Helge Torvund - 101 dikt

Page 1


101 DIKT

OM KJÆR LEIK samla av Helge Torvund (red.)

101Dikt_Materie_4k.indd 5

06.09.2018 13:37


101Dikt_Materie_4k.indd 6

06.09.2018 13:37


Som ung mann las eg The Art of Loving av psykologen Erich Fromm. Boka gjorde eit mektig inntrykk og fekk meg til å innsjå at kjærleik i ei eller anna form er ein grunnleggjande del av menneskelivet. Det vera seg som lengt eller lykke, som hjartesorg eller livslange samliv, som morskjærleik, erotisk kjærleik eller som kjærleik til Gud. Lærde filosofar og psykologar kan skriva vitskapelege bøker om kjærleik, men det vil alltid vera noko eit slikt språk ikkjte kan fanga. Alt i debutsamlinga mi, skriven medan eg var psykologistudent, hadde eg eit dikt med tittelen: «Om noko ved samværet eg aldri heilt får tak i.»

Desse 101 dikta viser at diktskrivande menneske har vore opptekne av å setja ord på «noko ved samværet» overalt og til alle tider. Eg har samla kjærleiksdikt frå ulike hundreår, frå urfolk og frå Instagram. Poetane kjem frå land som Kina og Canada, USA og England. Eg introduserer òg ved hjelp av poet og gjendiktar Øyvind Rangøy, eit knippe poetar frå Estland, spesielt gjendikta for denne antologien.

Her er blues og humor, erotisk leik og månesjuk lengt,

høgstemt romantikk og nøkterne oppsummeringar med glimt i augo. Ja, her er til og med eit dikt om kjærleiken til ein bil.

Og så har eg passa på å få med ein del av dei dikta som passar perfekt til deg.

Helge Torvund

101Dikt_Materie_4k.indd 7

06.09.2018 13:37


101Dikt_Materie_4k.indd 8

06.09.2018 13:37


sommerkvelden bøyer seg frem og knepper opp blusen L inda Klakken

101Dikt_Materie_4k.indd 9

06.09.2018 13:37


DE T E R G OD T Å V E R A H E R Eg har kome i ulykka, sa ho til han. Og det var første gongen i historia at nokon snakka om meg. Det var i 1932 og ho hadde nett vorte fjorten og menn som han jobba heile dagen for ein lusen dollar. Me kan jo bruka kinin, sa ho. Forbanna tullprat, sa han til ho. Så gret ho og ei lang stund sa ingen av dei noko som helst og så vart røystene høgare til dei skreik til kvarandre og så vart det stille igjen lenge og så byrja dei snakke veldig lågt saman og til slutt sa han vel, me får vel berre gjera det beste utav det. Medan eg låg samankropen, med bankande hjarta, i mørkeret inne i henne. Alden Nowlan

101Dikt_Materie_4k.indd 10

06.09.2018 13:37


B ØNFA L L A NDE To roser parar seg i juli. Presten er ei humle. Vitne: små edderkoppar og ein tunghøyrt cellist. Ønske – å i løynd få fletta roseblada når klokkene ringer, dei som du hatar, og få leggja denne gåva under hovudputa di som ei påminning om Saturnus og som ei oppmoding om å elska meg. Oldingar treng òg kjærleik. L ars L undk vi s t

101Dikt_Materie_4k.indd 11

06.09.2018 13:37


du lyver og jeg elsker deg for det du lyver og sier alt kommer til å gå bra Hedda L illeng

101Dikt_Materie_4k.indd 12

06.09.2018 13:37


KJÆR L EI K SSOGE Du gøymer kjærleiken vår slik du gøymer nattkjolen under puta di og aldri har den på når eg vitjar deg nå Men ein solfull dag tok du meg med til ditt magiske rom i enden av den gule korridoren og viste meg fortrylla stilleben Nivea-boksar Body Mist-spray koldkremkrukker glødande lik juvelar kroppen din syng lyseraud i solskinet opnar seg for meg som det røde pulserande hjarta til ein blome i offentlege parkar der påfuglar opnar sine tusen auge for oss og fuglefolk rører seg lydlaust gjennom det dryppande palmehuset kjenner kroppen din under meg varm og levande som graset under føtene våre EG ELSKAR DEG Medan me lyttar til Bruckner i det solopplyste baderommet Når åsane og dalane på morgonkroppen din er skjult for blikket mitt av Body Mist Når eg ikkje treng å spørja kven det er som ringer

101Dikt_Materie_4k.indd 13

06.09.2018 13:37


Når me ikkje kan venta til programmet er slutt Når eg snik meg stille ut medan du får sova vidare med rolege draumar i ditt dimme rom til morgonen kjem når eg går ut og vandrar gjennom dei mørke skinande gatene skarpt lys frå bensinstasjonskilt gatelysopplyst lauv hardt urokkeleg lys frå blokkbustadane EG ELSKAR DEG Medan eg går heim gul måne over mønene bilar glir sakte jenter stoppar overalt lukta av deg Når eg legg meg kjenner eg framleis den fyldige luksuriøse

angen av håret ditt

Når me går tur og eg held di minihand Når eg står i laurdagsmorgonbanken heitt av folk med pengebekymringar Når eg ser ei halvflaske gin smadra på fortauet Til og med når eg ser skulejenter på bussar med knea kledde i svarte strømper sørgjande over

den tapte jomfrudommen

EG ELSKAR DEG På tog i bilar på bussar i taxiar

101Dikt_Materie_4k.indd 14

06.09.2018 13:37


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.