengande historia mi etterpå. Eller nyta gjestetekstane som bonusspor ved vegs ende. Eitt intervju har eg gjeve plass til i eit eige format heilt til slutt i boka. Slik får sjefredaktøren Hjertenes siste ordet likevel. Men den samtalen 9


føreord

dreier seg om framtida, om BT i det nye huset i Lars Hilles gate, om smarttelefonane våre og lesinga der, om dei ti viktige sakene som skal lagast kvar dag. Det spennande, gnagande spørsmålet er: Finst Bergens Tidende om femti nye år? Lat oss venda oss til historia. Då er det lettare å svara på alt.


del i

opphavet (1868–1896)



Kapittel 1

Frå Stryn til Sveits og til Engen 12

Bli med tilbake til Bergen den andre nyttårsdag 1868. Det er ein torsdag. Mannskapen lastar Vikingen med kol, neste morgon kastar dei loss for ferda til Korshavn, Lervig, Mosterhavn, Hougesund og endeleg Stavanger. Kvar måndag og fredag i vårsildfisket skal rutebåten gå sørover. Til Christiania reiser dampskipet Olaf Kyrre først onsdag i neste veke. Den belgiske forsikringsverksemda Le Loyd Belge har ein agent i byen, han tilbyr seg å ta over brannforsikring på bygningar, varer, bustader og skip på stablar. Premien er «lav». Herr Elhlom sel det han kallar smukke og solide møblar i butikken han har i Walkendorffsgaten. Smedar har skapt filigransarbeid i gull og sølv i nasjonale former, og kundar kan få kjøpt dei billig hjå M & T Olsen. I Strandgaten 17, i det femte huset frå torget, kan ein få tak i fyrstikker, sigarettetui, pipesaker, men også fotografirammer, tapetrullar, pennar og lakk hjå tobakks- og sigarhandel O. Schnelle. På hjørnet av Store Altonagaarden sel dei både herre- og dameskøyter. Utvalet i butikken er «smukt» og «billig». Et lite pent værelse, slik står det i annonsen, utan komma eller tankestrek, er til leige for éin person hjå Joh. B. Helland i Knøsesmuget. For «en ordentlig, snill og duelig kjøkkenpike» er ein post ledig hjå Daniel Fefer, medan ein som skriv raskt og fint, kan få arbeid som avskrivar på eit kontor, anten heile dagen eller om ettermiddagane. Bokbindar O.J. Lambertsen tilrår seg sjølv til oppdrag som han lovar å utføra «smukt» og «solid». Forleggar og bokhandlar Floor sel den allereie innbundne Peer Gynt for 66 skilling, medan andre opplag av Bebodde verdener kostar 110 skilling hjå han. 13


frå stryn til sveits og til engen 12

Ein kyrkjegjengar har høyrt ein pastor Storjohann halda preike i «St. Marie Kirke» og skriv at pastoren ville oppfylla ynskjet til mange lyttarar om han gav ut preika som eit hefte – gjerne til inntekt for indremisjonen mellom dei sjuke. Ei tenestekvinne er tiltala for å ha drepe det nyfødde barnet sitt. Ho risikerer ni til tolv år i tukthus. Endeleg er ein grøn silkeparaply kommen bort ein stad i byen. Eigaren skriv at den som finn paraplyen, kan komma i kontakt med han i resepsjonen i bladet. Og bladet heiter «Bergens Tidende». Gjennom dette nøkkelholet, dette kjente namnet med snirklete gotisk skrift, framleis sjølve inngangsportalen i Bergen når ein kjem med toget frå Voss og frå Oslo, kan vi få kikka inn i ei tilbakelagd tid. Det er ei anna verd. Det er ei enno dansk verd i språket, ei smukk og ei from verd, ei verd av tenestejenter og penneknektar, ei verd av damp og sigarar og spesidalar – og tukthus. Samstundes er det ei kjent verd: Det er verda vår. Det er vårsild og Peer Gynt-ar og kanskje forelska tenestekvinner. Det er evig attgløymde paraplyar. Det er Vestlandet og det er Bergen. Nokon må skapa denne verda. Nokon må få oss til å sjå henne, nokon må gjera henne til verkelegheita vår. Om att og om att, aller helst kvar dag. Få oss til å bry oss om henne og om dei ulike menneskeskjebnane. Så som denne tenestekvinna, som har fødd det samfunnet på denne tida kallar eit «uekte» barn.

Program Kva tyder det å reisa 150 år «tilbake»? Er det ei reise tilbake for å sjå kor langt samtida er kommen fram? Bergens Tidende anno første årgang den 2. januar 1868 manglar nesten alt vi reknar som ei avis. Utgåva manglar bilete. Ho manglar omsorgsfull redigering. Ho manglar prioritering, ho manglar journalistisk sans. Bladet skil ikkje mellom nyhende og kommentarar. Det har ikkje noko stoff om sport. Og 14


opphavet (1868–1896)

kvar er vêret? Og kvifor er det berre gjeve ut på papir? Hadde dei ikkje iPhone den gongen? Dersom vi spør på denne måten, må vi vera villige til skru klokka 150 nye år fram frå i dag. Då skal alt som mediehuset BT no strevar med og lastar opp og legg ut med videoar, vera like latterleg og puslete. Chatting med Doddo under fotballkampen mellom Brann og Odd. Direktedekning frå opninga av Festspillene. Butikkannonsar som dukkar opp i mobilskjermen, som liksom skal passa for deg. Det er ein nesten umogleg tanke at også dette skal forsvinna. Vi markerer altså ikkje 150 år med BT for å sjå kor langt vi har komme forbi 1868. Heller ikkje skal vi sjå tilbake for å augna kva samtida vår har tapt. Vi skal i alle fall ikkje idyllisera dampskip og hestevogner og anonyme redaktørar og journalistar. Kanskje har BT hatt større inntektsstraumar og fleire abonnentar enn akkurat no. Men har journalistikken hatt eit større register å spela på nokon gong? Og korleis utnyttar mediehuset Bergens Tidende alle dei tangentane? Vi skal sjå til ei anna tid. Den spinkle redaksjonen og det spede trykkeriet og dei to eller tre avisgutane i 1868 kjente ikkje framtida si – som vi ikkje kjenner vår. Historia om dei, og historia etter dei har ganske enkelt krav på merksemda vår. Vi lèt ikkje dei døde gravlegga seg sjølve. Dette er den humanistiske grunngjevnaden. Historie gjer oss også menneskelege på ein annan måte. Forteljingar om linene bakover byggjer identitet. Ein blir rikare til sinns, og ein forstår lettare kvifor tankebanane i både samfunnet og i eins eigen skolt er som dei er. Folk spør gjerne kvarandre kvar dei kjem frå, og det er ein god start; derifrå kan ein flytta samtalen til kvar ein er på veg. Ikkje tru på dei som seier dei berre ser framover. Fortida er ikkje noko som fangar deg, men ho er den erfaringa som formar forventingane dine om kva som skjer vidare. Dette gjeld dei som arbeider i Bergens Tidende i dag, kva tradisjonar og forpliktingar og fallgruver som finst i arven til denne avisa. Men det gjeld også dei som har lese henne ein eller annan gong, eller som slumpar til å oppleva henne i framtida. Ei historie om Bergens Tidende er også ei forteljing om byen Bergen, om regionen Vestlandet, om nasjonen Norge.

15


frå stryn til sveits og til engen 12

Då Bergens Tidende starta på Engen i 1868, fanst ikkje stikkontaktar og straum i leidningar. Tog fanst ikkje austover mot hovudstaden, og ikkje fly. Ikkje mikroprosessorar og ikkje Internett. Den historia som skal forteljast her, er såleis spent ut i ei enorm teknologisk utvikling. Tankane og ideane har også endra seg i nesten ufatteleg grad. Nesten ingen snakkar om menneskerasar i dag. Eller om uekte barn. At ting endrar seg, kan gje grunnlag for von. Ingen ting treng å vera som det har vore, ingen tanke er sjølvsagd, ingen vane er det, nettopp fordi dei har ei historie. Ting og fysiske produkt har utvikla seg dit dei er no, og dei kan forandrast vidare, av menneske. For slike publikasjonar som dagsaviser er, kan ein refleksjon over historia vera ei særleg nyttig øving. Få samfunnsinstitusjonar i det heile er så begeistra for – og så utleverte til – augneblinken som mediehus. Orienteringa om notida kan bli nådelaus, både for det som skjedde attover, og det som kjem framover i tid. Allereie ved 50-årsmarkeringa, i januar 1918, uttrykte redaktøren i BT at han var lite begeistra for jubileum. Han skreiv: «For en avis, som staar midt oppe i det aktuelle liv, byr hver dag nye opgaver, som krever friske kræfter, og et vaakent sind. Den ser sig ikke tilbake, for at dvæle ved, hvad den muligens har utrettet. Den bærer sin utvikling og sin historie hver dag levende i sig, og griper ind i døgnets spørsmaal, ved de betingelser, der den har faat.» Å vera ærgjerrig er bra. Å sjå seg tilbake berre for å telja opp triumfar kan tyda på ei svakheit eller ein latskap. Men audmjukheit er også av det gode: Alle skal vi menneske bli borte. Så kva skal stå igjen som arven etter den redaksjonen som arbeider i Bergens Tidende i dag? Kva skal stå igjen etter deg? Kan henda kan eit medvit om at vi har kloden og tida og ungane og institusjonane berre til låns, skjerpa den etiske dimensjonen – anten vi no er journalistar og redaktørar eller medieeigarar, eller først og fremst lesarar. Lat oss ta redaktøren frå 1918 på ordet. Lat oss ta han ved horna, og spørja: Kva er no desse «betingelser» som BT har fått, og som gjer at avisa grip inn i dagens spørsmål på ein bestemt måte? Kva idé om avisa var det denne redaktøren, Finn Bøgh Henrikssen, hadde arva? Kva oppfatningar lét han etter seg? Kva idear styrer Bergens Tidende etter i dag? Det er ein landsdel og ei livsform det dreiar seg om. 16


opphavet (1868–1896)

