Å fanga ord med hendene

Page 1


Lyrikkforlaget © 2021 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283980806 Omslag: CF media Sats: CF media Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 2

23.02.2021 17:13:26


Inger Elisabeth Solem

Å fanga ord med hendene

LYRIKKFORLAGET

2021

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 3

23.02.2021 17:13:26


4

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 4

23.02.2021 17:13:26


Å fanga ord med hendene Eg vakna av ein draum. Ein landsby langt herfra, der eg eingong vandra hand i hand med den eg hadde kjær. Lukta av mat frå dei åpne dørene lokka oss inn i gatene, folk som prata eit språk med sol og song i seg, hendene deira dansa i lufta. Nett som dei ville fanga orda dei hadde sendt ut. Varmen, gleda, den låg der i draumen. Landet der vi ikkje høyrde heime, berre vitja ei stund, om att og om att, ber eg framleis i meg. Og menneska som fanga ord med hendene er framleis med i draumane

5

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 5

23.02.2021 17:13:26


6

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 6

23.02.2021 17:13:27


Følg fotefaret Om du leita etter meg finn du fotefaret mellom linjene. Følg etter dei, så kjem regnbogas skatt ved enden av siste vers.

7

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 7

23.02.2021 17:13:27


8

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 8

23.02.2021 17:13:27


Den dagen eg fylde sytti Den dagen eg fylde sytti la isen seg på vatnet og alle kunne gå trygt fram åt holmen midt på. Vi kunne gå om vi ville, men vi snudde. Gjekk inn i varmen att. Berre glad over å vita at isen bar.

9

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 9

23.02.2021 17:13:27


10

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 10

23.02.2021 17:13:27


Til sist … … er me alle aleine. Ikkje nokon kan gå saman med deg den siste vegen. Også du må stå der ein dag, når ein du holdar av, vinkar farvel. Til sist er me alle aleine.

11

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 11

23.02.2021 17:13:27


12

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 12

23.02.2021 17:13:27


Om du vandra forbi Om du skulle vandre forbi her, om du skulle sjå huset eg bur i, om du ville ta ein prat, har eg kaffe og ei skive med ost, og ei blome på bordet – og to øyre som lyttar. Om du vandra forbi

13

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 13

23.02.2021 17:13:27


14

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 14

23.02.2021 17:13:28


Eg går inn i mi bøneverd Eg går inn i mi bøneverd, stilt, kviskrar berre. Skaparen har god hørsel og høyrer når eg ber han ta hånd om dei sjuke og dei som lider. Eg ber om ro i hjartet, både åt dei som uroar seg og åt mitt eige. Eg går inn i mi bøneverd. Stille 15

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 15

23.02.2021 17:13:29


16

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 16

23.02.2021 17:13:29


To på ein benk Ein benk, ein haust. Det var ein kveld, ein kveld om hausten, dei to på benken var gått for lengst. Dei sat så lenge, på kvar sin plass, var litt sjenerte, dei sat på trass. Dei to var gamle, gjekk kvart til sitt, og smilte, «hadet», idet dei gjekk. Og kva dei tenkte, men ikkje sa, kan hende møtast vi eingong, ein dag. Så der står benken, i stille kvelden, og lauvet fall, det er haust i nord. Kva veit vi om dei som var der, så taus og gamle, med unge draumar i minnespor.

17

åfangaordmedhendene_sats_v5.indd 17

23.02.2021 17:13:30


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.