99 dikt om glede

Page 1



sommarens friske bambusskot – glede! glede! Kobaya shi I ssa

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 1

21.01.2020 15:00


Materie 99 dikt om glede_3k.indd 2

21.01.2020 15:00


99 DIKT OM GLEDE

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 3

21.01.2020 15:00


Materie 99 dikt om glede_3k.indd 4

21.01.2020 15:00


99 DIKT OM GLEDE Poesi samla av Helge Torvund (red.)

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 5

21.01.2020 15:00


Materie 99 dikt om glede_3k.indd 6

21.01.2020 15:00


I boka Skriblingar i margen skriv Daniel Gray om gleda han får av bøker. Når han oppdagar sirlege, gamle blyantskriblingar i margen på ei bruktbok kjennest det nett som når han oppdaga eit leikedyr i cornflakesen som barn. Og dei rette orda i eit dikt kan gripa hjarta og gje deg gåsehud, skriv han.

Daniel Gray sender ein takk til sin inspirator, Yorkshire­

forfattaren J. B. Priestley, som sjølv om han gjekk for å vera ein grinebitar, gav ut ei bok med skildringar av gleder han vedkjenner seg. Mellom anna skriv han slik om det å koma opp på dekk etter å ha overnatta ombord på eit skip: «Du kjem ut av svevnen, ut av den tette, stilleståande lufta der nede i skipet, og rett opp i all verdas friskheit. I løpet av natta har alt vorte nyskapt for deg. Det opne båtdekket, sjøen sjølv, til og med morgonen har nett kome attende frå vaskeriet. Dei skrubba plankane glinsar og det polerte metallet glitrar i ein ny morgon i sjølve Skapinga. Den blinkande og susande sjøen har nettopp vorte funnen opp. Lufta er eit mysterium av godheit. Frå den duvande blåmyra kjem angen av usynlege sjøblomar. Havet og lufta kviskrar nyheita om sin eigen fullkomenheit. Det er sjølve Tida sin morgon.»

Anten ein les Gray, Priestley, Ragnar Hovland si Norske gleder

eller poeten Philippe Delerm si bok Den første slurken av øl, opplever me korleis måten dei skildrar gledene på, gjer at me som lesarar vert smitta. Det er rett og slett ei eiga glede å lesa. Og det er mitt håp at sidene i denne antologien òg skal ha den verknaden.

Helg e Tor vund

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 7

21.01.2020 15:00


Materie 99 dikt om glede_3k.indd 8

21.01.2020 15:00


LAM Såg eit lam verta fødd. Såg gjetaren jaga og grabba ei stor søye og få ho over på sida. Såg han gni hendene inn med eit stoff frå ei flaske. Såg han bøya seg og finna inn. Høyrde to skrik frå søya. To skarpe raske skrik. Som høge grynt. Såg han dra ut ein slapp kvit pakke. Såg han leggja den ned på marka. Såg han leggja seg og setja tennene i strengen. Såg han daska pakken rundt. Såg at den ikkje rørde på seg. Såg han bøya seg og setja munnen til den og blåsa. Han gjorde dette roleg, halvt på kne. Såg at han daska den rundt igjen. Såg mora mi sjå på dette. Såg Angela. Såg Peter. Såg Mimi, med ein baby i magen. Såg dei stå der i ei rekkje ved den tørre steingarden, i vinden. Såg pakken røra på seg. Såg at den hadde raude og gule flekkar. Såg gjetaren tørka av røde hender på søya si ull. Høyrde dei andre sauene i marka rope. Såg pakken rista på hovudet.

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 9

21.01.2020 15:00


Såg den prøvde å reisa seg. Såg at den nesten fekk det til. Såg den måtte sitja og tenkja litt på dette. Såg eit nytt vesen tenkja for aller første gong. Kjente ein kjøl blåse gjennom meg. Høyrde gjetaren seia: "God dag for lemming. Vinden tørkar dei." Såg pakken byrja reisa seg. Kom halvvegs. Knelte. Såg den kava seg opp. Snubla, reisa seg. Og klara det. Stå, bli ståande. Såg at det verkeleg var eit lam, eit lam, eit lam. Såg eit lam verta fødd! Michael Denni s Browne

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 10

21.01.2020 15:00


E SPR E S S O Den svarte kaffien på uteserveringa med stolar og bord fine som insekt. Det er dyrebare oppsamla dropar fylte med same styrke som Ja og Nei. Han vart boren fram frå dunkle kafear og ser inn i sola utan å blunka. I dagslyset eit punkt av velgjerande svart som raskt flyt ut i ein bleik gjest. Han liknar dropar av svart djupsinne som av og til vert fanga opp av sjela som gjev ein velgjerande støyt: Gå! Inspirasjon til å opna augo. Toma s Tran s trömer

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 11

21.01.2020 15:00


Gleda ved ein ny dag. Gleda ved ein dag som er slutt og ei natt som kjem. Gleda når ein kastar tingen. Gleda når den dett ned. Gleda når ein har hoppa over ein bekk. Gleda ved at det var ein bekk. Gleda ved å finna det rette ordet. Gleda ved å kjenne at ein saknar det rette ordet. Gleda er berre eit ord. For alt eg veit er alle gleder ulike, kvar einaste glede skulle kan hende hatt sitt eige ord. Men det kan også hende at det berre er når dei blir samla i dette i dette eine ordet, at dei blir til glede. Det er ei glede å seie dette. Også ei glede å vende på dette og tvile på dette. Endå kroppen min har sine plager og livet mitt har sine sorger, er det ei glede som bryt seg gjennom. Eg undrast på denne gleda som innhentar meg og som eg nok kan fornekte og oversjå, men som eg ikkje kan unngå: Gleda er ikkje noko eg har laga meg. Eg har jo ikkje laga meg sjølv. Eg er blitt til. Jamvel mitt ansvar og mitt subjekt er blitt til, det er ikkje eg som har skapt dette. Så eg trur ikkje eg er eineståande, eg trur eg er vanleg og allmenn. Einar Økland

Materie 99 dikt om glede_3k.indd 12

21.01.2020 15:00


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.