Europearen og stryningen Eide Bergens Tidende byrja med eit annonsemonopol i Bergen. BT starta med ein som hadde budd i Leipzig, Genève og Paris. Bergens Tidende blei grunnlagd av Johan Wilhelm Eide. Han var boktrykkar, og eigentleg ingen bergensar. Johan Wilhelm Olsen Eide var fødd i Stryn, djupt inne i Nordfjord. Faren, Ole Olsen, var klokkar og skulelærar, mora, Anne Vedbjørnsdatter, skal ha drive med veving og kunsthandverk. Johan Wilhelm fekk dei i 1832. Søskenflokken vaks, familieøkonomien gjorde det ikkje. Men Johan Wilhelm hadde eit godt hovud. Etter å ha fått «meget gode» i «Christendoms Kundskap og Flid mv» i konfirmasjonen (1847) og stått aller fremst på kyrkjegolvet, drog han til den største kjøpstaden på Vestlandet saman med ein av brørne sine (Ole), og kom i boktrykkarlære hjå F.D. Beyer.1 Trykkeria i Norge, som elles i Europa, var meir enn verkstader; dei var ein felles arena for mange ulike menneske, handverkarar, korrekturlesarar, forfattarar og etter kvart illustratørar. Trykkeria blei fleire stader i landet liksom klekkeri for diskusjonar og for ganske mange aviser også. Beyer dreiv for sin del ein bokhandel og starta ei avis, Bergenske Blade, i 1848. Politisk sett var ho heller konservativ. To år etter, då Eide etter alt å dømma fekk lærlingplass hjå han, tok Beyer sjansen på å sleppa inn annonsar i bladet. Dette var dristig: Bergens Adressecontoirs Efterretninger hadde monopol på all annonsering, både privat og offentleg, ikkje berre i Bergen by, men i heile Bergen stift (eigentleg «Bergenshus stiftamt») – ei administrativ eining som geografisk sett svarar til Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre i dag. No kom det lysingar i Beyers blad for Manila-sigarar og bayersk øl frå Sembs bryggeri. Beyer tok visst ikkje betalt, poenget var å fylla ut hjørna og stundom heile flatene i avisa og på den måten letta arbeidet i avisredaksjonen. I ryggen hadde han byfogd Bøgh og borgermester Platou; dei var omtrent å rekna som medredaktørar for bladet. Dei to utdanna juristane kan ha skunda på annonseringa for å tvinga fram den prinsipielle sida ved annonseprivilegiet. Det var ikkje uvanleg at embetsmenn redigerte aviser og på denne 17


frå stryn til sveits og til engen 12

måten var med på å styra den offentlege samtalen om rolla og makta si, om det som seinare er blitt heitande embetsmannsstaten.2 Annonsemonopolet til Bergens Adressecontoir, kort kalla «Adressen», skreiv seg tilbake til einevaldstida: Eit privilegiebrev gjekk ut frå den danske kongen alt i 1764. Ein dom hadde tidlegare falle i favør av dette kontoret. To enker Geelmuyden stemna følgjeleg Beyer for retten, og inn måtte då ein setjedommar, i og med at sorenskrivaren Bøgh sat heller klemt til som den utfordra parten. Saka hamna heilt i Høgsterett, eigarenkene vann, Beyer og juristane i rivalavisa tapte. Ikkje overraskande gjekk Bergenske Blade inn i 1854. I 1856 starta boktrykkar Martin Knutzon avisa «Bergens Tidende». Ho markerer ikkje starten på vår historie, sjølv om altså namnet er brukt første gongen her. Denne avisa, for «Hvermand i By og Stift», som kom ut to gonger i veka, heldt seg flytande knapt eit år. Trykkefridomen i Bergen hadde karrige kår. Eide må ha tenkt sitt. Han var utlært svein og søkte no eit stipend som Stortinget hadde oppretta for handverkarar og teknikarar for læreopphald i utlandet. Den unge mannen frå Stryn fekk tilslag og reiste ut i 1857. Johan Wilhelm Eide hausta no gode attestar frå eit boktrykkeri i den eldgamle universitets- og bokhandelbyen Leipzig og frå eit jødisk boktrykkeri i Hannover, der han var i to år, før han søkte seg til Winterthur nær Zürich i Sveits, og så til Genève nær grensa til Frankrike. Der høyrde han føredrag av den kontroversielle teologen Johann Ulrich Wagner, som forkynte liberal – og dermed vågal og radikal – teologi. Wagner tala gjerne i fritenkarforsamlinga og i den filantropiske arbeidarforeininga der Eide truleg vanka. Den godt og vel trettiårige nordmannen og vestlendingen blei påverka av liberale tankestraumar i det heile, nesten som han blei konfirmert på ny. Han vakna opp. Han kom heim med ein misjon.3 I dei nesten seks åra som Eide var på det europeiske kontinentet, og truleg i London også, hadde for så vidt noko skjedd i Bergen by. Brannvesenet var blitt profesjonalisert. Eit telegrafkontor hadde opna, og dampbåtar gjekk i fleire ruter. Bjørnstjerne Bjørnson hadde vore kunstnarleg leiar på teateret og vore drivande redaktør for avisa Bergensposten ein kort periode. Men om vinteren låg mykje av omlandet til byen 18


opphavet (1868–1896)

isolert. Hovudstaden i landet var mange dagar unna. Ibsens og Bjørnsons Det Norske Theater hadde innstilt drifta no. Annonsemonopolet til enkene Geelmuyden låg som eit lok over dei andre avisene i Bergen. Og nesten verre enn før: Ganske mange lekmannspietistar og ordinerte prestar forkynte den definitive moglegheita for evig fortaping og tortur. Typografutdanna Johan Wilhelm, fullt namn Olsen Eide, gifta seg sommaren 1864 med Andrea Josephine Thunhold.4 Dei flytta inn i eit husvære hjå instrumentmakar Eimstad i Marken. Eide begjærte seg meddelt borgarskap som boktrykkar, som det heiter i journalisten og forfattaren Kåre Fastings høgtidlege omtale av magistratdokumenta, og gav borgarleg truskapseid til Bergen hausten 1864. Han blei medlem av Håndverkerforeningen den same hausten. Eide går i gang med å setja om nettopp Wagners føredrag frå Genève. Han steller med dynamitt: Wagner avviste trusartiklane og vedkjenningane og både katolsk og protestantisk presteskap. Bibelen er laga av menneske, og derfor full av feil. Bergpreika er det viktigaste som Jesus lærte menneska, og eigentleg har menneska dette moralske kompasset i brystet sitt. Forkynninga om himmelsk herlegdom for dei lydige og helvetets straff for alle dei andre er eit miserabelt utpressingssystem. Ein politisk brodd stakk ut mot slutten av føredraget: «Bort med alle spissfindige trosartikler og i deres sted den alminnelige plikt- og morallov. Bort med statskirken og i dens sted den ubetingede religionsfrihet!»5 Den frie Protestant blei ei bok på 64 sider, gjeven ut hausten 1865, sett og prenta i det trykkeriet der Eide jobba då. I føreordet skreiv han – om enn anonymt – at prestar og predikantar nok kunne komma til å fordømma boka. Han gjekk ikkje berre i strupen på ulærde forkynnarar; han skreiv at det var ein skamplett for samtida at slike forvillingar om dom og evig straff kunne komma frå lærde menn og frå universitetet, «hvorfra for en Del dette Bigotteri i vort Land synes at udgaa». Presteskapet, denne viktige delen av embetsverket i Norge, fekk skuldinga retta mot seg. Eide trudde som Wagner på morallova i mennesket sjølv, på vitskapen og på fornufta, og på den opplysninga som ein tekst og ei argumentasjonsrekke lokka med. Det er filosofen Kants klassiske opplysningstanke som blir gjord tilgjengeleg og gjord verkeleg i Bergen by: 19


frå stryn til sveits og til engen 12

Ha mot til å bruka din eigen forstand. Vi kunne også seia: Ha mot til å bruka ditt eige samvit.6 Ikkje ein kjeft kjøpte boka. I eit brev som Eide skreiv til Bjørnstjerne Bjørnson ein del år seinare, fortalde han at han trudde at folk skulle strøyma til og få tak i omsetjinga. Det skjedde ikkje. «Ingen kjøbte den, selv ikke engang de, der sympatiserede med mig, vilde vise at de nærede saadanne Meninger», meinte Eide.7 Han må ha følt seg bra dum. Men også ganske einsam. Eides brannfakkel av ei bok svei og smerta, ikkje minst i privat samanheng. Til Bjørnson var Eide open om at han mista freden og tilliten i heimen. Kjærleiksforholdet blei brote, som han sjølv skreiv. Kona Josephine var pietist og trudde på prestane. Ho døydde sommaren 1865 eller 1866, i barselseng, 16 dagar etter at ho hadde fått ei jente. Ein månad seinare døydde også dottera, Anne Karoline.8 Det kunne blitt med det. Eides opplysargjerning kunne blitt med den omsetjinga av Wagner, og med det forsøket før familielukka rakna. Med skuldkjensle og med mismot og med gud veit kva. Bergens Tidende kunne blitt med det bladet som Knutzon gav ut i 1856–57! Ville verda vore ein meir fattig stad? Umogleg å seia. Men Vestlandet ville vore ein annan stad.

