Issuu on Google+


Brynjulf Jung Tjønn

Så vakker du er Ungdomsroman


Av Brynjulf Jung Tjønn Fotballskoene, illustrert av Lisa Aisato, barnebok, Cappelen Damm 2012 Kinamann, roman, Cappelen Damm 2011 I morgen skal vi sitte i solen, ungdomsroman, Cappelen Damm 2009 Lyden av noen som dør, roman, Cappelen Damm, 2008 Eg kom for å elske, roman, Samlaget, 2002

© CAPPELEN DAMM AS 2013 ISBN 978-82-02-41595-2 1. utgave, 1. opplag 2013 Omslagsdesign: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg EXIL DESIGN Sats: Type-it AS, Trondheim 2013 Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2013 Satt i 10,5/13,5 pkt. Sabon og trykt på 80 g Munken Print Cream 1,5 Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cappelen Damm AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Til Helle, Olav og Ingeborg


SOMMAREN


Eg hugsar aller best dei gule tennene hans. Kleda hang som store gardiner på kroppen. Lenge sidan sist, Henrik, blunka han, og rekte fram handa si. Det var som å halde rundt ein svamp. Mors bror heitte Simon. Den første veka i sommarferien låg han på sofaen på dagtid. Den første natta med Simon i huset vakna eg av høglydte klynk. Som jamring frå eit skadeskote dyr. Eg stod opp og gjekk ut i gangen. Døra inn til badet var halvvegs open. Eg gjekk bort og såg inn på ryggen til Simon. Han sat på kne framfor toalettet og kasta opp. Tømte seg. Eg kunne sjå rumpesprekken hans. Og ryggvirvelen, nærast bøygde seg ut av huda og skinnet. Skulderblada baksa som to måkevenger. Han kasta opp ein siste gong og datt ned på det harde golvet. Han vart liggande på sida, pusta tungt, kroppen heva seg, sakte. 9


Eg bare stod der. Eg torde ikkje 책 seie noe. Eg torde ikkje 책 g책 inn. Eg bare stod der og stira. Det var som om det dampa av den nakne kroppen hans.


Neste morgon låg Simon på sofaen med ein våt klut på panna. Han var inntulla i eit teppe, eg kunne bare sjå ansiktet hans. Eg sette meg i lenestolen med avisa. Simon opna auga. Heldt eg deg vaken i natt? spurte han. Eg fekk ein klump i halsen. Hadde han sett meg? Nei, sa eg, og la avisa på fanget. Simon reiste seg opp i sofaen. Han tviheldt på teppet, det var som om han skalv. Eg toler ikkje tablettane eg tar, sa han. Eg nikka. Simon smilte. Dei gule tennene. Han var bare 31 år. Men såg ut som ein gamal mann. Håret var tynt og kort, noen hårstrå var klistra av sveitte inntil hodebotnen. Leppene tørre og flisete. Skal vi gå ein tur? spurte han. Gå ein tur? spurte eg. Han nikka. Men eg må halde meg fast i deg, sa han.


Han hadde på seg ein svart cowboyhatt som skugga for sola. Ein stor genser og blå joggebukse. Eg gjekk i shorts og T-skjorte. Det var blå himmel og varm asfalt. Vi gjekk nedover gata, mot matbutikken. Simon lente seg mot meg, det var ikkje tungt, sjølv om han var høgare enn meg. Nesten som å bere eit par ski. Nesten som å bere eit av desse skjeletta som står bakarst i klasserommet på skulen. Han pusta tungt. Kvar gong han trekte pusten, kom det ein raspande lyd opp av halsen. Vi stansa utanfor matbutikken. Har du lyst på ein is? spurte eg. Han lo. Is, er du galen, Henrik? Det er altfor kaldt! Eg sveitta på ryggen, skjøna ikkje kva han meinte. Bare gå inn du, eg kan sitje på benken her. Eg hjelpte Simon ned på den kvite benken. Inne i butikken fann eg ein stor is i frysedisken. Då eg stod i kø ved kassa, kunne eg sjå Simon utanfor. Han hadde reist seg. Det var som om han letta frå bakken. Eg sleppte isen og løp ut. Simon låg på asfalten. Auga var lukka, men han pusta. 12


Det rann litt blod ut av nasen. Huda var kritkvit. Eg kunne sj책 dei bl책 blod책rene i tinningen dunke.


Då Simon kom heim til oss for andre gong, kunne han ikkje gå. Om kveldane sat eg i lenestolen og snakka med han. Eg las høgt frå avisa. Eg fortalde om Kjersti, ei jente i klassen, at eg hadde kyssa ho rett før ferien. Nå var ho i Italia med familien. Korleis smakte det? spurte han. Kysset? Ja. Eg veit ikkje. Jo, det veit du, Henrik. Det var varmt og mjukt. Varmt og mjukt? Eg har fått eit postkort av henne, sa eg. På forsida var det bilde av Colosseum i Roma. Har du vore der noen gong? spurte eg. Simon rista på hodet. Nei, men eg og ein kamerat vurderte å reise dit og til fleire andre land. Køyre igjennom Europa. Sove på hostel og gå på festar med søte jenter. Det var i fjor, då eg vart sjuk. Så det vart ikkje noe av det. Korleis merka du at du vart sjuk? spurte eg. Det var bare noe eg kjende, i brystet, i ryggen, i hodet. Som om noen heldt hendene sine rundt meg og bare klemde til. Hardt, lenge. 14


Som om eg ikkje hadde sjans til 책 kome meg unna. Det var bare vondt, heile tida, om dagen, om natta. Simon byrja 책 hoste. Kor gjer det mest vondt? spurte eg. Inni hodet, svara Simon.


Noen dagar var Simon betre. Han kunne sitje i ein hagestol i skuggen under ein parasoll. Han kunne ete litt grillmat, som mor skar opp i bitar. Han kunne drikke brus frå eit sugerøyr. Han kunne slikke i seg litt iskrem. Han kunne sovne lenge i hagestolen. Ligge der og ikkje ha det vondt. Det fekk mor til å gråte. Armane hennar som skalv, det blanke blikket. Då natta kom og slukte i seg kvelden, bar mor Simon i armane sine. Ho bar han opp trappa og inn på soverommet. Det var nesten som om madrassen på senga ikkje merka at Simon vart lagt nedpå. Som om den vesle, tynne kroppen hans låg og flaut noen få centimeter over.


Mor sat ikkje på kontoret sitt denne sommaren. Gøymde seg ikkje vekk bak store haugar av ringpermar og bøker. Sat ikkje og skreiv på lange dokument. Stod ikkje framfor spegelen og øvde på foredrag. Kjefta ikkje på meg viss eg forstyrra henne. Alle dei formelle kleda let ho henge i klesskapet. Håret kunne vere uvaska og bustete. Ansiktet utan sminke. Alle desse brødskivene ho smurte, som ingen åt. Om kveldane surfa ho på Internett, søkte etter alternativ medisin. Sende mail til legar og healarar. Sjekka mailen på nytt og venta på svar. Printa ut lange utskrifter, som ho nilas, på leit etter noe alle legane hadde forsømt. Heile tida var ho her. Ho såg meg. Men ho sa ikkje noe. Ho kunne sitje med auga festa på meg. Og likevel ikkje høyre etter viss eg sa noe. Eg kan ikkje hugse å ha sett henne slik før. Så til stades. Likevel så langt borte.


Ein av dei få kveldane mor kom inn på rommet mitt. Med kaffikopp i handa. Bustete hår. Trøytte gjesp. Når ho strakte seg, kunne eg sjå kor senete og tynn ho var. Nesten som Simon. Av og til tenkte eg at mor ikkje åt. Som om ho ikkje ville ete på grunn av Simon. Ho ville vere slik som han. Ho ville ikkje vere frisk, ville ikkje legge på seg, så lenge Simon var sjuk. Mor sette kaffikoppen på pulten min. La ei hand på skuldra mi. Er du på Facebook igjen? spurte ho. Eg nikka. Kven er det du chattar med? Sverre og ei jente frå klassen. Ei jente? Kven då? Kjersti. Kjersti? Ho er på ferie i Italia. Kan eg få sjå bilde av henne? Eg klikka på profilen hennar. Så ropet frå rommet hans. Mor skvatt opp. Eg vart sitjande. Oppkastlydane. Klynkinga. Mors trøysting.


Ei natt vakna eg av klynkinga frå Simon igjen. Eg gjekk ut i gangen, men det var mørkt på badet. Eg gjekk bort til Simons rom, døra var på gløtt. Eg såg ned og oppdaga handa til Simon, som stakk ut. Eg opna døra og skreik. Simon låg i sitt eige oppkast. Han kravla med beina. Akkurat slik som halvdøde veps gjer. Sjølv om du har kutta av hodet deira, held dei små insektføtene fram med å kravle. Mor slo på lyset i gangen og kom bort til oss. Du må halde opp hodet hans, sa ho. Eg sette meg ned på kne og løfta hodet til Simon. Det rann framleis litt rødgult oppkast ut av munnen. Eg forstod ikkje kor alt saman kom frå. Han åt knapt mat, drakk knapt vatn. Det var som om alt oppkastet var alle organa hans. Som om han kasta opp tarmane, magesekken, lungene og hjartet. Og snart var det ikkje meir å kaste opp. Snart var han tom. Snart var han bare skinn og bein, hår og gule tenner. Mor ringte etter ambulanse. Så sette ho seg ned ved sida av meg, la hodet til Simon på fanget sitt. Ho strauk Simon over ansiktet, noen gonger opna han auga. Då såg han rett på meg. 19


Det var som om han prøvde å seie noe, men så lukka han auga igjen. Som om han hadde nok med å puste. Vi høyrde ambulansen nærma seg. Takk, gudskjelov, sa mor. Eg løp alt eg klarte ned trappa og opna for ambulansefolka. Dei hadde med seg båre, men det var ikkje naudsynt. Den eine av dei bar Simon i armane sine. Mor og eg køyrde etter ambulansen. På sjukehuset sa dei at vi måtte dra heim igjen. Det var ikkje noe vi kunne gjere nå.


Då vi kom heim frå sjukehuset, la eg meg i sofaen. Eg trekte pleddet tett rundt meg. Eg såg opp mot taket. Eg forsøkte å nynne på ein song som Simon hadde sunge for meg. Eg tenkte på Kjersti. Om to dagar skulle ho kome heim frå Italia. Og eg kom på det eg hadde fortalt til Simon, at vi hadde kyssa. Vi hadde ikkje kyssa. Eg laug. Og eg byrja å grine mens eg tenkte på det.


Noen netter tidlegare gjekk eg inn på rommet hans. Eg hadde vakna av at eg høyrde noen som song. Det var Simon. Eg la meg ned ved sida av han og høyrde på den kviskrande songen. Det var ingen kjend melodi, men den var fin og hakkete på ein gong. Seinare har eg prøvd å hugse melodien, men eg kjem ikkje på han. Eg er likevel sikker på at det er den vakraste songen eg noen gong har høyrt. Korleis går det med Kjersti? spurte han. Ho kjem heim om ei veke, sa eg. Blir ho kjærasten din, trur du? Eg håpar det. Korleis ser ho ut? Ho har langt, mørkt hår og brune auge. Ho høyres pen ut. Ja, ho er det. Det vart stille, og eg trudde Simon hadde sovna. Då eg var ung, før du var fødd, heldt eg på å drukne, sa Simon plutseleg. Å ja? sa eg. Det var eit stort vatn, like stort som himmelen, i alle fall verka det slik på den tida. Vi var på ferie. Danmark. Camping. Far ville fiske, eg og mor di ville bade. 22


Eg stupte ut i vatnet. Opna auga. Det var så vakkert der nede. Vatnet var så klårt. Som om eg såg inn i vatnet. Som om eg såg inn i verda. Som om eg såg alt det livet som fanst der nede. Kva skjedde? Det var som om eg gløymde meg bort. Som om eg gløymde tida. Som om eg gløymde å puste. Plutseleg sokk eg. Lenger ned. Kom meg ikkje oppover. Eg forsøkte å sparke ifrå med føtene. Eg forsøkte å skyve meg oppover med armane og hendene. Men eg bare sokk lenger ned. Til slutt stod eg på botnen av vatnet. Kjende dei kantete steinane under fotsolane mine. Eg bare stod der, under vatn, og eg såg oppover. Og heilt der oppe kunne eg sjå sola. Stor og rund, gul og sterk. Var det vondt? Nei, eg kan ikkje hugse det, det bare prikka i hodet, det suste i øyrene. Det neste eg hugsar er at eg låg på land og kasta opp vatn.

23


Og mor di, ho stod over meg, klaska til meg i ansiktet, ropte på meg. Men eg høyrde ingenting. Det var bare sus, det var bare sol, det var bare prikking i hodet. Var det mor som redda deg? Ja, ho klarte å få meg på land. Det vart stille igjen. Det kjendes som om eg hadde svelgd eit heilt hav mens eg stod på botnen. Og nå, nå kjennest det som om eg kastar opp att alt eg fekk i meg den gongen.


Så vakker du er blaibok