#Bømlo2049 Kommuneplanen sin samfunnsdel
Samfunnet i dag er ikkje slik det var før, og i 2049 kjem det ikkje til å være slik det er no. Men kven er det som fører samfunnet i rett retning? Kan vesle Bømlo, ein liten prikk på verdskartet, gå fram som eit eksempel på eit moderne samfunn? Eg trur, og håpar at me kan klare dette. Bømlo må våge å tenkje nytt, stort og først. Bømlo må våge å ta det store steget ut i framtida. Klarer me det, då trur eg me vil være ei øy full av liv og kultur der folk i alle aldrar trivest. Eg er i alle fall stolt av å kunne kalle Bømlo min heim. Aurora Lodden, utdrag frå vinnartekst, konkurranse «#Bømlo2049» Bømlo-Nytt / Bømlo Kommune, sommar 2018
Grunnleggjande prinsipp All planlegging i Bømlo skal basere seg på nokre grunnleggjande prinsipp.
FN sine berekraftsmål og tre planprinsipp Berekraft handlar om at me skal leve og utvikle oss samstundes med at me gjev neste generasjon minst like gode moglegheiter for det same. Plan- og bygningslova har og som føremål å fremje berekraftig utvikling. Difor skal alle me i Bømlo vere med på å beskytte natur, samfunn og landskap, og samstundes sørge for at lokalsamfunnet har noko å leve av. Bømlo skal vere med på å oppfylle internasjonale og nasjonale berekraftmål. Difor legg me FN sine berekraftmål (sjå figur) til grunn for kommuneplanarbeidet. Dette inkluderer også klimamål. Fram mot 2049 skal Bømlo kutte sine klimagassutslepp med 90%. Klimaarbeidet skal vere integrert i alle kommunen sine rutinar og system. Ein skal ikkje vere avhengig einskilde «eldsjeler». Kommunestyret har vedteke at klimaplanen skal bli implementert i ny kommuneplan.
Vedteke i Bømlo kommunestyre 17.06.2019
Sist revidert: august 2019
Side 6 av 48