18 minute read

Øystein Ekroll Nidarosdomen og marmorbrotet på Allmenningen

Øystein Ekroll

Nidarosdomen og marmorbrotet på Allmennningen

Fig. 1: Allmenningen sett mot nord frå marmorbrotet. I framgrunnen utkilte steinblokker med borehol frå perioden 1874 - 1911. Foto: Per Storemyr. Allmenningen Island seen from the marble quarry towards the north.

I april 1956 skreiv Henrik Guttelvik i Roan til «Kontoret for Nidaros Domkirkes Restaurasjon» og bad om opplysingar om uttak av stein til domkyrkja frå Allmenningen i Bjørnør, både når dette skjedde og kor mykje som i så fall vart brote ut. Var det verkeleg marmor som vart sendt til domkyrkja, og var det så mykje stein at det var verdt å nemne? Det var i samband med ei planlagt bygdebok at Guttelvik samla opplysingar. Han var på denne tid heile 90 år gammal (f.1866), og bygdeboka kom først ut i 1990-åra. Først i juli kom svaret frå arkitekt Wilhelm Swensen ved NDR, som måtte grave djupt i arkivet for å finne opplysingar: I elleve sesongar mellom 1874 og 1911 var det drift i steinbrotet på den vesle øya, og til saman vart det henta 8125 kubikkfot med marmorstein til domkyrkja. I vekt utgjorde dette om lag 700 tonn. Alle dei hundrevis av tynne, kvite marmorsøyler som pryder veggar og tårn i domkyrkja både ut- og innvendig kjem frå Allmenningen. Men dei er ikkje alle frå tida etter 1874: Allmenningen har gjennom 800 år levert den finaste marmoren til Nidarosdomen, og gjort Nidarosdomen til sjølve marmorkatedralen nord for Alpane.

Ei marmoråre i havet Allmenningen og Været (gardsnummer 75 og 74 i Roan), ofte samla berre kalla Allmenningsværet, er to små øygrupper i havet utanfor Roan, berre skilde av sundet Skaftleia. (Fig. 1) I dag er det ingen fastbuande på øyane, men for eit par gene-

Fig. 2: Marmorsøyler frå Allmenningen ved hovudportalen på Vestfronten i Nidarosdomen, sett opp omkring 1908-10. Shafts in the Cathedral, made of Allmenningen marble.

rasjonar sidan var det eit hundretal fastbuande her, eit levande samfunn med skule og butikkar. I fiskesesongen var det eit yrande liv på øyane med mottak og salting av fisk til eksport. Allmenningen var ingen utkant, for øyane ligg midt i skipsleia og i kanten av det store matfatet som Norskehavet er. Fisket var livsgrunnlaget saman med litt jordbruk og dyrehald. På øyane er det registrert mange tufter etter busetting frå vikingtid og mellomalder, men truleg har det budd folk her heilt frå yngre steinalder. Langsetter Allmenningen går det ei bergåre med fin, kvit stein som er synleg på lang avstand, og som reiser seg opp til ein rygg som heiter Almenningskollen. Allmenningsmarmoren er svært hard, og er lett å kjenne att gjennom striper eller slirer av mørkare mineraler. Geologisk sett er det ein dolomittmarmor som er hardare og meir grovkorna enn marmoren frå Middelhavsområdet. Steinen hadde inga praktisk nytte for menneska her ute i førhistorisk tid, men det endra seg for nokså nøyaktig åtte hundre år sidan. For steinen er ikkje berre kvit og hard – det viktigaste er at han på grunn av dei naturlege sprekkene kan kløyvast og spaltast i lange, rette emne som er perfekte til å lage lange og tynne marmorsøyler og trappetrinn. Til større plater vart det henta marmor frå Len og Frøset i Sparbu.

Då erkesetet vart oppretta i 1153 og bygginga av den nye Nidarosdomen starta, var det bruk for store mengder stein av ulikt slag. Klebersteinen til veggane vart for det meste henta frå Øysand i Gaulosen, og sandstein til dei tynne søylene kom frå Reppe i Strinda. Men sjølv om denne steinen kløyver seg naturleg i fine søyleemne, er han like grå som klebersteinen. Reppestein finn vi brukt i tverrskipet, kapittelhuset og dei nedre delane i oktogonen, men så skjer det noko midt oppe på veggane i oktogonen: dei kvite marmorsøylene frå Allmenningen erstattar dei grå Reppe-søylene. Vi er i åra omkring år 1200, i slutten på styringstida til kong Sverre og midt i hardaste striden mellom birkebeinarar og baglarar.