BT som kall Johan Wilhelm Eide var ein sosial mann, det var kanskje redninga for han – og for Bergens Tidende. Han likte å synga og dirigera og sat i ein komité som skulle senda ein tropp til ein songarfest i Paris i 1867. Han var også med i styret for ei forbrukarforeining som skulle skaffa medlemmene til dømes billigare brød enn det gamle bakarlauget elta og steika. Foreininga var retta inn på den handverkarstanden og klassen som han høyrde til, ho var ikkje sosialistisk, enn seia revolusjonært orientert. Eide var også med i Bergens Arbeiderforening, som òg var filantropisk og velmeinande i ånda. 20


opphavet (1868–1896)

Våren 1867 gjekk han i gang med sitt eige trykkeri, J.W. Eides boktrykkeri, i eit hus og ein heim som han skaffa seg ved den romslege og tilbaketrekte Engen. «Henrichsens forhenværende Hus» kalla han adressa i annonsar. Engen var den gamle eksersisplassen i byen der borgarvæpninga enno hadde sine oppstillingar, ein open plass der folk også kunne møtast til festlege høve. Eide kjøpte 487 kvadratmeter i alt: Han kan ikkje ha sett heilt mørkt på framtida. Han tilsette ein maskinmeister og tre lesekyndige konfirmerte, Peder Olsen skal nemnast i denne første arbeidsstokken. Trykkeriet tilbaud marknaden i Bergen «hurtig, smuk og meget billig Udførelse» av alt frå bøker og hefte til små uskuldige papirnummer på auksjonsgjenstandar. Typane var «moderne», heitte det i annonsane.9 Det vil seia at dei lét etter seg latinske bokstavar i papiret. Mykje trykking elles dreia seg om tradisjonelle gotiske skrifttypar. Avisene hadde gotisk skriftbilete. Eide tumla med planar om å gje ut eit blad. Økonomisk sett var det lurt, i og med at han åtte eit trykkeri og hadde investert i dyre maskiner. Mange trykkarar hadde gjort det same før han. Men Eide hadde eit sikte lenger fram. Det fanst inga skikkeleg offentlegheit for bøker som Den frie Protestant. Altså måtte ein bygga dette diskusjonsrommet i Bergen by, ord for ord. Ja, viss ein les brev som Eide skreiv i denne tida, og til Bjørnstjerne Bjørnson ein del år seinare, i tillegg til dikt han sjølv laga, og ein programartikkel av desember 1867 som han kan ha vore med på å skriva, alt dette på den mest velvillige måten, kan ein snakka om Bergens Tidende som eit kall. Kåre Fasting gjer det i biografien sin om J.W. Eide.10 Annonsemonopolet levde framleis, men det kunne ikkje vara altfor lenge. Stortinget hadde stemt for ein ekspropriasjon alt i 1863, under tilvising og argument om at det stod om sjølve trykkefridomen og paragraf 100 i Grunnlova. Det var vanskeleg å få ei ny avis til å halda seg flytande i Bergen. Éi gammal avis åleine rådde over ein heilt vesentleg rett. Problemet var berre desse enkene (og advokatane deira), som ikkje godtok erstatninga på runde 30 000 spesidalar. Det var for dei fleste ein enorm sum, det same beløpet som Eide vona å tena på bladet – summert over 30 år!11 21


frå stryn til sveits og til engen 12

Stortinget kom i 1866 til semje med Bergen om korleis stat og by skulle dela innløysingsbøra. No venta Eide berre på dommen i Høgsterett. Han hadde alt sondert terrenget med ein juristutdanna i Christiania, Fredrik Wallem, som var fødd og oppvaksen i Bergen. Viktigare var at han var ein av dei få profesjonelle pressemennene i tida, med erfaring frå sjølve Morgenbladet, den norske avisgullstandarden i desse åra. Eide vona å få hyra han som bladstyrar. I breva som Eide sende til Wallem, var han ikkje redd for dei store orda. «Som Forholdene nu stille sig, er der da endelig Udsigt til, at Bergen snart bliver befriet fra sin Presses Jernaag: ‘Adressepriviliegiet’», formulerte han seg. Eide fortalte om eit innbydingspapir som skulle sendast rundt om i Bergen. Der skulle dei lokka med ei ny tid, ikkje noko mindre. Tida var kommen då pressa kunne tre inn i rekka av verdige organ som ein tydeleg representant og talsmann for interessene i byen og stiftet, og for utviklinga og framsteget i heile landet. Det lysnar snart i Bergen, ville han seia til folk. Byen hadde vore lamma av gamle og rusta privilegium. Dei hadde lagt hindringar i vegen for både økonomi og tankeliv. Handel og skipsfarten treivst betre no, industrien gjorde også oppsving, og meir og raskare ville hjula rulla om alle hemmande band og skadelege særrettar vart rydda unna.12 Eide skreiv såleis det påtenkte bladet sitt inn i den store bølgja av liberalisering – og liberalisme – som Storbritannia innleia omkring midten av hundreåret med opphevinga av særrettane for britiske handelsskip på verdshava. Tittelforslaget kunne verka nøkternt nok: «Bergens Dagblad og Avertissementstidende». Men boktrykkaren tenkte i så fall å klinka til med eit blad kvar dag. Bergens Tidende kunne hatt eit anna namn! No samarbeidde Wallem nært med Bjørnstjerne Bjørnson austpå og redigerte Norsk Folkeblad åleine i mange av fråværa til diktaren. Bjørnson hadde difor eigne grunnar til å åtvara Wallem, endå om han påstod at han sjølv åtte og for så vidt faktisk også hadde erfaring frå bladarbeid i vestlandsbyen: «I Bergen nytter det ikke med noget Blad. De bliver siddende og skrive hver Snes alene, uden Abonnenter, Far – og uden 22


opphavet (1868–1896)

Nyheder. […] I den Stilling skal et Menneske under Nødvendighed aldrig bringe sig selv.» Wallem kom til å bli innsnevra i haldningar og i sitt åndelege utsyn der vest, meinte Bjørnson. Eide lokka på si side med at Wallem kunne gjera noko med tankenivået i byen. Han skulle få det intellektuelle ansvaret for avisa. Sjølv skulle Eide ha det tekniske trykkeansvaret. I dette siste låg det ikkje berre ei lur arbeidsdeling, men ei djup forståing av redaktørplakaten, lenge før det omgrepet blei ankeret i avtaleverket til Norsk Redaktørforening og endå seinare blei lov i Norge.13 Fredrik Wallem var nok meir lunka til visjonane som Eide hadde, enn boktrykkaren først forstod. Etter ei tid byrja Eide å drøfta avisideen sin med ein som hadde budd både i Christiania og i København, og som truleg også var skeptisk til kyrkja. Han var i alle fall ein som likte å skriva og hadde hatt diktarambisjonar. Saman laga dei eit utkast til ei mogleg avis.14 Tidleg i desember 1867 gjekk Høgsterett god for den fastsette erstatningssummen til enkene. Pressefridomen var innan rekkevidde også i Bergen og omlandet rundt byen. Nesten prompte, som etter eit startskot, den 5. desember 1867, delte J.W. Eides trykkeri ut eit gratis prøvenummer for ei ny avis: Bergens Tidende. Dersom nok abonnentar teikna seg fram til nyttår, skulle bladet komma ut to dagar i veka – som ein start. Med tida kunne det kanskje bli meir, freista trykksaka lesaren. Bergens Tidendes prøverakett, Bergens Tidendes lokkemat, var ei avis med fire spalter tekst i ganske stort format, og fire sider alt i alt. Eit langt dikt var prenta, kalla «Ingeborg». Ein litterær føljetong vart starta, «Pariserbarn», som hadde undertittelen «karakterbillede av Pariserkvinderne.» Prøvenummeret lova korrespondentstoff frå fleire skandinaviske byar. Bergens Tidende fridde til både kvinner og menn. Ambisjonen stod å lesa i den lange programartikkelen. Her blei det slått ein høgare himmel over avisa: Sjølv om Bergen, stod det på trykk, så vel i åndeleg som i materiell forstand burde ha førsteplassen i landet, sakna byen eit verkeleg offentleg organ. Presseverksemda hadde gjort store framsteg elles i landet, i Bergen var avisene faktisk blitt dårlegare: 23


frå stryn til sveits og til engen 12

«Byen nu – hvad Presse angaar – er paa god Vei til at indtage den siste Plads i rækken, endog bag Bodø og Haugesund».15 Dette med førsteplassen var vel å merka nest etter hovudstaden. Truleg hadde den påtenkte redaktøren skrive utkastet, som så Eide hadde godkjent. Det som aller mest mangla i Bergen, var omhyggeleg handsaming av politiske og handelsmessige og andre offentlege forhold. Det som mangla, var at borgarane sjølv stilte seg spørsmål om styre og stell, og ikkje lét embetsverket og staten rå med dei åleine. Programartikkelen uttrykte beundring for Bergensposten, som hadde halde det gåande (to dagar i veka) trass i dette likegyldige og sløve publikummet, men det var, eller er, ikkje heilt til å komma frå at rosen verka nedlatande. Bergensposten var ein opplagd rival om lesarane framover. BT var ikkje redd for å risa lesarane i Bergen. Visst var annonseprivilegiet lammande, men ei vekeavis, og kanskje ei tynn dagsavis, ville kunna klart seg om det fanst nok abonnentar og nok interesse for det som rørte seg i samtida, heitte det i programtalen. Apatien og stillheita gjeldt ikkje berre borgarane i byen, heile stiftet Bergen hadde seg sjølv å takka, eigentleg. Det var litt av ein kanonade å komma med i eit prøveblad. Dels gjeld tiltalen skam og verdigheit – at ei god presse var den beste målestokken for danninga og det åndelege nivået i eit folk. Dels botna kritikken i eit omsyn til nytten, at det var til urekneleg stor skade for byen at ein sakna grundig og offentleg diskusjon. I den opne samtalen finn ein fram til dei beste avgjerdene. Men ikkje berre det: Når byen og stiftet ikkje hadde noka stemme eller samtale, då fall Vestlandet gjennom når resten av pressa i Norge diskuterte politiske og kommunikasjonsmessige spørsmål. I desse større samanhengane, der ein ofte fann løysingane for heile landet, var ikkje Bergen og omlandet representert. Det hadde gjennomgripande tyding for oss, og for landet, skreiv BT. Gjeve att med kanskje litt slitne ord: «Bergens Tidende» skulle bidra til danning, til opplysing og til maktbalanse mellom landsdelane. I november 1865 opna ingeniørane jernbanesamband frå Kongsvinger og inn i Sverige. På tolv timar kunne ein nå Stockholm med hurtigtog frå hovudstaden. Når kom det tog til Vestlandet?

24


opphavet (1868–1896)

Politisk nøytral I politiske spørsmål ville Bergens Tidende stilla seg nøytral: «Nogen bestemt politisk Farve vil dette Blad ikke faa.» Like så lite som eit blad burde vera eit organ for den individuelle meininga til redaktøren, burde det representera dei einsidige doktrinane til eitt parti. Radikalisme eller konservatisme som absolutte, ubøyelege prinsipp var to slike politiske grøftekantar som skada og hemma utviklinga i eit land, lydde det i programmet for BT. Idealet til avisa skulle vera nøytralitet i framstillinga av politiske forhold.16 Det var på dette tidspunktet ikkje tale om fargespekterets raude eller blå eller grøne parti i Norge, eller faktisk noko bestemt organisert politisk parti. Det næraste i 1867 måtte vera bondevensforeiningane til Søren Jaabæk, eller Johan Sverdrups no nedlagde stortingsopposisjon, kalla Reformforeningen, men parti som eit politisk omgrep – forstått som eit knippe standpunkt som batt mange saman – var vel etablert og ikkje reint lite hata i pressemiljø i Christiania. Ideen eller rettare sagt idealet om den borgarlege offentlegheita pulserte under. Eit standpunkt og eit argument skulle ikkje vinna fram fordi mange vart einige om det, men fordi det var det beste argumentet.17 Mellom dei radikale standpunkta som hadde vore framme i den norske debatten, om ikkje akkurat så mykje i Bergen by, var kravet om allmenn stemmerett for alle vaksne menn. Stortinget hadde avvist dette forslaget frå Johan Sverdrup i 1851. Men omgrepa radikalisme og konservatisme i programmet til BT kan også visa til europeiske politiske forhold i vidare forstand, som Eide jo hadde førstehandskjennskap til, og konkret til det forsøksvise revolusjonsåret 1848. Radikale krefter i til dømes Ungarn hadde forsøkt å fri landet frå den habsburgske trona, men var blitt kua. Sjølv om Frankrike hadde innført allmenn stemmerett (framleis berre for menn), var det reaksjonen folk la merke til. Louis Napoleon lét seg krona til keisar i 1852. Moderasjon og konservatisme hadde medvind i denne tida, også i Norge.18 Her rådde ein svensk konge som ingen hadde valt. Å vera framstegsmenneske når det er nyttig, skreiv Bergens Tidende, 25


frå stryn til sveits og til engen 12

og konservativ når det er nødvendig, og aldri opponera i utide – «det er den Troesbekjendelse, som tiltaler os mest». Å søka eit balanserande sentrum har sidan vore BTs idé i mange spørsmål. Verdens Gang kom ut første gang også i januarmånaden 1868, som eit «Ugeblad for Hvermand», men sjølv med Johan Sverdrup som redaktør nokre år seinare kan ikkje avisa seiast å ha fått noka politisk tyding – før Ola Thommessen tok over i 1878 og gjorde bladet tydeleg liberalt. Dagbladet starta nøyaktig eit år etter BT i januar 1869, og flagga med ein gong klarare fargar for Grunnlova og fedrelandet og kalla seg sjølv eit «frisinnet» og «sant demokratisk» blad.19 Sjølv Bergensposten – som rett nok understreka at avisa ikkje ville ta parti – brukte frasar som «sande Fædrelandsvenner», «tidsmæssig og frisindet Udvikling af vore Institutioner» og «næringsfrihet» då avisa relanserte seg som dagblad i 1868.20 Bergens Tidendes ambisjon verkar til samanlikning vassen og nesten grå. Det går sånn sett an å lesa eit kommersielt omsyn inn i programformuleringa – det var ikkje nokon smart idé å støyta ifrå seg potensielle tingarar før bladet var komme i gang. Den tilstundande nye avisa sikta tydeleg og uttalt mot dei kvinnelege lesarane, som i prøvenummeret blei kalla «denne interessante og elskværdige Del af det læsende Publikum». Bladet skulle stå parat til å bryta lanse for dei sanne interessene til kvinna når omstenda baud seg slik. BT stod også open for uttalane og bidraga til damene. Meininga i teksten, ikkje kjønnet til forfattaren, var poenget. Forkynningar av avisprogram var i seg sjølv ikkje noko banebrytande nytt med Bergens Tidende, og dei mange forskjellige lanseringane og forsetta i norske 1800-talsaviser vitnar om sterkt redaksjonelt sjølvmedvit. Ideen om makta til avisene – og eit visst samfunnsoppdrag som følgde med det – levde og banka. Mange stader fungerte avisene slik. Berre ikkje i Bergen, skal vi tru Bergens Tidende sjølv. Det var ikkje heilt sant. Bergensposten hadde også som vekeavis hatt brei stoffdekning og ryddig layout. Ho gav bokkritikk og visse politiske debattar. Ho hadde vêrrapportar, til og med. Og det var i det bladet forslaget om eit togsamband aust–vest først kom til orde. Ideen om ei avis slik som Bergens Tidende var ikkje noko som alt saman kom med Johan Wilhelm Eide. Han tok endåtil namnet frå ei tidlegare havarert avis. 26


opphavet (1868–1896)

Abonnementsprisen til Bergens Tidende skulle vera tre spesidalar for heile året, det same som Bergensposten la seg på. Til samanlikning kosta ei illustrert utgåve av H.C. Andersens eventyr på denne tida 1 spesidalar og 62 skilling. Ei flaske med god champagne kosta 84 skilling. Laussal var ikkje på tale i starten: BT skulle ikkje vera noko billig skillingsblad. Sjølve flatpressa kom truleg frå Tyskland. Papir fekk Eide sannsynlegvis eller i alle fall etter kvart frå papirmølla til Alvøen, der ein papirproduksjon av ei blanding av tre- og klutemasse kom i gang nettopp i 1868.21 Eit tresliperi song på Sævareid i Fusa. Av skog er du kommen.

Første utgåve No skjedde ting raskt: Den 19. desember hoppa enkene av rettsprosessen – mot at dei 30 000 spesidalarane blei betalt innan åtte dagar. Dagen etter løyvde bystyret pengar til dei. Fire dagar før jol var Bergens Tidende i ein draumesituasjon: Avisa kunne trykka annonsar – og ta betalt for dei!22 Johan Wilhelm Eide nytta alle nettverka sine – i Sangforeningen, i Forbruksforeningen, i Håndverkerforeningen og i Arbeiderforeningen. Det var tale om fleire tusen medlemmar, om vi tel med alle. Pågangen, både av annonsar og av interesserte tingarar, syntest såpass lovande at det var mogleg å tenka seg at avisa kom ut kvar dag. Bergens Tidende måtte nesten gjera det. Bergensposten hadde også slike planar frå den nye januar månad. Begge avisene annonserte for nyttårsløfta sine i Adressen andre joledag. Abonnement på «handels- og avertissementsbladet Bergens Tidende», som det blei kalla i heile sitt format, kunne ein teikna på lister som var lagde ut på Børsen, i Logen, i Håndverkerforeningen, hjå bokhandlar C. Floor og endeleg hjå boktrykkar J.W. Eide ved Engen. Lysingar – eller «bekjendtgjørelser» i språket frå den tida – ville abonnentane då kunne rykka inn med rabatt. Abonnement og annonsar. Det er ein forretningsmodell som skal halda i 150 år. 27


frå stryn til sveits og til engen 12

Både den 29. og den 31. desember averterte Eide etter løpargutar «som kan læse Skrift».23 Det må ha kribla i magen hans – og hjå den redaktøren han hadde knytt til seg. Dei skulle læra folk å lesa på ny. Dei som ikkje hadde vilja eller tort å lesa Wagner, måtte bli vane til meiningane til andre folk.24 Det er slett ikkje sikkert at Johan Wilhelm Eide tenkte på det akkurat då det nye året vart ringt inn i Bergen. Men dette var den djupe grunnen som avisføretaket hans eigentleg kvilte på. Frå det vidare Europa hadde han og redaktøren arva ein stor idé.

Kranglevoren Bergensposten tok første stikk – i og med at den avisa også kom ut på heilagdagar, altså første nyttårsdag 1868. Bergens Tidende kom til tingarane dagen etter. Eller rettare sagt kvelden etter, den 2. januar omkring klokka 19.00. Formatet var det same i begge avisene, tre spalter i breidda. For BTs del var flata betrakteleg redusert frå prøvebladet i desember. Bergensposten hadde alt nytta delar av ei førsteside til å gjera mildt narr av Bergens Tidende og det lange romantiske diktet som var trykt i prøveeksemplaret (som var signert L.S.). Såleis er det forståeleg, men også ganske skuffande, eigentleg, at det første nummeret av den første årgangen bruker meir enn halve framsida på å slå tilbake mot Bergensposten. Fredrik Wallem hadde rett nok valt å bli redaktør i denne konkurrerande avisa, det kan ha ergra Eide, men han byrja først i posten over sommaren, og redaktøren av Bergens Tidende var uansett ikkje identisk med trykkaren og eigaren Eide. Kanskje hadde Bergensposten prøvd å kvela ein konkurrent i fødselen, til og med, og slik BT hevda i artikkelen «Til vore Abonnenter», oppført seg som ein «Enevoldsherre» i den bergenske presse. Like fullt er det ei påfallande kjensgjerning at den nye avisa fyrte av ein lang harang mot eit tidlegare trykt stykke i Bergensposten (av den 12. desember) som heldt fram langt inn på side to, før endeleg notisar frå «Udlandet» og «Indlandet» slapp til. Like så moderat og omsynsfull som Bergens Tidende ville vera overfor meiningsmotstandarar, like så streng 28


opphavet (1868–1896)

og ubøyeleg ville avisa vera mot det nedrige og den simple vinnesykja. Slik grunngav BT det redaksjonelle valet denne aller første dagen sin. Den neste dagen var det meir agg i Bergens Tidende. Og stadig vidare i januar. Ein kunne få inntrykk av at avisa kom pladask ut i ein andedam, og at for eksempel krigsopprustinga i Frankrike var uvesentleg, eller dei elendige utsiktene for storsildfisket på Vestlandet på grunn av stormvêret, for å ha nemnt eit par alternativ frå dei små notisane, rubriserte under overskriftene «Udlandet» og «Indlandet». Var det skitkasting og kiv i knøttsmå pressemiljø som Bergens Tidende skulle bidra til? Kvar var offentlegheita og dei politiske spørsmåla? Kvar var Eides uredde ånd frå utgjevinga av Wagners foredrag? Kva idé var eigentleg BT når visjonane frå prøvenummeret endeleg viste seg på trykk? Undertittelen «Handels- og avertissementsblad» synte noko av retninga. Side tre i det aller første bladet hadde ein ganske fyldig redaksjonell notis om handel og skipsfart, og dei nyleg nedsette tollprisane på alt frå briller til lakrissaft og leiketøy. Og heile den siste sida med «Bekjendtgjørelser» var ryddig ordna og gav nyttig informasjon om til dømes dampskipet Vikings ruter under vårsildfisket i januar til og med mars månad. Undertittelen vart fjerna etter ei veke, men han levde i annonsane om BT, og i februar atter som del av tittelhovudet: «Bergens Tidende, samt Handels- og avertissementsblad». Bergens Tidende ville vera ei breiare avis, men var også i stort monn eit handelsinformerande blad den første tida.

Politinotis Det som må ha interessert dei aller fleste lesarane, anten dei var kvinner eller menn, handla om ei kriminalsak. Under avsnittet «Politinotiser» blei det fortalt om ei kvinne som i desember månad var arrestert og mistenkt for å ha fødd eit barn i løynd og drepe det. Ho hadde først nekta for alt, men då legen meinte bestemt at ho måtte ha fødd heilt nyleg, vedgjekk ho dette, men hevda at barnet var dødfødt. Ei gransking av liket gav henne berre delvis rett: Andedrettsorgana var 29


frå stryn til sveits og til engen 12

kanskje ikkje fullt utvikla, men barnet måtte ha vore i live ved fødselen. Yrket til mora var å stella i eit større hus. Ho hadde fødd i soverommet sitt i andre etasjen, utan hjelp av nokon. Ho gjekk med på at ho hadde halde to fingrar i munnen til barnet for å kjenna etter, «om der var Noget, som rørte sig derinde». Då saka no blei ei sikting, tilstod kvinna alt. Straffa for å ha drepe det uekte barnet sitt var ni til tolv år i tukthus, kunne BT fortelja. Slike tragediar var så altfor vanlege på 1800-tallet, anten ein lir og kjenner med barnet eller med kvinna.25 Barnedrap var faktisk den største drapskategorien i norsk rettshistorie i heile perioden frå tidleg 1600- til seint 1800-tal.26 Skamma ved «lausungar» og «uekte» born var nådelaus. I Bergens Tidende glir notisen no over i ein for oss merkeleg analyse. Det står, lett omsett til dagens bokmålsnormal i avisa: «Forøvrig gir kvinnen, som så mange andre i hennes stilling, et eksempel på hvilket stort herredømme en bestemt vilje har over legemlige smerter. Den gravide tjenestekvinnen hadde skjult sitt svangerskap, og fødselen hadde foregått om natten på hennes værelse uten at noen i soveværelset under henne hadde hørt rop eller lyder av smerte og rier. Morgenen etter var hun tilbake på jobb og stelte på kjøkkenet. På formiddagen hadde hun riktignok gått til sengs, og sagt at hun var blitt dårlig, men den samme ettermiddag var hun igjen i arbeidet og gjorde det like uklanderlig som ellers.» Notisen tvingar fram fleire spørsmål. Var dette liksom måten å komma dei kvinnelege lesarane i møte på? Korleis fekk Bergens Tidende tak i alle desse opplysningane? Hadde ein medarbeidar følgt politiavhøyra, eller hadde politiet ein medarbeidar i avisa? Var ein politimann, som det er blitt skrive mange stader, verkeleg BTs redaktør? I blandinga av nyhende og kommentar var notisen nokså typisk for tida. Men redaktøren må likevel ha tenkt eit eller anna, som lét akkurat denne kriminalnotisen bli trykt. Kven var han, eigentleg?

30


opphavet (1868–1896)

Den anonyme redaktøren Han var fotograf. Eller sigarfabrikant. Eller diktar. Han var ikkje eingong frå Bergen. Den første redaktøren i Bergens Tidende heitte Edvard Larssen; han kom frå Stavanger. Han hadde søkt seg til aviskretsar i Christiania og studert i København, og han hadde fått to døtrer. Men kona Marie Charlotte Jensen hadde døydd i barsel og det var ein ung enkemann som kom til Bergen ein eller annan dag i tida mellom 1865 og 1867. Jentene blei truleg att hjå bestemora i Stavanger, der familien hadde ein tobakkshandel. Edvard Larssen (1840–1898) var lenge ein løyndom i Bergens Tidendes historie. Dels har det å gjera med at redaktøren skulle vera anonym. Dels blei han ikkje verande så lenge i avisa, berre dryge fire månader.27 Det er Peter Larsen, professor emeritus i medievitskap og mangeårig musikkmeldar i BT, som skal ha æra for gjenoppdaginga av fordums bladleiar Larssen. I litteratur- og fotohistoria lever Larssen vidare som den første som tok bilete av Henrik Ibsen, ingen ringare. Larssen hadde ein stutt epoke atelier i Christiania før han altså drog heim til farsbedrifta i Stavanger og vidare til Bergen. Ibsen kvitterte med å gi Larssen ein slags plass i forfattarskapen sin. Blant modellane til Vildanden noterte diktaren seg «Fotografen, den mislykkede digter, E. L.». Ifølgje Ibsen var han ein seminaristisk pessimist og ein dagdrøymar; han hadde «skimtet ind i en højere verden; det er hans ulykke». Ein kan, under tvil, skimta Edvard Larssen i den latterlege, drøymande figuren Hjalmar Ekdal, ingen betre. Utakk er verdas løn. Larssen har truleg søkt seg mot forleggarverksemda til Eide i Bergen, slik han sirkla rundt redaktøren Paul Botten-Hansen i Christiania og fekk dikt på trykk i Illustreret Nyhedsblad. Kanskje hadde han høyrt om at Eide søkte etter redaktørar austpå. Både Eide og Larssen var enkemenn. Eit utkast til redaktørkontrakt finst i papira etter Larssen. Her blir det atter referert til den elendige pressestoda i Bergen; dei to var tydelegvis blitt einige om å gje ut ei avis som kunne representera byen og stiftet på ein verdig og mykje meir tidsmessig måte. Bladet skulle bidra til sann fridom, opplysning og rettferd, idet «Bladet kjæmpede for en 31


frå stryn til sveits og til engen 12

ligelig og retfærdig Deling af Statssamfundets Fordele og Byrder mellem forskjellige Stænder, støttede de nyttige Fremskridt og var en varm og uforfærdet Talsmand for den Forurettede og enhver god Sag».28 Programformuleringa er noko meir tilspissa enn den som blei nedfelt i prøveutgåva. Peter Larsen anar ein viss utopisk sosialisme frå Larssens hand og ånd – men ein kunne like gjerne legga vekt på dei liberale elementa og forsvaret for enkeltindividet i teksten. Eit like så vesentleg punkt i kontraktutkastet er den redaktørrolla som kjem til uttrykk. Prinsippa om uavhengigheit og bestemmingsrett blir rissa inn i papiret. Redaktøren tilset og avset medarbeidarar og korrespondentar, heiter det; han bestemmer innhaldet i bladet og haldninga i ulike spørsmål; han betaler avisens skribentar, «alt efter bedste Skjøn og frie Vilje, uden Indskrænkn[ing eller] Modstræv fra Eides side».29 Om Eide likevel blanda seg bort i dei redaksjonelle vurderingane og prioriteringane i avisa, skulle delen og eigarskapen hans i avisa falla bort. Larssen skulle då trykka og gje ut avisa som eineeigar. Dette er dristige formuleringar. Om dei ikkje blei knesette i den endelege kontrakten, kastar dei spennande lys over avistenkinga i Eides tid. Frå ei side sett stadfesta Larssen ei etablert rolle – den inspirerte diktarredaktøren. Han prenta eit dikt og starten på ein føljetong alt i prøvebladet, og han gav plass til to andre dikt som sannsynlegvis var hans eigne, «Til En» den 17. januar; «Gravens Lys» den 8. februar – på den staden i avisa der vi i dag ville venta ein leiarartikkel. Dei var signerte med det ganske anonyme «..n». Men truleg var Edvard Larssen tilsett eller engasjert i avisa på heiltid. Denne profesjonaliteten og den sjølvforståinga om redaktørrolla som kontraktutkastet røper, peikar mot ei anna tid – framover, om ein vil. Synet for Larssens rolle skjerpar også på andre måtar forståinga av BTs aller første historie. Det kan ha vore han, og ikkje Eide sjølv, som skreiv programmet i det utdelte prøvenummeret. Det er høgst truleg han som var øm for diktet «Ingeborg», og som gjekk i strupen på Bergensposten så momentant over nyttår 1868. Han kan ha vore så ærekjær og så eigenrådig at det gjekk for langt for Eide og for samtida hans. Den seinare redaktørkarrieren hans kan tyda på det. Eller det kan ha vore stridsspørsmål om økonomi og annonsemengd som dreiv han ut av avisa. Eller at Larssen ikkje kjente byen godt nok, eller at Larsen fann 32


opphavet (1868–1896)

Bergen for liten og for tam. Bakom viktige avgjerder i livet til alle menneske er det sjeldan berre éin grunn. I byrjinga av april slutta han i BT, og han emigrerte like etter til USA. Dersom vi ikkje berre puttar tobakkshandlar Larssen inn i statistikkane over dei som flytta til Bergen inntil vidare og så reiste til Amerika, men gjev han meir av æra for at Bergens Tidende i det heile teke kom i gang, kan det samstundes sjå ut som J.W. Eides rolle i og prosjekt med avisa han stifta, blir skriven ned. Det er i og for seg ikkje gjeve at han redigerte bladet på noko tidspunkt eller skreiv så mykje der sjølv. I så fall kan vi rosa avisforståinga og teften til Eide frå ein annan kant, frå vår tids omgrep om redaktøren – og eigaren eller utgjevaren på respektfull avstand frå den rolla. Alt måten han hadde sondert terrenget med Wallem på, kan tyda på det. Redaktøren skulle ha ansvaret for og bestemma over innhaldet innanfor dei rammene som programmet og forretningsmodellen sette. At både Wallem og truleg også Larssen blei tilbydd deleigarskap i avisa, rokkar ikkje ved denne prinsipielle rolleforståinga. Stryningen og bergensaren Eide var på mange måtar ein framsynt mann.30 Etter lanseringa av avisa sprang rykta i Bergen – som ein vel kunne venta – om kven som var redaktøren i det nye dagbladet. I eit lite lesarbrev frå februar 1868 avkrefta diktaren Johan Koren Christie at han redigerte bladet, eller kjente samansetjinga i redaksjonen, noko både «Bergens Tidendes redaksjon» og «Bergens Tidendes utgiver J.W. Eide» stadfesta i den same avisa. Redaktøren skulle vera anonym. Kvifor var denne anonymiteten så viktig? 150 år seinare er han nesten utenkeleg. På heile framsida av eit Aftenposten-magasin i BT den 8. januar 2016 kan ein sjå at sjefredaktør Øyulf Hjertenes ikkje alltid barberer seg før han går på jobb. Kontraktutkastet til Larssen syntest å gjera det til eit prinsipp eller ein idé for heile verksemda, redaksjonen skulle vera anonym, og også innsendarane. Både redaktør og utgjevar måtte vaka samvitsfullt over dette, heitte det. No ville det ikkje vore så vanskeleg for ein journalist å setja seg til rette i nærleiken av Bergens Tidendes hus på Engen og notera seg kven som gjekk inn og ut av redaksjonen, lenge nok til at namna på medarbeidarane stod klart for henne. Ho ville ha brote 33


frå stryn til sveits og til engen 12

med fundamentale spelereglar den gongen, omtrent som å gje blaffen i reglane i Ver Varsam-plakaten om korleis ein skriv om born i dag. Det handla ikkje så mykje om at denne tida på 1800-talet var tilknept medan vår tid er open, som at det gjeldt å verna om den opne diskusjonen og den «reine» debatten. Fornufta skulle rå. Sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson hadde dette klinkande klart for seg. Som redaktør av Bergensposten ei heftig kort tid i 1858–59 hadde han kommentert dei begredelege tilhøva ved Lille Lungegaardsvann og den stanken som visstnok steig opp frå det. Han hudfletta ein «Hr. Kapitain Dirik», som hadde levert eit slags utkast til forbetringar. Kaptein Dirik tok til motmæle i den konkurrerande avisa Bergenseren og nemnde den harmdirrande redaktøren ved namn. Det skulle han ikkje gjort; namnet Bjørnson hadde ikkje noko med saka å gjera. Også Bergenseren hadde brote med dei uskrivne lovene for pressa, meinte Bjørnson. Dersom kritikk mot ein eller annan «offentlig Mand» førte til at redaksjonen stadig måtte ut i personleg slagsmål mot fornærma autoritetar og figurar, «da blev avisen ikke mer Avis, ikke længer Organ for offentlig Sag, men for private og personlige Kjævlerier», skreiv redaktøren Bjørnson.31 Bjørnstjerne var alt i 1859 eit fenomen, suksessforfattar nasjonalt med Synnøve Solbakken, kunstnarleg leiar på Det Norske Theater og invitert som folketalar i Bergen den 17. mai det same året, og det er forståeleg, ja prisverdig, at han ikkje ynskte personen sin eller fysiognomien – han var til dømes ikkje meir ruvande i landskapet enn 172 cm over havet – komma i vegen for saka om Smålongeren. Ein kan også tenka at han ville oppdra lesarar og redaktørar i ei ikkje altfor omfattande byoffentlegheit: Borgarane i Bergen måtte løfta hovuda frå rykte og sladder. Samstundes uttrykker han ein idé om den ranke offentlegheita til nettopp borgaren, godt bortanfor sladderen og titlane og dei mange bøygde nakkane ved hoffet i Stockholm og ved slottet i Christiania. Konkrete, verkelege namn kunne tenkast både å svekka og å forsterka ei meining. Den anonyme redaktørytringa, derimot. Som Martin Eide skriv i boka Den redigerende makt, kan ein oppfatta den usignerte artikkelen som uttrykk for idealet om at det eine og åleine er krafta i argumentet som skal telja i den offentlege samtalen. Eide tenkjer her på anonymiteten for både redaktøren og skribenten, slik jo Edvard Larssen hadde det klart for sitt Bergens Tidende. Tyngda 34


opphavet (1868–1896)

i meininga skulle «ene ligge i Sandheden og Rigtigheten af Anskuelserne selv», som ein annan redaktør formulerte seg denne tida.32 For så vidt lever leiarartikkelen i dagens BT framleis i denne ånda. Den teksten er usignert og representerer Bergens Tidendes offisielle syn i ulike saker og stridsspørsmål, endå om ikkje sjefredaktøren lenger skriv han sjølv. Arbeidet går på omgang i kommentargruppa under rettleiing av den politiske redaktøren. Noko heilt anna er problematikken omkring anonyme og ufiltrerte meiningar som kjem til uttrykk i kommentarfelta i nettartiklane til mediehusa. Her er utfordringa at redaksjonen ikkje har fått lese eller sjekka at ytringa faktisk er til gagn for den offentlege samtalen. Anonymiteten til Larssen hadde Bergens Tidende, og demokratiet bakom der att, som garantisten sin. Så må det nok seiast at prinsippet om anonymitet hadde mindre høgverdige omsyn også. Redaksjonsmedlemmer og faste bidragsytarar til avisene på 1800-talet kunne ha arbeid i amtet eller i staten sjølv. Også dette gjeldt for Bergens Tidende: Politifullmektig Johan Hekleberg var ein av dei. Les det ein gong til. Politifullmektig, tidlegare departementsfullmektig, seinare sorenskrivar Johan Hekleberg, fødd i 1830, gift med Marie Sofie Sørensen, busett på Nygaard. I eldre historieverk om BT er han til og med blitt kalla den første ansvarlege redaktøren i bladet, men det er lite sannsynleg, sjølv i den perioden etter at Larssen gjekk av og før ein ny profesjonell pressemann tiltredde i Bergens Tidende.33 Hekleberg var først og fremst politimann og aktor i mindre straffesaker, og høgst sannsynleg den som kunne fortelja lesarane om kvinna som hadde fødd i skjul og drepe det vesle barnet. Det var anerkjent, eller i alle fall velkjent at embetsmenn tok slike postar i eit blad for å spe på inntektene. Notisen Hekleberg skreiv om kvinna, kunne tyda på at han dreiv førehandsprosedyre i avisa. I løpet av august månad skulle han spela ei endå meir problematisk rolle i BT. Forretningsmann og agenturhaldar og seinare ihuga 17. mai-mann og frontfigur for restaureringa av Håkonshallen og stortingsmann og internasjonal fredsforkjempar John Lund var ein annan som hjelpte til i dei første månadene med skapinga av Bergens Tidende. Han hadde som Eide utanlandsopphald bak seg, han var språkkunnig, både i spansk 35


frå stryn til sveits og til engen 12

og fransk. Han kan ha vore særleg dyktig med annonsesalet, Fasting meiner det, Kjartan Rødland skriv det same i gjennomgangen sin av BT-arkiva, men Lund kan også ha gjort sjølve redigeringa av avisa då Edvard Larssen drog. Nesten ein mannsalder etterpå skreiv han sjølv at han var med på å starta opp Bergens Tidende, og at han fekk ein halvpart i bladet som takk for innsatsen.34 Larssen hadde truleg hatt ein liknande avtale. Folkeskulelæraren Hans Mo laga fleire og ganske inngåande referat frå lærarmøte både i og utanfor Norge. Edvard Griegs eldre bror John Grieg kom med meldingar i avisa, av både konsertar og teaterstykke, dei blei som oftast signerte med ein liten «g». Dei var unge folk. Hekleberg var den einaste som nærma seg 40.

Føljetongar Bergen blei ikkje bygd på éin dag. Heller ikkje er det rett å dømma ei dagsavis og ein frykteleg spinkel redaksjon – truleg berre ein mann på heiltid – på eitt nummer, og på det aller første til og med. Alle ting må få setja seg. Alle ting utviklar seg. Den 3. januar 1868 brukte Bergens Tidende heile førstesida på «En ny kemisk Husven». Overmangansurt kali kunne brukast på både litt for gammalt kjøtt, på toalettet, og for dårleg ånde. Kvinnene var ein tydeleg adressat i teksten, om ikkje kjelda eller bakgrunnsartikkelen var klar, som i ingressen berre var omtala som: «frit efter det engelske». Dei neste dagane var avisa fylt med i og for seg opprørande stoff frå Kentucky i USA, der særleg svarte blei hundsa og svært vondt behandla, sjølv i etterkant av borgarkrigen. Stoffet var henta frå The New York Tribune i november. Postgangen tok si tid. Kåre Fasting skriv i den omfangsrike jubileumsboka si (1967) at viss ein ser veldig velvillig på BTs første nummer, hadde det alt ein moderne avislesar ventar å finna: innanriksnyhende (frå Trondheim til og med), utanriksstoff (frå Kina til og med), ein leiarartikkel, kanskje med unntak av sport. Og vêrmeldinger. Og teikneseriar. Men på denne måten etablerer vi ein standard frå vår eiga tid, som ikkje nødvendigvis Bergens Tidende hadde i 1868. Det som ikkje blei følgt opp av lovnadene 36


opphavet (1868–1896)

i prøveutgåva, var føljetongen «Pariserbarn». Bergens Tidende hadde sagt at avisa satsa på å komma med mange «originale», og det betyr for oss gjerne «nye», forteljingar. Gode bidrag frå lesarane sjølve skulle honorerast. No, alt den 2. januar 1868, skreiv redaktøren at bladet håpa å få ta opp tråden, og også det større formatet av fem spalter som prøvekluten hadde synt fram, om berre det blei mange nok abonnentar. Føljetongen, oftast ei oppdikta framhaldshistorie, var ei fransk oppfinning som La Presse byrja med i 1836, basert på Honoré de Balzacs La vieille fille, Den gamle jomfruen, med suksess nærast over natta. I Norge var føljetongen blitt vanleg rundt 1850, og avislesarane forventa då «ny, spennende og romantisk litteratur på døren hver dag», som Aina Nøding skriv i Norsk presses historie.35 Serieforteljinga kunne bli laga for avisa eller tidsskriftet, som Charles Dickens gjorde med for eksempel historia Hard Times. Eller redaktøren henta historia frå ei bok eller ein utanlandsk publikasjon og sette ho om til norsk. Nyhendeelementet var uansett ein fordel. BT reklamerte i prøvenummeret med at «Pariserbarn» var ei original forteljing, rett nok henta frå ei tysk avis, og dei historiene som kom etter henne, ville ha noko nytt ved seg. Men avisene skulle like mykje formidla god smak og litterære opplevingar. Eller rett og slett underhaldning, vil somme kunne hevda. Vi må uansett tenka at avisene sjølve bidrog med skjønnlitteratur, og ikkje berre med fortolkande litteraturkritikk. Dei som skriv litteraturhistorie, kan for sin del ikkje sjå bort frå avisene, der mange forfattarar både debuterte og heldt fram med å skriva. Bjørnstjerne Bjørnson publiserte for eksempel Synnøve Solbakken som ein serie i Illustreret Folkeblad aller først. Dikt, dikt til ulike høve og høgtidsstunder, var nok det mest typiske som norske forfattarar bidrog med. På sikt og meir generelt bidrog avisformatet til at skjønnlitteraturen blei meir verkelegheitsnær og gjerne aktualiserande, også i Norge. Føljetongen kunne bli bunden inn til ei bok i mange tilfelle, og blei det for BTs del med Taskenspillerdatteren i 1869, som kan seiast å vera starten på Eide forlag. Framhaldshistoria blei gjerne plassert nedst på sida i avisa, i den såkalla «kjellaren» – og over to sider, slik at lesarane sjølve kunne klippa dei ut. I Bergens Tidende var føljetongar viktige, også i marknadsføringa, langt inn på 1900-tallet. Men BT var på ingen måte først ute her: Adressen tilsette det vi kan kalla den første kvinnelege kulturjournalisten (eller for den del -redaktøren) i Norge då Val37


frå stryn til sveits og til engen 12

borg Platou fekk ansvaret for å setja om og tilpassa føljetongar for den rivaliserande avisa alt frå 1869.

Gotisk skrift For ein notidig lesar er Bergens Tidende anno 1868 ved første syn som frå eit heilt anna land. Det kjem ikkje berre av mangelen på bilete, på ein nettversjon, på mobiltilgang til avisa. Det gjeld like mykje den gotiske skrifta som blei nytta i logoen og tvers gjennom dei fire sidene i bladet. Men ikkje heilt. Det påfallande er at sistesida med «Bekjendtgjørelser» har mange annonsar i moderne skrifttypar, det vi også nemner «antikva». «Moderne» er ikkje berre ein etterpåklok karakteristikk frå påfølgjande hundreår; det er noko Eide sjølv reklamerer med i trykkeriverksemda si, og annonsen for hans eige boktrykkeri er også sett i antikva i avisa. Setteriet hadde altså tilgang til og brukte i eit visst monn «våre» bokstavtypar. Kvifor er då resten av tekstmassen ordna i bokstavrekker av fraktur, altså gotisk skrift? Dagbladet la om frå den tradisjonelle gotiske til den også der framtidssymboliserande antikva allereie i 1879. I bøker var antikva heilt vanleg i 1880-åra. Bergens Tidende bytte om på alt saman først i januar 1914. Konservatismen kan ha hatt å gjera med dei avisene som Eide kjente frå kontinentet, og kva han tenkte om særleg tysk tradisjon og kultur, som fraktur gjerne blei forbunde med. I starten kan det også ha hatt å gjera med noko så banalt som kva skrifttypar det fanst nok variantar av, gjerne av sink, altså kva som var billigast, og ikkje noko Eide valde av ideologiske føringar. Teknologien bestemte i alle fall formatet – som var berre fire sider dei første tiåra. Eitt ark vart pressa med blyplater og med trykksverte og bretta saman til éi avis. Var annonsepågangen stor nok, blei avisa utvida i breidda eller høgda. Ein drog pressa for hand. Dette var gjengs for alle norske aviser til rotasjonspressene kom i bruk. Kanskje ville ikkje Bergens Tidende skilja seg for mykje ut, verken i politisk farge eller i skrifttypar den aller første tida. Sterke lesarreaksjonar tvinga Dagbladet til retrett ein periode.36 Målgruppa eller marknaden var i opphavet borgarskapen eller byborgarane. I «leiarartikkelen» den 2. januar blei det sagt at dei mest intelligente og respek38


opphavet (1868–1896)

terte borgarane i byen hadde anerkjent bladet alt ved prøvenummeret. No kan dette siste like mykje oppfattast som forsøk på å hevda avisa mot konkurrentane. Bergensposten hadde ein klart meir bemidla skare av «velyndarar» i ryggen, ein overlege, ein overlærar, ein rådmann og to kjøpmenn blant dei. Bergens Tidende vende seg til, eller fanga inn i noko større grad, lesarar frå det vi kunne kalla den lågare borgarskapen eller rett og slett middelklassen, kjøpmenn og handverkarar. Vi talar ikkje om meir enn 300 abonnentar dei første månadene. Heile Bergen hadde om lag 30 000 innbyggarar. Byen var i rask vekst, både på grunn av auka tilflytting og auka levealder.37 Urbaniseringa skulle gå endå raskare i siste del av 1800-tallet: I åra 1875–1900 blei folkemengda fordobla, til over 70 000 menneske. Bergen blei ein by med fleire dialektar, med ei større flate mot distrikta, med erkebergensarar eller «innfødde» i mindre majoritet. Byen skifta på ein måte ham.38 Bergen var også mellomstasjon for dei mange tusen nordmennene som emigrerte til Amerika og Canada. I ettertid kan vi sjå at seglskutene låg i vindstille og i solnedgang omkring 1870, som den bokstavlege postgangen, og at dampbåtane og damplokomotiva, og telegraflinene, hadde medvinden og framtida med seg. Lauga var på retur, sjølv i den tradisjonsbestemte byen Bergen. Landbruket gjekk gjennom det som har blitt kalla det store hamskiftet; varer blei produserte i større monn for ein marknad, pengeøkonomien kom inn for alvor på bygdene. Bergens Tidende var sjølv eit resultat av den økonomiske liberalismen som dominerte tankelivet – då Adressens monopol blei sprengt. Ho var då også ein talsmann for friare handel og samkvem mellom folk. Bergens Tidende slapp såleis endeleg til innlegg som tala for leiaren for bondeopposisjonen på Stortinget, Søren Jaabæk, men redaktøren hadde vanskeleg for ikkje å laga halar og kommentarar dei same dagane om at Jaabæk i realiteten var fiende av alle dei næringsdrivande, og at han hadde i sinne å skaffa bøndene einevaldsmakt. Berre offentleg diskusjon, meinte BT, var den rettmessige og legitime måten å skaffa seg makt på for den såkalla «tredjestanden», som bønder og arbeidarar og handverkarar alle høyrde til. Men avisa kom på ingen måte som bestilt av nokon. Alt den 6. januar 1868 søkte aviseigaren Eide stiftsamtmannen – som hadde den høgste makta i Bergenhus stift – om å «blive Organ for det Offentliges 39


frå stryn til sveits og til engen 12

Bekjendtgjørelser» både i by og i stift. I så fall ville BT kunna skaffa seg inntekter gjennom dei kunngjeringane som for eksempel kongen måtte kringkasta. Men det ville truleg også tyda at BT måtte forsøka å distribuera bladet i noko monn ut over kjøpstaden Bergen og til meir av det distriktet på Vestlandet som heitte Bergenhus stift. Justisdepartementet avslo søknaden.39

«Avertissementstidende paa Rov» Éi utfordring var å fylla avisa med stoff kvar dag. Avgjerda om å laga ei dagsavis av Bergens Tidende må ha komme noko kasta på redaktøren. Eit anna tankebry for han og for utgjevaren var at den gamle Bergens Adressecontoirs Efterretninger slett ikkje la inn årene. På nyåret 1868 hadde avisa fått fjongare layout, teke meir journalistisk stoff inn frå andre aviser, og støypt den ganske så sjølvmedvitne undertittelen «Officiel Tidende for Bergens By og Stift». Det kan ikkje ha vore Eides plan. Forretningar rundt Torget og teateret i Bergen og ikkje minst departementa i Christiana kom med sine kunngjeringar der som før. Då kong Carl IV (av Norge, Carl XV av Sverige) gjorde det kjent like over nyttår at toskillingar og halvskillingar i kopar måtte løysast inn innan 1870 og underteikna dette med skrifttypar som var større enn typane som fortalde kva avisa heitte, var det i Adressen han fekk det gjort kjent heilt vest i riket sitt, og dette over to dagar, den 3. og 4. januar 1868. Og då Bergens Tidende blei nekta å få status som stiftsavis på same måten, ikkje så mange veker seinare, kunne nok embetsverket til kongen syna til at bladet var altfor lite utbreidd. Men kan henda låg også omsetjinga av Den frie Protestant og verkte ein eller annan stad under. Eit brev som Eide skreiv til Bjørnson, rett nok tolv år seinare, tyder på at prestar og embetsverk kanskje ikkje hadde gløymt. Annonsemengda skrumpa faretrugande mykje inn. BT trykte like godt eit tidlegare prenta stykke frå Bergensposten ein dag. Offisielle informasjonar blei prenta ein annan dag, truleg heilt gratis. I eit usignert innlegg blei det no, den 13. januar, sendt ut eit naudskrik. Fasting gjettar at det var Lund som forfatta det, men det er vel så sannsynleg 40


opphavet (1868–1896)

redaktør Edvard Larssen. Han fortalde at BTs opplag for tida var 300, og at avisa blødde ut pengar. Avisa kunne rett og slett døy. Skulle den prisverdige kvitteringa frå bystyret i Bergen til enkene Geelmuyden vera forgjeves, og like eins den oppofrande innsatsen til trykkaren Eide, og den opphøgde ideen til redaksjonen i Bergens Tidende? Han spurde vidare: Ville verkeleg Bergens borgarar tilbake til eineveldet og åket under Adressen ? Appellen blei sikta inn mot ein kvar «rett-tenkende» bergensar, og ikkje berre betrestilte borgarar av Bergen, nei, kjøpmenn, sjømenn, embetsmenn, handverkarar og arbeidarar, menn og kvinner. Skjennepreika var blitt til ei bøn. BT hangla og sjangla vidare. Redaktøren tok endeleg inn og opp igjen føljetongen «Pariserbarn», han rullerte ei vekes tid. For trykkinga kom historia godt med: Ho fylte gjerne heile førstesida. Ein korrespondent kom til frå Volda. Dikt på landsmål flaug inn til redaksjonen og eit korrespondentstykke frå Sverige blei slukt på vidt gap, det kom ut på svensk. Med ein viss auke i annonseringa inn mot den 17. mai var avisa attende til storleiken i prøveformatet. Avisa gjekk kan henda mot lysare tider. Eit dristig grep i juni redda Bergens Tidende heilt inn på tørt land. Eide prenta eit eige annonseblad i 1000 eksemplar og distribuerte det i tillegg til normalavisa, på forskjellige stader i byen. Annonsemonopolet til Adressen skulle knekkast og blei brote opp. Gratisbilaget må ha vore dyrt nok å trykka. Og annonsedumpinga skjedde ikkje utan kritikk. Bergensposten kalla Bergens Tidende «en Avertissementstidende paa Rov».40 Rivalen spurde om kva som var det viktigaste for avisa: annonsane – eller dei merkantile og politiske informasjonane? Med tanke på skuldingane den andre vegen i lanseringsnummeret til BT kunne vi legga til: Kven var eigentleg den vinningssjuke av dei to? Forlag talar om å vera børs og katedral. Moderne mediehus har sitt elsk–hat-forhold til annonsane. Bergens Tidende rydda like godt heile førstesida til «Avertissementer» og «Bekjendtgjørelser» frå juni av, og bar dette varemerket – bokstavleg tala – i fleire tiår framover. Ei fluktrute frå heile denne problemstillinga er å sjå annonsane som direkte og verdfullt lesestoff. Jubileumshistorikaren Kåre Fasting gjer det på brei skala. Her kom lesarane nærare kvarandre, skriv han, her 41


frå stryn til sveits og til engen 12

var livet med opplysningar om dødsfall og konkursar og nye verksemder, underteikna med fullt namn. Her var ingen kjølig anonymitet. Her var kvardagen med gløymde paraplyar. Her var eit lim i byen og i det nære omlandet. Her kom også nyhende fram.41 Å fylla heile førstesida med annonsar var heilt ukjent for 1830-talsavisene, også i det samtidige, høgst oppegåande Morgenbladet. I verket Norsk presses historie meiner Rune Ottosen at grepet til BT illustrerer vendinga mot nyhende og aktualitet. Dikt fylte ikkje førstesida lenger. «Smaken hadde blitt fortrengt av nysgjerrigheten», skriv han.42 Dette er den vennlegsinna tolkinga. I starten var vegg-til-vegg-teppet med lysingar like mykje uttrykk for ein desperasjon.

Bajonettar og staur I midten av august 1868 eksploderte det på Torget. Liberaliseringa av næringsverksemda hadde ført til at oppkjøparar selde poteter, ikkje lenger bøndene sjølv, og ikkje uventa til ein høgare pris. Ei gruppe kundar kom i krangel med oppkjøparane. Ein av kundane, Rasmus Flølo, byrja å flytta på ei tønne med poteter. Han blei då arrestert av politiadjutant Moe. Det gjorde folkemengda berre endå meir rasande, dei samla seg på Rådstuplassen og kravde at Flølo vart sloppen fri. Adjutanten prøvde å fanga ein demonstrant til, folkehopen hindra han i det. Fullmektig Hekleberg ville no komma adjutanten til hjelp, men dei vart begge skuva nedover plassen, og fullmektigen fall til slutt over ende, visstnok etter å ha fått beina spent under seg. Han skada ein arm. Sonen skal ha sett Hekleberg dundra i bakken og varsla – gråtande ifølgje avhøyrprotokollane – politimeisteren sjølv. Då han ikkje klarte å roa dei rasande og etter hans eigne ord trugande demonstrantane, bad han om militære forsterkingar. Dette hende laurdag kveld. Bergens Tidende hadde orientert om misnøye med frihandelen alt tidlegare i august, godt hjelpt av fullmektig Heklebergs kjennskap til politiavhøyr og politirapportar. Avisa hadde inga søndagsutgåve, og omtala opprøret først måndagskvelden, då Hekleberg lite truleg kunne bidra, verken i BT eller i arbeidet til politiet. 42