Årsmelding 2015 bømlo kommune godkjend raadmann11 4 16

Page 48

ÅRSMELDING 2015 Side 48 (68)

________________________________________________________________________________ barnehagane i Svortland krins. Kapasiteten vart også utvida i 2015 ved at tilbygg til ein av sentrumsbarnehagane vart teken i bruk. Ordninga med kommunal kontantstønad for born mellom 2 og 3 år er vidareført i 2015. Tilsaman 18 familiar har nytta seg av dette i året som har gått, med ei gjennomsnittleg utbetaling pr. barn på 38 600.

Finansieringa av barnehagesektoren har skapt store utfordringar for Bømlo kommune. (Foto: Simon K. Sortland)

Bømlo kommune har i fBarnehagetilbodet skal vere tufta på ei heilskapleg pedagogisk tilnærming til omsorg og læring og respekten for barndomen sin eigenverdi. Dei siste kvalitetsmeldingane for både skule og barnehage peikar på tidleg innsats og førebyggjande arbeid som nøklar til eit utdanningssystem som bidreg til sosial utjamning. Bømlo kommune ønskjer å ta desse utfordringane på alvor. Som ei vidareføring av Modellkommuneforsøket er det i 2015 jobba med grunnlag for søknad om prosjektmidlar til «Betre Tverrfagleg Innsats – utvikling av lokal samhandling». Målet er å styrke innføringsarbeidet lokalt og samstundes følgje den regionale satsinga på feltet i regi av Helse Fonna. Omlegginga av finansieringa av barnehagesektoren har skapt store utfordringar for Bømlo. I 2015 har utbetalinga til denne sektoren vore langt høgare enn det rammetilskotet kommunen får for å finansiere området. Dette har samanheng med at kommunen berre har private barnehagar og derfor må nytta nasjonale satsar. Desse ligg høgare enn det nivået kommunen hadde før omlegginga. Heile barnehagesektoren har eit underskot på 2,75 millionar kroner.

Grunnskule I 2015 har to satsingsområde hatt særleg fokus innanfor grunnskule: Lesing og læringsmiljø. Sjølv om lesing har vore eit satsingsområde også tidlegare, viser resultata så langt at ein ikkje har oppnådd dei resultata ein har hatt ønskje om. Det er i 2015 jobba særskilt med kompetanseutviklingstiltak, både på individ- og organisasjonsnivå, for å leggje grunnlag for ei anna innretning på lesesatsinga. Kommunen har også gått til anskaffelse av kartleggingsverktøyet Leselos og det nettbaserte oppfølgingsverktøyet VOKAL for å legge til rette for oppfølging, vurdering og utvikling av resultat.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.