I England, der stilen til Nidarosdomen er henta frå, var på denne tid den gotiske stilen i full utvikling. Ein viktig del av utsmykkinga av dei engelske katedralane var bruken av «Purbeck-marmor», som trass i namnet er ein mørk kalkstein frå sørkysten av England. Ved polering med feitt blir steinen skinande og blank, men altså heilt svart. Derimot er veggane i dei engelske katedralane bygd av gulkvit kalk- og sandstein, så kontrasten er stor. Den mørke klebersteinen treng derimot ein lys kontrast, og då er marmoren frå Allmenningen perfekt for å skape denne effekten. (Fig. 2) Men kven i all verda var det som oppdaga at nettopp dette karrige fiskeværet, eitt av svært mange langs kysten, gøymde på det som skulle til

for å gi Nidarosdomen ein heilt ny utsjånad?

Vi kan spinne nokre tankar omkring dette: Kanskje var det ein byggmeister eller steinhoggar på reise til eller frå ei kyrkjebygging på Helgeland som låg vêrfast på Allmenningen og brukte liggetida til å sjå nærare på det kvite fjellet? I så fall oppdaga han at frost og regn hadde kløyvd ei rekkje emne ut frå berget, klare til å hentast. Han hadde sikkert verktøy med seg, hogg litt i ein stein og tok med seg ei prøve i båten til byen for vise til dei andre i bygghytta.

Deretter må det ha gått fort, og gjennom det neste hundreåret vart det sendt last på last med søyleemne til Trondheim. Ikkje berre det, men erkebiskopen fekk hand om heile Allmenningen. I tiendeskattelista for 1520 står erkesetet som eigar av Allmenningen, som har ei skyld på heile 3 spann smør (eit spann tilsvarte verdien av 15,4 kilo smør). Saman med Utro og Innro (g.br. 64 og 65) som også svarte 3 spann smør kvar, og som erkesetet også åtte, hadde Allmenningen størst landskyld i Osen, Roan og Stokksund.

I resten av nordre Fosen var berre Tørhogg i Åfjord og Nedre Fevåg i Stjørna større, med 4 spann i skyld, og berre Lauvøya i Åfjord hadde like stor landskyld (Dybdahl 1996: 19-20). Det var knappast marmoren som gav Allmenningen så høg landskyld, men heller inntekta frå fisket som gav både tiende og andre avgifter. Erkebiskopen hadde truleg eigne folk på øya til å styre både steinbrytinga og fiskeria, og vi kan sjå for oss eit yrande liv både sommar og vinter.

Kunnskapen om marmorsteinen frå øya i havgapet heldt seg lenge i Trondheim. Då rektor Gerhard Schøning i 1762 gav ut boka «Beskrivelse over den tilforn meget prægtige og vidtberømte Dom-Kirke i Throndhjem», skreiv han også ein del om den kvite marmoren og at den «er saa haard, at den meget vanskelig med noget Jern kan hugges». Mange trudde at dei var støypte, men den fornuftige Schøning heldt det for truleg at dei var saga og deretter slipte og polerte (Schøning 1762: 30). Så legg han til i ein note at «paa en Øe Almenningen kaldet, beliggende 10 Mile omtrent Norden for Throndhjem, hvorfra jeg har faaet Stene af selv samme Art, hvoraf de hvide Pillarer i Domkirken ere, hvor endnu skal vises store Levninger efter halv tilhugne Stene og Pillarer, som under Arbeidet har gaaet i Støkker, og endnu sees Tegn efter Broer, som man har brugt, for at bringe Stenene ned til Søen, tet hos hvilken Bierget ligger» (Schøning 1762: 30, note 4). Schøning rekna seg fram til at i velmaktstida hadde Nidarosdomen hatt 3361 søyler, og det store fleirtalet av desse var marmorsøyler frå Allmenningen.

