Page 1

Friluftsliv for alle og Bømlo vaksenopplæring ved den populære møteplassen på Fet.

(Foto: Ingebjørg Dale Madsen)

Budsjett 2019 Velferdsplan 2019-2022

«…å høyre til!» Kommunestyret

Vedteke 10. desember 2018 | PS 153/2018

BØMLO KOMMUNE | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Tel: 53 42 30 00 Epost: postmottak@bomlo.kommune.no


Budsjett 2019

Side 2 av 72

Kommunestyret: Vedteke Budsjett 2019 – Velferdsplan 2019-2022

Folkemøte om næringsutvikling i Rubbestadneset våren 2018. (Foto. Simon Knutsson Sortland)

Etter framlegg frå Morten Helland (H) på vegne av Kristeleg Folkeparti, Arbeiderpartiet, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne vart vedtaket slik: 1. Kommunestyret vedtek årsbudsjett og verksemdsplan for åra 2019 – 2022 slik den ligg føre med føresetnader i budsjettdokumentet samt dette saksførelegget og slik det går fram av pkt. 2 til pkt. 9 i framlegg til vedtak. 2. Kommunestyret vedtek i samsvar med innstilling frå kontrollutvalet følgjande budsjettramme for kontroll og tilsyn i kommunen: kr 1 153 000. 3. Skatteøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre. 4. Kommunestyret vedtek følgjande eigedomsskattevedtak: a. I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2018: Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. Kommunar som til og med år 2018 skreiv ut skatt på kategorien verk og bruk, kan frå 2019 til og med 2024 vedta å skriva ut skatt på eit særskild fastsett grunnlag. Grunnlaget er differansen mellom ny takst for objekta frå 2019 og skattegrunnlaget i 2018: «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 3 av 72

Det vert skrive ut skatt på det særskilde skattegrunnlaget redusert med ein sjuandedel i 2019 (overgangsregel til §§ 3 og 4 første ledd første pkt).

Utsmykkingsfondet valde kunsten som prydar nye Bremnes ungdomsskule. (Foto: Magne Langåker/Sydvest).

b. Skattesatsen vert sett til 3,7 ‰ av takstverdet for bustader og fritidseigedomar. Skattesatsen vert sett til 3,7 ‰ av takstverdet for næringseigedom og ubebygd grunneigedom. c. I medhald av eigedomsskattelova § 7a og b gir kommunestyret fritak for eigedomsskatt for 2019 til eigedomar tilhøyrande stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller Staten og eigedomar av historisk verde. Dei eigedommane som etter eigedomsskattelova § 7 har fått fritak i tidlegare år får fritak for eigedomsskatt i 2019. d. Ved taksering skal gjeldande takstar kontorjusterast med 10% i 2019, jfr. Eigedomsskattelova § 8 A – 4. e. Ved utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter. f. Eigedomsskatten skal betalast i 2 terminar. 5. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil kr 15 000 000 i startlån til vidare utlån. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lånet i Husbanken. 6. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil kr 44 582 000 i lån til investeringar i bygg, anlegg og utstyr. Lånet inngår i kommunen si samla låneportefølje. Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån, jfr. kommunen sitt finansreglementet. Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til kommunen, og alle lån i porteføljen kan refinansierast i budsjettåret. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak. 7. Rådmannen får fullmakt til å avvikle eit av bufellesskapa for mindreårige flyktningar. 8. Rådmannen får fullmakt til å fordele lønnsavsetjingsposten ut på seksjonane. 9. Rådmannen får fullmakt til å fordele bruken av ekstraordinære flyktningemidler.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 4 av 72

10. Rådmannen får fullmakt til å justere driftsbudsjettet for personalavdelinga når samarbeidsavtalen med Bømlo Opplæringskontor er klar. Endringa skal ikkje gi høgare nettokostnader ved avdelinga. Plastforsøpling er eit aukande problem i hava og strandkanten vår. (Foto: Randi Olsen)

11. Kommunestyret bed om ei sak i første halvår av 2019 med utgreiing av overgang til å nytta formuesverdiar som grunnlag for innkrevjing av eigedomsskatt. Saka skal om ein kan ha ei meir sosial innretning på eigedomsskatten t.d. med eit botnfrådrag. 12. Kommunestyret bed om at næringsarbeidet i kommunen blir evaluert og at strategisk næringsplan vert rullert i 2019. 13. Kommunestyret bed om at eigarskapsmeldinga er klar til politisk handsaming tidlegast mogleg i den nye val perioden. I denne meldinga skal det vera ein konkret gjennomgang av fordeler og ulemper ved dei ulike organiseringsformene som er nytta i dei kommunale selskapa. 14. Kommunestyret vil at me skal ha ein gradvis opptrappingsplan for å auka driftsrammene til skulane. 15. Kommunestyret vil at det skal jobbast vidare med å finna ei god løysing for ein større gymsal eller ein fleirbrukshall på Finnås. Disponering av dei avsette midlane av ven tast til kommunen har avklart kva den beste løysinga er. 16. Kommunestyret bed om at det vert gjort ei kartlegging av lag og organisasjonar i kommunen som eit grunnlag for ei revidering av lista over tilskot til lag og organisasjonar. Kommunal støtte bør delast inn i åta vare på kulturminne, støtte kulturelle lag og hendingar, og andre frivillige lag og organisasjonar. Det bør vera ein større pott til fordeling både til aktivitetar og drift frå Utval for oppvekst, kultur og idrett. 17. Kommunestyret vil at vedtaket i formannskapet som gjaldt plastfri kommune vert følgt opp ved at det i Område 1 (sentrale styringsorgan) vert øyremerka 30 000,- til ei arbeidsgruppe som vert sett ned for å jobba med denne saka.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 5 av 72

18. Kommunestyret vil at Bømlo kommune skal sjå på moglegheitane til å bli ein Inkluderande kommune. Målet er at kommunen skal ha ei rolle som endå betre tilretteleggjar for at fl eire kan delta i det ordinære arbeidslivet og at arbeidslivet vert ein arena for alle innbyggjarane i kommunen. 19. Kommunestyret vil at det skal setjast av ei høveleg ramme til utsmykkingsfondet. Midlane skal takast frå disposisjonsfondet. 20. Kommunestyret bed om at det i revidert budsjett vert vurdert å auka vokaltilbodet i kulturskulen. Arne Kvarven er vokallærar i kulturskulen. (Foto: Simon Knutsson Sortland)

21. Kommunestyret bed om at klimaplanen vert rullert i 2019 og at klimapåverknadane blir klarlagt i denne perioden. 22. Kommunestyret bed om at me får ein samla oversikt over tiltak mot barnefattigdom i Bømlo. Vidare bed me om at det i løpet av våren blir lagt fram ei sak der ein konkret vurderer å ikkje inkludera barnetrygd i berekningsgrunnlaget for sosial stønad. 23. Kommunestyret bed om at dersom kommunen gjennom budsjetthandsaminga på stortinget vert tilført ekstra midlar som ikkje er øyremerka, så skal det løyvast inntil kr. 500.000,til psykisk helse. AVRØYSTINGA: Punkt 1 – 10 vedteke mot åtte røyster. (5 H, 2 FRP, 1 PDK) Punkt 11 samrøystes vedteke Punkt 12 samrøystes vedteke Punkt 13 vedteke mot åtte røyster (5 H, 2 FRP, 1 PDK) Punkt 14 vedteke mot sju røyster (5 H og 2 FRP) Punkt 15 samrøystes vedteke Punkt 16 vedteke mot sju røyster (5 H, 1 FRP, 1 PDK) Punkt 17 samrøystes vedteke Punkt 18 samrøystes vedteke Punkt 19 vedteke mot åtte røyster (5 H, 2 FRP, 1 PDK) Punkt 20 vedteke mot sju røyster (5 H, 1 FRP, 1 PDK) Punkt 21 samrøystes vedteke Punkt 22 samrøystes vedteke Punkt 23 vedteke mot seks røyster (5 H, 1 FRP)

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 6 av 72

Rådmannen: «…å høyre til!»

Alle kan vere med på padletur med Friluftsliv for alle - som her på Erslandsvatnet.

(Foto: Ingebjørg Dale Madsen)

I arbeidet med budsjettet for 2019 har me også i år hatt fokus på korleis me best sikrar ei utvikling som bidreg til at færrast mogleg fell utanfor – me vil ha alle med…at alle skal høyre til! Dette krev sterkt fokus på førebygging slik kommunestyret har peika retninga i dei siste årsbudsjetta. Rådmannen si utfordring med eit samla budsjettopplegg er at me har mange lovpålagde oppgåver medan mykje av det som går på førebygging ikkje er lovpålagd. Då blir det lett for at det vi ønskjer å prioritere opp i praksis ikkje får ønska prioritet. Det er i praksis ingen realvekst i budsjettet for 2019 sjølv om Regjeringa har lagt opp til ein svak realvekst for kommunane. Dette har si årsak i at ein del reformar ikkje er fullfinansiert, mellom anna at nye krav til lærartettleik og høgare bemanning i barnehagane er underfinansiert. For Bømlo gjeld dette spesielt for reforma i barnehagane. Bømlo har i tillegg hatt ei tøff utfordring med omlegging av inntektssystemet. Me har tapt ca. 13 mill. på denne omlegginga og i tillegg trappar Fylkesmannen ned skjønsmidlane som m.a skulle kompensere for tap i samband med tidlegare omleggingar. Kommunen har dei to siste åra hatt skattesvikt som på langt nær er kompensert med utjamningsmidlar. Inntektssystemet viser at Bømlo er ca. 5% dyrare å drive enn ein gjennomsnittskommune. Dette får me i utgangspunktet kompensert gjennom inntektssystemet. Me ser likevel at me på fleire område driv dyrare enn det me får kompensert for. Me har derfor gjort oss avhengige av å bruke eigedomsskatt på drift. Dette har vore situasjonen heilt sidan me innførte eigedomsskatt for 10 år sidan, med unnatak av 2016.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 7 av 72

Årsaka til det høge kostnadsnivået er at me har ein struktur i drifta, både innanfor helse/omsorg og oppvekst, som er dyrare enn det som vert finansiert gjennom inntektssystemet. Forverringa er spesielt sterk innanfor oppvekst. Dette skuldast m.a at skule er vekta ned i dei nye inntektskriteria. Dette har igjen si årsak i at kommunar generelt har gjort rasjonalisering på skule som me ikkje har gjort. Kommunar brukar relativt sett mindre på skule enn tidlegare. Dette får stor negativ effekt på våre overføringar. Rådmannen har dei siste åra både innanfor helse/omsorg og oppvekst kome med framlegg til strukturendringar som det ikkje har vore politisk vilje til å gjennomføra. På oppvekstfeltet ser rådmannen for seg at skulestruktur blir eit tema i ny skulebruksplan medan me i dette budsjettframlegget tek ein del grep som skal bidra til at me får mindre press på institusjonsplassar. Rådmannen sitt mål er å nytte færre sjukeheimsplassar og gi tilpassa tenester innanfor same kostnadsramme til fleire på eit lågare nivå i «omsorgstrappa». I framlegget til budsjett tek me mange grep, men eg vil spesielt nemne satsinga på IKT i grunnskulen og bruk av fondsmidlar til heimetenesta. Dette skal bidra til at me vert betre rusta til å drive førebygging innanfor helse og omsorg som igjen skal gi mindre press på sjukeheimsplassar. Me startar også det konkrete arbeidet med å sikra fleire omsorgsbustadar med bemanning. Sjølv om me no har gjort store investeringsløft både på skule og helse dei siste åra er det mange uløyste oppgåver på investeringssida. Størstedelen av bygningsmassen vår er knytt til skulen. Her er det kontinuerleg trong for oppgradering. Rådmannen har i langtidsbudsjettet hatt fokus på betre arbeidstilhøve for dei tilsette og betre tilrettelegging for SFO. Dei fleste av våre barneskular var bygd før det vart obligatorisk med SFO. Innanfor helse legg me no vekt på å sikra fleire omsorgsbustadar med bemanning, og me førebur også saker som bidreg til aktivitet både for eldre, og menneske med nedsett funksjonsevne. Elles er store delar av bygningsmassen oppgradert dei siste åra, men me har mange uløyste oppgåver også her, ikkje minst treng psykisk helse nytt administrasjons- og aktivitetsbygg. Arbeidet med å realisere ny brannstasjon er i prosess og kan realiserast når lokalisering er avklart. Me er i god prosess med kommuneplanen sin samfunnsdel. Rådmannen legg opp til at me skal ha eit ferdig dokument i 2019. Dette dokumentet skal peike retninga for samfunnsutviklinga for Bømlo. Me har mange spennande prosjekt og stort engasjement i bygdene i arbeidet med stadsutvikling. Dei fleste grendalag har hatt omfattande prosess i arbeidet med ny kommuneplan. Det er avgjerande for å lukkast med å skape ein god kommune at flest mogleg er engasjert, og villig til å bidra for å realisere dette. Svortland, 05.11.2018 Geir E. Aga Rådmann «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 8 av 72

Innhald: Kommunestyret: Vedteke Budsjett 2019 – Velferdsplan 2019-2022 ................................. 2 Rådmannen: «…å høyre til!» ................................................................................................ 6 Innhald:................................................................................................................................. 8 Økonomiske utfordringar og rammevilkår i økonomiplanperioden 2019–2022 ................ 9 Investeringar 2019 - 2022 .................................................................................................. 21 Budsjett 2019, økonomiplan 2019– 2022, presentasjon av hovudområda/ seksjonane .. 28 Sentrale styringsorgan........................................................................................................ 31 Oppvekst, kultur og idrett .................................................................................................. 34 Helse, sosial og omsorg ...................................................................................................... 43 Tekniske tenester ............................................................................................................... 50 Kyrkjelege føremål ............................................................................................................. 55 Ikkje fordelt/ tilleggsløyving/ premieavvik......................................................................... 56 Økonomiske føresetnader.................................................................................................. 58 Brukarbetalingar................................................................................................................. 64 Budsjettabellar ................................................................................................................... 66

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 9 av 72

Økonomiske utfordringar og rammevilkår i økonomiplanperioden 2019–2022

NAV Bømlo får nye lokaler (t.v) og biblioteket flyttar ned i Bømlo kulturhus.

(Foto: Simon K. Sortland)

Innleiing

Rådmannen vil i dette kapitelet gjere greie for føresetnadane som ligg til grunn i økonomiplanen og dei økonomiske utfordringane som kommunen står framfor dei komande fire åra. Å budsjettere med ein 4-årig økonomiplan inneber ei stor grad av uvisse. Rammevilkåra for kommunen har endra seg vesentleg dei siste åra, noko som synte seg ved omlegginga av inntektssystemet frå og med 2017. Kommunen sitt inntektstap på 13 mill. kr er no fullt ut implementert i rammene. Nytt dei siste åra er inntekter frå Havbruksfondet. Slik det ser ut så vil desse inntektene variere stort frå år til år. Inntektene kjem i hovudsak berre anna kvart år. Rådmannen har i økonomiplanperioden lagt til grunn ferdigstilling av ny brannstasjon samt oppgradering av dei eldste skulane i kommunen. Som tiltak for å møte veksten i eldrebefolkninga i kommunen legg ein opp til å investere i heildøgns omsorgsbustadar for eldre på Moster og på Svortland i økonomiplanperioden. Økonomiplanen byggjer på endringar i folketal og samansetjinga av folkesetnaden dei næraste åra.

Demografi og kommuneøkonomi

Ein viktig føresetnad for økonomiplanen er folketalsutviklinga i kommunen og samansetjinga av denne. Folketalet 1. januar 2018 var på 11 902. Fram til 01.07.2018 har dette auka med 36 til 11 938. Det er folketalet 01.07.2018 som vert lagt til grunn for utrekning av rammetilskotet for 2019. Folketalet 01.01.2019 er avgjerande for fordelinga av inntektsutjamninga i 2019. «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 10 av 72

Folketalet har dei siste fem åra auka med i snitt 0,5 % i året. Veksten det siste året var på 0,5%. Eit særtrekk ved folkesetnaden i kommunen er relativt sett mange unge under 15 år (15% fleire enn landsgjennomsnittet) og relativt sett fleire eldre over 80 år (6% fleire enn landsgjennomsnittet). Eit spesielt særtrekk for kommunen er den høge delen av innbyggjarane som er eldre enn 90 år. Kommunen har relativt sett 54% fleire i denne aldersgruppa i høve til totalbefolkninga enn landet. Det er eit stort overskot av unge menn i kommunen, med 88 kvinner pr. 100 menn i aldersgruppa 19 -39 år. Utviklinga i kommunen er at talet på barn og unge nærmar seg gradvis landsgjennomsnittet, det same gjeld utviklinga i talet på eldre over 67 år. SSB oppjusterte framskrivinga av folketalet sommaren 2018. I økonomiplanen har rådmannen lagt det mellomste alternativ for folketalsframskriving til grunn. Dette gir ein årleg vekst i folketalet på 0,3% og samsvarar med utviklinga dei siste åra. SSB har i alle alternativa justert ned folketalsveksten for landet. Tabellen nedanfor syner utviklinga i folketalet basert på SSB si siste framskriving alternativ midlare vekst for kommunen: Aldersgruppe (folketal pr 01.01)

2018

2019

2020

2021

2022

0-1 år

268

254

256

256

254

2-5 år

602

605

590

570

571

0-5 år

870

859

846

826

825

6 -15 år

1731

1716

1727

1725

1722

16-18 år

710

724

706

697

663

19-66 år

6819

6801

6783

6803

6847

67-79 år

1237

1289

1383

1433

1475

80 - 89 år

387

390

381

381

378

90 år eller eldre

148

140

139

137

134

Sum befolkning

11902

11919

11965

12002

12044

Dersom denne utviklinga slår til vil talet på barnehagebarn bli redusert med 45 i økonomiplanperioden. Talet på barn i skulepliktig alder syner og ein nedgang på 9 barn. Talet på eldre over 67 år aukar med 215 (12%). Det er aldersgruppa 67 – 79 år som veks (med 238), talet på 80 - 89 åringar minkar med 23. Talet på 90 åringar og eldre får ein reduksjon på 14 i perioden. Den demografiske utviklinga har innverknad på nivået på dei statlege rammeoverføringane. Utgiftsutjamninga i inntektssystemet syner at samansetjinga og endringa i dei ulike aldersgruppene fører til endra inntektsramme, sjå meir om dette under analyse av utgiftsnivået i kommunen. Tabellen under syner berekna demografikostnadar i åra 2020-2022, basert på opplegget til Teknisk berekningsutval med utgangspunkt i 2018-tal og med endring i høve til årsbudsjettet 2019. «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 11 av 72

Meirutgifter basert på endring i demografi i høve til 2019

2020

2021

2022

-2 884 500

-6 918 500

-6 857 800

1 691 800

1 384 200

922 800

Vidaregåande (16-19 år)

-354 800

-533 300

-1 672 700

Vaksne (20-66 år)

-352 800

-88 800

92 000

Eldre (67 år og eldre)

3 397 900

6 292 900

9 583 500

Sum endring utgifter

1 499 620

138 521

2 069 822

1 638 141

3 707 963

Barnehage (0-5 år) Grunnskole (6-15 år)

Akkumulert endring

1 499 620

Som det går fram av tabellen over så er det berekna at kostnadane i kommunen skal gå opp i økonomiplanperioden grunna endringar i folketal og alderssamansetjing i kommunen. Det er særleg utgiftene til eldre som vil gå opp. Dette heng saman med veksten av eldre over 67 år. Det er ikkje teke omsyn til kvalitetshevingar og/eller effektivitetsendringar. Heller ikkje skiftkostnadar som oppstår med jamne mellomrom grunna oppstart av tilbod utan at det kjem som ein direkte konsekvens av endring i demografi. Endringar i demografikostnadane vert normalt kompensert gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet. Det viser seg at med den omlegginga av inntektssystemet som skjedde frå 2017 så vart inntektstapet mykje større enn berekningane ovanfor skulle tilseie.

Analyse av utgiftsnivået til kommunen

Kommunen får tildelt kompensasjon for demografiske særtrekk gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet, til dømes kompensasjon for at kommunen har fleire barn enn gjennomsnittskommunen eller fleire eldre. Også sosiale særtrekk ved samfunnet gir omfordelingar i inntektssystemet. Døme her kan vere fleire einslege eldre, høgare arbeidsløyse, fleire skilde, uføre, fattige osb. For 2019 har kommunen slik kostnadsnøkkel på dei sentrale tenesteområda samanlikna med 2018: Delkostnadsnøkkel

Indeks 2018

Indeks 2019

Vekt 2018

Vekt 2019

Grunnskule

1,1960

1,1828

25,78

25,53

Administrasjon, miljø

0,9935

0,9931

8,28

8,12

Landbruk

1,1406

1,1342

0,21

0,20

Pleie og omsorg

1,0466

1,0590

34,43

34,49

Barnevern

0,9221

0,8897

3,98

4,39

Sosialhjelp

0,7531

0,7247

5,76

5,76

Kommunehelse

1,0317

1,0337

4,91

5,05

Barnehagar

1,0380

1,0589

16,64

16,45

1,0568

1,0575

1,00

1,00

Hovudkostnadsnøkkel

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 12 av 72

Staten har berekna utgiftstrongen (ressurstrong) for kommunane til 279 milliardar kroner som er fordelt på 8 hovudområde etter ei vekting som baserer seg på kommunesektoren sine utgifter 2 år før budsjettåret (2017). Indeksen seier noko om kommunen sin utgiftstrong på dei enkelte hovudområda. Kommunen har etter staten sine kriteria ein utgiftstrong som samla på alle hovudområda er 5,75% høgare enn den berekna gjennomsnittlege utgiftstrongen for kommunane. Dette gir kommunen eit tillegg på kr 3 004 pr innbyggjar eller 35,9 mill. kr. Inntektssystemet vart lagt om i 2016 med verknad frå 2017. Den kraftige nedvektinga av grunnskulen sin del av utgiftene (frå 28,82 til 25,53%) frå 2016 til 2019 har medført at kommunen har fått redusert berekna utgiftstrong til grunnskuledrift med 23,7 mill. kr over 3 år. Sjølv om andre sektorar (pleie og omsorg, sosialhjelp og barnevern) har blitt vekta opp så er ikkje dette nok til å dekke det store tapet kommunen har hatt i rammeoverføringa frå staten grunna endringa av grunnskulen sin del av samla utgifter. Samla fekk kommunen redusert utgiftsutjamninga med 9,2 mill. kr frå 2016 til 2017. Tapskompensasjonen på 3,7 mill. kr fall vekk i 2017. Samla reduksjon grunna omlegginga er difor på 12,9 mill. kr. Kommunen fekk kompensert 7 mill. kr i 2017, denne kompensasjonen er redusert til 1 mill. kr i 2018 og kr 0 i 2019. Dette inneber at heile reduksjonen i rammetilskotet på 12,9 mill. kr er tatt i 2019. I tillegg har Fylkesmannen redusert skjønsmidlane med 0,8 mill. kr i 2019. Endringa i inntektssystemet har gitt kommunen utfordringar med å omstilla tenestene og tilpasse desse til dei nye inntektsrammene i åra framover.

Kostnads og effektivitetsanalyse

Kostnadsanalysen baserer seg på innrapporterte rekneskapstal for 2017. Når ein ser på utgiftene som kommunen brukte på dei sentrale tenesteområda der kommunen får berekna utgiftsbehovet av staten gjennom utgiftsutjamninga så har kommunen nytta kr 3 079 pr. innbyggjar meir på desse tenestene. Dette er ein auke frå året før på kr 1 110 pr. innbyggjar. Figur A syner utviklinga dei 3 siste åra. Det er tenestene grunnskule, kommunehelse og barnevern som har det største avviket. Kommunen ga i 2017 tenester til mindreårige flyktningar. Utgiftene til denne tenesta vert finansiert med statstilskot. I 2017 vart finansieringa lagt om slik at kommunen no får eit tilskot som vert ført på sentral funksjon mot tidlegare som refusjonsinntekt barnevern. Dette utgjer kr. 1 369 pr. innbyggjar og forklarar den sterke utgiftsauken på tenestenivå i 2017. Korrigert for denne gjekk utgiftene ned med kr. 259 pr. innbyggjar. Meirforbruk utover berekna utgiftstrong går særleg utover dei tenestene som ikkje er ein del av inntektssystemet samt netto driftsresultat, sjå figur B. Figurane illustrerer avvika i høve til

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 13 av 72

landsgjennomsnittet i ressursbruk, men seier ikkje noko om tenestekvalitet. Dette kan likevel vere eit grunnlag for nærare drøfting av prioriteringar i økonomiplanarbeidet. Fig. A

Fig.B

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 14 av 72

Hovudtal drift i økonomiplanperioden 2019 – 2022 Brukarbetalingar

R 2017 -25 049

B 2018

B 2019

B 2020

B 2021

B 2022

-24 066

-25 563

-25 563

-25 563

-25 563

-18 209

-19 799

-23 033

-23 241

-23 241

-23 241

Overføringar med krav til motyting

-123 938

-69 052

-77 830

-75 885

-75 307

-74 781

Rammetilskot

-347 151

-334 905

-356 544

-363 288

-368 552

-374 133

-57 854

-53 044

-57 444

-60 485

-42 652

-42 675

Andre sals- og leigeinntekter

Andre statlege overføringar

-756

0

0

0

0

0

-318 473

-344 336

-340 936

-339 595

-338 247

-336 892

-30 475

-30 940

-32 040

-34 940

-38 140

-38 340

0

0

0

0

0

-921 905

-876 142

-913 390

-922 997

-911 702

-915 625

Lønsutgifter

478 449

454 850

470 317

464 555

462 902

459 972

Sosiale utgifter Kjøp av varer og tenester som inngår i kommunal tenesteproduksjon Kjøp av varer og tenester som erstattar kommunal tenesteprod

122 600

122 075

127 763

128 550

131 238

131 900

93 103

81 178

85 338

84 244

84 246

83 853

159 999

155 201

164 831

162 751

157 984

158 115

42 155

22 887

27 304

27 172

27 022

26 872

Andre overføringar Skatt på inntekt og formue Eigedomsskatt Andre direkte og indirekte skattar SUM DRIFTSINNTEKTER (B)

Overføringar Avskrivingar

29 261

30 500

35 000

35 000

35 000

35 000

Fordelte utgifter

-13 272

-3 744

-3 888

-3 888

-3 888

-3 888

SUM DRIFTSUTGIFTER (C)

912 295

862 947

906 666

898 385

894 505

891 824

BRUTTO DRIFTSRESULTAT (D = B-C)

-9 610

-13 195

-6 724

-24 612

-17 197

-23 801

Renteinntekter, utbytte og eigaruttak

-3 960

-3 369

-4 006

-4 527

-4 951

-5 283

-192

-12

-12

-12

-12

-12

SUM EKSTERNE FINANSINNTEKTER (E)

-4 152

-3 381

-4 018

-4 539

-4 963

-5 295

Renteutg., prov. og andre finansutg.

17 898

21 002

20 454

23 159

26 050

26 700

Avdrag på lån

21 606

23 257

23 948

26 232

27 368

28 202

202

52

52

52

52

52

39 706

44 311

44 454

49 443

53 470

54 954

35 554

40 930

40 436

44 904

48 507

49 659

-29 261

-30 500

-35 000

-35 000

-35 000

-35 000

-3 317

-2 765

-1 287

-14 708

-3 690

-9 142

Mottekne avdrag på utlån

Utlån SUM EKSTERNE FINANSUTGIFTER (F) RESULTAT EKSTERNE FINANSIERINGSTRANSAKSJONAR Motpost avskrivningar NETTO DRIFTSRESULTAT (I) Bruk av tidlegare års rekneskapsmessige mindreforbruk Bruk av disposisjonsfond Bruk av bundne fond SUM BRUK AV AVSETJINGAR (J)

-21 977

0

0

0

0

0

-275

-1 325

-3 300

0

0

0

-6 721

-171

-308

0

0

0

-28 973

-1 496

-3 608

0

0

0

Overført til investeringsrekneskapen

0

0

0

0

0

0

Dekning av tidlegare års meirforbruk

0

0

0

0

0

0

26 137

4 261

4 895

14 708

3 690

9 142

Avsetjingar til disposisjonsfond Avsetjingar til bundne fond SUM AVSETJINGAR (K) REKNESKAPSMESSIG MEIR- MINDREFORBRUK (L = I+J-K) Netto driftsresultat i % av driftsinntektene

«…å høyre til!»

2 318

0

0

0

0

0

28 454

4 261

4 895

14 708

3 690

9 142

-3 832

0

0

0

0

0

0,4 %

0,3 %

0,1 %

1,6 %

0,4 %

1,0%

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 15 av 72

Netto driftsresultat

Det er lagt opp til eit positivt driftsresultat for 2019 på vel 1,3 mill. kr. Dette er likevel mindre enn netto premieavviksinntektene dette året som er på 10 mill. kr. - sjå nærare under seksjon 7. Utviklinga i netto driftsresultat i økonomiplanperioden går fram av tabellen under.

Teknisk berekningsutval for kommunal økonomi tilrår at ein kommune bør ha eit netto driftsresultat som utgjer 1,75% av driftsinntektene. Dette er i samsvar med kommunen sitt måltal. Kommunen når ikkje dette måltalet i denne økonomiperioden. Rådmannen legg opp til at alle ikkje disponerte midlar skal setjast av til disposisjonsfond. Rådmannen føreslår slik avsetjing til disposisjon i perioden: Disposisjonsfond (heile 1000 kr)

Berekna resultat 2018

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

Fond 01.01

45 407

84 846

80 941

92 662

96 352

Framlegg til avsett i året

40 764

4 895

14 708

3 690

9 142

Forventa bruk i året

-1 325

-8 800

-2 987

0

0

Fond utgangen av året

84 846

80 941

92 662

96 352

105 494

Fond i % av omsetning

9,07 %

8,86 %

10,14 %

10,55 %

11,55 %

Bruken av disposisjonsfondet i 2019 og 2020 er dette:

Heiltid/deltid prosjektet Omstillingsmidlar heimeteneste/dagtilbod/institusjonsplassar Kommuneplan – havbruksfond Fiskerihamn-havbruksfond (5 mill. kr i 2019 - 2,987 mill. kr i 2020

«…å høyre til!»

1 300 000 1 500 000 500 000 7 987 000

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 16 av 72

Kommunen sitt premieavvik vil auke i økonomiplanperioden. Dette vil svekke kommunen sin likviditet. Det er derfor heilt naudsynt å byggja opp disposisjonsfondet slik at dette er større enn premieavviket - sjå nærare omtale i kap. 7.

Driftsinntektene

Veksten i samla driftsinntekter frå opphavleg budsjett 2018 til 2019 er nominelt på 4,3%. Med ein forventa prisvekst på 2,8% gir dette ein volum og realvekst på 1,5%. Vidare i økonomiplanperioden vert det føresett ein realvekst på 1,1 % i 2020, ein nedgang på 1,2% i 2021 og auke på 0,4% i 2022. Den svake realveksten heng dels saman med demografiske endringar lokalt og omlegginga av inntektssystemet som vil få full verknad i kommunen frå og med 2019. I tillegg vil inntektene frå mottak av flyktningar gå kraftig ned i perioden.

Utvikling i frie inntekter (skatteinntekter og rammeoverføringar)

Tabellen nedanfor syner utviklinga i dei frie inntektene. Alle tal for åra 2020 – 2022 er i faste 2019 kroner: 2019

2020

2021

2022

Sum rammetilskot

-356 544

-363 288

-368 552

-374 133

Skatt på formue og inntekt

-340 936

-339 595

-338 247

-336 892

SUM frie inntekter

-697 480

-702 883

-706 799

-711 025

-5 403

-9 319

-13 545

0,77 %

0,56 %

0,60 %

Endring i frie inntekter akkumulert i høve budsjett 2019 Årleg vekst i frie inntekter

2,69 %

Prisstigninga i kommunesektoren er rekna til 2,8%, det er difor ein realnedgang i inntektene frå 2018 til 2019. Anslaget for åra 2020 – 2022 byggjer på ein berekna realvekst i dei frie inntektene på 0,9% i økonomiplanperioden. I rammetilskotet er det tatt omsyn til nedtrapping av skjønstilskotet frå Fylkesmannen, endring i inntektssystemet og demografiske tilhøve. Desse endringane medfører ein svakare realvekst i kommunen sine inntekter enn kva som er lagt til grunn for vekst i frie inntekter på landsbasis.

Eigedomsskatt

I 2019 er det 10 år sidan eigedomsskatten vart innført. Ved utgangen av 2018 har eigedomsskattetakstane vore nytta i 10 år. Etter hovudregelen i eigedomsskattelova §8A skal det vere ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år. Det er likevel unntak frå hovudregelen. Kommunestyret kan avgjere at ny taksering kan skje tidlegare eller seinare enn dette, men «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 17 av 72

ikkje seinare enn 3 år etter at siste ålmenne taksering skulle ha skjedd. Eit anna alternativ som kommunen kan nytte seg av er at i staden for ny allmenn taksering kan kommunestyret gjere vedtak om kontormessig justering av takstane frå 2009. Dette kan skje med inntil 10% kvart år inntil allmenn omsetjingsverdi for eigedommen er nådd. I budsjettframlegget gjer rådmannen framlegg om å gjennomføre ei kontormessig verdsetjing av eigedommane i kommunen med 10% kvart år i 3 år (2019, 2020 og 2021). Dette vil gje kommunen eit høgare skattegrunnlag. Rådmannen føreslår samstundes å redusere skattesatsen frå 4 promille til 3,7 promille. Regjeringa har gjort framlegg om endringar i eigedomsskattelova som får konsekvensar for kommunen. Det er framlegg om å avvikle omgrepet verk og bruk frå og med 2019. Dette medfører at kommunen frå 2019 til 2024 kan skrive ut skatt på eit særskilt fastsett grunnlag. Grunnlaget er differansen mellom ny takst for objekta frå 2019 og skattegrunnlaget som vart nytta i 2018 redusert med 1/7 del. Det er ikkje venta at kommunen vil tape meir enn 0,5 mill. kr etter 7 år på dette. Kompensasjon vil bli gitt frå staten , men regelverket er ikkje klart enno. Regjeringa har gjort framlegg om at maksimal eigedomsskatt skal vere 5 promille og at frå 2020 skal kommunane nytte skatteetaten sine formuesverdiar som grunnlag for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus. Reduksjonsfaktoren skal vere på 30%. Fritidsbustadar og våningshus skal framleis takserast. Det er ikkje rekna med redusert eigedomsskatt grunna desse endringane då ein reknar med at skatteetaten sine formuesverdiar i kommunen overstig takstgrunnlaget.

Driftsutgiftene

Kommunen sine samla driftsutgifter veks med 5,1% nominelt frå budsjett 2018 til budsjettframlegget for 2019. Dette svarar til ein real- og volumvekst på 2,3%. Nye budsjetterte tiltak er auka utgifter til lærlingetiltak, budsjettert heilårsdrift av KAD-senger på Stord. Vidare i perioden vert det føresett ein realnedgang i utgiftene på 0,9% i 2020, 0,4% i 2021 og 0,3% i 2022. Hovudgrunnen er reduserte utgifter til flyktningmottak i kommunen.

Utvikling i netto finanskostnader

Finanskostnadane utgjer ein stadig større del av kommunen sine utgifter. Framleis så nyt kommunen godt av låge renter på lån, men kommunen er svært sårbar for renteauke. For nærare om finanskostnadane og gjeldsgrad vert det vist til kapitelet som omhandlar økonomiske føresetnader. Utviklinga i finanskostnadane går fram av figuren under:

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 18 av 72

Rente og avdragsutgiftene med fråtrekk for rentekompensasjonen er budsjettert slik i 20192022. 2019 Netto rente- og avdragsutgift ekskl startlån Rente - og avdragskompensasjon Sum netto rente- og avdragskostnad

2020

2021

46 953

-43 745

2022

50 288

51 200

-2 500

-2 680

-2 680

-2 580

41 245

44 273

47 608

48 620

Finansiering av dei planlagde investeringane vil føre til slik endring i finanskostnadene i økonomiplanperioden i forhold til nivået i 2019. (tal i heile kr 1000) 2020 Endring netto rente- og avdragskostnad Endring rentekompensasjon Sum endring netto rentekostnad

2021

2022

4 468

8 070

9 222

-180

-180

-80

4 288

7 990

9 142

Rente- og avdragsutgiftene er nærare omtalt i kap 8.

