Page 1


Gert Nygårdshaug

BASTIONEN Roman


Utgitt første gang i 1982 av Noregs Boklag Denne utgave: © CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2018 ISBN 978-82-02-55465-1 1. utgave, 1. opplag 2018 Omslagsdesign: Marius Renberg (www.mariusrenberg.no) Omslagsfoto: Shutterstock/Marius Renberg Sats: Type-it AS, Trondheim 2018 Trykk og innbinding: ScandBook UAB, Litauen 2018 Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cappelen Damm AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Innhold Forord til nyutgivelsen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

7

DEL I. BILDER

1. Hestemordarane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 2. Manndomsprøva . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 3. Speidarmøtet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 4. Kvar kom alle Mercedesane frå? . . . . . . . . . . . . . 5. Fjellfestivalen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 6. Bare raudrussen var vaken . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7. Ein teologs vekst og fall . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8. Julefesten i «Gimle» . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9. Simons død . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10. Hadelandsdrapa . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

11 16 22 28 34 41 48 55 63 70

DEL II. BASTIONEN

1. Beslutninga . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 2. Intermesso på Bygdøy . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 3. Lyngset . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 4. Dei svarte kråkene letter . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 5. Flyplassen på fjellet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 6. Flukta . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

79 91 102 111 121 131

DEL III. BYRDA

1. Stille dager på Grønland . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 143 2. Testamentet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 157 3. Tre fugler, tre nebb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 168


Handlinga, personane og miljøet i denne romanen er rein dikting. Eit unntak er gammal- og nynazister som i den seinare tida har vore i offentleg lys. SÌrleg gjeld dette gruppa som sto bak Hadelandsdrapa. Samt personer frü dagens politiske liv. Elles er all likhet med virkelege hendingar og eksisterande personer reint tilfeldig.


Forord til nyutgivelsen BASTIONEN ble utgitt for snart 36 år siden på Noregs Boklag. Den var et bestillingsverk, og jeg var sterkt i tvil om jeg skulle ta på meg dette oppdraget, da det ville inneholde en tilnærmet korrekt, biografisk beskrivelse av meg selv som hovedpersonen Gjermund og derved mine egne erfaringer/kunnskap om gammel- og nynazister, fra barndommen og oppveksten i min hjembygd, til studietiden ved Universitetet i Oslo. Tvilen gjaldt også ikke minst min egen sikkerhet, da det på slutten av syttitallet og begynnelsen av åttitallet var en oppblomstring rundt et nynazistisk miljø som ikke unnlot å bruke vold. Det ble brukt brannbomber mot Oktober-bokhandler og bomber mot 1. mai-toget. Det hele toppet seg med det som er kjent som Hadelandsdrapene den 22. februar 1981, der to menn ble regelrett henrettet i Lunner på Hadeland av tre medlemmer av en organisasjon som kalte seg Norges Germanske Armé. Jeg hadde altså store betenkeligheter med å ta på meg oppdraget, men ettersom forlagssjefen i Noregs Boklag kjente til min bakgrunn og kunnskap om gammelnazistenes virksomhet i min hjembygd, pushet han på, og det endte altså med at jeg skrev denne nærmest selvbiografiske ‘romanen‘. I dette arbeidet dro jeg land og strand rundt for å finne opplysninger både i kommunale og statlige arkiver. Nynorsken, som Noregs Boklag krevde, måtte jeg ha hjelp til. 7