Den personen som hadde besøkt øya og fortalte dette til Schøning, hadde også med steinprøver til rektoren, og skildra ein anleggsplass som brått var forlaten for 2-300 år sidan. Der låg halvferdige og kasserte emne, og det var tydelege spor etter ein transportveg ned til sjøen der dei lange steinemna skulle lastast om bord i skuter og seglast rundt Agdenes, inn gjennom Trondheimsfjorden og opp Nidelva til erkebiskopens brygger berre eit par hundre meter frå byggjeplassen. Der var sikkert også restar av hustufter der steinarbeidarane budde i driftsperiodene og ikkje minst ei smie til skjerping av verktøy. Kanskje finst det enno i dag spor etter ei kai eller brygge til å laste steinane ombord i skutene? Søyleemna kunne vere opptil 4 meter lange, men dei fleste målte 2-3 meter. Det var likevel tunge tak.

Ein stad på kollen er det enno synlege spor etter korleis uttaket av stein skjedde i mellomalderen. Langs ein kant står det med ein halvmeters avstand tydelege spor etter breie kilar. Det er hogd ut hol til kiler langsetter ei synleg sprekk i berget, og så er solide trekilar blitt banka ned til emnet vart kløyvd ut. Det er same teknikken som blir brukt til kløyving av ein trestokk. Dersom dette området vart reinska for torv og kratt, vil det utan tvil finnast mange fleire slike spor. Dei halvferdige emna som Schøning omtaler, er derimot ikkje lenge å finne. Dei vart det seinare bruk for.

Domkyrkja vart sterkt skadd i den store by-

Fig. 3: Marmorsteinbrotet på Allmennningen slik det har stått urørt sidan 1911, med spor etter uttak av søyleemner. Foto: Per Storemyr. The marble quarry as it was left in 1911, with visible traces of the quarrying.

brannen i 1531, og berre murane stod att. Dei innvendige veggane var så dårlege at dei måtte rivast. Gjenreisinga vart gjort på enklaste måte, og det var ikkje tid eller råd til å hente marmor på Allmenningen. Ved Reformasjonen i 1537 måtte erkebiskopen flykte frå landet, og kongen slo under seg alt godset til domkyrkja og erkebiskopen. Allmenningen vart dermed kongseige.

Svein Henrik Pedersen har gjort framlegg om at det var Richard Hagerup (1730-84), kapellan i Bjørnør 1757-72 og sokneprest same stad 1772-84, som samla opplysingar om Allmenningen til Schøning si bok om domkyrkja. Hagerup var fødd på Refsnes i Stokksund og var elev på latinskulen i Trondheim 1740 – 52. Schøning vart rektor der i 1751, og førde Hagerup fram til eksamen.

På innsamlingsreisa i 1774 var véret svært dårleg og Schøning vart sjuk. Han måtte avbryte reisa og kom derfor ikkje sjølv til Bjørnør, men på nytt var det Hagerup som kom til hjelp. Schøning skriv at «Hr. Rich. Hagerup, Sogne-Prest for Biørnør, min forige Discipel, har indhentet følgende Efterretning om bemeldte Prestegiæld» (Schøning 1910/I: 228). Her står det berre om Allmenningen at der «ere anseelige Marmor-brudde. Biærgene berettes at indeholde hvid og rød, deels og blaae Marmor» (Schøning 1910/I: 331). Ny drift på Allmenningen Ved oppstarten av restaureringa av Nidarosdomen i 1869 vart det bruk for stein av same type som i mellomalderen. Kapittelhuset var det første som vart restaurert, men det var bygd omkring 1170-80, altså før marmor kom i bruk. I 1872 starta restaureringa av oktogonen, og det var der marmoren først kom i bruk i mellomalderen. Det var bevart ein del marmorsøyler både ut- og innvendig på oktogonen, men det var på ingen måte nok til å fylle alle dei ledige plassane. Etter to år kom arbeidet så langt at det vart bruk for meir marmor.