Endringar i økonomiplanen 2020- 2022

Med utgangspunkt i årsbudsjettet 2019 så viser tabellen nedanfor endringane i driftsrammene i økonomiplanperioden 2020 -2022. Endring i kostnadar og inntekter som heng saman med endringar i demografi er innarbeida. Det same gjeld endringar i finanskostnadar som har samanheng med framlegg til investeringsrammene. Den største endringa som det er teke høgd for i økonomiplanen er reduksjon av flyktningmottak. Dette gjeld både ordinære flyktningar og einslege mindreårige flyktningar. Dette vil føre til endring på tenesteområda

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 19 av 72

vaksenopplæring og flyktningmottak samt drift av bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar. ØP 2020

ØP 2021

ØP 2022

Rammetilskot

-6 744

-12 008

-17 589

Skatteinntekt

1 341

2 688

4 043

Eigedomsskatt

-2 900

-6 100

-6 300

Havbruksfondet

-11 000

-2 000

-11 000

Integreringstilskot

6 094

12 469

16 728

Tilskot EMF

2 044

4 502

9 120

Rentekompensasjon Avdragsutgifter

-180

-180

-80

2 284

3 419

4 253

Renteutgifter

2 284

4 851

5 269

Renteutgifter startlån

421

745

977

Renteinntekter startlån

-421

-745

-977

Andre renteinntekter

-100

-200

-300

-6 877

7 441

4 144

1 750 3 173

5 148 7 526

7 134 10 067

Premieavvik

-8 366

-6 751

-8 809

Premieutgift

6 943

4 373

5 875

Valutgifter

-803 -553

-1 000 0

-1 553 -553

Konsulenttenester kommuneplan

-500

-500

-500

500

500

500

-250

-1000

-1000

-6 573

-16 055

-21 976

100

100

100

EMF-bufellesskap

-1 588

-4 602

-8 923

Barn 0-6 demografiendring

-2 080

-6 847

-6 716

1 691

1 384

923

Vaksenopplæring, endring driftsbudsjett

-1 360

-1 764

-2 131

Vaksenopplæring , introduksjon

-3 336

-4 326

-5 229

Helse, pleie og omsorg, demografiendring eldre

2 690 -110

5 670 2 870

8 002 5 202

Heimetenesta endringsløyving

1500

1500

1500

Heiltid/deltid implementert i drift

1300

1300

1300

0 208

0 208

0 208

-208

-208

-208

Samla endring økonomiplan i forhold til budsjett 2019

-9 813

1 204

-4 249

Netto driftsresultat 2019

-1 287

-1 287

-1 287

Endring netto fondsavsetjing

-3 608

-3 608

-3 608

Driftsresultat åra 2020 - 2022

-14 708

-3 691

-9 144

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022

Sum samla endring overordna inntekter og finans Pensjon Premieavvik amortisering

Endring driftsutgifter seksjonane Seksjon 1 Sentrale styringsorgan

Tilbakeført fond brukt til kommuneplan Digitalisering effektivisering Seksjon 2 Oppvekst, kultur og idrett Moster 2024, tilbakeført bruk av fond 2019

Demografiendring skulebarn

Seksjon 3 Helse,sosial og omsorg

Seksjon 4 Teknisk og brann Feiing, fond tilbakeført Feiing, auka inntekt


Budsjett 2019

Side 20 av 72

Det går fram av økonomiplanen at auken i rente- og avdragsutgiftene samt pensjonskostnadane tek ein stor del av realveksten i dei frie inntektene (skatt og rammeoverføring frå staten). Tabellen under illustrerer dette: Realvekst frie inntekter og eigedomsskatt Renter og avdrag på lån Pensjonskostnad Sum finans og pensjonskostnad Pensjon/finans i % av frie inntekter

2020

2021

2022

-8 303 4 468 1 750 6 218 74,9

-15 420 8 070 5 148 13 218 85,7

-19 846 9 222 7 134 16 356 82,4

Det er difor lite frie midlar til nye tiltak i perioden.

Samandrag:

Det vert krevjande for kommunen å opparbeide seg eit netto driftsresultat opp mot det tilrådde 1,75%. Omlegginga av inntektssystemet har slått svært negativt ut for kommunen og dette gjer det difor vanskeleg å få resultatet opp på dette nivået på kort sikt. Kommunen har høg gjeld, noko som gjer at den er svært utsett for auke i rentenivået. Kommunen må dekke inn tidlegare inntektsføringar av premieavviket i åra framover, noko som vil auke pensjonskostnadane, særleg i slutten av økonomiplanperioden. Ny pensjonsreform vil truleg føre til auka kostnad. Forventa realvekst i kommunen sine inntekter vil difor i stor grad gå med til å dekke pensjon og auka kapitalutgifter dei næraste åra. Kommunen si likvide stode har blitt betra dei siste åra, men aukande premieavvik vil tappe likviditeten dei nærmaste åra. Kommunen har dei siste åra fått bygd opp disposisjonsfondet. Dette er no stort nok til å dekke premieavviket. Premieavviket aukar sterkare enn fondsavsetjinga i økonomiplanperioden slik at det er viktig å halde disposisjonsfondet i den storleiken som det har fått .

Det blir investert i oppgradering og tilpassing av Rubbestadneset skule i 2019.

«…å høyre til!»

(Foto: Simon Knutsson Sortland)

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 21 av 72

Investeringar 2019 - 2022 Investeringsramme og finansiering av denne går fram av tabellen under (alle tal i heile 1000 kr)

2A

Rekneskap 2017

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

166 934

79 035

93 871

99 187

68 950

47 650

Utlån og forskotteringar

5 617

10 000

15 000

10 000

10 000

10 000

Kjøp aksjar og andelar

2 257

2 000

2 200

2 300

2 400

2 500

22 735

5 000

5 000

5 000

5 000

5 000

0

0

0

0

0

0

3 365

0

0

0

0

0

200 908

96 035

116 071

116 487

86 350

65 150

-125 224

-62 418

-59 522

-70 280

-62 370

-44 770

Investeringar i anleggsmidlar

Avdrag på lån Dekning av tidlegare års udekka inv. Avsetningar Årets finansieringsbehov Bruk av lånemidler Inntekter frå sal av anleggsmidler

-12 511

-4 000

-14 000

-6 300

-2 400

-2 500

Tilskot til investeringar

-20 044

-11 000

-16 460

-14 000

-4 000

-4 000

Kompensasjon for meirverdiavgift

-30 501

-12 277

-16 089

-17 920

-12 580

-8 880

-8 117

-4 000

-5 000

-5 000

-5 000

-5 000

-500

0

0

0

0

0

-196 896

-93 695

-111 071

-113 500

-86 350

-65 150

0

0

0

0

0

0

-4 011

-2 340

-5 000

-2 987

0

0

-200 907

-96 035

-116 071

-116 487

-86 350

-65 150

0

0

0

0

0

0

Mottatte avdrag på utlån og refusjonar Andre inntekter Sum ekstern finansiering Overført frå driftsrekneskapen Bruk av avsetningar Sum finansiering Udekka/ikkje disponert

Investeringsramma går til følgjande hovudområde: 2B Til investering i anleggsmidlar (frå budsjettskjema 2A)

Rekneskap 2017

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

166 934

79 035

93 871

99 187

68 950

47 650

8 780

3 050

3 500

3 250

3 000

3 000

126 535

40 610

40 986

20 400

20 100

10 600

Helse, sosial og omsorg

16 011

2 110

19 960

25 750

19 750

16 750

Tekniske tenester og brann

15 607

32 175

23 425

44 287

20 650

14 650

0

1 090

6 000

5 500

5 450

2 650

166 933

79 035

93 871

99 187

68 950

47 650

Fordelt slik: Sentrale styringsorgan Oppvekst, kultur og idrett

Kyrkjelege føremål Sum investering i anleggsmiddel

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 22 av 72

Spesifikasjon investeringar 2019-2022 Investeringar 2019-2022

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett Budsjett 2021 2022

3 000 500 0 3 500

3 000 0 250 3 250

3 000 0 0 3 000

3 000

500 5 000 0 100 5 600

0 2 987 0 0 2 987

0 0 0 0 0

0 0 0 0 0

2 100 3 000 400 12 000 4 500

2 100 0 400 0 0

2 100 0 400 0 0

2 100 0 400 0 0

0 0 6 000 200 28 200

10 000 300 6 000 0 18 800

10 000 6 000 0 18 500

0 0 6 000 0 8 500

11 400 0 200 486 200 500 12 786

0 500 300 300 0 500 1 600

0 1 000 300 300 0 0 1 600

0 1 500 300 300 0 0 2 100

0 0 200 300 1000 400 16 570 740 750 19 960

15 000 0 0 0

10 000 0 3 000 6 000

10 000 0 0 6 000

10 000 0 0 750 25 750

0 0 0 750 19 750

0 0 0 750 16 750

3 500 5 000 1 200 400 3 925 750 250 100 1 800 16 925

3 500 5 000 1 200 400 1 650 0 250 100 1 800 13 900

3 500 5 000 1 200 400 2 000 0 250 100 1 800 14 250

3 500 5 000 1 200 400 2 000 0 250 100 1 800 14 250

Budsjett 2019

Investeringar sentrale styringsorgan/felles postar IKT investeringar Agresso oppgradering og digitalisering Investering Elements byggesak SUM

0 3 000

Investeringar næring/infrastruktur Stadsutvikling Moster Fiskerihamn Langevåg Industriområde Rubbestadneset, grunnkjøp Sentrumsutvikling Svortland SUM

Investeringar grunnskule

Læremateriell Digital satsing skule Leikeapparat barneskular Rubbestadneset skule med uteområde Våge skule - gymsal Svortland skule - nytt bygg, lærararbeidsplassar, skulehelse mm Meling skule- lærararbeidsplasser, sfo -base, grupperom Rehabilitering skular, oljekjelar Båt Alvsvåg SUM

Investeringar kultur og idrett Bibliotek, oppgradering og flytting Utvikling Moster 2024 Turløyper Nærmiljøanlegg Ballbingar skular Gangsti Grindheim - Moster skule med lys SUM

Investeringar helse/sosial Moster omsorgsbustadar/servicesenter/legekontor Sokkel BBH Kjøkken BBH Dagtilbod NAV møbler nye kontorlokaler Bygg psykisk helse Omsorgsbustadar Svortland Base Lambhusdalen Utstyr/omsorgsteknologi/IPAD SUM

Investeringar tekniske føremål Oppgradering kommunale bygg Oppgradering kommunale vegar Kommunale kaiar Veglys Utskifting utstyr grønt og samferdsel Utstyr reinhald Geovekst Gatenamn - skilting Trafikksikringsplan/tiltak SUM

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 23 av 72

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett Budsjett 2021 2022

400 500 900

400 27 000 27 400

400 6 000 6 400

400 0 400

6 000 6 000

5 500 0

5 450 0

2 650 0

93 871

99 187

68 950

47 650

Budsjett 2019

Investeringar 2019-2022 Investeringar brann

Rehabilitering/nytt utstyr brann Planlegging/bygging ny brannstasjon SUM

Kyrkjelege føremål

Investeringsføremål - uspesifisert

SUM Sum investeringar i anleggsmidlar

Kommentarar: Område

Tiltak

Sentrale styringsorgan IKT

IKT-investeringane har stått uendra over tid, og er minimumsinvesteringar. Grunna ekstra oppgradering av server og lisensar er det trong for å auke ramma i 2019 med ein halv million kroner. Ny årleg iktramme er 3 mill.kr.

Agresso oppgradering / Elements byggesak

Dette er naudsynt oppgradering av økonomisystemet for å møte digitaliseringskrav i rapportering til staten, samt tilretteleggjing for digitalisering av rekneskapsrutinar i kommunen. Det er sett av midlar til investering i system for digital byggjesaksbehandling knytt til sak- og arkivsystemet Elements. Systemet legg til rette for enklare samhandling mellom aktørane i byggjesaker og automatisering av prosessar. Etter rådmannen si vurdering vil dette vera ein gevinst både med omsyn til kvalitet og ressursbruk knytt til byggjesaksbehandling.

Oppvekst, kultur og idrett Læremateriell, ikt og digital satsing

Rubbestadneset skule

Avsetjing til læremateriell inkl. ikt-investeringar er ei årviss avsetjing. Kommunestyret har tidlegare prioritert ei gradvis oppgradering av skulane i Bømlo kommune. Me har kome godt i gang med denne oppgraderinga. Løyvinga til oppgradering av andre skular er lagt inn med 6 mill. kr i 2019 og årleg rammeløyving på 6 mill. kr i økonomiplanperioden. Ungdomsskulen har flytta ut. Skulen har behov for ei ombygging og tilpassing til barneskuledrift samt ei generell oppgradering til dagens standard. Det er sett av 12 mill. kr til dette.

Våge skule - gymsal

Det er sett av 4,5 mill kr til naudsynt oppgradering av gymsalen til Våge skule.

Svortland skule

Det er trong for fleire arbeidsplassar for lærarar samt plass til skulehelsetenesta. Nytt tilbygg planlagd i 2020.

Meling skule

Tilbygg, lærararbeidsplassar, sfo-base og trong for fleire grupperom. Investering 2021.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Område

Side 24 av 72

Tiltak

Båt Alvsvåg

Utvikla tilbodet ved alternativ skulearena med innkjøp av båt

Bibliotek

I 2019 skal biblioteket flytta inn i Bømlo kulturhus. Arbeidet med å planleggje fysiske tilhøve, design og brukarvennlege løysingar er godt i gang. Det er sentralt for rådmannen å både gje biblioteket gode rammer for å utvikle seg som debatt-, kultur- og læringsarena, samstundes som kommunen skal få eit enno meir komplett kulturhus.

Gangsti Grindheim – Moster skule

Det er sett av midlar til gjennomføring av gangsti mellom skule og bustadområde Grindheim i 2019/2020

Helse og sosial

Det er sett av 750 000 kroner årleg til rehabilitering/kjøp av utstyr/omsorgsteknologi som vert nytta på ulike område innanfor helse, sosial og omsorg. Dette er nyttige midlar som også har direkte innverknad på arbeidsmiljø for tilsette. Bygg psykisk helse

Det er løyvd midlar i 2019 for planlegging nytt bygg for psykisk helse. Gjennomføring 2020.

Kjøkken BBH

Det er trong for oppgradering av kjøkkenet ved BBH, midlar til dette er lagt inn i 2021

Dagtilbod

Dagtilbod investering lagt inn i 2021/2022

Moster omsorgsbustadar, servicesenter /-legekontor

Det vart løyvd planleggingsmidlar i 2018, gjennomføringa er tenkt i åra 2020-2022 og det er sett av 35 mill. kr til prosjektet. Deler vil bli finansiert med husbanktilskot og momskompensasjon.

Base Lambhusdalen

Det er sett av inntil kr 750 000 til kjøp av bygg som skal nyttast som personalbase og fellesrom for bebuarar.

Omsorgsbustadar Svortland

Ei foreldregruppe har kontakta kommunen med planar om å byggje 5 husvære for sine funksjonshemma barn/ungdommar med kommunal base for tilsette i tilknyting til husværa. Dette vil bli etablert som eit burettslag. For at husværa skal kunne nytta seg av husbanken sine tilskotsordningar må kommunen formelt stå som utbyggjar. Vidare må prosjektet med i kommunen sine investeringsplanar. Rådmannen har lagt dette inn i budsjettet for 2019. Investeringssummen inkluderer personalbasen, og samla vert dette dekka av sal til burettslaget og tilskot frå Husbanken samt momskompensasjon.

Tekniske tenester Kommunale kaiar:

Kommunale vegar:

«…å høyre til!»

Kommunen har stengt tre kaiar, og fleire vert truleg stengd for ålmenta fordi kaiane er i for dårleg stand til at det er forsvarleg å vera i offentleg bruk. Her treng me truleg 3-4 millionar kroner for å rusta kaiane opp til forsvarleg stand. Rådmannen gjer framlegg om å bruke 1,2 millionar kroner kvart av dei komande fire åra. Kommunen vil i framtida få fleire vegar overført til seg frå fylkeskommunen i takt med at dei nye fylkesvegane vert ferdigstilt. Det er sett av 5 mill. kr årleg til kommunale vegar.

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Område

Side 25 av 72

Tiltak

Trafikksikring og veglys

Avsetjinga på 1,8 millionar kroner til trafikksikringstiltak er relatert til trafikksikringsplanen som vart vedteken i 2016. Til nye veglys er det sett av 0,4 mill. kr kvart år i økonomiplanperioden.

Bygg og utstyr

Teknisk har spesifisert trong for utskifting av ein del utstyr. Det gjeld lastebil (17 år). Kommunen kan lett koma i ein situasjon der behovet for reparasjon er større enn verdien på bil. Bilen er viktige for både vedlikehald av vegar og anlegg, og til transport av oljelenser og strakstiltak ved flaum og bergingstiltak. Det er sett av 3,9 mill.kr til dette i 2019. Det er sett av ein årleg sekkepost til rehabilitering/oppgradering kommunale bygg utanom skulebygg med 3,0 mill. kr i 2019 og deretter 3,5 mill. kr. årleg i økonomiplanperioden.

Industriområdet Rubbestadneset

Fiskerihamn – Langevåg

Utstyr reinhald

Grunnløysinga er gjennomført med løyvingar gitt i 2018. Arealet vil gradvis bli teke i bruk i 2019 og det er venta at deler av området vert selt i 2019. Nasjonal transportplan (NTP) legg opp til å realisere dette prosjektet i 2024. Dette er eit framsteg i høve til førre NTP kor denne hamna berre var nemnd i dokumentet. Det har vore eit tett samarbeid med lokalt næringsliv og politikarar på ulike nivå for å få denne hamna realisert før, og arbeidet går no på å halde saka «varm» og prøve å få realisering tidlegare. Reguleringsplan er ferdig. Arkeologiske utgravingar, som ligg som føresetnad i planen, er venta ferdig i 2019/2020. Hovudprosjektet er finansiert i budsjettframlegget for 2018, samt her i økonomiplanen for 2019/2020. Total finansiering av utgravingane er på heile 13 mill. kr. Løyvinga på kr 7 987 000 i 2019/2020 er tenkt finansiert av Havbruksfondsmidlane. Det er gjennomført eit forprosjekt og hovudprosjektet er starta opp. Dette arbeidet ligg litt på vent fordi oppstart pr. dato er fastsett til 2024. Teoretisk kan oppstart vere i 2020, men så langt må me halde oss til 2024. Det er sett av kr. 750 000 til kjøp av utstyr i samband med at kommunen i 2019 tek tilbake reinhald av skulebygg, administrasjonsbygg og symjehall.

Brann

Brann har dei siste åra fått gjort store investeringar i nye brannbilar og tankvogn. Brann har difor ikkje behov for ekstra midlar ut over naudsynte midlar til driftsutstyr. Behovet for ny brannstasjon er aukande. Dagens fasilitetar er tronge og lite brukareffektive, og det fysiske arbeidsmiljøet er på ingen måte optimalt. Personellutstyr

Me har i det siste sett auka fokus på kreftfare for brannpersonell. Det heng også saman med oppbevaring og reingjering av utstyr (klesdrakt osb.) for sløkking av farefulle brannar. Det er sett av kr. 400 000 årleg til dette.

Ny brannstasjon

Rådmannen arbeidar med å identifisere fleire lokasjonar som kan stetta

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Område

Side 26 av 72

Tiltak ulike krav til plassering av ny brannstasjon. Dagens brannstasjon kan seljast og vil gje inntekt som vil redusere lånebehovet. Ny brannstasjon er kostnadsrekna til 33 millionar kroner, planleggingsmidlar vart løyvd i 2017 med 0,3 mill. kr. Rådmannen er usikker på kostnadsoverslaget og vil i samband med sak om lokalisering gjere ei ny gjennomgang av kostnadsoverslaget. Planarbeidet vil gå føre seg i 2019, både med omsyn til lokalisering og prosjektering. Det er venta byggjestart i 2020 og ferdigstilling i 2021.

Kyrkjeleg Fellesråd Rådmannen har vore i dialog med kyrkja både om driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet. Rådmannen gjer framlegg om ei samla investeringsløyving til kyrkja på 6 mill. kr. i 2019. Dette er i samsvar med økonomiplanen for 2018 – 2021, men 0,5 mill. lågare enn det kyrkja ber om. Midlane er tenkt til opprusting av gravplassar, startløyving nytt orgel på Moster og oppgradering Bømlo kyrkje. Det er lagt inn 13,6 mill. kr til investeringar i kommunen sin økonomiplan i åra 2020-2022 innafor kyrkjeleg fellesråd sitt område. Dette er i samsvar med fellesrådet sine planar.

Grunnarbeidet for det nye senteret til Unitech og Los i Rubbestadneset er godt i gang.

