Fleire dikt om kjærleik

Page 1



R EGN Når det gode regnet faller, er alt mulig. Kjærligheten kommer ut av ei åpen dør i det grå murhuset. En smal snorrett sti åpner seg innover i skogen. Hun bøyer til side ei grein. Så går vi inn. Kjell Ivar Sandvik

Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 1

12.09.2019 08:59


Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 2

12.09.2019 08:59


FLEIR E DIKT OM KJÆR LEIK

Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 3

12.09.2019 08:59


Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 4

12.09.2019 08:59


FLEIR E DIKT OM KJÆR LEIK samla av Helge Torvund (red.)

Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 5

12.09.2019 08:59


Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 6

12.09.2019 08:59


I sin gjennomgang av kjærleikens historie skriv Simon May i boka Love. A History: «Om me alle har ein trong til kjærleik, til å elska, så er det fordi me alle treng å kjenna oss heime i verda: å rota livet vårt i her og nå; å gje eksistensen substans og gyldigheit; å gjera kjensla av å vera til, djupare …» og han legg til: «kjærleiken er først og fremt oppteken av å finna ein heim til vårt liv og vårt tilvære.» Og poeten Kristjana Gunnars skriv faktisk noko liknande om diktet: «Sjølve ideen at der kan vera ein heim i det heile, ein plass med tryggleik og velvære, er på mange måtar eit essensielt kompasspunkt for heile poesien.» En annan kanadisk poet, Don McKay, skriv like ut: «The poem is a home.» Samstundes vert det ofte hevda, mellom anna av Elie Wiesel i Den hellige glød, at kjærleiken er noko av det som skapar meining med tilværet. Heim og meining, altså – ikkje rart at det finst mange kjærleiksdikt! Også i denne antologien har eg teke med andre former for kjærleik enn den mellom to menneske. Eg er blant anna særs glad for å ha med ei hylling til yorkshirepuddingen, som poeten Ian McMillan har skrive. Eg vonar at du som les kan verta overraska over å finna gode dikt du ikkje kjente til, og sjølvsagt også finna att nokre du var glad i frå før. Her er lengt, elsk og kjærleikssorg, surrealistiske kjærleiksbilete og ospeskogen sitt nakne hjarta.

Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 7

12.09.2019 08:59


I tillegg til gleda ved å introdusera uvanleg fine amerikanske poetar som Harrison, Hoagland og Zolynas for norske lesarar, og det å ha med nokre britiske favorittar som Patten og McGough, er det nærare ei ære å kunna nytta høvet til å introdusera Tomas Tranströmer sin sterke og høgt verdsette poesi i nynorsk språkdrakt for første gong.

Helg e Tor vund

Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 8

12.09.2019 08:59


C- DUR Då han kom ned på gata etter kjærleiksmøtet kvervla snø i lufta. Vinteren var komen medan dei låg hjå kvarandre. Natta lyste kvit. Han gjekk fort av glede. Heile byen halla. Forbipasserande smil – alle smilte bak oppbretta kragar. Det var fritt! Og alle spørsmålstegn byrja syngja om Guds tilvære. Slik opplevde han det. Ein musikk frigjorde seg og gjekk i yrande snø med lange steg. Allting på vandring mot tonen C. Ein dirrande kompass retta mot C. Ein time over plagene. Det var lett! Alle smilte bak oppbretta kragar. Toma s Tran s trömer

Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 9

12.09.2019 08:59


Å FA NG A V I ND I den svale stund og time der alt uklårt er, vil eg ver i eit varmt og kjærleg sinn Å kjenne deg heilt nær meg Å ta di hand, langs ei strand Men det er nyttelaust, som å fanga vind Når himmelen bleiknar ved solnedgang vil eg gøyma meg litt, bak smilet ditt og kvar eg ser er det blikket ditt eg finn Å få din kjærleik nå, om det fekk skje, ville gje meg fred, Men det er nyttelaust, som å fanga vind Når lauvet græt sitt tåreregn stryk mitt kinn, ta angsten min ta alt det vonde vekk med kyssen din Å famn meg inn i hjarta ditt, det er ønsket mitt Men det er nyttelaust, som å fanga vind Men det er nyttelaust, som å fanga vind Donovan L eitch

Fleire dikt om kjærleik_3k.indd 10

12.09.2019 08:59