I 1874 vart folk for første gang på 4-500 år sende ut til Allmenningen for å bryte stein til nye søyler. (Fig. 3) Det vart henta ut 244 emner, og kanskje var det mellom desse også dei gamle emna som Schøning omtalte. Det vart betalt avgift eller bergleige på kr. 40,- til «Anton Allmenningen», som må vere Anton Hansen Lindbak (f.1831) på br.nr. 4. I 1875 betalte ein kr. 32,- i bergleige, og frå dette året er det bevart ei rekning, truleg frå Anton Lindbak. Den omfattar steinkøyring frå steinbrotet til sjøen, der både mann og hest kosta kr. 2,50 pr. dag. For lastinga fekk kvar mann tre kroner pr. dag. Det blir også betalt for båtskyss for seks mann til og frå Sydkrogø (Sørkråkøy), og frakt av to «Boder» eller brakker over til øya.

I 1877 var utgiftene ved uttak av stein heile kr. 1896,09 og i 1878 kr. 1580,20 inkludert bergleige på kr.120,-. Det siste året var det fleire på øya som skulle dele på bergleiga, både Anton Lindbak, Ole Samuelsen, Johan Samuelsen, Anders Ingebrigtsen og Jonas Nilsen fekk kvar i snitt kr. 24,-. I tillegg var kanskje fleire av dei i arbeid i steinbrotet. Det såg lyst ut, for restaureringa av domkyrkja skulle vare i mange år framover, og marmoren frå Allmenningen kunne ikkje erstattast av andre steintyper. Det gjorde kanskje at det var andre som lukta pengar i dette: Då domkyrkjefolka kom til øya tidleg på sommaren 1880, fekk dei ei stor overrasking: Øyfolket hadde selt retten til uttak av stein til ein privatperson på Inderøy.

Arkitekt Johan Martin Helgesen Tidleg i juni 1880 fekk domkyrkjearkitekten eit uventa brev: «Hr. Arkitekt Christie. Bekjendt med at der fra Domkirken er sendt folk op til Almindingsø i Bjørnør for der at udbryde Marmor, tillader jeg mig herved at underrette dem om at jeg i forrige Aar har arvefæstet disse Brud, hvilket Dokument er i thinglæst Stand, og at jeg saaledes er eneberettiget til at lade udbryde og bortføre Sten fra disse Brud. Domkirken kan imidlertid nok fremdeles erholde den Sten derfra som behøves for Restaurationsarbeiderne, dog kun efter Overenskomst herom med mig. Med Agtelse, ærb. J. M. Helgesen».

Johan Martin Helgesen var fødd i Meløy i Nordland i 1841 og var utdanna til arkitekt i Danmark. Han var visst også bergingeniør. Som arkitekt hadde han ingen stor praksis ser det ut som, men i 1874 leverte han teikningane til Rindal kyrkje. Omkring 1880 budde han på Inderøy med familie og losjerte hos Lorents Muus på Sundfær. I folketellinga for 1875 titulerte han seg som arkitekt og verkseigar for Strømmen Kalkverk, og seinare budde han på Haugen. Han tok mange initiativ, m.a. bygde han ei kornmølle i Straumen (Mølnmuran) som berre var i drift i nokre år.

I eit nytt brev til Christie forklarer Helgesen at han året før var på reise i Bjørnør, og høyrde at ein utlending ville kjøpe marmorbrotet som spekulasjon. Han reiste derfor ut til øya, undersøkte staden og skreiv festekontrakt på kr. 120,- pr. år som vart tinglyst i oktober 1879. Han prøver nærast å framstille det som dette var ei patriotisk gjerning frå hans side. I brevet gav han domkyrkja lov til å ta ut alle den marmor det var bruk for mot å dekke utgiftene til Helgesen. Både Christie og inspektør O. Krefting sette seg i sving og bad sorenskrivar Paaske i Fosen om ei utskrift av det tinglyste dokumentet. Det viste seg at det var berre Anton Lindbak som stod som underskrivar.

Krefting bad straks lensmann Anton M. Hassel (lensmann i Bjørnør 1875-82) om å undersøke saka nærare. Han reiste ut til øya, men Anton Hansen låg ute på fiske. Dei andre fire eigarane kunne derimot stadfeste at det var rett at dei hadde bortfesta steinbrotet til Helgesen, men at det var Anton Hansen som hadde ordna det heile og dei kjende ikkje innhaldet før dei skreiv under. «De paastaar imidlertid, at Anton Hansen forbeholdt sig, at Domkirken først skulde faa tage den Sten, den tiltrængte, men om dette er indført i Dokumentet, ved de ikke».

Hassel tilbyr seg i brevet å sette opp eit nytt dokument med dei andre eigarane som gir domkyrkja rett til å bryte marmor der. Han legg også til at «Deres Arbeidere har brudt store lange Blokke paa Almindingens Indmark og sagde jeg dem, at forsaavidt der fandtes god og tjenlig Sten paa Hjemmarken var det fornuftigst at tage der. Deres Formand ved Arbeidet bad mig fortelle Dem, at det gik riktig godt og at de har fundet pen Sten. Da jeg foreholdt Eierne af Almendingen det Urigtige i hvad de havde gjort, bemærket de, at de troede, at Domkirken ikke tiltrængte mere Sten, da det var saa længe siden det blev arbeidet» (brev datert 23.6.1880).

Eigarane ser ut til å ha fått kalde føter etter lensmannsbesøket. Ei ny kontrakt frå oktober 1880 (berre eit utkast er bevart i arkivet vårt), mellom domkyrkja og grunneigarane Anthon Lindbak Hansen, Ole Samuelsen, Johan Samuelsen, Richard Andersen, Mathias Jonassen og Jakob Rasmussen, gir domkyrkja rett og adgang til å bryte og frakte marmor på eigedomane deira så lenge det ikkje er i konflikt med Helgesen sine rettar. Dessutan forpliktar domkyrkja seg til at

Fig. 4: Eit råemne til ei marmorsøyle frå Allmenningen er brukt som avvisar på hjørnet Kjøpmannsgata/Kannikveita ved Gamle Bybru. Marble block from Allmenningen, later used as corner protection in Trondheim.

dersom Helgesen «maatte anlægge noget Søgsmaal mod nogen eller mod samtlige forannævnte Eiere, da at overtage samme mulige Process og tilsvare samtlige med samme forbundne Omkostninger». Det ser ut som at Helgesen dermed var ute av dansen. Det er i alle fall ikkje spor etter han i denne saka seinare. Det var drift i 1880, 1881, 1883 og i 1888, tilsaman 2071 kubikkfot til ein pris av kr. 9430,24.

Vidare drift på Allmenningen Dei same eigarane ber i eit brev i november 1887 om å få utbetalt bergleiga, og i oktober 1888 sender Anton Lindbak rekning på bergleige på kr. 50,- pluss betaling for 4 jektelastar á kr. 50,-. Det er nok steinen frå dette arbeidet som verksmeister William Bergstrøm nemner i dagboka for 2. juni: «I Dag er Nils Myren, L. Eriksen, Ove Berg, Hans Auran, Petter Pettersen og i Dag antaget ny Arbeider Hans Toresen til Sydkragö for at bryde ud Marmor til Trin foran Corbuen og en del manglende Søiler til Kleristoriet i Koret». Dette viser at det var ikkje berre søyler, men også innvendige trappetrinn steinen vart frå Allmenningen brukt til.

Seinare var det sonen Adolf Lindbak som var kontaktmann. I november 1900 inngår han kontrakt med Christie der han for kr. 140,- «paatager sig at bringe Resten af den i Sommeren 1900 udbrudte og nu i Almendingsøens Marmorbrud gjenliggende Marmorsten fra Bruddet og ned til den sædvanlige Lastingsplads paa «Sjøvolden». Arbeidet udføres i Løbet af Vinteren og saa betids at Stenen kan indlastes i Fartøi i Vaaren 1901 og er jeg ansvarlig for, at Stenen kommer paa Lastepladsen i uskadt Stand». Dette var søyler til gavlane i tverrskipet og til hovudtårnet, der arbeidet vart avslutta i 1902.