«…å høyre til!»

(Foto: Simon Knutsson Sortland)

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 27 av 72

Tilskot til samfunn, lag og organisasjonar Vedtak 2017 Hummarparken

10 000

Baadehuset

Vedtak 2018

Rådm. sitt forslag B2019

10 000

10 000

10 000

10 000

Gullgruvene på Lykling

10 000

10 000

10 000

Bømlo gamle kyrkje

20 000

20 000

20 000

Sunnhordland folkemuseum

56 000

56 000

75 000

Fortidsminneforeininga Moster gamle kyrkje

10 000

10 000

10 000

Bømlo Frivilligsentral*

225 000

625 000

636 000

Flyktningeguide – Bømlo Røde Kors

250 000

0

0

Moster Amfi

900 000

930 000

947 000

25 000

25 000

25 000

425 000

485 000

495 000

Kenneth Sivertsen pris

12 000

25 000

0

Bømlo kulturnettverk

25 000

0

0

Kulturpris/stipend

25 000

25 000

25 000

5 000

5 000

5 000

Til disp. hovudutval oppvekst, kultur og idrett

150 000

155 000

158 000

Bømlo idrettsråd

100 000

25 000

25 000

Generelt tilskot til idrettslag og liknande

175 000

250 000

256 000

2 423 000

2 666 000

2 707 000

Introduksjon for nye innbyggjarar - ordførarkaffi

20 000

20 000

20 000

Tilskot til grendeutval

65 000

80 000

89 000

Reiseliv Sunnhordland

142 000

202 000

226 800

Ungt entreprenørskap

35 000

35 000

35 000

262 000

337 000

370 800

2 685 000

3 003 000

3 077 800

Kystsogevekene Bømlo Teater

Bømlo Folkehøgskule - fredsfestival

Sum budsjettert på seksjon 2

Sum budsjettert seksjon 1 Total sum tilskot * = kommunalt tilskot

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 28 av 72

Budsjett 2019, økonomiplan 2019– 2022, presentasjon av hovudområda/ seksjonane

Trivselsprisen 2018 gjekk til Bømlo kulturskule – her ved Tone Synneve Myklebust, Tone Lium Røssland, Owe Håstø og rektor Stein Høyland (t.h). (Foto: Simon Knutsson Sortland)

Tenesteytinga i Bømlo kommune er organisert i 5 ulike seksjonar. I tillegg har me to hovudområde 7-8 der budsjetteringa skjer sentralt. I seksjon 1 til 5 finn me dei tenestebaserte seksjonane. På hovudområde 7 vert ikkje fordelte utgifter, som avsetnad til lønsoppgjeret, premieavviket på pensjon og liknande budsjettert. På hovudområde 8 vert dei økonomiske rammeføresetnadane budsjettert, dvs. netto finansutgifter, rammetilskotet, skatteinntekter og eigedomsskatt. I tillegg vert inntekter knytt til busetjing av flyktningar og einslege mindreårige flyktningar budsjettert her. Rådmannen legg fram eit årsbudsjett i balanse, med eit resultat på 4,9 mill. kr. som vert avsett til disposisjonsfond. Økonomiplanen vert lagt fram i balanse etter at positive driftsresultat vert avsett til disposisjonsfond.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 29 av 72

Kommunen budsjetterer ikkje med momskompensasjonsinntekter og utgifter. Verksemdene får behalda momskompensasjonsinntekta fullt ut, og følgjeleg så vert ikkje nettoramma påverka. Det same gjeld refusjonsinntektene for sjukefråver og foreldrepermisjonar. Verksemdene beheld desse og kan disponera dei til leige av vikarar. Rammer for dei 7 ulike seksjonane/hovudansvars-områda for 2019-2022. Budsjett 2019 Heile kommunen Sentrale styringsorgan Oppvekst, kultur og idrett Helse, sosial og omsorg Tekniske tenester og brann Kyrkjelege føremål Tilleggsløyving - premieavvik Økonomiske føresetnader

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

745 280

738 736

735 434

733 279

52 014

50 711

50 514

49 961

376 700 267 570

370 027 267 460

360 544 270 440

354 624 272 772

48 049

47 841

47 841

47 841

8 906

8 906

8 906

8 906

-8 196

-6 446

-3 048

-1 062

237

237

237

237

Pågang i billettluka til nye Bømlo symjehall opningsdagen 3. september 2018.

(Foto: Simon K. Sortland)

Tabellen under viser hovudoversyn fordelt på sentrale inntekter, nettorammene og netto finans. Linja til fordeling drift er fordelt på hovudansvarsområda/seksjonane i tabellen ovanfor. Avsetjing til disposisjonsfondet går fram av linja til ubundne avsetjingar. «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Skjema 1 A

Budsjett 2019

Side 30 av 72

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

Skatt på inntekt og formue

-340 936

-339 595

-338 247

-336 892

Ordinært rammetilskot

-356 544

-363 288

-368 552

-374 133

Andre direkte eller indirekte skattar

-32 040 0

-34 940 0

-38 140 0

-38 340 0

Andre generelle statstilskot

-57 444

-60 485

-42 652

-42 675

-786 964 -4 006

-798 308 -4 527

-787 591 -4 951

-792 040 -5 283

Gevinst på finansielle instrumenter

0

0

0

0

Renteutgifter provisjonar og andre finansutgifter

21 454

23 159

26 050

26 700

0

0

0

0

Avdrag på lån

23 948

26 232

27 368

28 202

Netto finansinntekter/-utgifter

40 396

44 864

48 467

49 619

Dekning av tidlegare års rekneskapsmessige meirforbruk

0

0

0

0

Til bundne avsetjingar

0

0

0

0

4 895

14 708

3 690

9 142

0

0

0

0

-3 300

0

0

0

-308

0

0

0

1 287

14 708

3 690

9 142

0

0

0

0

-745 280

-738 736

-735 434

-733 279

745 280 0

738 736 0

735 434 0

733 279 0

Skatt på eigedom

Sum frie disponible inntekter Renteinntekter og utbytte

Tap på finansielle instrumenter

Til ubundne avsetjingar Bruk av tidlegare års rekneskapsmessige mindreforbruk Bruk av ubundne avsetjingar Bruk av bundne avsetjingar Netto avsetjingar Overført til investeringsbudsjettet Til fordeling drift Sum fordelt til drift fra skjema 1B Meirforbruk/mindreforbruk

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 31 av 72

Sentrale styringsorgan

Kontrollutvalet i Bømlo kommune 2015-2019.

(Foto: Simon K. Sortland)

På hovudansvarsområde 1 - sentrale styringsorgan er det budsjettert utgifter til dei politiske styringsorgana samt følgjande administrative funksjonar: •

Rådmann, kommunalsjefar, utgifter til beredskap, utgifter til samarbeidsrådet

Rådmannen sine stabsfunksjonar: informasjon, kommuneplanleggjar, folkehelsekoordinator, kommuneoverlege, beredskap og kvalitet

Personalkontoret og alle utgiftene til lærlingane i kommunen

IKT, forvaltningsteneste og kantinedrift rådhuset

Økonomiavdelinga, skatteinnkrevjing, innkjøp, e-handel og administrasjon av startlån og tilskot

Kommunale fellesutgifter, personforsikringar, bedriftshelseteneste

Fellessekretariatet, kundetorg og arkiv

Utgifter til tillitsvalte og hovudverneombod

Næringsarbeid

Ymse kommunale utgifter til leigebustader

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 32 av 72

Driftsramme til sentrale styringsorgan: Rekneskap 2017 Sentrale styringsorgan Vekst i %

Budsjett 2018

45 964

Budsjett 2019

48 321 5,1 %

52 014 7,6

Budsjett 2020 50 711 -2,5

Budsjett 2021

Budsjett 2022

50 514 -0,4

49 961 -1,1

Årsaken til auka vekst utover løns – og prisvekst frå 2018 til 2019 skuldast fire tilhøve: Val i 2019

550 000

Overført ressurs frå skule til ikt-stilling øyremerka skule

450 000

Personal: auka inntak av lærlingar heilårsverknad, netto, heilårsverknad 400 000 personalsjef, auke seniortiltak Konsulenttenester kommuneplanarbeidet

500 000

Område

Kommentar

Politiske styringsorgan

Ansvarsområdet omfattar alle politiske utval og kostnadar til kontroll og revisjon. Kostnadar til drift av kontroll og revisjon er budsjettert i samsvar med kontrollutvalet sitt budsjettframlegg. Kontrollutvalet innstiller sjølv på si budsjettramme ovanfor kommunestyret. Utgifter til val er lagt inn i valåra i økonomiplanen.

Rådmann med stab og støttetenester

I hovudsak er budsjettramma for 2018 vidareført med prisjustering innanfor dei sentrale administrative tenestene i kommunen. Driftstilskot til samarbeidsrådet er budsjettert med 392 000 kr. Personal: Bømlo kommune er ein stor arbeidsgjevar med over 1000 tilsette. Praktisk personalarbeid er delegert til verksemdene. Sentralt har kommunen 3,5 årsverk som har arbeidd direkte med personaloppgåver. Avdelinga har det overordna ansvar for lærlingane i kommunen. Drift av administrasjonsbygg og kantina er lagt til personalavdelinga. Sentraladministrasjon: Det er sett av kr. 500 000 til kjøp av tenester i samband med kommuneplanarbeidet i 2019. Økonomiavdelinga administrerer startlånsordninga og vederlagsberekning for institusjonsbebuarane. Deltaking i interkommunal innkjøpsordning er budsjettert med 327 000 kr. Kommunen sel tenester for kr. 367 000 innan e-handel til andre kommunar, tilsvarande eit halvt årsverk. Skatteoppkrevjar: Det er budsjettert med 2 årsverk til skatteoppkrevjarfunksjonen samt kjøp av kontrolltenester frå Bergen kommune for 200 000 kr. Skatteoppkrevjaren krev inn skatt, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift på vegne av stat, kommune, fylke og folketrygda.

Beredskap

Rådmannen har budsjettert med 195 000 kr. til opplæring, øving og andre beredskapstiltak for 2019.

Lærlingar

«…å høyre til!»

Lærlingane er ein viktig ressurs for verksemdene der dei har si opplæring. I framlegg til budsjett er det lagt inn at Bømlo kommune skal ha 25 lærlingar i 2019. Budsjetterte ressursar til lærlingedrift føreset at dette vert løyst av kommunen

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Område

Side 33 av 72

Kommentar sine eigne personellressursar. Bømlo kommune vil gå saman med Bømlo Opplæringskontor for å danne eit felles opplæringskontor. Den nye foreininga får namnet Bømlo opplæringskontor og vil vera eit tverrfagleg opplæringsorgan for private verksemder og Bømlo kommune. Bømlo opplæringskontor skal kunne tilby læreplassar i alle lærefag innan privat og offentleg arbeidsliv etter at arbeidsplassen er godkjend som opplæringsverksemd i faget. Ein annan viktig funksjon vil vera å fremje samarbeid skulenæringsliv. Bømlo kommune vil vera sekretariat for det nye opplæringskontoret.

IKT

Seniortiltak

Næring

IKT avdelinga har 5 tilsette. I budsjettet er det omdisponert ressursar frå skule til ei ny IKT-stilling med ansvar for skule. Tre av lærlingane er knytt til avdelinga. Bømlo kommune har driftsansvar for sak– og arkivsystem for andre kommunar. Dette gir kommunen inntekter som delfinansierer IKT-stillingane. Retningslinjene for seniortiltak vart vedteke av kommunestyret i møte 17.12.01. Tilretteleggingstilskotet til verksemdene som inngår senioravtale er framleis 18.000 kroner pr. årsverk pr. år. Behovet for tilretteleggjingstilskot til verksemdene er avhengig av kor mange som inngår senioravtale med arbeidsgjevar i staden for å gå over på AFP. Det er sett av 571 000 kr. til dette i 2019. Det er budsjettert med kr 1 412 000 kr. til næringsføremål i 2019. Det er ikkje budsjettert med tilskot til kommunale aksjeselskap i økonomiplanperioden. Kjøp av 1-linjeteneste er budsjettert med 352 000 kr. Det er i tillegg sett av 602 000 kr. til tilskot til lag/organisasjonar og andre.

Ikt-lærlingane får allsidig jobbtrening i kommunen. (Foto: Simon K. Sortland)

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 34 av 72

Oppvekst, kultur og idrett

Nye Bremnes ungdomsskule har flotte uteområder.

(Foto: Simon K. Sortland)

Generelt

Å prioritere førebyggjande arbeid knytt til barn og unge sin oppvekst er god samfunnsøkonomi. Rådmannen vidareførar dette perspektivet også for 2019. Omlegging av inntektssystemet for kommunane, samt ein nedgong i barne- og elevtal gjer at statlege rammeoverføringar til oppvekstsektoren er lågare enn tidlegare. Rådmannen føreslår ikkje strukturelle endringar innan hovudansvarsområde 2 for 2019. Demografisk utvikling og økonomiske rammefaktorar tilseier likevel at strukturelle grep må takast i løpet av dei neste par åra for å sikre eit berekraftig driftsnivå og reelt handlingsrom til å vurdere nye satsingar og tiltak. Oppvekstsektoren skal bli enno betre på språkarbeid/lesing og å sikre barn og unge trygge, gode læringsmiljø. Deltaking i nasjonale satsingar knytt til lesing/språk og læringsmiljø gjev oss tilgang til forskingsbasert kunnskap, ekstern rettleiing og statlege tilskot. Dette gjer det mogleg å prioritere desse satsingsområda meir enn eigne rammer tilseier.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 35 av 72

Rådmannen legg opp til å møte skjerpa krav i norm for lærartettleik, men registrerer at dette må løysast utan tilførsel av friske midlar. Rådmannen vil følgje utviklinga i barnehage tett med tanke på bemanningsog pedagognorm.

Stor fest under opninga av Huset – ny SFO-avdeling ved Foldrøy skule. (Foto: Simon K. Sortland)

Arbeidet med å auke kvaliteten på det tverrfaglege arbeidet i møte med barn/unge/familiar som strevar held fram i 2019. Det vert jobba med tidleg intervensjon, betre foreldresamarbeid og heilskaplege/koordinerte tenestetilbod utan oppfølgingsbrot. Ut over dette blir det gjort ei rad små justeringar i verksemdene sine budsjett utan at dette skal få direkte konsekvensar for driftsnivået. Prioritering drift • Prioritere førebyggjande arbeid for barn og unge • Styrke driftskapasiteten på IT-avdelinga med ein stilling dedikert til grunnskule • Auke kompetanse og forbetre språkarbeid og leseopplæring i barnehagar og grunnskular gjennom deltaking i satsinga Språkløyper • Sikre barn og unge trygge og gode læringsmiljø gjennom deltaking i satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø • Etablere friplassordning i Bømlo kulturskule i tråd med politisk vedtak • Auke kapasiteten i skulehelsetenesta – 0,3 årsverk • Setje i verk prøveordning med mat i SFO ved 2 pilotskular • Vidareutvikle tilbodet i Bømlo symjehall • Betre tverrfagleg samarbeid gjennom implementering av BTI-modellen • Følgje opp statleg satsing på intensiv opplæring og tidleg innsats i grunnskulen • Leggje grunnlaget for eit kvalitetsløft innan skulefritidsordninga (SFO) • Greie ut kommunal ordning for redusert foreldrebetaling i SFO • Tilsetje prosjektleiar riksjubileum på Moster i 2024 knytt til innføring av Kristenretten og følgje opp hovudprosjektet med etablering av selskap, strukturar og samarbeidsfora

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 36 av 72

Prioritering investering • • • • • • • • • • • • •

Sikre eit IKT-løft i grunnskulen – auke på 3 mill. Sikre biblioteket nye og tenlege lokalar i Bømlo kulturhus – 11,4 mill. Rehabilitere Rubbestadneset skule – 12 mill. Vidareføre ramme på 6 mill. til rehabilitering skular Vidareføre ramme til fornying av leikeplassar ved skulane- 400’ Starte rehabilitering av ballbingar ved skulane – 200’ Vidareføre ramme på 2,1 mill. til læremateriell grunnskule Utvikle tilbodet ved alternativ skulearena med innkjøp av båt - 150’ Bidra til realisering av aktivitetspark i Rubbestadneset med 100’ Byggje veg frå tunnelopninga og opp til Rubbestadneset skule jf. vedtak om justering av skulekrinsgrenser – 1 mill. Gangsti Grindheim-Moster skule startløyving – 500’ Nærmiljøanlegg – 486’ Turløyper – 200’

Rådmannen legg opp til ei totalramme for hovudansvarsområde 2 for 2018 på 374 mill. Dette er ein auke på om lag 8 mill. samanlikna med inneverande år. Auken i driftsramme skuldast m.a. heilårseffekt av Bømlo symjehall, auke i tilskot til drift av private barnehagar, auka utgifter til drift av interkommunalt barnevern, m.m.

Det er ikkje funne rom for: •

Midlar til å etablere utekontakt-ordning med tanke på rusførebygging

Å auke litteraturformidlar/bibliotekar-stillinga frå 80% til 100%

Å styrke kapasiteten i vaksenopplæringa/introduksjonsprogrammet

Å auke midlar til tospråkleg fagopplæring i grunnskulen

Å auke driftsrammer til skulane

Midlar til nye tiltak retta mot ungdom med samspelsvanskar

Å setje av eigne tilskotsmidlar til frivillige lag og organisasjonar knytt til drift

Utviklingsressursar til å vidareutvikle teknologi for lokalhistorisk formidling

Å auke stillinga knytt til vokal-tilbodet i kulturskulen

Investeringsmidlar til opptrykking av nye opplag av bygdebøker

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 37 av 72

Grunnskule felles

Dette ansvaret dekker ein del fellesavtalar for skulane, mellom anna knytt til: • Etter- og vidareutdanning • Kjøp av tenester i andre kommunar (Barn i fosterheim i andre kommunar) • Læringsplattform og skuleadministrativt system • Felles avtalar knytt til kopiering, samt bruk av audio- og audiovisuelle produksjonar • Ulike IKT–program og lisensavtalar • Samarbeidsavtale med Syns- og audiopedagogisk senter • Det regionale samarbeidet innafor barnehage, skule, kulturskule og PPT (Forum for Oppvekst i Sunnhordland) • Alternativ skulearena på Alvsvåg • Andre mindre fellesoppgåver for grunnskulane • Bømlo symjehall Stabsfunksjonar og SLT-koordinator knytt til rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeid ligg også på dette ansvaret, inklusiv MOT-programmet som me har etablert på ungdomsskulane, samt «AV-og-TIL». Skulane har knappe driftsbudsjett og difor lite handlingsrom til å kjøpe materiell til praktiskestetiske fag og valfag, samt liten evne til å dekke t.d. transportkostnadar ved ulike ekskursjonar. Rådmannen har likevel ikkje funne rom i budsjettet for å styrke skulane sine driftsrammer ut over dagens nivå. Det vert lagt opp til å evaluere og utvikle kvaliteten i SFO-tilbodet, som me har ved alle barneskular. Rådmannen tek sikte på å starte ei prøveordning med gratis mat i SFO ved 2 skular og greie ut ei ordning for redusert foreldrebetaling i SFO i heile kommunen– etter modell frå barnehageområdet.

Barnehage

Rådmannen vil følgje opp implementeringa av ny rammeplan – også i 2019. Barnehagane vil delta i langsiktige satsingar på læringsmiljø og språk. I 2019 vil det bli etablert ein regional kompetanseutviklingsordning for barnehagar i heile landet. Statlege midlar gjennom denne ordninga må nyttast i tråd med kommunale satsingar. Det ser ut til at barnetalet i barnehage vil ligge om lag på dagens nivå. Kommunen må nytte statleg sats i berekning av tilskot til dei private barnehagane.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 38 av 72

Bømlo vaksenopplæring (BVO)

«Prøv oss» er oppmodinga til næringslivet frå brukarane ved Bømlo vaksenopplæring.

(Foto: Simon Knutsson Sortland)

Sjølv om kommunen ikkje buset så mange flyktningar som tidlegare vil det i 2019 framleis vere mange med rett og plikt til deltaking i introduksjonsprogrammet. Tenesta opplever at deltakarane i større grad enn tidlegare har utfordringar knytt til helse, traumer og manglande skulegang frå heimlandet. Det er svært krevjande å leggje til rette for dette. Staten har også forventningar til effektivisering, gjennomstrøyming og kartlegging/kontrollar i introduksjonsprogrammet. Både omfang og kompleksitet i arbeidsoppgåver har auka dei siste åra for BVO utan at desse er tilført ekstra ressursar. Dette ansvaret vert finansiert gjennom vanleg rammetilskot, ulike integreringstilskot og prosjektmidlar. Midlane frå rammetilskotet skal sikra vaksne sin rett til grunnskuleopplæring. Integreringstilskota skal mellom anna finansiera introduksjonsprogrammet, kor brukaren får løn.

Kulturskulen

Rådmannen vidarefører tilbodet i kulturskulen. Inneverande skuleår har kulturskulen 460 elevplassar, noko som ligg litt under fjoråret. Sjølv om det hadde vore ønskjeleg å auke stillinga på vokal, har ikkje rådmannen funne rom for dette. Brukarbetalinga vert prisjusterert i samsvar med føringane i økonomiplanen, dvs. 3%.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 39 av 72

Det er gjennom rammetimetalssaka avsett ein eigen pott til å stimulere samarbeid mellom kulturskule og grunnskule. Ei evt. vidareføring av dette vert å koma attende til ved handsaming av rammetimetalet.

Barne- og familietenesta

Dette omfattar tenestene PPT, helsestasjon, skulehelseteneste, sosialkontortenester (barn og unge), avlastningsbustad og førebyggande barne- og ungdomsarbeid. Rådmannen legg opp til ei vidare styrking av helsestasjon/skulehelsetenesta slik at kommunen samla sett er på normen når det gjeld bemanning. Å synleggjere ei vidare satsing vil gjere at kommunen er i posisjon til å framleis kunne få statleg stimuleringstilskot til dette føremålet. PPT og førebyggjande tiltaksteam representerer ein tverrfagleg stab med god kompetanse. Stillingar som til no har vore finansiert av eksterne prosjektmidlar/integreringsmidlar er no lagt i drift, men delar av drifta er finansiert av prosjektmidlar då det alltid vil vere noko utviklingsarbeid knytt til dette fagfeltet. Elles er det stort fokus på at brukarar i Bømlo skal ha eit lågterskeltilbod gjennom tiltaksteamet. Ut over dette har tenesta kapasitet til å drive foreldrerettleiing og rettleiing av tilsette i barnehage og skule. Bømlo er ein TIBIR kommune (Tidleg Innsats for Barn I Risiko) med tiltak til foreldre, helsestasjon, barnehagar og skular knytt til barn som har utfordringar i samspel med vaksne og/eller andre barn. PMTO-terapeutar, -rådgjevarar eller -konsulentar, jobbar systematisk med foreldre og tilsette i barnehagar og skular. Ramma til sosiale tenester for barn og unge vert vidareført. Dette er tenester som blir vurdert ut frå rettar i helse- og omsorgslova som støttekontakt, avlastning og omsorgsløn for barn og unge under 18 år. Ein har inneverande år hatt utviklingsarbeid knytt til meir fleksibelt tilbod i avlastningsbustaden, då den såkalla «avlastardommen» vil gje oss nokre økonomiske og innhaldsmessig utfordringar i høve avtalar om privat avlastning. Det vil difor vere heilt nødvendig å sjå på dei økonomiske rammene på denne tenesta opp mot resten av tenestene til barn og unge. Det vil og bety vurdering av auka rammer for å fylgje opp krav knytt til den nye pårøranderettleiaren gitt av departementet. Tilbodet ved avlastningsbustaden vert vidareført på same nivå som i 2018, men ein må sjå heilskapleg på økonomi i sosiale tenester opp mot eit auka tilbod i bustaden jf. «avlastardommen» og ny forskrift. På grunn av sal av avlastartenester til andre kommunar, vil inntektene og variere frå år til år og gjennom året.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 40 av 72

Barnevern

Sunnhordland interkommunale barnevern er barnevernstenesta for kommunane Stord, Bømlo og Fitjar, der Stord er vertskommune. Barnevernet skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, og sikra at dei som lever under tilhøve som kan skada helse og utvikling får nødvendig hjelp og omsorg. Brukarmedverknad, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling er særlege fokusområde. Tenesta har som målsetting at fleire barn skal få hjelp i eigen familie, at ein i mindre grad skal plassera barn akutt, og at ein har som hovudregel å ikkje nytta tiltak som medfører flytting av barn over 12 år ut av eigen heim. Budsjett for 2019 byggjer på same aktivitetsnivå som i 2018, og omfanget av tiltak er lagt inn med utgifter knytt til kjende vedtak per september 2018. Hausten 2017 vart det, etter initiativ frå Fylkesmannen, sett i gang eit prosjekt for å utreda mogleiken for ein felles akuttberedskap/barnevernvakt for alle kommunane i Hordaland. Denne barnevernsvakta skulle sikra at alle barn i fylket har tilbod om forsvarlege barneverntenester heile døgnet slik lova krev. Rapporten som oppsummerer prosjektet «Akuttberedskap for kommunalt barnevern i Hordaland» vart lagt fram i rådmannsutvalet i Hordaland den 29.5.18. Rapporten syner korleis ein kan etablera felles akuttberedskap for kommunane i fylket. Felles for dei ulike forslaga er at vakta var plassert i Bergen med Bergen kommune som vertskommune. Rådmannsutvalet i Hordaland vedtok i møte å be om at det vert greidd ut eit anna alternativ der kommunane i Sunnhordland er eige «vaktdistrikt» utan Bergen kommune som vertskommune. Når denne utgreiinga er ferdig, vil rådmannen leggja fram ei sak om organisering av barnevernvakt. Rådmannen har i budsjettet lagt inn midlar til barnevernvakt på Stord med ei kostnadsramma sett til kr 35,- per innbyggjar for hausten 2019. For Bømlo utgjer dette om lag 175.000 kr. Utgiftene til ordning med barnevernsvakt, samt administrativt påslag på driftsbudsjettet i tråd med ny avtale frå 01.01.19., forklarar auken på 0,5 mill. samanlikna med 2018.

Bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar

2018 var det første året Bømlo kommune sjølv handterte all økonomi og administrasjon knytt til tiltaket. Dette har tidlegare delvis vore gjort av barnevernstenesta. Inneverande år har to felleshus vore i drift, med tillegg av hyblar. Med bakgrunn i redusert behov for busetjing av mindreårige flyktningar legg rådmannen opp til å redusere tilbodet til eitt hus i løpet av våren 2019, og auke bruken av hyblar noko. For å sikre eit godt tilbod vil ungdommane i hyblar bli følgt opp av ein miljøarbeidar. Her vil rådmannen starta ein prosess med dei tilsette. «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 41 av 72

Kultur/idrett/barne- og ungdomsarbeid

Friviljuge lag og organisasjonar bidreg kvart år til gjennomføringa av Gøydagen for 2. klassingar. (Foto: AHG)

Bømlo kommune har svært mange aktive, frivillige lag og organisasjonar, som representerer ein viktig ressurs i folkehelsearbeidet. Nivået på aktivitetsmidlar (politisk fordeling) til kultur og idrett og midlar til Bømlo idrettsråd vert vidareført på dagens nivå. Etter at den tidlegare kulturstøtta vart fjerna, melder fleire lag/org. om behov for støtte til drift, ikkje berre aktivitet. Rådmannen har likevel ikkje funne rom for å avsette eigne midlar til dette. Budsjettet finansierer mellom anna rådgjevarstillinga på kultur og idrett og tiltak innanfor den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken. Kommunen har framleis ungdomsklubb i Bygdatunet på Langevåg, med samla 0,32 årsverk. Dette er eit tiltak som fungerer godt, med høgt belegg. Kommunen dekker ein del løns- og driftsutgifter for fritidsklubb på Moster, men denne er i frivillig regi.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 42 av 72

Bømlo folkebibliotek

I 2019 skal biblioteket flytta inn i Bømlo kulturhus. Arbeidet med å planlegge fysiske tilhøve, design og brukarvennlege løysingar er godt i gong. Det er sentralt for rådmannen å både gje biblioteket gode rammer for å utvikle seg som debatt-, kultur- og læringsarena, samstundes som kommunen skal få eit enno meir komplett kulturhus. Rådmannen vil vidareføre arbeidet med digitalisering av samlinga ved folkebiblioteket. Biblioteket driv elles ei rekkje prosjekt og tiltak både aleine og i lag med ulike lag og organisasjonar og er ein svært sentral aktør i integreringsarbeidet. Dette er delvis finansiert med eksterne midlar. Ut over dette legg rådmannen opp til å vidareføre bibliotekdrifta, med hovudbibliotek på Svortland og filialar på Langevåg, Våge og Moster. Alle desse filialane er knytt til skulane.

Bømlo symjehall

2019 vil vere det første fulle driftsåret til Bømlo symjehall, og det vil framleis vere eit stort fokus på å etablere gode rutinar for tryggleik og reinhald. Målet er å skape gode opplevingar for alle brukarar. Bømlo symjehall skal bidra til å auke kvaliteten på symje- og livredningsopplæringa i grunnskulen, stimulere aktivitet i befolkninga generelt og utvikle symjemiljøet i kommunen. I 2019 vil rådmannen vurdere å profesjonalisere tilbodet ytterlegare ved å omdisponere midlar frå skulane. I staden for at skulane sender med sine badeassistentar vert det tilsetjing av faste badevertar som kan ivareta tryggleiken for elevane i symjehallen sin regi.

Bømlo symjehall opna dørene 3. september 2018.

«…å høyre til!»

(Foto: Simon Knutsson Sortland)

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 43 av 72

Helse, sosial og omsorg

Nye lokaler for ergo- og fysyoterapitenesta i Bømlo helsehus.

(Foto: Simon Knutsson Sortland)

Målsetjing - Helse, sosial og omsorg (HSO): «Bømlo kommune skal stimulera og leggja til rette for at innbyggjarane tek ansvar for eiga helse, tek sunne val og på eigne premissar meistrar eige liv. Bømlo kommune skal tilby innbyggjarane som har behov for hjelp og bistand individuelt tilpassa og koordinerte tenester med høg kvalitet og brukarmedverknad». (jf. kommuneplan for Bømlo kommune 2012-24, samfunnsdelen) Sentrale nasjonale føringar for området helse, sosial og omsorg: •

Målretta satsing på helsefremjande og førebyggjande tiltak

Overføring av større deler av oppgåvene til kommunane

Fokus på meir heilskaplege og koordinerte tenester med vektlegging på individuelt tilpassa tenester og brukarmedverknad.

Framtidsbilde syner auke i tal eldre (på lengre sikt) og færre i arbeidsfør alder. Fordrar at me må endre samansetjing av våre tenester

Tettare samarbeid med eksterne aktørar/friviljuge

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 44 av 72

Kommunedelplan HSO og handlingsplan er i samsvar med nasjonale føringar og overordna målsetjing i kommuneplanen sin samfunnsdel. 1. Ei ny og meir aktiv brukarrolle. Individuelt tilpassa og koordinerte tenester. 2. Tettare samarbeid med eksterne aktørar. Kommunen som tilretteleggjar og koordinator. 3. Målretta utvikling av tenestetilbodet (bevisst prioritering og nytenking, meir fokus på førebygging og eigenmeistring, organisering og lokalisering) 4. Målretta satsing på rekruttering og kompetanse Handlingsplan HSO 2018/2019 synleggjer ei rekkje tiltak, som oppfølging av kommunedelplanen.

Generelt om budsjett 2019

«Kommunedelplan for helse, sosial og omsorg 2017-2027» , handlingsplan 2018/19 og tilhøyrande politiske saker er førande for val og prioriteringar i hovudansvarsområde 3 sitt budsjett for 2019. Rådmannen legg hovudsakleg opp til vidareføring av drift frå 2018. Rammene gjev grunnlag for at Bømlo kommune kan yte gode og forsvarlege tenester òg i 2019. Dette gjennom dyktige og utviklingsorienterte medarbeidarar og leiarar. Budsjettet er likevel svært stramt. Det har økonomiske risikoområder som må følgjast tett. Det er i liten grad funne «friske» midlar til nye tiltak, og difor vil det være ei særleg utfordring at nye tiltak og tilbod må skapast gjennom omstilling og evt. bruk av mellombelse prosjekt med ekstern tidsavgrensa finansiering.

Prioriterte utviklingstiltak

HSO har på bakgrunn av årlege handlingsplanar sett i gang ei rekke utviklingstiltak. Nedanfor følgjer utdrag av tiltak som pågår og vil bli vidareført, og nye som vil bli sett i verk.

Prioriterte utviklingstiltak Heimetenester Utvikla ei framtidig organisering av somatiske heimetenester, og evt. samorganisering av heimetenester og korttidsplassar. Omsorgsbustadar med tilpassa bemanning Planleggje og legge til rette for omsorgsbustadar med tilpassa bemanning på Moster og Bremnes, samt vurdere løysingar og tilpassingar Søre Bømlo. Heiltidskultur

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 45 av 72

Prioriterte utviklingstiltak Det er starta opp prosjekt heiltidskultur der Bømlo bu og helsesenter har evaluert oppstartsåret 2018. Tiltaket vert vidareført og vidareutvikla i 2019. Alle tenesteområda skal utvikle heiltidskultur. Rehabilitering/habilitering Tiltak for dagrehabilitering for yngre brukarar med funksjonsnedsetting blir vidareført og vidareutvikla i 2019. Samarbeid med eksterne aktørar Vidareutvikla samhandling i nærmiljøa, med aktiv bruk av frivillig sektor og brukarorganisasjonar. Vidareutvikla samhandling med Bømlo vidaregåande skule i tråd med inngått samarbeidsavtale. Frivilligkoordinator, friskliv, læring og meistring Økonomiske løysingar vert vurdert for finansiering av tiltaket. Sjå nedanfor. Arbeids- og aktivitetstilbod Det vil bli starta opp arbeid med ei samla vurdering av arbeids- og aktivitetstilbod for ulike brukargrupper. Dette med mål om endring/utvikling av dagens tilbod. Butilbod/institusjonsplass for personar med trong for skjerma tilbod Det skal utgreiast og arbeidast med butilbod/institusjonsplass og ressursar retta mot personar som har trong for skjerma tilbod. Vidareføring av helseteam for eldre og hukommelsesteam Helseteam for eldre vert vidareført, og skal vurderast implementert i drift innan 2019. Hukommelsesteam blir vidareført med vurdering av fagsamansetjing. Omsorgsteknologi Ta i bruk aktuell omsorgsteknologi og samstundes vurdere nærare konsekvensar, kvalitet og nytte for brukar. Fallførebygging Det er søkt om midlar til oppstart av eit forprosjekt. Plan for legetenesta Det skal gjennomførast tiltak i høve oppfølging av vedteken plan for legetenesta. Rekruttering og kompetanse Halda fram med målretta satsing på rekruttering og kompetanse gjennom vedtatt kompetanse- og rekrutteringsplan. Prioriterte tiltak i kompetanseplanen blir fulgt opp.

Institusjonsplassar - omsorgsbustader – bufellesskap

Bømlo kommune har i 2018 hatt utfordringar i høve institusjonsplassar. Det har vore sett inn ekstratiltak grunna lange ventelister. Det er pr. oktober 2018 i drift 99 plassar og i tillegg 2 ekstraplassar. Tal budsjetterte plassar til bruk i 2019 er ikkje auka. «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Basarane i Bømlo bu og helsehus er viktige sosiale treffpunkt for dei eldre.

Side 46 av 72

(Foto: Simon Knutsson Sortland)

Det er politisk vedtatt at de skal etablerast omsorgsbustader med tilpassa bemanning. Kommunen vil i 2019 arbeide med omstillingar retta mot dette nye tilbodet, samt samorganisering evt. samhandling mellom korttidsplassar og heimetenester. I tillegg er det gjennomført styrking av dagtilbodet. Rådmannen har lagt inn ei styrking på kr 1,5 mill. kr. retta mot omstillingsarbeidet. Omsorgsbustadar med tilpassa bemanning er eit nytt tilbod. Ei av målsetjingane er at kommunen då vil kunna gje fleire tilbod innanfor stramme økonomiske rammer og redusera behov for sjukeheimsplassar. Det er òg ei målsetjing at fleire skal få moglegheit å meistra eige liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad. Satsinga vil òg kunne frigjera noko midlar til ytterlegare styrking av førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Det er kome fleire innspel om behov for sosiale møteplassar for eldre m.fl. I handlingsplan for HSO er det tiltak knytt til å vurdere modellar for dagtilbod/møteplassar for vaksne med ulike helseutfordringar. Det er ikkje lagt inn økonomiske midlar til slike tiltak, men det vil bli vurdert på kva måte ein kan stimulere og legge til rette for dette, jfr. nedanfor om frivillig koordinator. I kommunedelplan HSO 2017-27 med tilhøyrande handlingsplanar er det vidare peika på behov for ein frivilligkoordinator. Det vart lagt fram forslag om å oppretta ei 100% stilling f.o.m. 01.09.18 i K-sak 11/18 med vedtak : «Det kan f.o.m. 01.01.19. opprettast ei kombinert stilling som frivillig-/frisklivs-koordinator om rådmannen finn plass til stillinga på budsjettet. Kommunestyret bed om at rådmannen viser til konkrete mål for stillinga og korleis det er tenkt at denne skal organiserast.»

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 47 av 72

Føremålet med stillinga er mellom anna å leggja til rette for og stimulera til helsefremjande møtepunkt i lokalsamfunna samt sikra god samhandling mellom frivillige og tenestene i HSO. Kommunen si rolle er tenkt til å vera koordinator og tilretteleggjar med målsetjing om å utløysa ressursar i nærmiljøet og hos frivillige. Arbeidet vil bli bygd gradvis opp i tett dialog med nærmiljøa og skal sjåast i samanheng med eksisterande dagtilbod og etablering av omsorgsbustadar med bemanning og fellesareal. Ei satsing her vil kunne utløysa eit større potensiale og auka samhandling med frivillig sektor. I tillegg vil det kunna redusera behov for helsetenester på sikt. Deler av tilbodet er òg lovpålagt. Etter helse- og omsorgstenestelova skal alle kommunar ha tilbod og yte tenester som fremjar helse og medverkar til å førebyggja sjukdom, skade eller sosiale problem. Rådmannen har pr. no ikkje funne rom for denne stillinga i budsjettframlegg for 2019. Det blir jobba med å finna løysingar for å omstilla midlar internt då dette er eit særs viktig satsingsområde i Helse-sosial-omsorg sin kommunedelplan. Eigenbetalingar Eigenbetaling for dag/ aktivitetstilbod for eldre og personar med demens: Betaling for dette tilbodet har variert. Tilbodet har òg utvikla seg mykje dei siste åra. I 2018 valte kommunen å bruka ein grunnsats på kr 80. I tillegg har brukarane betalt for frukt/saft og frukost med kr 59. Det har ikkje vore ekstra betaling for middag/kaffimat. Det har òg vore ein betalingssats for transport med kr 101 pr dag tur/retur, men etter at kommunen byrja å nytta eigne leasingbilar har det ikkje vore betaling for transport. Endringar i sats frå 2019 blir at ein betalar ein samla sum på kr 185 pr. dag. Summen inkluderer då transport, alle måltid, aktivitetar etc. Tryggleiksalarm: I KS-sak 102/18 vart endringar i leverandør og nye moglegheitar knytt til tryggleiksalarmar omtala. I saka blei det vedtatt at framlegg til eigenbetaling f.o.m. 01.01.19. blir lagt fram i rådmannen sitt budsjett. Rådmannen føreslår at pris f.o.m 2019 blir kr 284 pr. mnd. Abonnementet er då som tidlegare rekna etter sjølvkostprinsippet og inkluderer kostnadar til vedlikehald og reparasjon. Nytt f.o.m. 2019 er at satsen òg inkluderer direkte tilkopling til brannalarm og SIM-kort (tidlegare måtte abonnentane betale SIM-kort utanom). Det er òg lagt noko til administrasjon. Rådmannen finn det òg rimeleg å ta eit etableringsgebyr på kr 500 for abonnement for tryggleiksalarm. Fleire andre kommunar krev slike gebyr. Bømlo kommune har ikkje tatt etableringsgebyr før. Omsorgsteknologi er eit område i rask utvikling. Det kan difor bli behov for å fastsetja pris på anna omsorgsteknologi som blir tatt bruk i 2019. Rådmannen kjem attende til eiga politisk sak på dette.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Omsorgsbustadar med tilpassa bemanning er planlagt på Moster og Bremnes.

Side 48 av 72

(Foto: Simon Knutsson Sortland)

I tillegg ynskjer rådmannen og å ta betaling med kr 832 for installering av nøkkelboksar for personar som ikkje har tryggleiksalarm. Gebyr vil då dekke utgiftene som teknisk avdeling tar for arbeidet. Sjølve nøkkelboksen blir då finansiert av kommunen. Tiltak som er prioritert/ inneber auke i budsjettramma for HSO i 2019: •

Bufellesskap heilårsdrift: Bufellesskap som starta juni 2018 er innarbeidd med heilårsdrift for 2019.

Heiltidskultur: Rådmannen har vidareført ei styrking knytt til særskilt tiltak for heiltidskultur ved Bømlo bu og helsesenter. Heiltidskultur skal vere fokus i alle verksemder vidare.

Omstillingsmidlar: HSO vert styrka med 1,5 mill.kr. retta mot omstillingsarbeid i høve heimetenester, dagtilbod og institusjonsplassar.

IDA-senger og ØH-senger: Etablert tilbod for IDA-senger ved Sunnhordland interkommunale legevakt IKS har vore underbudsjettert. Budsjettet er no styrka og det er lagt inn faktiske kostnadar for Bømlo kommune i 2019.

Utviklingstiltak og prosjekt. HSO har ulike utviklingstiltak og prosjekt som i all hovudsak er dekka av eksterne prosjektmidlar. Tiltaka krev likevel noko grad av eigenfinansiering som blir dekka innanfor drifta.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 49 av 72

Investeringar HSO Utfordringsområder i budsjett 2019 Budsjett for Helse, sosial og omsorg er stramt. Dette inneber at seksjonen aktivt må arbeide med omstilling og prioritering for å møta økonomiske utfordringar. Det er òg fleire ønska tiltak rådmannen ikkje har funne rom for i budsjettet. Nokre satsingsområder det ikkje er funne rom for i budsjettet. • Psykisk helse: Det har vore vesentleg vekst i tal brukarar. Det er ikkje funne rom for ønska styrking av tenesta. • Miljøarbeidar flyktning Stillinga har vore i drift siste 2 ½ år og har ansvar for oppfølging av flyktningar med vesentlege helseutfordring på tvers av tenester. Stillinga er ikkje innarbeida som fast stilling 2019 • Ergo-/fysioterapitenesta: Tenesta har hatt auke i oppgåver m.a. knytt til fleire førebyggjande tiltak. Nokre tiltak har hatt ekstern finansiering. Det er i 2019 ikkje funne rom for å ressursar og det blir utfordrande å oppretthalde nokre tiltak på ønska nivå. • Institusjonane og heimetenester: Det har vore vesentleg press på institusjonsplassar 2018. Budsjett er styrka for omstillingstiltak, men ein må forvente press på institusjonsplassar òg i 2019. • Psykolog: Ein har ikkje funne midlar til å finansiere stilling som psykolog. • Fellesområdet: Det er lagt inn innsparingstiltak som vil redusere handlingsrom m.o.t. å søkje på og delta i utviklingsprosjekt.

«…å høyre til!»

I investeringsbudsjett 2019 er det lagt inn midlar til fylgjande tiltak: • Omsorgsbustader med tilpassa bemanning på Moster og Svortland. Rådmannen har løysing for planleggingsmidlar i 2018 og for bygging Moster i 2020 og 2021. Kostnadar for ombygging i sokkel ved BBH må avklarast nærare med Bømlo kommunale eigedomsselskap AS som eig lokala. • Det er budsjettert for bygging av 3 omsorgsbustadar i tilslutnad til Haugen burettslag. Kommunen eig planert tomt. • Det er løyvd midlar i 2019 for planlegging/mulighetsstudie for nye lokale til dagtilbod. Gjeld personar med utviklingshemming og evt. psykisk helse/rus m.fl. Gjennomføring 2021. • Det er løyvd midlar i 2019 for planlegging nytt bygg for psykisk helse. Gjennomføring 2020. • Midlar til kjøp av ein leilighet i Lambhusdalen (Rubbestadneset) som skal nyttast for personabase samt fellesareal for brukarar. • Rådmannen har sett av kr 750.000 til fornying av ustyr/velferdsteknologi/IT i tenestene. Bygging/ombygging av omsorgsbustadar vil hovudsakleg bli finansiert av tilskot/ lån i Husbanken og framtidige leigeinntekter.

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 50 av 72

Tekniske tenester

Kommunen har auka sin bygningsmasse med nye Bremnes ungdomsskule og Bømlo symjehall.

(Foto: Simon K. Sortland)

Reinhald

Området blir i dag styrt i høve kontrakt med Elite Service Partner AS. Budsjetterte utgifter til reinhald er auka til 7,8 mill. kr. Reinhald på institusjonar inngår ikkje i denne kontrakten.

Forsikring

Alle forsikringar har vore ute på anbod i regi av Waco forsikringsmekling. Det er venta auke i forsikringane og budsjettsummen er auka for å ta høgde for dette og ligg på 1,3 mill.kr i 2019.

Energi

Bømlo kommune har framleis samarbeid med «LOS AS» for straumleveranse. Effektiv styring av varme- og ventilasjonsanlegg har medført mindre straumforbruk dei seinare åra. Teknisk avdeling jobbar vidare for økonomisk bruk av energi. Det er i budsjettet avsett 8 mill. kroner til straumkjøp i 2019 for Bømlo kommune og 300.000 kroner til Bømlo Kulturhus.

Bygningsvedlikehald

Kommunen driftar no ein bygningsmasse på 60 444 m². Det er utarbeidd ein overordna drifts- og vedlikehaldsstrategi for kommunale bygg. Målet med dette er førebygging. Driftsavdelinga har utvikla gode samarbeidsrutinar og fått utført mykje godt vedlikehald på dei kommunale bygga og institusjonane. «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 51 av 72

Frå mars 2018 vart den nye ungdomsskulen og Bømlo symjehall teke i bruk. Etter kontinuerleg vedlikehald av gamle bygg og anlegg skulle behovet minka men likevel er det mange anlegg som treng vedlikehald og utskifting grunna alder. Nokre skular har ikkje tilstrekkelege gode ventilasjonsanlegg. Utfordringa er å gjennomføra naudsynt vedlikehald med dei midlane som vert stilt til rådvelde. Bygningsvedlikehald har om lag 1,1 mill.kr. i faste kostnader for lovpålagde oppgåver og vedlikehaldsavtalar som vert trekt frå driftsbudsjettet. For 2019 er budsjettet auka opp til 12,2 mill.kr. Avtale med BKE om leige av driftspersonell vert oppretthalden, men er nytta i langt mindre omfang enn tidlegare.

Grønt og samferdsel

Område grønt og samferdsel fungerer godt og effektivt. Kommunen får utført mykje godt arbeid både med rutineoppgåver og prosjekt. Vedlikehaldet som blir utført langs vegnettet er omfattande og stort. Kommunen vil på sikt bli tilført mange kilometer veg til vedlikehald som følge av nye vegar i «Bømlopakken», fylkesvegar vert nedklassifisert til kommunale vegar samt overtaking av vegar i private bustadfelt. Teknisk drift har utarbeida vegnorm for Bømlo kommune som vert lagt til grunn for planlegging og overtaking av kommunale vegar og uteanlegg. Auka nedbør gjev nye utfordringar i høve problem med overvatn og vatn frå takrenner som kjem frå dei kommunale bygga. Avdelinga slit etter kvart med eldre utstyr og trongen for nytt utstyr er stort. Etterslepet på vedlikehald av kommunale vegar og anlegg er stort og med dei driftsmidlane som avdelinga årleg disponerer vert det vanskeleg å førebyggja og halda vegane i ein forsvarleg stand. Svært mange vegar skal ha nytt asfaltdekke, men grunna lite investeringsmidlar vert det berre lapping og mindre vedlikehaldstiltak. Ramma vert i 2019 auka med 1,1 mill. til 9,6 mill.kr. For å auka kvaliteten på tenesta og for planlegging av regelmessig og kontinuerleg vedlikehald av kommunale vegar og uteanlegg vart det tilsett ein vegingeniør i 2018. Likevel - med aukande vegnett og krav til vegvedlikehaldet må driftsavdelinga bli tilført meir ressursar. I 2018 vart det investert i ein ny traktor med tilhengar og alt naudsynleg utstyr som dekker ein del av behovet for utstyr. Likevel er det ei utfordring å få på plass nok maskinar og utstyr for kvalifisert vegvedlikehald. Det er alltid ei utfordring med vintervedlikehald grunna at færre bønder ynskjer å binda seg til beredskap med vintervedlikehaldet. Mange kommunale bruer og kaiar er i dårleg forfatning. I 2018 vart det utført tilstandskontroll på desse. Store manglar og behovet for vedlikehald er stort. Tilstanden på mange av dei er ikkje tilfredsstillande. Det er sett av 1,2 mill. kr. til utbetring av kaiar i 2019. «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 52 av 72

Investeringsprosjekt - drift

Trafikksikring er viktig med tanke på å førebyggja ulukker. I budsjettet for 2018 vart det lagt opp til auke både for trafikksikringstiltak og meir midlar til vegljos. Dette vert vidareført også i 2019. For 2019 er det lagt inn 3,5 mill. kr. for rehabilitering av kommunale bygg. Det vert også lagt inn kr. 5 mill. kr. for rehabilitering og oppgradering av kommunale vegar og uteanlegg. Det vert sett av midlar for kjøp av ny lastebil med naudsynleg eigna utstyr på 3,9 mill.kr. For auka beredskap er det sett av 1mill. kr. i 2019.

Møte med Trygg Trafikk sin maskot Lyset under opninga av ny Røyksund bru. (Foto: Simon Knutsson Sortland)

Arealbruk

Området arealbruk omhandlar følgjande tenesteområde: • plansakbehandling • bygg- og delingsbehandling • kart og oppmåling • kommuneplan • eigedomsskatt • utsleppssaker • seksjonering • tilsyn Sjølvkostområda skal etter lova gå i balanse innanfor ein tidsperiode på 2-5 år. Det vil seie at kommunen har lov til å subsidiere områda, men ikkje lov til å ha høgare gebyrinntekter enn dei faktiske kostnadane. I praksis betyr det at eventuelt overskot ved sjølvkostområda som har underskot frå tidlegare år, ikkje vil bli sett av på fond, men inngå i kommunen sitt samla resultat. Tenestene skal finansierast 100% gjennom sjølvkostprinsippet. Sjølvkostområde

Akkumulert underskot pr. utgangen av 2017

Teneste plansaksbehandling (3010)

-4 493 000

Teneste bygg- og delingsbehandling (3020)

-3 250 000

Teneste kart og oppmåling (3030)

-2 229 000

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 53 av 72

Det er særleg sjølvkostområda plansak og byggjesak som har avvik på inntektssida. For byggjesak skuldast dette færre saker til behandling. Dette heng saman med endringar i plan- og bygningslova 2015 som seier at mindre tiltak ikkje lenger treng byggjemeldast, og som kommunen ikkje kan ta gebyr for. Planavdelinga har framleis underskot på tenesteområdet sitt. Grunna «Bømlopakken» har planavdelinga over mange år behandla fleire planar for offentlege veganlegg. Sakshandsaminga knytt til dette gjev ikkje gebyrinntekter til kommunen. Ein må difor rekna med at denne tendensen vil fortsetje. Inntekter knytt til tenesteområde 3010 er kun gebyrinntekter frå handsaming av private reguleringsplanar. Bømlo kommune har avtalt med Statens vegvesen at det vert sett av ein budsjettsum til saksbehandling av alle planprosjekta i «Bømlopakken» slik det er gjort for fleire andre vegpakkar i distriktet. Dette vert vidareført 2019. Det har for 3. kvartal 2018 vore registrert ein nedgang i talet på handsama byggjesøknader på om lag 21,8%. Nedgangen har i hovudsak vore det siste kvartalet. I samband med endringane i Plan- og bygningslova som trådde i kraft den 01.07.15 har det vore forventa ein generell nedgang i høve saker som gjeld mindre tiltak. Delvis må også nedgangen skuldast dei generelle tidene i marknaden. Denne tendensen må ein rekne med vil fortsetje utover i 2019 og såleis slå ut negativt på gebyrinntektene for tenesteområde (3020) neste år. Trass i dette har avdelinga framleis eit stort aktivitetsnivå og press på å få unna sakene. Dette delvis grunna skjerpa tidsfristar i saksbehandlinga og at dei stadige endringane i lovverket gjer at sakshandsaminga vert stadig meir krevjande. I tillegg er informasjonsbehovet ut til innbyggjarane stort. Det medfører bortfall av gebyr og tap av gebyrinntekter dersom tidsfristane fastsett i plan- og bygningslova ikkje vert haldne. Nivået på gebyra ligg på gjennomsnittsnivå i høve andre kommunar. I budsjettet vert det med bakgrunn i ovannemnde lagt opp til ei auke i gebyrregulativet for 2019 på 2,8%. Tenesteområdet 3011 kommuneplan er ikkje ein del av sjølvkostområdet og vert finansiert via det ordinære budsjettet. Regjeringa har fastsett nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging. Målet er å gjera planlegginga meir målretta og sikra at viktige nasjonale interesser blir ivareteke. Dette er område som spenner frå klima og natur til samferdsel, næringsliv og oppvekstvilkår. Dei nasjonale forventningane skal følgjast opp i regionale og kommunale planstrategiar. Kommunen har utarbeidd slik planstrategi. I 2016 vart ny planstrategi vedteken som gjeld for perioden fram til nytt kommunestyreval. Kommunen har tilsett ein ny samfunnsplanleggjar frå 01.08.2017 og arbeid med ny kommuneplan er starta opp. Her må det setjast av midlar til leige av eksterne konsulentar i høve til nytt kommuneplankart og konsekvensutgreiing i høve innspel til arealarealdelen. For landbruks- og miljøavdelinga er det ikkje store endringar i høve til i år. Ein del av lønnsutgiftene er ført på arealbruk. Dette er gjort for at sjølvkostrekneskapet skal verta så rett som mogleg.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 54 av 72

Tiltak Miljø - vassprøvetaking på badeplassane vil bli prioritert. Det same vil tiltak for å betra Hollundsbekken som gytebekk. Mjølkekvotar - tilskot til bønder som kjøper mjølkekvotar. Vidarefører ordninga med kr. 1,- pr. liter i 2019. I 2017 vart det ikkje kjøpt mjølkekvote i Bømlo. Veterinærvaktene - kommunalt ansvar. Staten refunderer kommunane sine utgifter fullt ut. Bømlo administrerer ordninga som ei felles vaktordning for Bømlo, Austevoll, Stord og Fitjar. Friluftsrådet Vest – kontingenten er i 2019 på kr. 22,81 pr. innbyggjar. Den er i 2019 auka med kr. 60 000 i samsvar med vedtak i kommunestyret. Skotpremie på mink – uendra på 150 kr i budsjettframlegget for 2019

Beløp 42 000 10 900 805 000 273 000 24 000

Brann og redning På området Brann og redning er det for tida 5 heile stillingar, samt at det er 41 deltidsstillingar knytt til beredskapen. Etter innføring av nytt naudnett har brannvernet lagt om beredskapsordninga si. Dette har vore gjort for å tilpassa beredskapen til nye tekniske system, samt med føremål om å halde utgiftene på eit lågast mogleg nivå. I mai 2018 vart vaktlaga utvida med ein person. Etter ei evaluering ser me at dette har vore kostnadseffektivt og positivt for beredskapen då det i praksis er færre som rykkjer ut kvar gong. Me stettar no også krava til samansetjing av vaktlag. For å styrka det førebyggjande arbeidet vurderer rådmannen om han skal tilrå deltaking i Vest Brann og Redning. Dette vert fremja i eiga sak. Tiltak

Brannstasjon

Kommentar I gjeldande økonomiplan er det avsett midlar til å byggja ny brannstasjon i 2018/2019. For å klare å gjennomføre dette på ein god måte bør ei plassering avklarast snarleg. Det er allereie sett av planleggingsmidlar og arbeidet med å dimensjonere ein ny brannstasjon er i gong. Rådmannen legg opp til å få avklart lokalisering av ny brannstasjon i løpet av 1. kvartal 2019 og varslar eiga sak om dette.

Oljevern

Bømlo kommune er særs utsett for eventuelle oljeutslepp til havs. Brannvernet har difor opp gjennom åra bygd opp ein beredskap for slike høve. Me må dei næraste åra gradere opp og skifte ut ein del av dette utstyret.

Redningsbil

Ny redningsbil til brannvernet vert levert i slutten av 2018. Dette er ein bil som blir viktig i brannvernet sin beredskap. Dette har samanheng med endring i brannvernet sine oppgåver til å bli retta meir mot ulike typar redningsoppdrag. Denne investeringa vil også betra arbeidsmiljøet til brannmannskapa.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 55 av 72

Kyrkjelege føremål

Gudsteneste i Bremnes kyrkje. (Foto: Simon Knutsson Sortland)

Bømlo 2015

Bømlo 2016

Bømlo 2017

39

44

43

63

44

672

674

670

612

680

Medlem av Dnk i prosent av tal innbyggjarar

81,2 %

80,6 %

80,2 %

70,5 %

80,0

Døypte i prosent av antall fødte**

95,3 %

78,7%

79,0%

58,9 %

69,6 %

Konfirmerte i prosent av 15-åringar

77,2 %

79,6 %

76,3 %

61,2 %

71,9

Netto driftsutgifter til andre religiøse føremål pr. innbyggjar i kroner * Netto driftsutgifter, kyrkje, pr. innbyggjar*

Landet utan Oslo

Kostragruppe 11

*beløp er prisjustert til 2017 nivå. ** Dåpstal f.o.m 2016 viser totalt tal døypte i soknet og kan ikkje samanliknast med tidlegare indikator.

Budsjettet på dette rammeområdet omfattar overføring til kyrkjeleg fellesråd med kr. 8 362 000 inkl. verdsetjing av tenestekjøp og husleige frå kommunen med kr. 275 000. Direkte overføring utgjer kr. 8 087 000. Samla er dette ein auke i ramma på 2,6%. Dette er i samsvar med kyrkja sitt framlegg til langtidsbudsjett, som er avklart med rådmannen. Tilskot til andre trudomssamfunn er budsjettert med 544 000 kr. (auke på 2,5%). Kommunen har sett av kr. 6 000 000 til investeringar kyrkjeleg føremål i 2019. Dette er i samsvar med økonomiplanen for 2018-2021. Det er tre hovudprioriteringar i 2019, m.a startløyving til orgel i Moster kyrkje. Investeringar prioriterte kyrkjelege føremål

Beløp

Planlegging av oppfylling av felt D på Lykling

2 000 000

Planlegging og oppgradering Bømlo kyrkje

3 500 000

Planlegging og bygging orgel Moster kyrkje

500 000

SUM

«…å høyre til!»

6 000 000

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 56 av 72

Ikkje fordelt/ tilleggsløyving/ premieavvik Pensjon, premieavvik

Bømlo kommune har følgjande kollektiv tenestepensjonsordning for sine tilsette: • KLP for sjukepleiarar (Kommunal landspensjonskasse) • KLP for andre kommunalt tilsette • KLP for folkevalde • SPK for lærarar (Statens Pensjonskasse) Pensjonspremie (det kommunen faktisk betalar og som dermed reduserer kommunen sin likviditet) er dei innbetalingane som er naudsynte for at dei til ei kvar tid påløpne pensjonsrettar skal vere fullfinansiert. Pensjonspremien er budsjettert på verksemdene. Pensjonskostnad (rekneskapsført kostnad) er noverdien av berekna samla framtidig pensjonsopptening. Denne berekninga byggjer på økonomiske og aktuarmessige føresetnader der det mellom anna er teke omsyn til venta avkastning på pensjonsmidlar, lønsutvikling og demografiske endringar. Dersom pensjonsutgiftene er høgare enn pensjonskostnadene oppstår eit positivt premieavvik som blir budsjettert under dette ansvarsområdet. Eit positivt premieavvik påverkar budsjettet med ei inntekt som ikkje inneber pengeoverføring, og som følgjeleg vil belasta kommunen sin likviditet. Premieavviket skal etter gjeldande reglar utgiftsførast (amortiserast) over dei neste 7 åra. Premieavvik og utgiftsføring av amortisert premieavvik For 2019 er premieavviket positivt og berekna til 24 mill. kr. inkl. arbeidsgjevaravgift. Etter gjeldande reglar skal dette premieavviket utgiftsførast over dei neste 7 åra (amortisering) med 3,43 mill. kr. med verknad frå 2020. Det er venta store svingingar i pensjonspremien i åra som kjem (2020–2022), mens pensjonskostnaden er relativ stabil. Dermed vil me få store positive premieavvik i åra framover. Dette gir følgjande utvikling i premieavviket inkl. arbeidsgjevaravgift:

Premieavvik inkl. arbgj.avgift

«…å høyre til!»

2019 23 992

2020 32 358

2021 30 743

2022 32 800

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 57 av 72

Amortisering av premieavvik Dei store premeieavvika medfører ein kraftig auke i amortiseringa(utgiftsføringa) av premieavviket. Denne aukar frå 5,2 mill. kr i 2018 til 16,9 mil. kr i 2022. Ved utgangen av 2018 vil kommunen ha eit premieavvik på 33,7 mill. kr. Denne summen har redusert kommunen sin likviditet med tilsvarande sum og denne summen skal budsjetterast som kostnad i dei komande 15/10/7 åra. I tabellen under går det fram kor stor den årlege utgiftsføringa av tidlegare års premieavvik vert: 2019 Amortisering premieavvik

2020

6 793

2021

9 966

14 319

2022 16 860

Oppsummering

Pensjonskostnadene sin innverknad på likviditeten går fram av tabellen under der ein ser netto premieavvik minus årleg redusering av premieavvika frå tidlegare år opp mot fondsavsetjing. Ideelt sett meiner rådmannen at budsjettert nettoinntekter frå premieavviket skulle vore sett av på fond, for slik å ha midlar til å dekke utgifta som positivt premieavvik genererer i åra framover. Dette målet er ikkje oppnådd i denne økonomiplanperioden. 2019

2020

2021

2022

Premieavvik inntekt

23 992

32 358

30 743

32 800

Amortisering utgift

6 793

9 966

14 319

16 860

17 199 -3 905

22 392 11 721

16 424 3 690

15 940 9 142

- 21 104

-10 671

-12 734

- 6 798

Netto Budsjettert netto fondsavsetning Endring i likviditet

I budsjettframlegget har ein ikkje budsjettert med stort nok netto driftsresultat, dermed vert likviditeten svekka. Heile premieavviket burde vore sett av på fond for slik å ha midlar til å dekke utgiftene som positivt premieavvik genererer i åra framover.

Avsetjing løn

Lønsavsetjing vedkomande lønsforhandlingar i 2019 Statsbudsjettet har estimert lønsveksten til 3,25%, SSB til 3%. Det er eit overheng frå 2018 på 0,6% samt at lønnsglidinga er berekna til 0,2%. Det er budsjettert med eit datolønnstillegg pr 1. mai på 3%. I tillegg er overhenget fullt ut budsjettert. Samla er det sett av 10 mill. kr. på lønsavsetjingsposten for 2019.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 58 av 72

Økonomiske føresetnader Under dette ansvarsområdet vert skatteinntekter, statleg rammetilskot, andre statlege overføringar (inntekter frå havbruksfondet), inntekter for mottak av flyktningar, netto finansutgifter og inntekter budsjettert.

Frie inntekter

Frie inntekter består av rammetilskot, skatteinntekter, momskompensasjon og andre ikkje øyremerka statlege tilskot som inntekter frå havbruksfondet og inntekter for mottak og integrering av flyktningar. Regjeringa reknar i framlegget til statsbudsjett med ein nominell skatteauke frå 2018 til 2019 på 1,8 prosent. Dette byggjer mellom anna på ein pårekna sysselsetjingsvekst på 1,1 prosent og lønsvekst på 3,25 prosent. Det er i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett lagt opp til at det kommunale skatteøyret blir 11,55, ein reduksjon frå 11,8 prosent i 2018. Skattedelen av kommunane sine inntekter skal framleis vera 40 prosent av dei frie inntektene. Den samla kostnadsveksten (deflatoren) som er lagt til grunn i regjeringa sitt budsjettforslag er 2,8 prosent. Lønsveksten tel om lag 2/3 og er rekna til 3,25 prosent. Venta prisvekst er 1,8 prosent. Deflatoren vert nytta til justering av rammetilskot og øyremerka tilskot. Budsjettframlegget byggjer på kommunen sin skatteinngang i 2017, samt utviklinga i 2018. Enkeltelementa i frie inntekter (skatt og rammetilskot), 1000 kr

2018

2019

2020

2021

2022

Innbyggjartilskot

281 746

294 984

299 525

303 564

307 415

Utgiftsutjamning

38 263

40 985

41 330

41 641

41 939

964

-635

0

0

0

Særskilt fordeling

2 358

2 710

2 710

2 296

2 296

Ordinære skjønsmidlar

8 800

7 900

7 000

6 200

5 500

332 281

345 944

350 565

353 701

357 150

17 475

17 350

10 636

12 759

14 887

Sum rammetilskot

349 631

356 580

363 324

368 588

374 169

Skatt på inntekt og formue, vårt anslag

324 068

340 929

339 589

338 241

336 886

Sum frie inntekter, avrunda, ekskl. eigedomsskatt

673 700

697 500

702 900

706 800

711 100

1,5

3,5

0,8

0,6

0,6

Overgangs- og nyordningar (INGAR)

Revidert nasjonalbudsjett 2018 Sum rammetilskot ekskl. inntektsutjamning Netto inntektsutjamning

Endring i dei frie inntektene

150

Inntektssystemet vart lagt om frå og med 2017. Dette førte til relativ stor reduksjon i kommunen sine rammeoverføringar frå staten. Samla fekk kommunen redusert rammene sine med 12,9 mill. kr. Frå og med 2019 har dette full effekt då overgangsordninga med kompensasjon gjennom inntektsgarantisystemet er over.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 59 av 72

Samla frie inntekter er budsjettert med ein nominell vekst på 3,5% og med ein venta pris – og lønsvekst på 2,8% i 2019 har kommunen budsjettert med ein liten realauke i dei frie inntektene frå 2018 til 2019.

Rammetilskotet

Rammetilskotet for Bømlo kommune er på bakgrunn av statsbudsjettet rekna til å bli 345,9 mill. kroner inkl. skjønsmidlar frå Fylkesmannen på 7,9 mill. kr. Dette er ein auke på 13,6 mill. kroner. I føresetnadane til statsbudsjettet så er deler av veksten grunngitt med 3 satsingar. Dette utgjer 500 mill. kr. av veksten og for kommunen utgjer desse satsingane 1 1 mill. kr. av realveksten i rammetilskotet, sjå tabell under. Tal i heile 1000

Landet

Bømlo

Tidleg innsats skule

200 000

538

Opptrappingsplan rusfeltet

200 000

339

Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering

100 000

235

Sum satsingar som er dekka av statsbudsjettet

500 000

1 112

Tabellen under viser endringar i rammetilskotet knytt til oppgåveendringar/nye tiltak/endring i finansiering. Tal i heile 1000 kr Utskrivingsklare pasientar psykisk helsevern og TSB

428

Justering takstoppgjer leger

231

Gratis kjernetid barnehage for 2 åringar 01.08.2019

106

Auka inntektsgrense gratis kjernetid i barnehage årsverknad 2019

109

Auka makspris foreldrebetaling

-203

Auke i elevtal private skular

-239

Justering frivillighetssentral

-13

Innlemming bustadsosiale tilskot

57

Helsestasjon/skulehelseteneste

7

Sum korrigering av inntektsramma

483

Skatt

Skatteinntektene for Bømlo kommune er rekna til å bli 340 mill. kroner i 2019. Dette er ein auke på 16 mill. kr. i høve til budsjettert skatteinngang 2018. Kommunen har dei to siste åra hatt ein sterk reduksjon i skatteinntektene sine, noko som heng saman med den såkalla oljekrisa som ramma Vestlandet. Gjennomsnittleg skatt og inntektsutjamnande tilskot dei siste ti åra har vore på 96% av landsgjennomsnittet. I budsjettframlegget har rådmannen lagt til «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 60 av 72

grunn at skatt og inntektsutjamning igjen skal komme opp på landsgjennomsnittet, Dette krev ein sterkare skattevekst lokalt enn det den er på landsbasis. Grunnen til at ein vel å budsjettere med dette er at ein ser at arbeidsmarknaden er i betring og at det er grunn for å tru at inntektene igjen vil nærme seg gjennomsnittet for dei siste 10 åra. Kommunen har budsjettert med ei avsetjing til disposisjonsfondet på 8 mill . kr. som vil vere ein buffer mot sviktande skatteinntekter.

Eigedomsskatt

Rådmannen viser til vedtak om eigedomsskatt i budsjett for 2009. Eigedomsskatten vart auka med 2 promille i 2014 slik at den no er på 4 promille. I 2019 vert satsen endra til 3,7 promille. Dette året skal eigedommane verdsetjast på nytt. Rådmannen legg til grunn kontormessig justering av satsane på eigedomsmassen med 10% for kvart av åra 2019, 2020 og 2021.

Andre inntekter Havbruksfondet Kommunen mottek 33,6 mill. kr. frå Havbruksfondet i 2018. For 2019 er det signalisert ei utbetaling på omlag 4 mill. kr. som er lagt inn i budsjettet. Vidare er det rekna med utbetaling frå Havbruksfondet med 15 mill.kr. i 2020 og 2022 og 6 mill. kr. i 2021. Det er sett ned eit statleg utval som skal greie ut skattleggjing av havbruksnæringa. Resultatet av dette arbeidet vil kunne påverke kommunen sine inntekter frå 2020. Ressurskrevjande tenester Ordninga med øyremerka tilskot for ressurskrevjande tenester gjeld for tenestemottakarar til og med det året dei fyller 67 år. Forslag til statsbudsjett legg opp til følgjande for 2018: Kompensasjonsgraden blir vidareført med 80 prosent av netto lønsutgifter ut over innslagsnivået. Innslagspunktet for kompensasjon er auka frå kr 1 235 000 til kr 1 320 000 kr. for netto utgifter i 2018. Innslagspunktet er løns- og prisjustert og auka med 50 000 kr. utover det for tredje år på rad. Kommunen har budsjettert med 23 brukarar i 2019 som samla vil gje eit tilskot på 30,8 mill. kr. Innslagspunktet for kompensasjon er justert for lønsvekst med 2,8 prosent for netto utgifter i 2018 og 3,25% for 2019. Nivået på tilskotet er vidareført i planperioden. Inntekter og utgifter knytt til ressurskrevjande brukarar er budsjettert på seksjon 3 helse sosial og omsorg. Busetjing av flyktningar Kommunen har budsjettert med eit integreringstilskot på 32,1 mill. kr. for 2019. Tilskotet er justert i samsvar med forslag til nye satsar i statsbudsjettet. Det er varsla kraftig nedgang i «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 61 av 72

tal busetjingar. I budsjettet for 2018 er det lagt til grunn busetjing av 33 flyktningar medrekna eventuell familiesameining. Talet er usikkert. Kommunen har vedteke å ta imot 30. Ved busetjing av flyktningar mottek kommunen 808 100 kr. for einslege vaksne og 761 600 kr. for andre vaksne, einslege mindreårige og barn som vert busett. Auke i tilskotet er på hhv. 0,5% og 1%. Dette er vesentleg mindre enn prisstigninga og utgjer omlag 0,6 mill. kr. i mindreinntekt. Integreringstilskotet vert utbetalt over 5 år. Ein kan og få barnehagetilskot, særskilt tilskot til einslege mindreårige, eldretilskot og ekstra tilskot til personar med kjende funksjonshemmingar. Det er budsjettert med 4 mill. kr. i slike tilskot . Det er lagt opp til full drift av bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar fram til 01.05.2019. Deretter vert tal bustader redusert med 1. Det er budsjettert med 17 mindreårige som til saman gir eit statstilskot på 13,7 mill. kr. Her er statstilskotet redusert med kr 14 000 pr. einsleg mindreårig over 17 år og 25 000 kr. for dei under 17. Kommunen tapar omlag 0,6 mill. kr. på at desse satsane ikkje vert prisjustert. Inntektene er budsjettert sentralt. Utgiftene som kommunen har til introduksjonsordning, vaksenopplæring, helsetenester, mottak, drift av bufellesskap mm er budsjettert på verksemdene ute på seksjonane.

Finanspostane

Gjeldsutviklinga i økonomiplanen går fram av tabellen under: B2018

B2019

B2020

B2021

B2022

Lånesaldo 31.12

859 506

890 140

929 187

959 190

970 759

Startlån Netto lånegjeld i % av driftsinntektene

90 291 769 215 87,80 %

99 291 790 849 86,40 %

104 291 824 896 89,45 %

109 291 849 899 93,20 %

114 291 856 468 93,62 %

Kommunen er no ferdig med dei store investeringane og lånegjelda vil derfor stabilisere seg sett i høve til netto driftsinntekter. Kommunen har lagt deler av gjelda si i to kommunale aksjeselskap. Dette fører til at kommunen kjem betre ut i kommunesamanlikningar når det gjeld gjeldsnivå enn kva som er den reelle situasjonen kommunen er i. Fram til i dag har begge selskapa betjent gjelda si, men det er verdt å merka seg at BKE AS har avdragsfridom på eit stort lån fram til 2024, frå og med dette året aukar avdraga . Det høge gjeldsnivået inneber risiko for kommunen sin økonomi. Dersom renta skulle auke frå det låge nivået som me har i dag så vil kommunen få vesentleg høgare renteutgifter enn kva tilfellet er framover. Pr. i dag er 70% av lånegjelda sikra med fast rente. Ein stor del av fastrenteavtalane vil gå ut dei næraste åra.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 62 av 72

Renteføresetnader

Ved årsskiftet 2018/2019 er det venta at kommunen si samla brutto lånegjeld (utanom gjelda i dotterselskap) vil utgjere 859 mill. kroner. Delen lån med flytande rente vil liggja på 50% neste år. Frå 2020 vil delen fastrentelån falle kraftig utover i perioden dersom ikkje nye rentebindingar vert gjennomført. I økonomiplanperioden er det lagt til grunn ei flytande rente i samsvar med 3 mnd. forwardrente med eit margintillegg på 0,60%. Det er venta at renta vil stige frå 1,14% i dag til 1,81% i 2022. Fast rente vert budsjettert utifrå gjeldande avtalar. Dette gir følgjande budsjettert rente: År Renteanslag

2019 2,30 %

2020 2,50 %

2021 2,70 %

2022 2,70 %

Avdrag

Kommunestyret har vedteke at avdrag skal nedbetalast i samsvar med minimumsavdrag. Gjennomsnittleg avdragstid i perioden er 32 år i 2019 og 30 år i 2020 - 2022.

Renteinntekter

For berekning av renteinntekter er det lagt til grunn eit snitt inneståande på 80 mill. kroner og 2,0% rente. I tillegg har kommunen andre renteinntekter 0,1 mill. kr og utbytte 0,1 mill. kr. Renta på startlån er stipulert til om lag 1,8 mill. kroner i 2019 og aukande utover i perioden.

Likviditetsreserve/kassakreditt

Kommunen sin likviditet har blitt styrka dei siste åra. Likviditeten vil likevel svekke seg noko då budsjettert resultat for åra 2019–2022 er saldert med bruk av premieavvik på samla 28,7 mill. kr. utover fondsavsetjing. Kommunen sine netto finanskostnader går fram av tabellen nedanfor Netto finanskostnader

B2019

B2020

B2021

B2022

Inngåande lånegjeld

859 506

890 140

929 187

959 190

Nye låneopptak i året:

59 022

64 550

55 720

41 420

Låneavdrag i driftsbudsjettet

23 948

26 233

27 367

28 201

5 000

5 000

5 000

5 000

28 948

31 233

32 367

33 201

890 140

929 187

959 190

970 759

Avdrag i investeringsbudsjettet Sum avdrag Utgåande lånegjeld «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Netto finanskostnader

B2019

Sum rentekostnader

Side 63 av 72

B2020

B2021

B2022

20 454

23 159

26 050

26 700

Renteinntekter

2 091

2 191

2 291

2 391

Renteinntekter startlån

1 786

2 184

2 503

2 732

Sum renteinntekter

3 877

4 375

4 794

5 123

Sum netto finanskostnader

40 625

45 116

48 724

49 887

Føresetnad om at gjennomsn.rente på lån i planperioden er:

2,30 %

2,50 %

2,70 %

2,70 %

32

30

30

30

Nedbetalingstid på langsiktig gjeld

Føresetnad om at låneopptaket i året vert teke opp pr. 30.06, dvs rentebelastning på nye låneopptak 1/2 år i opptaksåret. Avdrag vert betalt i desember.

Rente- og avdragskompensasjon

Kommunen får rente- og avdragskompensasjon for omsorgsbustadar og institusjonsplassar, rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg og rentekompensasjon for investeringar i kyrkjebygg. Det er budsjettert med totalt 2,5 mill. kr. i 2019. (Tal i heile 1000 kr.)

År 2019 2020 2021 2022

Grunnlag

Rentekompensasjon 73 896 68 539 62 825 56 292

2 500 2 680 2 680 2 580

Prisjustering

Inntektene til kommunen er jamt over auka opp med 2,8%, men er også justert på kvart einskild verksemd/ansvarsområde i høve reell forventning om inntekter i 2019 (opp eller ned). Det er teke høgde for ein prisauke på 1,8% på driftskostnadane. Også her er det gjort enkelte rokeringar, slik at nokre verksemder/ansvarsområde har fått meir realistiske rammer.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 64 av 72

Brukarbetalingar

Det er lagt opp til ein auke i prisane på kommunale tenester som samsvarer med forventa generell prisstigning. Sjå vedlegg til budsjettdokumentet som omfattar betalingssatsane. Område

Sats 2018

Sats 2019

Endring (%)

Bibliotek 1. purring 3 veker etter forfall Gebyr 2. purring 5 veker etter forfall Gebyr

30 60

30 60

0,0 0,0

Skulefritidsordninga Berre morgonplass, per månad Inntil 9 timar kvar veke, per månad Inntil 16 timar kvar veke, per månad 100% plass, per månad Tillegg for ferie- og fridagar, per dag Timepris

878 1322 2167 2642 265 54

903 1359 2228 2716 272 56

2,8 2,8 2,8 2,8 2,6 3,7

3540 2478 2124 847 190

3639 2547 2183 871 195

2,8 2,8 2,8 2,8 2,6

267

274

2,6

134 216 257 616 175 175

138 222 264 633 180 180

3,0 2,8 2,7 2,8 2,9 2,9

205 887 1641 216 216 160 80 101 25

210 912 1687 222 222 165 85 104 26

Kulturskulen Fullpris 1 elev (tilbod nr. 1) Rabatt, 30%, 1. sysken/fleire tilbod (tilbod nr. 2) Rabatt, 40%, 2. sysken/fleire tilbod (tilbod nr. 3) Instrumentleige, pr. år Materiellutgifter kunst, pr semester Sal av tenester til det frivillige kulturlivet, pr. time (45 min.) Utleigesatsar for skulebygg Klasserom/grupperom, per rom pr påbyrja døgn Gymnastikksal, per påbyrja døgn Gymnastikksal m/garderobar, per påbyrja døgn Symjebasseng, per påbyrja døgn Heimkunnskap/kjøkken, per påbyrja døgn Formingsrom, per påbyrja døgn Pleie- og omsorgstenester Heimehjelp m/inntekt inntil 2G, for kvar månad Heimehjelp m/inntekt 2-3G, for kvar månad Heimehjelp m/inntekt over 3G, for kvar månad Heimehjelp einskilde oppdrag, for kvar time Leige av tryggleiksalarmar, for kvar månad Korttidsopphald på institusjon, for kvart døger Dagopphald på institusjon, for kvar dag Skyss, per dag Diverse saft/frukt, per dag

«…å høyre til!»

Kommentar

2,4 Statleg sats 2,8 2,8 2,8 2,8 3,1 Statleg sats 6,3 Statleg sats 3,0 4,0

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Område Pleie- og omsorgstenester, mat/middagsservering Middag for eldre, trygda og uføre Graut Dessert Frukost og kvelds Middag for nære pårørande og tilsette Middag for grupper o.l Rundstk., lefser, vafler o.l Brus Fløytekaker Kaffi Kaffi påfyll Forvaltning Kunnskapsprøve i serverings- og alkohollova, per prøve Gebyr for ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve for enkelt høve Tekniske tenester Reguleringsplanar opp til 10 daa Reguleringsplanar over 10 daa Reguleringsendring Delingsgebyr Sjølvkost Byggesaksgebyr Sjølvkost Oppmålingsgebyr Sjølvkost Feiing Sjølvkost Vassavgift Årsgebyr for avløp etter areal Årsgebyr for avløp målt kvantum Årsgebyr for vatn målt kvantum Tilknytingsavgift vatn Tilknytningsavgift kloakk Slamtøming Renovasjon husstander

«…å høyre til!»

Side 65 av 72

Sats 2018

Sats 2019

Endring (%)

73 32 25 34 87 113 17 21 21 16 8

75 33 26 35 89 116 18 22 22 18 9

2,7 3,1 4,0 2,9 2,3 2,7 5,9 4,8 4,8 12,5 12,5

411

423

2,9

360

370

2,8

Kommentar

Sjølvkost - eiga sak Sjølvkost - eiga sak Sjølvkost - eiga sak Sjølvkost - eiga sak Sjølvkost - eiga sak Sjølvkost - eiga sak Sjølvkost - eiga sak Viser til budsjett BVA AS Viser til budsjett BVA AS Viser til budsjett BVA AS Viser til budsjett BVA AS Viser til budsjett BVA AS Viser til budsjett BVA AS Viser til budsjett SIM IKS Viser til budsjett SIM IKS

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Side 66 av 72

Budsjettabellar Budsjettskjema 1A drift

Regnskap 2017

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

Skatt på inntekt og formue

-318 473 -344 336 -340 936 -339 595 -338 247 -336 892

Ordinært rammetilskot

-347 151 -334 905 -356 544 -363 288 -368 552 -374 133

Skatt på eigedom Andre direkte eller indirekte skattar Andre generelle statstilskot Sum frie disponible inntekter Renteinntekter og utbytte

-30475

-30940

0 -57 854

0

-32 040 0

-34 940 0

-38 140 0

-38 340 0

-53 044

-57 444

-60 485

-42 652

-42 675

-753 953 -763 225 -786 964 -798 308 -787 591 -792 040 -4 006 -4 527 -4 951 -5 283 -3 960 -3 369 0

0

0

0

0

0

17 898

21 002

21 454

23 159

26 050

26 700

0

0

0

0

0

0

Avdrag på lån

21 606

23 257

23 948

26 232

27 368

28 202

Netto finansinntekter/-utgifter

35 545

40 890

40 396

44 864

48 467

49 619

Dekning av tidlegare års rekneskapsmessige meirforbruk

0

0

0

0

0

0

Til bundne avsetjingar

2 318

0

0

0

0

0

Til ubundne avsetjingar

26 137

4 261

4 895

14 708

3 690

9 142

-21 977

0

0

0

0

0

0

-1 325

-3 300

0

0

0

--6 721

-171

-308

0

0

0

-518

2 765

1 287

14 708

3 690

9 142

200

0

0

0

0

0

Gevinst på finansielle instrumenter Renteutgifter provisjonar og andre finansutgifter Tap på finansielle instrumenter

Bruk av tidl års rekneskapsmessige mindreforbruk Bruk av ubundne avsetjingar Bruk av bundne avsetjingar Netto avsetjingar Overført til investeringsbudsjettet Til fordeling drift Sum fordelt til drift fra skjema 1B Meirforbruk/mindreforbruk

«…å høyre til!»

-718 926 -719 569 -745 280 -738 736 -735 434 -733 279 715 094

719 568

745 280

738 736

735 434

733 279

-3 832

0

0

0

0

0

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Budsjettskjema 1B drift

Side 67 av 72

Regnskap

Budsjett

Budsjett

Budsjett

Budsjett

Budsjett

2017

2018

2019

2020

2021

2022

715 094

719 569

745 280

738 736

735 434

733 279

45 964

48 321

52 014

50 711

50 514

49 961

Oppvekst, kultur og idrett

371 376

365 168

Helse, sosial og omsorg

257 059

260 111

376 700 267 570

370 027 267 460

360 544 270 440

354 624 272 772

49 064

46 189

48 049

47 841

47 841

47 841

8 472

8 684

8 906

8 906

8 906

8 906

-16 659

-9 150

-8 196

-6 446

-3 048

-1 062

-182

247

237

237

237

237

B 2019

B 2020

B 2021

B 2022

Heile kommunen Sentrale styringsorgan

Tekniske tenester og brann Kyrkjelege føremål Tilleggsløyving - premieavvik Økonomiske føresetnader

Hovudoversyn drift

R 2017

B 2018

Brukarbetalingar

-25 049

-24 066

-25 563

-25 563

-25 563

-25 563

Andre sals- og leigeinntekter

-18 209

-19 799

-23 033

-23 241

-23 241

-23 241

Overføringar med krav til motyting

-123 938

-69 052

-77 830

-75 885

-75 307

-74 781

Rammetilskot

-347 151

-334 905

-356 544

-363 288

-368 552

-374 133

-57 854

-53 044

-57 444

-60 485

-42 652

-42 675

-756

0

0

0

0

0

-318 473

-344 336

-340 936

-339 595

-338 247

-336 892

Eigedomsskatt

-30 475

-30 940

-32 040

-34 940

-38 140

-38 340

Sum driftsinntekter (B)

-921 904

-876 142

-913 390

-922 997

-911 702

-915 625

Lønsutgifter

478 449

454 850

470 317

464 555

462 902

459 972

Sosiale utgifter

122 600

122 075

127 763

128 550

131 238

131 900

Kjøp av varer og tenester som inngår i komm tenesteprod

93 103

81 178

85 338

84 244

84 246

83 853

Kjøp av varer og tenester som erstattar komm tenesteprod

159 999

155 201

164 831

162 751

157 984

158 115

Overføringar

42 155

22 887

27 304

27 172

27 022

26 872

Avskrivingar

29 261

30 500

35 000

35 000

35 000

35 000

Fordelte utgifter

-13 272

-3 744

-3 888

-3 888

-3 888

-3 888

Sum driftsutgifter (C)

912 296

862 947

906 666

898 385

894 505

891 824

Brutto driftsresultat (D = B-C)

-9 607

-13 195

-6 724

-24 612

-17 197

-23 801

Renteinntekter, utbytte og eigaruttak

-3 960

-3 369

-4 006

-4 527

-4 951

-5 283

Andre statlege overføringar Skatt på inntekt og formue

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Hovudoversyn drift Gevinst på finansielle instrumenter

R 2017

B 2018

Side 68 av 72

B 2019

B 2020

B 2021

B 2022

0

0

0

0

0

0

-192

-12

-12

-12

-12

-12

-4 152

-3 381

-4 018

-4 539

-4 963

-5 295

Tap på finansielle instrumenter

17 898 0

21 002 0

20 454 0

23 159 0

26 050 0

26 700 0

Avdrag på lån

21 606

23 257

23 948

26 232

27 368

28 202

202

52

52

52

52

52

Sum eksterne finansutgifter (F)

39 707

44 311

44 454

49 443

53 470

54 954

Resultat eksterne finansieringstransaksjonar

35 555

40 930

40 436

44 904

48 507

49 659

Motpost avskrivingar

-29 261

-30 500

-35 000

-35 000

-35 000

-35 000

Netto driftsresultat (I)

-3 314

-2 765

-1 287

-14 708

-3 690

-9 142

-21 977

0

0

0

0

0

-275

-1 325

-3 300

0

0

0

-6 721

-171

-308

0

0

0

-28 973

-1 496

-3 608

0

0

0

200

0

0

0

0

0

0

0

0

0

0

26 137

4 261

4 895

14 708

3 690

9 142

2 318

0

0

0

0

0

Sum avsetjingar (K)

28 454

4 261

4 895

14 708

3 690

9 142

Rekneskapsmessig meirmindreforbruk (L = I+J-K)

-3 832

0

0

0

0

0

0,4 %

0,3 %

0,1 %

1,6%

0,4 %

1,0 %

Mottatte avdrag på utlån Sum eksterne finansinntekter (E) Renteutgifter, provisjonar og andre finansutgifter

Utlån

Bruk av tidlegare års rekneskapsmessig mindreforbruk Bruk av disposisjonsfond Bruk av bundne fond Sum bruk av avsetjingar (J) Overført til investeringsrekneskapet Dekning av tidlegare års meirforbruk Avsetjingar til disposisjonsfond Avsetjingar til bundne fond

Netto driftsresultat i % av driftsinntektene

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Hovudoversikt investering

Rekneskap 2017

Budsjett 2018

Side 69 av 72

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

Inntekter Sal av driftsmidlar og fast eigedom

-12 511

-4 000

-14 000

-6 300

-2 400

-2 500

0

0

0

0

0

0

Overføringar med krav til motyting

-20 044

-11 000

-16 460

-14 000

-4 000

-4 000

Kompensasjon for meirverdiavgift

-30 501

-12 277

-16 029

-17 920

-12 580

-8 880

0

0

0

0

0

0

-500

0

0

0

0

0

0

0

0

0

0

0

-63 556

-27 277

-46 489

-38 220

-18 980

-15 380

1 700

0

0

0

0

0

586

0

0

0

0

0

Kjøp av varer og tenester som inngår i tenesteproduksjon

127 702

63 558

71 842

75 767

50 920

36 120

Kjøp av tenester som erstattar kommunal tenesteproduksjon

22

250

0

0

0

0

33 343

15 227

22 029

23 420

18 030

11 530

3 581

0

0

0

0

0

0 166 934

0 79 035

0 93 871

0 99 187

0 68 950

0 47 650

22 735

5 000

5 000

5 000

5 000

5 000

Utlån

5 617

10 000

15 000

10 000

10 000

10 000

Kjøp av aksjar og andelar

2 257

2 000

2 200

2 300

2 400

2 500

0

0

0

0

0

0

3 365

0

0

0

0

0

0 33 974

0 17 000

0 22 200

0 17 300

0 17 400

0 17 500

Andre salsinntekter

Statlege overføringar Andre overføringar Renteinntekter, utbytte og eigaruttak Sum inntekter Sum = L Utgifter Lønsutgifter Sosiale utgifter

Overføringar Renteutgifter, provisjonar og andre finansutgifter Fordelte utgifter Sum utgifter Sum = M Finanstransaksjonar Avdragsutgifter

Dekning av tidlegare års udekka Avsetjingar til ubundne investeringsfond Avsetjingar til bundne investeringsfond Sum finansieringstransaksjonar (utbetalingar og avsetjingar) Sum = N

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Hovudoversikt investering Finansieringstrong Sum O = M+N+L

Rekneskap 2017

Budsjett 2018

Side 70 av 72

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

137 353

68 758

69 582

78 267

67 370

49 770

-125 224

-62 418

-59 582

-70 280

-62 370

-44 770

0

0

0

0

0

0

-8 117

-4 000

-5 000

-5 000

-5 000

-5 000

0

0

0

0

0

0

-152

-2 340

-5 000

-2 987

0

0

-3 860

0

0

0

0

0

-137 353

-68 758

-69 582

-78 267

-67 370

-49 770

Dekka slik: Bruk av lån Sal aksjar og andelar Mottekne avdrag på utlån Overføringar frå driftsrekneskapen Bruk av ubundne investeringsfond Bruk av bundne investeringsfond

Sum finansiering Sum =R

Budsjettskjema 2A investering Investeringar i anleggsmidlar

Rekneskap 2017

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

166 934

79 035

93 871

99 187

68 950

47 650

Utlån og forskotteringar

5 617

10 000

15 000

10 000

10 000

10 000

Kjøp aksjar og andelar

2 257

2 000

2 200

2 300

2 400

2 500

22 735

5 000

5 000

5 000

5 000

5 000

0

0

0

0

0

0

3 365

0

0

0

0

0

200 908

96 035

116 071

116 487

86 350

65 150

Bruk av lånemidlar

-125 224

-62 418

-59 522

-70 280

-62 370

-44 770

Inntekter frå sal av anleggsmidlar

-12 511

-4 000

-14 000

-6 300

-2 400

-2 500

Tilskot til investeringar

-20 044

-11 000

-16 460

-14 000

-4 000

-4 000

Kompensasjon for meirverdiavgift

-30 501

-12 277

-16 089

-17 920

-12 580

-8 880

-8 117

-4 000

-5 000

-5 000

-5 000

-5 000

0

0

0

0

0

0

-196 896

-93 695

-111 071

-113 500

-86 350

-65 150

0

0

0

0

0

0

-4 011

-2 340

-5 000

-2 987

0

0

-200 907

-96 035

-116 071

-116 487

-86 350

-65 150

0

0

0

0

0

0

Avdrag på lån Dekning av tidlegare års udekka inv. Avsetjingar Årets finansieringsbehov

Mottatte avdrag på utlån og refusjonar Andre inntekter Sum ekstern finansiering Overført frå driftsrekneskapen Bruk av avsetjingar Sum finansiering Udekka/ikkje disponert «…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

Budsjett 2018

Side 71 av 72

Budsjettskjema 2B investering

Rekneskap 2017

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2018

Til investering i anleggsmidlar (frå budsjettskjema 2A)

166 934

79 035

93 871

99 187

68 950

47 650

8 780

3 050

3 500

3 250

3 000

3 000

126 535

40 610

40 986

20 400

20 100

10 600

Helse, sosial og omsorg

16 011

2 110

19 960

25 750

19 750

16 750

Tekniske tenester og brann

15 607

32 175

23 425

44 287

20 650

14 650

0

1 090

6 000

5 500

5 450

2 650

166 933

79 035

93 871

99 187

68 950

47 650

Fordelt slik: Sentrale styringsorgan Oppvekst, kultur og idrett

Kyrkjelege føremål Sum investering i anleggsmiddel

Bømlo brann og redning sin redningsbil vert byta ut mot slutten av 2018.

«…å høyre til!»

( Foto: Ove Halleraker)

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Budsjett 2019

«…å høyre til!»

Side 72 av 72

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022

Bømlobudsjett 2019-2022  

Bømlo kommune sitt vedtekne Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022

Bømlobudsjett 2019-2022  

Bømlo kommune sitt vedtekne Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022

Advertisement