Kyrkjekontakten nr.1/12.

Page 5

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Påske

Kyrkjelydsbasaren

Kyrkjebesøk

– vellukka basar for kyrkjelydshuset

av Kåre Mestad

Resultat av trekning frå bøker:

Den årlege basaren for Alversund kyrkjelydshus vart halden laurdag 18. februar, og som vanleg var salen sprengfull. Den nye kyrkjeringen gjorde ein stor innsats både med å skaffa gevinstar, ta ansvar for loddsalet, og servering av kaffi og kaker til alle dei frammøtte. Barnekoret «Sing out», som har øvingane sine i kyrkjelydshuset, starta basaren med frisk song. Det var andakt ved May Irene Wergeland, før åresalet starta. I alt kom det inn kr. 99 000,- som er det beste resultatet nokonsinne. Oppmøtet og resultatet viser at folket i Alversund set pris på å ha kyrkjelydshuset og har forstått at vi er heilt avhengige av innsamla midlar for å makta å driva huset. Vi vil takka alle som medverka til det gode resultatet, ikkje minst medlemmene i barnekora «Sing out», og «Singsingeling», som gjorde ein stor innsats i loddsalet på førehand.

Bilete frå Kyrkjelydsbasarenbasaren i fjor

s.8

Påske

GEVINST

NAVN

1. Hardangersaumduk

Silje Tofting

2. Julekrybbe frå Betlehem

Trude Fykse

3. Dale herregenser

Fam. Andreas Helgesen

4. Strikka pledd

Torbjørg Kvamme

5. Dukke m/dukkevogn

Svein Harald Eriksen

6 Fiskestang

Gabriel Haaland

7. Hekla pledd

Kjellfrid Kvingedal

8. Bestikk

Sigrunn Hindesnes

9. Kaffeduk

Fam. Anders Johansen

10. Miksmaster m/bolle

Karoline Torpe

11. Pannekakejern

Serina Pedersen Skår

12. Bordlampe

Else Marie Fosse

13. Linduk

Tove Leiknes Eide

14. Quilta løper

Ida Hilland

15. Gavekort frå Expert

Turid og Lars Inge Kjemphol

16. Fotball m/hansker

Elise Nan Soltveit

17. Dagstursekk

Atle Ove Kleiveland

18. Dobbelt sengesett

Bjørg Rath

19. Middag for 2, Alver hotell

Aaslaug Langedal

20. Strikka jakke 4 år

Magnar Alver

21. Hekla løper

Alvhild Kvamme

22. Brodert pute

Astrid Skar Fosse

23. Juleduk

Unni Tvedt

24. Hardangersøm- løper

Mariann og Ole Håkon Nepstad

25. Gavekort, massasje

Kurt Halås

26. Vårt norske kjøkken

Ottar Larsen,

Myksvoll Yngres ved Anna Maria Skotsund Hetlebakke

Yngres er ein fritidsklubb for barn frå 5. klasse og oppover, som til vanleg held til på bedehuset på Myksvoll annankvar onsdag. Ein onsdag i haust inviterte klubben seg sjølv på besøk i Lygra kyrkje.

Alle hadde vore i kyrkja før, og visste korleis ho såg ut, men det er ikkje alt ein veit likevel. Først fortalte Børge om kor gamal kyrkja er, og at det hadde stått andre kyrkjer der før den som står der i dag. Inne i kyrkja viste han den gamle altertavla som hadde vore i ei av desse gamle kyrkjene, og som no heng til pynt.

kjeskipet. Børge sa at det er eit bilete på livet til menneska som er som ei reise med eit skip. Av og til er livet stille og fint, andre gonger er livet litt meir stormfullt. Kyrkja er ein stad for glede og sorg. Nokre gonger feirar ein dåp og bryllaup. Han fortalte at det skulle vera gravferd i kyrkja dagen etter. Framme ved alteret snakka han om nattverden og kva den betyr. Innimellom alle fakta om kyrkja fortalte han bibelhistorier som passa til.

Børge fortalte vidare om kva dei ulike delane og romma i kyrkja heiter. Gangen vert kalla våpenhuset. I gamle dagar då mennene gjekk med våpen skulle dei setja det i frå seg der, fordi det skulle vera fred inne i kyrkja. Det store rommet i kyrkja vert kalla kyr-

Alle som ville, og det var dei fleste, var ein tur på preikestolen også. Omvisinga vart avslutta på galleriet for å sjå på det store orgelet. I gangen utanfor hang taua til kyrkjeklokkene. Det var freistande å prøve dei, og nokre hadde lyst å klatra i tårnet for å

Prest Børge vart spurt om han kunne vera med, og det ville han gjerne.

s.9

sjå klokkene, men det var for risikabelt i mørket. Før kvelden vart avslutta med bollar og saft i kyrkjebenkene, song alle Bjarte Leithaug sin song «På kyrkjeveg» som ei fin oppsummering av kyrkjevandringa. Tusen takk til Børge for at han var med i kyrkja denne onsdagskvelden. PS: Litt skikk og bruk i kyrkja fekk gutane med seg då dei fekk vite at dei ikkje skal ha lue på inne i kyrkja.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.