6 minute read

«Spøkelsesskipet» - nytt spor etter det forsvunne romanske skipet i Nidarosdomen

Next Article
Bedriftsidrett

Bedriftsidrett

Øystein Ekroll

Fig. 1: Den nyfunne romanske sokkelsteinen sett rett ovanfrå. Nord er ned, sør er opp. The newly discovered Romanesque wall base seen from above.

Det skal lite til for å glede ein arkeolog. Ein stein er ofte nok. Etter lang planlegging er det store prosjektet med ny lyssetting i heile Nidarosdomen i ferd med å bli avslutta. Eldre kablar og armatur blir skifta ut og erstatta med nytt. I samband med dette arbeidet blir det opna mange «kikkhull», men som regel i murverk yngre enn 1869. Av og til dukkar det likevel opp nye og uventa funn.

Funn av ein stein I desember 2019 skulle det lagast ei lita sjakt under golvet i nordre sideskip i vestskipet for å gi plass til nye kablar. Marmorgolvet er lagt i 1930åra, og under det ligg kjellaren frå ca. 1900. Det var derfor ingen grunn til å vente seg interessante ting. Sjakta vart lagt inntil basen til den nordvestre hovedtårnpillaren og portalen til nordre tverrskip. Etter fjerning av marmorheller og fyllmasser, avdekte Francois Guillot ca. 40 cm under golvet ein stor kleberstein med fas (skråkant) langs eine sida. Denne vart først tolka som ein gravstein, og arkeologen vart tilkalla.

Etter reingjering viste det seg at dette var ingen gravstein, men ein sokkelstein som heilt klart låg på opprinneleg plass. (Fig. 1) Mot aust, ved tårnpillaren, knekker profilen i rett vinkel mot nord og forsvinn under den seinare trappa og den nye rampen ned til nordre tverrskip. (Fig. 2) Profilen dukkar deretter fram igjen og kan følgast i om lag

same nivå rundt portalen og tårnpillaren inn mot tverrskipet og tårnfoten.

Steinen er frilagt i ei lengde på 117 cm og ei breidde på ca. 30 cm (resten er skjult av golvet i skipet). Steinen har rett kant mot vest utan avfasing, som viser at dette fundamentet eller muren opphavleg heldt fram vidare mot vest.

Kva er denne steinen ein del av? Profilen kan altså følgast rundt heilt hovedtårnpillaren, og er dermed samtidig med det romanske tverrskipet som er reist ca. 1150-80. Men den nyfunne steinen er eit nytt bevis for det som vi først har innsett dei siste 10-15 åra: at Nidarosdomen også hadde eit treskipa, romansk skip der det gotiske skipet står i dag, bygd i samanheng med og i same stil som det ståande tverrskipet. Men dette romanske skipet er forsvunne nesten utan spor og dei fleste har tvilt på at det har eksistert – eit verkeleg «spøkelsesskip»!

«Spøkelsesskipet» Ved utgravinga av det indre av skipet omkring år 1900, for å styrke fundamenta og lage kjellar under skipet, vart gamle graver og restar av murverk målt opp og teikna inn på ein stor grunnplan (teikning nr. 2903 i arkivet) før dei vart fjerna og erstatta med nytt murverk. Ved dette arbeidet vart det avdekt eldre fundament under både midtskips- og sideskipsmurane i det gotiske skipet. (Fig. 3) Alle dei eldste fundamenta stoppa tvert mot vest på same punkt, om lag der Steinmeyerorgelet står i dag, ca. 11 meter frå vestfronten. Det var derimot nesten ingen spor etter eit murt fundament til ein vestvegg, berre ein usikker murstump lengst mot sør.

Dei avdekte fundamenta er derfor blitt tolka som berre grunnmurar til eit planlagt, men aldri bygd skip. Funn av steinar som har tilhøyrt kraftige, sylindriske pillarar med ein diameter på over ein meter er også blitt tolka (eller rettare bortforklart) som at byggearbeidet var starta, men innstilt etter kort tid. Restane av kapitel og pillarbasar har same ornamenta som i nedre del av tverrskipet og må vere samtidige, altså frå ca. 1150-80. Den «nye» steinen er ikkje avmerka på teikning 2903, men på motsett side av fundamentet er det avmerka ein liknande stein. (Fig. 4)

Gerhard Fischer, som med tobindsverket «Domkirken i Trondheim» frå 1965 etablerte den «offisielle» historia om bygningshistoria til Nidarosdomen, hevda at det romanske skipet aldri vart bygd. I verket sitt rekonstruerte Fischer endåtil ein grunnplan over dette romanske skipet med tittelen «Skipet bare planlagt» (Plansje XXVI, Plan 3). Fischer hadde derimot sin heilt spesielle teori om eit smalt, «angelsaksisk» skip frå Olav Kyrres

Fig. 2: Sokkelsteinen sett mot aust, med litt av tårnpillaren og portalen til det nordre tverrskipet. The wall base seen towards the east, wit some of the NW pier of the central tower.

Fig. 3: Større utsnitt av arkivteikning nr. 2903 som viser grunnmuren til det romanske skipet, avdekt omkring 1900. Part of plan 2903, depicting the excavated foundations of the Romanesque nave.

Fig. 4: Utsnitt av arkivteikning 2903 med det nye steinfunnet innteikna. Detail of plan 2903, with the new find marked.

tid på slutten av 1000-talet, ein bygningsdel som saknar alt grunnlag i det undersøkte materialet og derfor må kallast eit fantom eller ekte spøkelse. Samle trådane Gjennom dei siste åra, i samarbeid med bygningshistorikar Stuart Harrison i York Minster, og ved studiar i både steinsamlinga og i Domen, har det

Fig. 5: Nedre del av korgavlen (arkivteikning 516b) som viser eit parti av klerestoriet i det romanske skipet, flytta hit omkring 1240-50. East gable of the choir, showing a section of the clerestorey of the Anglo-Norman nave, moved here c.1240-50.

derimot danna seg eit heilt anna inntrykk. Sett under eitt, så er det funne så mange delar av det romanske skipet at det ikkje kan vere tvil om at det faktisk vart bygd. Eit heilt parti av den øvre veggen (klerestoriet) er blitt flytta stein for stein til gavlen i koret og murt opp att der ein gang etter 1230. (Fig. 5) Ein stor steinboge over porten til Erkebispegarden som er dekorert med chevroner (sikk-sakk-border), stammar truleg frå arkaden i det romanske skipet. Bogen er sett opp omkring år 1250 i samband med bygginga av Vesthuset. Delar av basar og kapitel vart funne omhogd og gjenbrukt i restane av vestfronten, som vi veit vart grunnlagt i år 1248.

Det er ei ny og viktig innsikt at alle restane av det romanske skipet står i eller er funne i bygningsdelar som kan daterast til ca. 1240-50. Det viser at det romanske koret er rive og steinane gjenbrukte samtidig med at det gotiske skipet, som delvis står i dag, vart bygd. Det romanske skipet eksisterte derfor i berre 60-70 år eller 2-3 generasjonar før det måtte vike. Denne lagnaden var forresten også tiltenkt det ståande tverrskipet. Det er mange spor i veggane og arkitekturen som viser at etter det gotiske skipet var fullført, så var planen at tverrskipet skulle rivast og fornyast i same gotiske stil som skipet og koret og med same vegghøgd. Heldigvis, må vi seie i dag, vart desse planane aldri gjennomførte.

Men kva med den manglande vestveggen? Skipet kan vel ikkje ha stått åpent mot vest? Det sannsynlege svaret er at skipet var stengt med ein lett trevegg, fordi byggearbeidet stoppa opp. Kanskje var det på grunn av pengemangel, kanskje fordi det var usemje om korleis vestveggen skulle utformast, eller kanskje fordi fokuset no vart flytta til austenden av Domen og bygginga av oktogonen starta? Slike midlertidige treveggar er kjent frå andre stader, m.a. i Værnes kyrkje der skipet vart bygd i to omgangar med eit opphald omkring 1150-60. Ein slik vegg var så lett fundamentert at alle spora lett kunne fjernast av dei seinare gravleggingane under golvet.

Denne murflukta er ikkje innteikna på kartet frå ca. 1900 over alle gravingsfunn (mellom nr. 83b og 177 på teikning nr. 2903), men det er derimot er eit hjørne med fas på sørsida (inn mot midtskipet), slik at vi dermed har breidda av fundamentet.

This article is from: