__MAIN_TEXT__

Page 1


Geir Olav Jørgensen

Slagmark Kort rapport frĂĽ underskogen


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2017 ISBN 978-82-02-54653-3 1. utgave, 1. opplag 2017 Omslagsdesign: Elisabeth Vold Bjone Omslagsfoto: Sarah Jørgensen Sats: Type-it AS, Trondheim 2017 Trykk og innbinding: ScandBook UAB, Litauen 2017 Satt i 11/13 pkt. Sabon og trykt på 80 g Ensolux Cream 1,8. Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


I


Han kjem gåande gjennom skogen og kjenner seg mindre ufri. Det er ein varm dag midt i september, klokka er fem, ein tørr og skinande fredag. Han er ein etablert mann og har bak seg ein hektisk periode. Ungane krev sitt og ho krev sitt, og dagane går opp i plikter. Så slapp han endeleg fri, og han skal ut med båten. Det gjer han ikkje ofte lenger. To fjordar skal han krysse, og målet for reisa er kjent: Han skal ta inn på eit gammalt bruk som høyrer til slekta, ei utmark utan bilveg. Plassen vender mot havet, og han har tenkt å bli verande der eit par–tre døger. Som regel plar han reise med familien, men denne gongen kunne han dra aleine. Han måtte vri seg laus for å få det i boks, han var resolutt, fordi det måtte til, og han kjem gåande langs stien, tynnkledd, med sekk på ryggen. Det hender i samtida. Han er tidleg i førtiåra. Ein etnisk norsk mann kjem gåande langs kysten på det norske Vestlandet, eit landskap som han høyrer heime i. Han er ein grovbygd type med sans for fine sjikt, han har ei kunstnarleg side som han ikkje får brukt 9


nok. Håret er kort, og han har heilskjegg. Stien er dekt med nåler. Det hender han går over svaberg. Han kjem gåande gjennom tare, han trør frå stein til stein. Idet han passerer nokre kraftige furutre, lar han handa røre ved den eine stamma. Stunda er komen: Båten ligg i vika og ventar, klar for reis, og han blir med det same uroleg, han kjenner motstand. Men kvifor skulle han frykte å dra ut aleine, på ein udramatisk fjord, som han er kjend med? Han blæs av dette, blæs av eigne innfall, det hadde å gjere med samvit, sidan ho blei verande igjen med ungane. Det er godt at dei har kvarandre, trygt, liksom, ho held fortet medan han er borte, og då går det an å ta fri nokre dagar. Spranget! Han ville ta seg fri, og no får han leve det ut. Du er heldig, seier han til seg sjølv, han har lyst til å dra over, alle burde vere aleine av og til. Kanskje kjem det til å hende noko uvanleg? Ein gong kom det to flotte kvinner padlande forbi, då han var aleine på bruket. Dei kom og spurde om dei kunne sette opp telt på holmen. Det var ein sommarkveld. Han venta for lenge. Han låg og lytta til måkene, det var ei lys natt, han låg i senga og flytta på seg. Han kunne ha gått ned igjen til dei, så kvifor gjorde han ikkje det? Viss han fekk ein sjanse til, viss noko slikt skulle hende, viss kvinner kom padlande, hadde han gått ned igjen, for å sjå kva som kunne hende. Ein veit jo aldri kva som hender.

10


Gå lenger enn du tør, eit prinsipp som han har. Han hadde ein kamerat som gjekk lenger enn det som er vanleg, drog han med seg på all slags. Båten blir synleg, og det får han til å sette opp farten. Båten ligg der og ventar som ein trufast venn, men han har vore ein lunefull båt, han var ikkje alltid til å lite på. Det kom til å dukke opp mang ei hindring for ein enkel tur på fjorden. Kvar båt har sitt eige vesen, fekk han sjå, og dette gjeld også farkostar av plast. Bygd i Danmark i 1979, ein av dei raske seglarane i si tid. No er stilen avleggs, med falma kalesje og misfarga skrog. Det har gulna. Men båten er brei og god, og krenger til eit visst punkt. Så slepp vinden taket, og båten kan rette seg opp igjen, og hjarta kan finne ein rolegare rytme. Den høge masta står og peikar rett opp mot himmelen. Skroget er lekkert å sjå til. Lekker i forma, tenker han og blir lys til sinns. Men vågen ligg mørk. Svart djup. Snart står han på brygga og drar i det salte tauet, og med det same kjem vinden ned frå lia for å breie seg utover flata. Ein utsett plass når det gjeld vind. Spesielt når han kjem frå søraust, er han sterk. Den som har båten liggande i vågen, søv ikkje godt når vinden herjar. Han kom til å slite seg ein gong, han blei pressa opp på land. Han blei liggande på berget som eit vrak og var eit sjokkerande syn. Kva gjer ein med slikt? Ein ber andre om råd. Han venta på flod, og fekk hjelp til å hale båten ut igjen, og skroget kom nesten uskadd ifrå det. Han sparkla ripene, 11


og pussa dei ned. Den gamle båten hadde greidd seg fint. Familielivet står på spel. Det veit han jo ikkje sikkert. Ein pause har han godt av uansett, frå henne og ungane. Denne helga tar han fri med godt samvit, det har han bestemt seg for. Kva med henne? Det er ingen som kan vite kva som rører seg i henne. Når han blir liggande vaken om natta, ser han konturar av store ting som går føre seg mellom dei, som flyttar seg hit og dit i det lumske mørket. Mørket skjuler kva det handlar om … Men det går nok bra. Dei har to fine ungar i lag, og dei kjem for det meste godt overeins. Dei står kvarandre nær. Ofte hender det at dei ler saman. Fleire kort på bordet: Han har hatt litt kontakt med ei anna kvinne. Det gir han dårleg samvit. Som familiemann må han passe seg. Noko anna ligg bak. Tida som går, lysta på eventyr, ein siste rest av ungdom. Med kona er det annleis. Ein rolegare base? Draumane skal ho få ha i fred. Han har sine eigne draumar og gir ikkje innsyn der. Den hemmelege delen av det indre livet til partnaren din får du ikkje has på, og det skal du vere glad for. Han minner seg sjølv på det av og til. Kor har han så den andre kvinna? Det er ingen tvil om at han har lyst på kroppen hennar. Ho sende ei melding kvelden før. Viss du vil, tar eg turen og besøker deg. Han sende ei melding i retur. Skreiv at han hadde ikkje bestemt seg, han skreiv at dei får halde kontakten. Han er ikkje forelska i den andre kvinna, og ho er heller 12


ikkje forelska i han. Perspektivet er knapt. Han veit at denne gleda blir kort, og at han rotar til livet viss han skulle ta steget. Men han ønsker på sett og vis å ligge med den andre kvinna, sidan ho er ei anna kvinne. Det ser han for seg. Han veg for og imot, sidan innsatsen er såpass høg. Men han gjer lurt i å legge det til sides. Og det gjer han der han står. Sekken? Han ligg på brygga saman med resten av provianten. Der har han også maten ståande, han måtte gå to vender. Han slår halvstikk rundt pålen og klatrar ned på dekk, for å laste om bord. Han set nøkkelen i hengelåsen, løftar opp lukene, står og ser inn i lugaren. Bøyer seg fram og stikk nasen inn i den tette lukta av diesel og kjølsvin. Slenger jakka inn på køya og går ned den vesle trappa. Står krøkt i lugaren og stuar. Han er ikkje roleg. Som vanleg uroleg, han er ein som tenker for mykje. Skulle han bruke flagget? På hylla ligg flagget. Han står rak og kjenner båten gynge svakt. Det er ikkje magen i seg sjølv. Det er vinden som bygger seg opp, dei melde vind, og vind må ein ha for å segle, dei melde ikkje meir enn bris, og då får ein håpe at det ikkje blir kuling. Klaffane er nede, og han svingar det vesle bordet sidevegs. Ser til motoren. Sit på kne og opnar døra inn til motorrommet: Godt. Inga olje under botnpanna. Han stikk handa under vasken og finn fram til hovudbrytaren. Det er straum på batteriet og lampa blir tend. Men han går og sløkker lampa og tar med seg flagget ut. Han står i cockpiten, under dei kvite skyene, og svingar flagget fram, det 13


får eit preg av seremoni. I hekken blir flagget planta, i raudt, kvitt og blått. Så lettar han på filla som ligg under tenninga, og finn nøkkelen akkurat der han skal vere. Han hadde start kvelden før. Då rodde han over med kanna og fylte diesel og peila olja. Motoren plar starte lett. Han vrir om, og med det same startar motoren, motoren er lojal. Han skifta impeller. Ein båt er eit pågåande prosjekt. Småting. Filter. Han måtte skifte ein slange, det var lekkasje på olja. Ein gong lak han på kjølinga. Elles har han putra og gått. Han lar motoren ligge og jobbe på dei mjuke vibrasjonsdemparane, han har godt av å gå seg varm. Ein lågmælt motor, billeg i drift, med kjøling frå sjøen. Han strekker seg over rekka og ser sjøen sprute støytvis frå potta. Han opnar luka, finn kanna og smør akslingen, nokre dropar er alt som må til. Han kjem gåande over dekk. Svingar seg under vaieren og går fram i baugen. Sit på huk og ser til dreggen. Han hadde båten på slipp i april. Fekk blåse av han grønska og gitt han eit strøk med smurning. Han står og held seg i vaieren og lyttar til fjorden. Fjorden er ikkje synleg. Først må han runde neset. Men han høyrer fjorden. Han høyrer suset og ser fjorden for seg. Engsteleg? Det får han ikkje vere. Han klatrar opp på brygga. Ser vinden an, kjenner vinden i andletet, og han løyser akter først, så båten blir liggande stabilt etter baugen. Kveilen slepper han ned på dekk. Så langar han ut og løyser framme, før han vender på hælen og trekker seg med fire lange steg ned 14


igjen i cockpiten, og han er snar med å finne roret no, for vinden vil trekke han i retning berget. Han gir gass og går opp mot vinden først. Dreier av og set kurs mot fjorden, og farten er låg. Han har lyst til å segle, viss vinden skulle spele på lag. Han er ikkje ein som elskar å segle. I fjorden får ein kastevind, og han kom opp i ein del krevjande situasjonar når han var til sjøs. Kuler av vind kom ned frå breen. Seglet kilte seg. Han fekk det ikkje ned, og baugen stod og stampa mot straumsjøen. Noko kom alltid og berga han til slutt. Han har vore livredd. Spesielt når han hadde vore lenge på land. Ingen veit kva vinden vil, og han kan ikkje fordra å miste kontrollen heilt. Ein blir nøydd til å gi seg over til vinden, han kan jo ikkje temjast. Ein kan prøve å spele på lag med han og båten. Det er denne overgangen frå land til sjø. Som seglar er han ein reddhare, han heldt det ikkje ut med ungane om bord, han fekk ikkje testa grensene nok, som regel gjekk han for motor i staden for segl. Han segla helst med mannskap, med folk som kunne segle. Han dreiv og segla med ein kar som nekta å reve uansett kva som hende. Mannen gjorde seg til kaptein så snart han hadde trødd om bord, og kunne toppe Torgrim si vurdering i det meste. No går det til helvete! ropte dei ein gong i kor, og han hadde ikkje nervar til å pleie den vennskapen i lengda. Han skulle i grunnen hatt ein vanleg motorbåt. Men denne gongen skal han segle, og han har stoppa motoren. Ei stund blir han lig15


gande og drive. Det ei illevarslande stille, synest han, nokre hundre meter frå fyret. Lufta er blitt kjølig. I ryggen har han landet, og føre han ligg den opne fjorden. Berre kom, du, dette går fint, seier fjorden. Forresten seier han ingenting, han er ein likesæl fjord, på line med resten av naturen, fjorden har ingen å svare for. Flagget begynner å flakke, det lagar nokre harde smell. Han legg handa for panna og plirer mot vindmålaren i toppen av masta. Austanvind frå sida er bra. Han opnar sekken og tar ut mobilen. På med vesten, reima under skrittet. Sjøgangen kjem til å auke. Han tar grep om rorkulten, som har dunka og laga rabalder. Han får eit glimt av åsen og huset. Synd å reise ifrå dei når det endeleg blir helg. Den lette stemninga når fredagen kjem, om kvelden kror dei seg i sofaen. Ho hadde planar om entrecôte, og hadde kjøpt ein kartong med raudvin, men han tar heller vegen fatt. Han løyser på babord side. Slepper pusten og rullar fokka ut. Han trekker i tauet, rykker nokre gongar, hardt, og vinden hjelper og blæs henne fram, rullar henne ut, til staget står nake og seglet fyllest. Han festar i vinsjen på styrbord side, tre gongar rundt, så kiler han fast, og søker ly med kulten under armen. Båten vil fram og skrår over. Vinden fyller det kvite seglet heilt, og endeleg seglar han, med sjøen som kjem glidande forbi han på begge sider. Ein frisk og stødig vind. Han halar i seglet til det sluttar å blafre og duken har passeleg bus. Fartsmålaren har begynt å dure lågt, og kjølen skjer seg gjennom sjøen, beint mot nord. Den som er 16


rasjonell, får kontroll over situasjonen. Til slutt var det berre å gjere det, ein mistar jo ikkje hovudet av slikt … Motet har auka, og med eitt rykk får han bommen fri. Så flekkar han kalesja av storseglet. Han stikk handtaket på plass og får jekka seglet til topps. Det er ei knirking som tiltar for kvar tørn oppetter. Svingande bom! Han passar seg for bommen og held hovudet lågt. Han trekker i tauet og får trimma liket. Trimmar så langt det går, og han set kursen mot tre øyer som ligg midt mellom dei to fjordane. Den vanlege strake vegen. Det høver med vindretninga. Det hender ein ikkje har uflaks med retninga. Han siktar mot den nordlegaste øya. * Brått er han i Nederland: Han flyttar seg i rom, der han sit og prøver å tøyle vinden. Det er vinden som får tanken til å skyte fart, og han flyttar seg dermed i tid. Det var i dei dagar då han senka blikket mot fortauet når han kom gåande, for å sjå om nokon kunne ha mista ein mynt. Tjue år sidan. Han var blakk og reiste rundt, det kan gå an. I dei dagar gjekk det an, han var aleine. Han hadde hatt midlar til å begynne med. Han reiste ein gong jorda rundt. Asia, Australia, Amerika, Europa. Han hadde fått nok av skulegang og braut av studiet og drog ut for å sjå seg om. I starten var han ein backpacker, med guidebok og oppsparte midlar, og frå den perioden er det minst å fortelje, han følgde ein plan. Det var ei lang reis som 17


kom til å sakke fart etter kvart som ho filte han ned og gav han erfaring. Han begynte å veksle mellom to– tre kontinent. Han tok diverse jobbar som han fann undervegs, han tok det som baud seg, slik at han kunne reise vidare, og det gjorde han ei stund til, men einsemda kraup innpå han. Den siste perioden reiste han i Europa. Då dreiv han rundt frå by til by. Han kunne alltids ha kasta inn handkledet og reist heim til Norge igjen, den trygge hamna låg og venta. Men han ville hale det ut. Ei anna forteljing låg i bakgrunnen for reisa hans, ei forteljing om kjærleik, han var glad i ei kvinne som ikkje lenger ville ha noko med han å gjere. Dei hadde brote med kvarandre, og han prøvde å legge bak seg den forteljinga. * Han drog frå Frankfurt til Amsterdam, og skulle bli kjend med Bekin, sigøynaren. Virtuos på spansk gitar, han spelar på gata. Flagrande hår og slagferdig språk. Med djupe renner frå strengene i huda på fingrane, etter all spelinga. Bekin. You know the meaning of my name? Loyal. Han slår lag med Bekin, og hunden til Bekin, ein cocker spaniel som går under namnet Holiday. Han er full av lopper. Torgrim fer rundt med hatten og samlar inn. Dei skal dele fifty–fifty. Så blir han lei av denne luringen. Myntane forsvann. Han tærer på dei siste midlane. Når det 18


regnar, sit han på coffeeshops og røyker. Han tar hyre på eit lite gjestehus. Han jobbar på kjøkenet og får ein eigen teknikk med oppvasken. La kjørela stå og bløyte seg i det varme vatnet. Einsam blant folk? Han mottar ein stolen sykkel i gåve på gata. Han syklar rundt i eit tåkeland. Vekslar mellom Leidseplein og Rembrandtplein og parken. Han syklar gjennom Red Light District for å kikke på horene. Han er ikkje ein horenes mann. Han hadde ikkje hatt råd uansett. Han ser dei og syklar roleg vidare. På ein coffeeshop får han augekontakt med ei ung kvinne frå Sardinia som han håpar han greier å forføre. Sommaren går slik. Han blir kjend med folk som reiser vidare, han sit på røykfylte sjapper. Ei stund har han selskap av ei kvinne frå New York, ho er femten år eldre og har rygg som ein kroppsbyggar. Augo er grå, stemma er hås. Ho har pengar og spanderer, og dei har selskap med kvarandre, men det blir ikkje meir. Ho sit og fortel om menn som ho har hatt. Virile menn som ho møtte på motellrom, då ho var gift, og han ser det for seg, eit vanskeleg ekteskap. Ein kveld sit dei på graset i parken og pratar. Kva med han? Ho vil at han skal fortelje: So what’s your story? Men den får ho ikkje høyre. På ein uterestaurant ved kanalen, attmed flyten av folk, til lyden av live flamenco: Ho seier du er ein fin fyr, men du kan ikkje kle deg, du har verkeleg ikkje peiling på stil, og han sit og skjemmest. Det er ho som betaler. 19

Profile for Cappelen Damm AS

Slagmark: Kort rapport fra Underskogen av Geir Olav Jørgensen  

Familiemannen Torgrim Eik rykker ut frå heimen ei helg, for å segle over fjorden og dra på jakt. Medan han går i fjellet dukkar minnene frå...

Slagmark: Kort rapport fra Underskogen av Geir Olav Jørgensen  

Familiemannen Torgrim Eik rykker ut frå heimen ei helg, for å segle over fjorden og dra på jakt. Medan han går i fjellet dukkar minnene frå...