En ting vil jeg på det sterkeste presisere: En av hovedpersonene i boken, Simon, som fra barndom, oppvekst og i studentmiljø var min beste venn, men også var den – grunnet sin bakgrunn med nazivennlige foreldre, der faren var frontkjemper – som bidro med kontakter både inn i de gammelnazistiske miljøene i vår hjembygd, men også hva som foregikk rundt gruppen av nynazister i Norsk Front, der Erik Blücher, Bitten Cathrine Lunde, Georg Farre og Tor Petter Hadland var frontfigurer. Presiseringen her må fremheves: Simon var aldri i nærheten av å sympatisere med noen nazistisk bevegelse; han var og forble min beste venn, et snilt og følsomt menneske, inntil han så tragisk gikk bort. Navnene på personene er oppdiktet. Likevel kan det være nærliggende å knytte disse til virkelige personer i min hjembygd. Jeg vil likevel advare mot dette. Spesielt gjelder det personene jeg har navngitt som Thorkild og Egil Varden. Senere opplysninger kan tyde på at disse aldri hadde hatt nazi-sympatier. BASTIONEN bør leses som et tilnærmet korrekt dokument om den turbulente tiden der samrøre mellom gamle og nye nazisympatisører var et faktum. En besynderlig tildragelse kan nevnes: Like etter at BASTIONEN ble utgitt, dukket politiet opp i redaksjonen til Noregs Boklag. Der forhørte de forlagssjefen om det var sant det som sto i denne boken! I mange år etterpå har jeg grublet over hva dette besøket kunne bety. Pr. dags dato har jeg ikke noe svar. Lier, januar 2018 Gert Nygårdshaug


del i

BILDER


1

Hestemordarane To nye bjøller! Gjermund satt på mjølkerampa og følgde med hestekjørarane. Han kjente nesten kvar einaste hest i bygda på bjøllene, alle klang ulikt, noen tynne og lette, andre grove og tunge. Nå, seinhaustes, kunne det passere både tjue og tretti hester på ein dag, det var folk som kom heim frå setra. Hestane dro store og tunge lass på langvogn eller kjerre, eller det var dei som dro til skogs på slippert-hogst. I dag var far hans sjøl i skogen med Borken, den eine av dei to hestane på garden. Dei nye bjøllene var like rundt svingen, og Gjermund reiste seg på mjølkerampa for å sjå betre når hestane dukka opp. Kven kunne det vere? Han kjente dei sikkert, for Gjermund kjente dei fleste småbøndene i grenda. Var det ikkje den gamle Gløttgampen som kom først rundt svingen ved Veslehaug-rampa? Jo, det var det, det var Gløtten sjøl som kjørte, eller Arne Trøen, som han eigentleg het, den unge bonden på Gløttengarden. Hadde den gamle hesten fått ny bjølle? Ja, det hadde den. Og bak, tett bak, kom drengen kjørande med ein unghest Gjermund ikkje hadde sett før. At den var uvant i skjækene kunne Gjermund lett sjå, slik den stampa og vrikka hit og dit på vegen. Drengen på Gløtten, ja. I ein alder av seks år var det ikkje 11


så mye Gjermund var redd, det måtte vere sinte elgbikkjer og foreningsoksen Bjørnstjerne som dei hadde på nabogarden. Og Peder H. Grøn, drengen på Gløtten. Derfor klatra han like godt ned frå mjølkerampa og gjømte seg bak den. Det var ikkje godt å vite kva Grøn kunne finne på. Han hadde vonde auge som stira grått tvers gjennom ein. Gjermund kunne aldri glømme i fjor sommar på sagbruket der dei skar slippert, da Grøn hadde sett på ham med auga sine og sagt at det kunne nok bli ei brukbar slippert-plate om dei la han på sagbenken. Dermed hadde Grøn tatt tak i han og løfta han opp. Gjermund illskreik og trudde han skulle bli saga opp, men beit Grøn i handa slik at han sleppte, og Gjermund sprang heim det fortaste han kunne. Fortalte alt til mora. Det forbaska svinet, hadde ho sagt. Nå var hestane like ved mjølkerampa, passerte, og tok til med den vesle bakken opp mot sommarfjøset. Verken Arne Trøen eller drengen oppdaga Gjermund som nå drista seg opp på mjølkerampa att. Halvvegs oppe i bakken slo unghesten seg vrang. Den sparka med bakbeina, vrinska og hoppa sidelengs slik at den tomme langvogna kom på tvers av vegen. Rista på hodet for å bli kvitt den dumme bjølla som song så sterkt. Da tok Grøn fram ei svepe. Han slo unghesten så denne vart enda meir rebelsk. Gjermund stira vantru. Aldri hadde han sett noen slå ein hest på denne måten! Arne Trøen kom springande. Gammalhesten hadde stansa. Og nå tok begge til å slå laus på den utrena hesten. Grøn med svepa, Trøen med knyttnevane. Dei bante og svor da hesten fall ned med frambeina. Gjermund så ei stripe blod over hesteryggen der svepa hadde ramma. Underleg nok fekk dei hesten på beina att. Grøn ga den eit kraftig 12


rapp over baken så hesten sprang opp bakken til gammalhesten. Så bar det vidare under eider og forbanning. Gjermund vart sittande på rampa til han ikkje hørte bjøllene lenger. Så krabba han ned, og sprang dei hundre metrane ned til garden der han budde. Mora dreiv og hengte ut klesvask. «Dei slo hesten, mor.» Mora hadde ei klesklype i munnen. «Dei slo hesten, mor, den nye unghesten på Gløtten!» «Ja, eg hørte bråket oppe i vegen. Slike nazister skulle ikkje ha lov til å ha hest.» Ho snudde seg mot klesvasken att. Resten av dagen leika Gjermund i sandmælen under bakken. Der hadde han bil og traktor som bestefaren hadde laga. Han var sikker på at det ordet mora hadde sagt, nassisser, hadde noe med hesteplaging å gjere. Det var like oppunder jul same året. Gjermund Haugard hadde fått lov til å vere med faren opp til setra for å hente ned eit lass med høy. Det var vanleg at småbøndene i grenda like før jul dro til seters med hest og slede for å hente ned fôr frå løene der. Det var praktisk, for da hadde det blitt såpass plass på låven heime at seterfôret kunne lagrast der, samtidig som snøen ikkje var blitt verre djup enn at hestane kunne ta seg opp seterlia. Det store snøfallet kom helst på etterjulsvinteren, da var det uråd å komme opp lia med hest. Dei kjørte med Borken. Faren brukte nesten ikkje taumane, for Borken kjente vegen. Det var mye snø denne vinteren, så seterlia var tung, men denne veka hadde det vore stor hestetrafikk opp og ned lia, så vegen var god. Tidlegare på dagen hadde Gløtten og drengen óg dratt til seters med 13


ein hest for å hente høy. Faren hadde sett dei oppe i vegen. Gløtten og Haugard var seternaboer. Om lag halvvegs oppe i lia rann ein bekk som het Vatningsbekken. Namnet hadde den fått fordi det var ei lita utkjørsel her slik at hestane kunne drikke. Borken drakk alltid i Vatningsbekken, til og med om vinteren, for da hakka dei hol på isen om den hadde lagt seg. Da dei nærma seg bekken og Borken tok seg hyppige pauser fordi han var både tørst og sliten, hørte dei rop og spetakkel. Det hoia og bante oppe i lia. Faren kjente att stemmene til Gløtten og Grøn, og stappa pipa i lomma. Her var noe på ferde. Gjermund satt stille og bleik og venta det verste. Han hadde mest lyst til å gjømme seg i den halvfulle striesekken med høy som dei satt på. Da dei runda svingen til Vatningsbekken fekk dei sjå det: Eit digert høylass lå velta ut i skråninga. Noen bjørker tok imot slik at det ikkje var gått heilt rundt. Gammalhesten på Gløtten, Brunen, sto i snø til oppunder buken. Rundt hesten vassa Trøen og drengen og dengte på hesten med bjørkesloer for å få han til å trekke høylasset opp på vegen att. Hesten sleit og rykka, men lasset rikka seg ikkje. Den hadde skum kring kjeften og det dampa kvitt frå den store hestekroppen som satt fast i snøen. Grøn slo som gal på hesten. Hesteauga vrengte det kvite ut av redsel og ein kunne sjå dei store, gule tennene kvar gong han vrinska. Gjermund torte nesten ikkje sjå. Faren ropte og sa at dei måtte slutte med å plage hesten, den kunne ikkje greie lasset slik det satt i snøen. Dei måtte løyse han frå skjækene, og spa vekk litt snø, så kunne Borken prøve å dra lasset på rett kjøl att. Borken var yngre og sterkare. Etter mye kjeftbruk og mange slag ga dei opp og 14


gjorde som faren sa. Borken dro lasset lett opp på vegen att da dei hadde spadd vekk litt snø. Men da dei spente for den gamle Gløttgampen att og fór vidare nedover lia, la Gjermund merke til at skummet kring hestekjeften ikkje var kvitt, men rosa. Og Gjermund visste at den hesten snart kom til å dø. Da faren og Gjermund kjørte vidare, hørte Gjermund at faren satt og mumla dette merkelege ordet: Nassisser, nassipakk, nassisvin. Gjermund spurte kva faren meinte med ordet, men faren sa at det kom han nok til å få lære når han begynte på skolen. Men Gjermund var heilt sikker på at ordet nassiss var det same som hestemordar. Og det trudde han i mange år.


2

Manndomsprøva Kniven var skarp. I over ein time hadde Gjermund stått under låvebrua ved slipesteinen og spytta og gnidd. Det blinka i det blanke stålet. Noen drag med ljåbrynet til faren nå, så var kniven perfekt. Da skulle kameratane få sjå kven som hadde det farlegaste våpenet. Våren kom seint til Lyngset. Fjellbygda kunne ikkje vente skikkeleg sommar før midten av juni. Men dette året kom våren riktig tidleg. Elvene gjekk flomstore alt i slutten av april, dei flømte over dei flate jorda der elva Lynga rann ut i Glåma. Desse jorda vart kalla engene, og hadde den fine eigenskapen at noe av flomvatnet vart liggande att i søkk i terrenget, når elvene sokk til normalt vassmål. Om vårsola viste seg frå si beste side, kunne det bli brukbar badetemperatur alt tidleg i mai. Gjermund og kameratane hadde bada i ein slik lunk den 2. mai i år. Uheldigvis hadde Gjermund mista brillene sine da han skulle stupe frå setet av ei gammal slåmaskin som sto midt i lunken. Setet ga fin svikt, Gjermund var ivrig og glømte brillene. Da han dukka opp att, var brillene borte. Dei lå på botnen og var uråd å finne att i alt det brune graset som dekte botnen. Men Gjermund visste råd: Han sykla heim etter ei rive og ga seg til å rake botnen der han meinte 16


brillene måtte ligge. Etter ei stund dukka brillene opp att like heile. Kameratane hadde erta han da han begynte å bruke briller i første klasse på skolen. Han var den einaste. Men nå, tre år seinare, hadde dei slutta med ertinga. Gjermund var ti år og medlem i den mest populære gjengen i grenda: «Kråkenes Skrekk». Dei var fem medlemmer i «Kråkenes Skrekk». Simon Heggen var tolv år og den eldste. Lars Odwien var ti år, like gammal som Gjermund og son av distriktslegen i bygda. Populær kar. Dessutan var det Jon Tore Liegg, med klengenamnet «Bukk», fordi han likna Smørbukk, og Finn Orkelhaug, tynn og bleik, men utruleg oppfinnsam. Dei to siste var elleve år. «Kråkenes Skrekk» hadde fått namnet sitt fordi dei opprinneleg reint tilfeldig hadde den felles interessa at dei plyndra kråkereir på engene nede ved elva. Dei bles egga tomme for plomme og kvite og lagra dei i pappesker fôra med ull. Gjermund hadde 63 kråke-egg i eska si. Så ein dag hadde Simon sagt at dei burde bli ein gjeng. Men gjengen måtte ha eit opptakskrav. Kva var meir naturleg enn halshogging av kråkeunger? Simon bestemte at for å bli medlem måtte kvar og ein få tak i fem nyklekte kråkeunger. Desse skulle dei så ta med til hovedkvarteret, ein skraphaug nede på engene. Der skulle eksekusjonen finne stad, under påsyn av Simon sjøl som var dommar. Øks vart skaffa, og kråkeungejakta begynte. Ein sein ettermiddag, sist i april 1956, lå femogtjue kråkeunger med avkutta hoder i rekke og rad på elvekanten. Alle fem hadde klart opptakskravet med glans. «Kråkenes Skrekk» var etablert. I dag skulle det vere eit særleg viktig møte i «Kråkenes 17


Skrekk». Dei skulle ut på stor-jakt. Simon ga alle ordre om å bringe med seg det mest dødbringande våpenet dei kunne skaffe. Store ting skulle skje, det var ikkje bruk for pyser i gjengen. Dette siste var særleg mynta på Finn og Gjermund som hadde vist ein viss motvilje mot alle dei viderverdige påfunna til Simon og Lars. «Bukk» derimot, smilte og lo og var med på alt. Men Gjermund hadde bestemt seg for at han skulle iallfall ikkje vere noen pyse. I stallskjælet heime hadde han funne den store og rustne slaktekniven til faren. Sist brukt i fjor sommar da dei gjella Svarten. Slipesteinen hadde gjort kniven blank og sylkvass. Presis klokka 3 var gjengen samla ved skraphaugen nede på engene. Alle var spente på kva dei andre hadde i sykkelveskene. Finn var bleik og stille, han hadde inga sykkelveske, men eine handa tviheldt kring eitt eller anna i bukselomma. Første punkt på programmet var oppstilling og song. Dei hadde ein eigen song, som gjekk på melodien «Rett som ørnen stiger», men temaet i teksten var kråker, og teksten inneheldt strofer som « – raskt skal kråka falle», og « – druknes skal i blod». Finn song høgst og skjerande falskt. Han hadde laga det meste av teksten. Etter songen la stilla seg over engene. Langt borte letta ein flokk traner utan skrik. Guttane sparka nervøst i laus vårjord. Simon skulle inspisere våpna. «Bukk» opna sykkelveska. Fram kom ein heimelaga, men utan tvil farleg armbrøst. Vidare ti piler med stålspiss. «Bukk» var synleg stolt da han demonstrerte armbrøsten mot ein løevegg. Frå tjue meters hald small pilene dirrande i veggen. 18


«Godtatt», nikka Simon. Så var det Gjermund sin tur. Han dro fram kniven. «Far gjella Svarten med denne sist sommar», peip han, redd for Simons strenge blikk. «Få kjenne». Simon grep kniven myndig og dro fingeren langs kniveggen. «Godtatt!» Gjermund pussa brillene, tydeleg letta. «Finn, hva har du?» Simon snudde seg mot Finn som var blitt enda bleikare. Sakte trekte Finn handa opp av lomma. Til syne kom ein fallekniv. Kvit marmor. «En vanlig foldekniv?» Simon gliste hånleg. «Nei, den er slett ikkje vanleg, bare sjå på den, du. Den har mange funksjoner». Finn kviskra nesten. Han rekte kniven til Simon som tok den motvillig. Opna den. To blad. Skarpe. Ein korketrekkar. Øl-jekk og skrutrekkar, kombinert. Syl. Ei lita sag. «Ubrukelig, fullstendig ubrukelig til den store jakten». Finn knakk saman. «Dra hjem. Vi har ikke bruk for deg her i dag. Kom igjen i morgen med et skikkelig våpen om du fortsatt vil være med i gjengen». Simon kasta kniven i bakken. Foreldra til Simon og Lars hadde flytta til Lyngset etter krigen, derfor snakka Simon og Lars «finare» enn dei andre. Da Finn tok sykkelen og sykla vekk, snudde han seg og ropte: «Det er eg som har laga songen, og den får de ikkje bruke når eg ikkje er med. Bare så de veit det!» «Den drittsangen kan du synge sjøl! Vi kan lage en ny og mye bedre! Blæh!» Simon geipte etter han. Lars Odwien tok til å rote i sykkelveska si, tydeleg ivrig og 19


ikkje det spor nervøs. Da han heldt opp våpenet sitt, gjekk det ein støkk gjennom resten av «Kråkenes Skrekk». Til og med Simon vart bleik. Det var ein pistol. Ein skikkeleg pistol. Luger. Med magasin og det heile. Til og med patroner hadde han. «Hvor har du fått den fra?» Simon spurte usikkert. «Lånt den av fatter’n». «Tatt, meiner du vel?» Gjermund drista seg frampå. «Nei, lånt den. Fatter’n sa jeg måtte være forsiktig. Ikke låne den bort. Alle kan få prøve å holde den, men bare jeg kan skyte. Fatter’n fikk den av tyskerne under krigen.» Lars var tydeleg stolt. Pistolen gjekk på rundgang. Alle fekk halde den og sikte, men ikkje skyte. Den var tung. Gjermund makta nesten ikkje å halde den på strak arm. «Ja, her skal det bli fart i jakta», lo «Bukk». Lars skaut to skott i løeveggen. Dei inspiserte kulehola. Kulene hadde gått tvers gjennom plankeveggen og inn i tømmerveggen på andre sida. Simon sjøl hadde ein blankpussa bajonett. På skjeftet var det eit hakekors. Simon hevda at bajonetten hadde drepe to russere. Faren hans hadde slåst saman med tyskarane mot russarane under krigen. Og så hadde han altså flytta til Lyngset etter krigen. Jakta kunne begynne. Den som drap det største dyret, fugl, fisk eller anna vilt, skulle få den høgste utmerkinga i «Kråkenes Skrekk», Trane-egget. Tre trane-egg hadde gjengen funne, og dei lå gjømt i ei kollektiv skattekiste på ein lur stad ved skraphaugen. Dei hadde bestemt at egga skulle delast ut til dei som gjorde seg særleg bemerka. Trane-egget var ein stor gunst. 20


Jakta vart ein total fiasko. Lars hadde brukt alle patronane mot ein flokk ender, men utan å treffe. «Bukk» hevda å ha snerta vengen på ei skjor med ei pil frå armbrøsten. Gjermund hadde nesten gjort ende på ein villmink med slaktekniven. Simon kom med ein middels stor kråkeunge som han hadde spidda med bajonetten. Ei bragd det ikkje sto særleg respekt av. Likevel, rett skulle vere rett, Simon fekk Trane-egget. Den store jakta, manndomsprøva i «Kråkenes Skrekk», var over. «Drittsongen» til Finn vart sungen før dei gjekk frå kvarandre. Songen virka liksom tammare nå utan Finn og med den mislykka jakta i minnet. Da Gjermund sykla heim tenkte han nifse tanker. Var det rett at han var saman med dei som hadde foreldre som heldt med tyskarane under krigen? Både faren og mora var sinte på det dei kalla nazister. Han hadde fått vite kva nazister eigentleg var nå. Dei var iallfall ikkje bare hestemordarar. Dei var noe langt verre. Dei var slike som sveik fedrelandet. Det hørtes forferdeleg ut. Gjermund bestemte seg for ikkje å seie noe heime. Han ville vere med i «Kråkenes Skrekk». Om Finn fekk vere med. Han bestemte seg for å hjelpe Finn med å finne eit skikkeleg våpen. Slaktekniven gjømte han i sandmælen.

Bastionen  

Vinteren 1981 vart to unge gutar brutalt avretta av nynazistar på ein skogsveg på Hadeland. Gjennom hovudpersonen Gjermund Haugard si privat...

Bastionen  

Vinteren 1981 vart to unge gutar brutalt avretta av nynazistar på ein skogsveg på Hadeland. Gjennom hovudpersonen Gjermund Haugard si privat...