Med dette var eigentleg restaureringa avslutta etter dei godkjende planane. Det var ikkje meininga å byggje opp att skipet, for det vart sett på som altfor kostbart og omfattande. Sidan 1878 hadde skipet fungert som verkstad for restaureringsarbeidet, med eit lågt tak over dei bevarte murane. Men ting var i endring. 3. desember 1900 gav Stortinget løyve til å sette i stand dei gjenståande murane av skipet, og 20. juli 1905 – seks veker etter oppløysinga av unionen med Sverige – gav regjeringa klarsignal til å bygge opp att også det indre av skipet. Dette hang sjølvsagt saman med det nye sjølvstendet for landet – ein sjølvstendig nasjon kunne ikkje ha ein halv nasjonalheilagdom! Arbeidet med dei indre søylene gjekk raskt unna på akkord, og snart var det trong om meir marmor.

1. mai 1907 reiste sju mann frå domkyrkja under leiing av steinbasen Ole Lundemo til Almenningsøya, og dei kom att 1. august. Verksmeister Albertsen noterte i dagboka for 7. juli at det «er ankommet en Last Marmor (ca. 126,9 ton) fra Almendingsøen (Søileemner for Triforium og Hvælvsøiler)». Denne lasten bestod av 349 søyleemner, men ved kontrollmåling nokre dagar seinare viste det seg at vekta var berre 95 ½ tonn, «hvorved altsaa indsparedes Kr. 130». I volum var dette ca. 1100 kubikkfot. (Fig. 4)

Det siste bevarte brevet frå Allmenningen er frå 1907, der dei fem eigarane ber om betaling på kr.1,- pr. tonn for steinen som vart henta dette året, «vilket vi haaber dere ingen insigelse vil gøre da de er efter gamel takst. Med Aktelse Markus Rasmussen, Alfred Markussen, Karen Dahl, Adolf Lindbak, Mathias Jonnasen Almindingen».

Fig. 5: Eit råemne til ei marmorsøyle frå Allmenningen er brukt som avvisar på hjørnet Kjøpmannsgata/Kannikveita ved Gamle Bybru. Marble block from Allmenningen, later used as corner protection in Trondheim.

Seinare kom det 73 søyleemner til, slik at det i alt dette året vart henta ut 422 søyleemner. Dette var truleg det største årlege uttaket nokon gong. Dei ferdige søylene vart sette opp i 1908, og i verksmeisteren si dagbok står det spesifisert kva alle emna vart brukte til: - 106 søyler, i fire ulike lengder frå 158-252 cm, 15 cm tjukke, til kvelvingane - 150 søyler, 116 cm lange og 7 cm tjukke, til triforiet/galleriet - 120 søyler, 126 cm lange og 7 cm tjukke, til klerestoriet (øverste del av veggen) I alt vart det hogd 376 søyler, og dei siste 46 emna vart lagra til seinare bruk. Det var enno usikkert kva som skulle skje med sjølve vestfronten, og ei gjenoppbygging av denne låg langt ute i framtida.

Etter ein siste sesong i 1911 var det slutt på drifta. (Fig. 5) Det var då henta ut nok emner til marmorsøyler til å vare dei neste seksti åra, heilt til gjenoppbygginga av Vestfronten var fullført i 1969. Enno ligg det nokre ferdighogde søyler på lageret til minne om dette, og til bruk i framtida.

Litteratur: Dybdahl, Audun: Matrikkel over sentraleid jordegods i Trøndelag på reformasjonstiden. Senter for middelalderstudier, skrifter nr. 3. Trondheim 1996. Digitalarkivet (www.digitalarkivet.no): Folketelling 1875 Kulturlandskapsprosjektet. Rapport: Roan kommune. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag 2006. Kulturminner i Roan. Kulturminnedelplan for kulturminner 2018-2021, Roan kommune 2018. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeiders arkiv: Verksmesterens dagbøker (Ga-140), div. korrespondanse (arkivboks Db-0100), Lundemos notatbok «Stenbruddene» (Rd – 0474). Schøning, Gerhard: Beskrivelse over den tilforn meget prægtige og vidtberømte Dom-Kirke i Throndhjem. Throndhjem 1762. Schøning, Gerhard: Reise giennem en Deel af Norge i de Aar 1773, 1774, 1775. Trondhjem 1910/I-II Sognnes, Kalle: Glimt fra kystens kulturlandskap. Heimen, nr. 3/2015 Storemyr, Per: Nidarosdomens grunnfjell. Trondheim 2015

110

This article is from: