Issuu on Google+

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 1 – mars 2012

– www.kyrkjekontakten.no –

Leirliv

Barnesider

Jesus lever !

Kyrkjebesøk

Fasteaksjon

God Påske !


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Påske

Alversund kyrkjekontor Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund Tlf. 56 35 73 70 Fax. 56 35 73 71 alversund@lindas.kyrkja.no Opningstider: tysd. – fred. kl.10.00-15.00 Stab Fungerande prost: Geir Sørebø 957 29 172 prosteniytresogn@c2i.net Sokneprest i Alversund: Åge Palmesen 56 35 73 76 age.palmesen@lindas.kyrkja.no Sokneprest i Seim og Lygra: Børge Ryland 56 35 73 75 borge.ryland@lindas.kyrkja.no Kateket: Bjørn D. Nygård 412 59 586 bjorn.d.nygard@lindas.kyrkja.no Sekretær: Mariann Nepstad 56 35 73 70 mariann.nepstad@lindas.kyrkja.no Kantor: Odd Leif Mjøs 56 35 73 74 odd.leif.mjos@lindas.kyrkja.no Kyrkjekontakten Redaksjon: Monika B. Aarland 414 16 422 mbaarland@gmail.com Lars Inge Kjemphol 992 59 699 larsinkj@online.no Anna Maria Skotsund Hetlebakke 918 66 476 annamsh@online.no Silje Marie Bauge 902 43 838 smbauge@bkkfiber.no Rekneskap: Mariann Nepstad 56 35 73 70 Layout/setting: ID fix design 93 006 007 Framsidefoto: Stephen Mcsweeny Trykk: Trykk-Service A/S Url: www.kyrkjekontakten.no Sokneråd Alversund sokneråd Wenche Tyssøy Medaas 920 25 488 Seim sokneråd Rannveig Furelid 400 17 918 Lygra sokneråd Lillian Beretsen 980 86 687 Kontonummer kontonr. 3632.53.60741 Lindås Kyrkjelege fellesråd Lonsvegen 2 56 37 59 20 www.lindas.kirken.no

Påske

God Påske!

Min påskesalme

Påskeandakt ved Kari Skår Sørheim

av Sigrun Håland

P

åskehistoria er både den mest dramatiske og mest fantastiske hendinga i vår kristne historie. Bibelen skildra den så detaljert og sterkt for oss, og det skal vi vera takksame for. Alle evangelistane skriv om dramaet, og slik får vi del i denne avgjerande hendinga. Det er denne hendinga som gjev oss menneske frelse og håp! Vi gjer difor klokt i å fordjupa oss i påskeevangeliet. Kva var det spesielle med Jesu liding og død? Det er ikkje lett for mennesketanken å skjøna at hans liding og død er så mykje meir dramatisk enn all den kamp, liding og meiningslause død som menneske opp gjennom historia har opplevd. Vi skjønar litt av det dersom vi får tak på at det var Gud sjølv, den heilage og reine – Herren over himmel og jord – som lei og døydde. Vi anar også litt av det veldige når vi får tak på at det var straffa for all verdens synd og skade, som førte Jesus til krossen. Utan soningsdøden for syndene våre ville vi menneske stå utan tilgang til Gud. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv med seg sjølv, skriv Paulus i 2. Kor 5.19-21. Difor er Jesu påskedrama så veldig, så annleis og så avgjerande viktig for oss! Påskemorgon med Jesu siger over døden har noko fantastisk og uverkeleg over seg! Jesus knuste døden si makt! Han steig ut av grava der han hadde lagt i tre dagar! Hans oppstode er vitna av mange menneske som møtte han levande og personleg etter påskedagen. Det er eit historisk faktum – han sto verkeleg opp den tredje dagen! Og gjennom denne si oppstode gjev han alle som set si lit til han, løfte opp oppstode og evig liv! Svimlande tankar, men trua grip den og seier «Deg være ære, Herre over dødens makt». Lukkelege er vi som kjenner påskedramaet og gjennom det får del i eit levande håp! Mange lever utan dette håpet, og Jesus oppfordra oss sterkt i avskjedstalen sin til å gå ut og fortelja denne bodskapen til alle! I kontinuerleg påsketakk til Jesus må vi som kyrkjelyd og enkeltmenneske fortelja påskeunderet vidare!

s.2

Han er oppstanden Salmane i påskehøgtida spenner så vidt, frå djupaste smerte og liding til den største glede. Det er vanskeleg å velja ein bestemt salme, men eg stansar ved påskedag. Påskedag var alltid kyrkjedag i min barndom. Då var det flott å få syngja med når ei fullsett kyrkje stemde i med «Påskemorgen slukker sorgen», eller «Å sælaste stund utan like». Sidan den tid har det kome til mange nye og vakre påskesalmar. Ein av dei høyrde eg første gong i Sandnes kyrkje. Presten Gundersen gjorde det uvanlege at han ville læra oss ein ny påskesalme frå Afrika før gudstenesta tok til påskedag. Salmen «Han er oppstanden. Halleluja!» står no på nr. 191 i salmeboka. Salmen er komen til oss frå Tanzania. Eg vèl denne salmen. Teksten er forteljande og enkel. Den tek til med lovprising av Jesu’ oppstode og siger over døden.

Jesus har sigra over mørke og død, han har teke vår synd på seg. Vi menneske kan verta skuldfrie overfor Gud, for Jesus har sona for alle gjennom si liding død og oppstode. Han vil gje frelse og fred til alle! Melodien synest eg er med og strekar under gleda i teksten. Salmen minner oss også om å bringa evangeliet vidare. «Gå og fortell...» Saman med kristne rundt i heile verda, skal vi få feira påska og den oppstadne Jesus Kristus. God påskehøgtid til alle!

s.3

1. Han er oppstanden. Halleluja! Lov ham og pris ham! Halleluja Jesus, vår Frelser, lenkene brøt. Han har beseiret mørke og død. Omkved: Halleluja! Vi skyldfrie er. Halleluja! Vår Jesus er her 2. Tre dager dødens fange han var Før han stod opp og seiren var klar. Tvers gjennom gravens stengsel han gikk. Frelse og fred ved Jesus vi fikk. 3. Engelen ropte: Frykt ikke mer! Han som du søker, er ikke her. Se der er stedet hvor han ble lagt. Han har stått opp – som selv han har sagt. 4. Gå og fortell at tom er hans grav. Livet han vant, da livet han gav, Gav det for oss og kjøpte oss fri. Frelse og fred han alle vil gi.


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Barnesida Bibelvers

Smil ! – Kvifor er d y ra kledd i pels ?

av Monika Bøkevoll Aarland

«Men alle dei som tok i mot ham, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.»

– Fo r d i d e i ville se ut i reg nfra tt rare kkar!

Barn om påske Kyrkjekontakten spurte nokre av borna på Vollom om dei veit kvifor me feirar påske, og kva dei skal gjere på i påska. Det måtte bli korte svar, fordi bråtebrenning sjølvsagt er mykje kjekkare enn å snakka med vaksne…

Maria, 8,5 år: 1. Fordi det er Jesus sin bursdag? Nei, Jesus vart drepen, og så stod han opp igjen. 2. Det er de som gøymer påskeegga, for påskeharen finst ikkje.

Johannes 1.12.

Andakt: Den store skatten «Den største skatten som finnes på jord, det er Guds gave til alle som tror. Den ligger gjemt i Herrens eget ord, det er den store skatten!» Denne songen blir ofte sunge på søndagsskular og barnelag rundtom. Kanskje kan du den? Bibelen er som ei stor

Smil !

or d or e it u t t a r f a v l –K b og s å p r b y r ja p å æ s j ? æ s j. bi l k r : r a v –S

Simon, 10 år: 1. Den sat langt inne... Jesus blei hengt på korset, så stod han oppatt. 2. Eg trur me skal på hyttetur.

Julie, snart 7 år: 1. Fordi Jesus hang på korset, og vart i live igjen. 2. Eg skal leite etter påskeegg.

skattekiste, med mange gode gåver inni. Ei av gåvene var Jesus. Han kom til jorda som eit lite barn for å frelse oss. Men han frelste oss ikkje berre ved å bli fødd. Nei, Jesus måtte døy for at me skulle bli frelst. Han måtte ikkje berre døy heller, for det kan kven som helst gjere. Jesus stod opp igjen frå dødsriket for at me skulle få evig liv. Og det er nettopp det som er den store skatten; evig liv i himmelen, hjå Gud. Høyr godt etter når nokon fortel deg kva som hende i påska, Jesus døydde

Marius, 6,5 år: 1. Jesus blei piska, og han måtte bera korset. Før det så var det mange som var glad i Jesus. Så har me sett på noko som heiter Jesus og Josefine. Då laga Josef eit kors som Jesus skulle døy på slik at me slapp å døy på det. Josefine kunne dra der som Jesus budde. 2. Eg skal få påskeegg.

for deg og meg! Han ville at me skulle leve med Gud. Er det ikkje flott? «Les din Bibel, let i ordet, så finner du den store skatten, for i troen på Je-

Jonas, 4,5 år: 1. Fordi Jesus blei født, og så døydde han på korset. Enkelt. 2. Eg skal eta påskeegg.

Hanna, 5,5 år: 1. Fordi me får godteri, og Gud har skapt påska. 2. Eg skal finne godteri.

sus kan himmelens rikdom bli din!»

s.4

s.5


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Kyrkjetenar

av Anna Maria Skotsund Hetlebakke

Tenk om du hadde kome til kyrkja og møtt kalde rom, uryddige benkar, og eit altar utan lys og blomar. Då hadde du nok lagt merke til at jobben til kyrkjetenaren ikkje var gjort. Men kanskje me ikkje legg godt nok merke til den når den er gjort… På Lygra og Seim er kyrkjelydane så heldige å ha Solveig Hjelmtveit som kyrkjetenar. Ho fortel at ho er kjend i mange av dei andre kyrkjene i kommunen også, der ho vert brukt som vikar når det trengst. Kvifor er du kyrkjetenar, og kor lenge har du vore det? – Det starta med at eg byrja å vaska i Seim kyrkje i 1994. Etter kvart vart eg spurt om kyrkjetenaroppgåvene fordi dei mangla folk. Eg seier at eg har fått jobben i «presang». På Lygra har eg vore i tre år.

og lys. Nattverden må lagast til, og begera må vaskast opp att etterpå. Salmenummera skal hengjast opp, og nokre stader deler eg ut salmebøkene ved inngangen. Under gudstenesta hjelper eg til ved dåp. Eg ringjer med klokkene før og etter gudstenestene. Eg møter og opp ved gravferd og bryllaup når det trengst. Du er med på mange gudstenester – vert du lei av gudstenester? – Nei, eg vert ikkje lei. Eg får all-

tid noko som eg kan ta med meg vidare i livet. Kva er det finaste i ei gudsteneste? – Heile gudstenesta er fin, frå me ber i lag før samlinga, til presten lyser velsigninga og takkar for fellesskapet. Kva betyr påskebodskapen for deg? – Det betyr alt. Det er det viktigaste av alt at Jesus døydde og sto opp att. TAKK til Solveig for at ho gjer kyrkjeromma varme og stemningsfulle med blomar og lys, og passar på at alt er på plass slik at gudstenestene kan gå sin trygge gang.

Konfirmantleir

av Bjørn D. Nygaard

Dei to helgene 27.- 29. januar og 3.- 5. februar var konfirmantane på leir. Det har blitt ein tradisjon at desse leirane vert lagt til Setervika leirstad i Samnanger. Den første helga reiste konfirmantar frå Knarvik, Lygra og Osterfjorden saman. Helga etterpå var det konfirmantar frå Alversund og Seim som drog.  Tema for samlingane var «Bibel og bønn».   Leirane har eit fokus på det sosiale, der eitt av måla er at deltakarane skal bli endå betre kjende med kvarandre. Fleire av konfirmantane nytta laurdagen i trekket i Eikedalen, medan andre tok seg ein spasertur til Tysse sentrum. Før heimreise søndag, deltok konfirmantane med ulike oppgåver i gudstenesta på leirstaden. Til høgre: Mykje leik og underhaldning på konfirmantleir. Her er det konkurranse om å bli «Man of the year».

Korleis likar du arbeidet? – Eg likar å vera kyrkjetenar, fordi eg likar å gjera det fint i kyrkja, slik at det ser ut som ein ventar folk. Kva oppgåver har ein kyrkjetenar? – Det må setjast på varme, og kyrkja må vaskast, ryddast og pyntast. På alteret pyntar eg med blomar, tenner lys, og ser etter at presten har det han treng av bøker o.l.. Eg likar og å pynte i vindaugskarmane med blomar

Kyrkjetenar Solveig Hjelmtveit

s.6

Konfirmantar frå Knarvik, Lygra og Ostereidet. Foto; Silje Iren Solibakke

s.7


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Påske

Kyrkjelydsbasaren

Kyrkjebesøk

– vellukka basar for kyrkjelydshuset

av Kåre Mestad

Resultat av trekning frå bøker:

Den årlege basaren for Alversund kyrkjelydshus vart halden laurdag 18. februar, og som vanleg var salen sprengfull. Den nye kyrkjeringen gjorde ein stor innsats både med å skaffa gevinstar, ta ansvar for loddsalet, og servering av kaffi og kaker til alle dei frammøtte. Barnekoret «Sing out», som har øvingane sine i kyrkjelydshuset, starta basaren med frisk song. Det var andakt ved May Irene Wergeland, før åresalet starta. I alt kom det inn kr. 99 000,- som er det beste resultatet nokonsinne. Oppmøtet og resultatet viser at folket i Alversund set pris på å ha kyrkjelydshuset og har forstått at vi er heilt avhengige av innsamla midlar for å makta å driva huset. Vi vil takka alle som medverka til det gode resultatet, ikkje minst medlemmene i barnekora «Sing out», og «Singsingeling», som gjorde ein stor innsats i loddsalet på førehand.

Bilete frå Kyrkjelydsbasarenbasaren i fjor

s.8

Påske

GEVINST

NAVN

1. Hardangersaumduk

Silje Tofting

2. Julekrybbe frå Betlehem

Trude Fykse

3. Dale herregenser

Fam. Andreas Helgesen

4. Strikka pledd

Torbjørg Kvamme

5. Dukke m/dukkevogn

Svein Harald Eriksen

6 Fiskestang

Gabriel Haaland

7. Hekla pledd

Kjellfrid Kvingedal

8. Bestikk

Sigrunn Hindesnes

9. Kaffeduk

Fam. Anders Johansen

10. Miksmaster m/bolle

Karoline Torpe

11. Pannekakejern

Serina Pedersen Skår

12. Bordlampe

Else Marie Fosse

13. Linduk

Tove Leiknes Eide

14. Quilta løper

Ida Hilland

15. Gavekort frå Expert

Turid og Lars Inge Kjemphol

16. Fotball m/hansker

Elise Nan Soltveit

17. Dagstursekk

Atle Ove Kleiveland

18. Dobbelt sengesett

Bjørg Rath

19. Middag for 2, Alver hotell

Aaslaug Langedal

20. Strikka jakke 4 år

Magnar Alver

21. Hekla løper

Alvhild Kvamme

22. Brodert pute

Astrid Skar Fosse

23. Juleduk

Unni Tvedt

24. Hardangersøm- løper

Mariann og Ole Håkon Nepstad

25. Gavekort, massasje

Kurt Halås

26. Vårt norske kjøkken

Ottar Larsen,

Myksvoll Yngres ved Anna Maria Skotsund Hetlebakke

Yngres er ein fritidsklubb for barn frå 5. klasse og oppover, som til vanleg held til på bedehuset på Myksvoll annankvar onsdag. Ein onsdag i haust inviterte klubben seg sjølv på besøk i Lygra kyrkje.

Alle hadde vore i kyrkja før, og visste korleis ho såg ut, men det er ikkje alt ein veit likevel. Først fortalte Børge om kor gamal kyrkja er, og at det hadde stått andre kyrkjer der før den som står der i dag. Inne i kyrkja viste han den gamle altertavla som hadde vore i ei av desse gamle kyrkjene, og som no heng til pynt.

kjeskipet. Børge sa at det er eit bilete på livet til menneska som er som ei reise med eit skip. Av og til er livet stille og fint, andre gonger er livet litt meir stormfullt. Kyrkja er ein stad for glede og sorg. Nokre gonger feirar ein dåp og bryllaup. Han fortalte at det skulle vera gravferd i kyrkja dagen etter. Framme ved alteret snakka han om nattverden og kva den betyr. Innimellom alle fakta om kyrkja fortalte han bibelhistorier som passa til.

Børge fortalte vidare om kva dei ulike delane og romma i kyrkja heiter. Gangen vert kalla våpenhuset. I gamle dagar då mennene gjekk med våpen skulle dei setja det i frå seg der, fordi det skulle vera fred inne i kyrkja. Det store rommet i kyrkja vert kalla kyr-

Alle som ville, og det var dei fleste, var ein tur på preikestolen også. Omvisinga vart avslutta på galleriet for å sjå på det store orgelet. I gangen utanfor hang taua til kyrkjeklokkene. Det var freistande å prøve dei, og nokre hadde lyst å klatra i tårnet for å

Prest Børge vart spurt om han kunne vera med, og det ville han gjerne.

s.9

sjå klokkene, men det var for risikabelt i mørket. Før kvelden vart avslutta med bollar og saft i kyrkjebenkene, song alle Bjarte Leithaug sin song «På kyrkjeveg» som ei fin oppsummering av kyrkjevandringa. Tusen takk til Børge for at han var med i kyrkja denne onsdagskvelden. PS: Litt skikk og bruk i kyrkja fekk gutane med seg då dei fekk vite at dei ikkje skal ha lue på inne i kyrkja.


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Påske

Påske

Kva betyr påske for deg? Ingunn Bøkevoll Påskesol, å sitja i ein snøsofa ein solfylt dag på fjellet, appelsinar, nytt liv, blomster som spirar – sånt likar eg. Påske er ganske masse forskjellig, men det viktigaste for meg er Jesu oppstode. At Jesus døde og stod oppatt. Fordi det er det som gjer at me har evig liv. Påska er for meg ei viktigare høgtid enn jula. Jula er viktig fordi Jesus vart fødd då, men det var i påska han fullbyrda gjerninga si. Og det gjer meg så glad!

Lars Inge Kjemphol I påska blir eg mint på det som trua mi er bygd på. Det Jesus gjorde då han døydde på krossen for alle menneske for snart 2000 år sidan gjeld framleis i dag. Eg og alle menneske har fått tilbodet om å takke ja til denne gåva. Heile trua mi byggjer på at Jesus døydde og stod opp att frå grava. Dette er noko som ikkje berre er knytt til påska. Det gjeld heile året og gir livet mål og meining. Sjølve påskehelga står for meg som ei fin tid til å samle heile familien på hytta. Skigåing og andre ute- og inneaktivitetar med barnebarna høyrer med. Dei set også pris på at vi syng dei kjende påskesongane.

Elisabet Mehl-Winge I påska målar vi egg og pyntar med sjarmerande meir og mindre skjegløygde påskekyllingar. Påskeharen kjem gjerne med skattekart og påskeegg. Nokre dagar ekstra fri i lag gjev høve til å lade opp litt etter vinteren, og å treffe familie og vener vi ikkje ser så ofte. Vi reiser ikkje etter vinteren til fjells, men kosar oss i låglandet og nyt at hagen vert full av liljer. Påska er fest i kyrkja. Mitt sterkaste påskeminne er frå påskegudsteneste klokka sju om morgonen påskedag, kor sola skein inn vindauga med glasmaleri av oppstoda. Vi er heldige som får kvile i påska sin nåde gjennom heile året.

s.10

Quo Vadis?

av Torgeir Paulsen Kyrkjeverje

Prosessen fram mot ny kyrkje i Knarvik har vore i sin noverande fase sidan 2007, då ein koalisjon beståande av Høgre, Krf og Fremskrittspartiet gjekk til val med ønskje om å satse på Knarvik sentrum med etablering av ulike servicetilbod, deriblant kyrkje. Tanken om kyrkje i Knarvik har levd i innpå 50 år, heilt frå staden var eit fergeleie i Nordhordland med eitt hus og kiosk til i dag når Knarvik er blitt ein plass med status som regionsenter, rundt 3.000 innbyggjarar og store barne- og ungdomskull. Fellesrådet tok tak i saka frå hausten 2007, m.a. ved å oppnemne plan- og prosjektgruppe med deltaking frå soknerådet og fellesrådet, tilrå plassering av kyrkja samt formulere hovudpunkt i eit programnotat for den nye kyrkja. Her vart det nytta formuleringar som: ei kyrkje lokalisert i eller i tilknyting til Knarvik senter, 7 dagar i veka- kyrkje prega av lave tersklar fysisk og sosialt, ein oase med utfalding og verdigheit, ei tydeleg kyrkje både inne og utvendig, ei kyrkjemusikalsk ressurs

har frå fellesrådet si side vore opptatt av å knyte til seg solid kompetanse i alle ledd av prosessen og å gjennomføre alle delar etter gjeldande regelverk. Det vart derfor ein liten nedtur då kommunestyret valde å utsetje byggingsvedtaket i februarmøtet sitt. Samstundes måtte fellesrådet erkjenne at jamvel om fellesrådet hadde fått informasjon frå plan- og prosjektgruppa som dei feste lit til, så var kommunestyret ikkje overtydde. No har rådgjevarane til fellesrådet satt opp reknestykket ein gong til, og summen denne gongen er rett i høve til rammen frå kommunen. Anbod og endringsforslag er og betre grungjevne enn dei var før handsaminga i kommunestyret. Onsdag 14. mars vart fellesrådet sitt svar på kommunestyret sitt vedtak sendt til administrasjonen, så nå får vi berre håpe og be. Saka kjem opp i formannskapet 29. mars og i kommunestyret i slutten av april.

Kontakt med kommunen har vore tatt i vare gjennom presentasjonar i formannskapet samt deltaking på kommunen sine økonomikonferansar. Prosjektet kom inn i kommunen sin økonomiplan med overføringar av planleggingsmidlar på 4 mill i 2009 og 2010, og avtale om ny brutto ramme på 70 mill frå 2011 til ferdig prosjekt vart inngått 5. mai 2011. Ein har heile tida vore innstilt på at dette skulle vere rikeleg, og skuffelsen var derfor stor då anbodsrunden synte at denne rammen ikkje strakk til. Å byggje kyrkje er eit komplisert prosjekt, og ein

s.11


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Faste

Kirkens Nødhjelps

Skjermfri veke som faste

fasteaksjon

For nokre veker sidan fekk eg eit brev frå Familie & Medier med spørsmål om me kunne tenke oss å vere med på ei skjermfri veke. Det skulle vere ein anleis måte å faste på. Eg fall for idéen og melde på meg og barna utan å ha spurt nokon. Dette måtte me forsøke.

Catarina Ramirez frå Guatemala har fått startstøtte frå Kirkens Nødhjelp til å dyrka grønsaker i drivhus. No gjev ho døtrene næringsrik mat og tener pengar nok til at jentene kan gå på skule. Catarina trur at ei framtid utan fattigdom er mogleg. Her er ho saman med dottera Anabella (14).

ra om

d

re

r tt fe

27. mars 2012

– Over éin milliard menneske lever i ekstrem fattigdom. Urettferda tek menneskeliv kvar dag. I år set Kirkens Nødhjelps fasteaksjon fokus på økonomisk rettferd. Saman kan vi kjempa for ei framtid utan fattigdom. – I årets fasteaksjon, kjem konfirmantane i sokna Alversund, Lygra og Seim til å gå rundt med innsamlingsbøsser. Dette skjer tysdag den

l

De

d n a th

s.12

27. mars. Der er alltid behov for bøsseberarar. Ta gjerne kontakt med kateket Bjørn D. Nygård, tlf. 41 25 95 86 om du ønskjer å hjelpe til.

Pengane som blir innsamla går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Støtt aksjonen direkte ved å – nytta kontonummer 1594 22 87493 – senda ein sms <KN200> til 2090 (200 kroner) – ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner)

Eg tenkjer helst på faste som det å ikkje ete, eller iallefall å ete mindre. Sjølv vert eg svolten berre ved tanken på ordet faste. Det har nok hendt eg har gløymt å ete lunch på jobben fordi der er så travelt. Og likevel, då eg ein gong skulle faste – berre ein dag – fordi eg skulle til røntgen dagen etter, trur eg ikkje eg tenkte på anna enn mat!

av Jorunn A. Sagstad

Likevel, nokre utfordringar fekk me. Emnet «kva er faste» vart diskutert, men og «kva er skjerm». Me avgjorde at alle typar skjerm var skjerm. Ingen tv, ingen DS, ingen speling på telefon og ingen jobbing med data etter arbeidstid. Det siste punktet viste seg å bli minst like vrient for mor som resten vart for barna. Men når dei var så flinke kunne jo ikkje eg vere dårlegare. Når nokon ringte på kveldstid og spurte om eg ikkje berre nett kunne sjekke noko på internett svarte eg konsekvent at det kunne eg nok ikkje for eg hadde skjermfaste. Det var igrunnen deilig. Og sist, men ikkje minst, fekk me lest meir i bibelen.

Skjermfaste høyrtes enkelt ut til samanlikning, og Nokre artige historiar fekk me ut av det og. Eg eg gjekk inn i det med både glede og optimisme. måtte eingong ta fatt i eldstemann som hadde gjort noko eg ikkje lika. Eg invigde barna i planane, og må nok innrømme at jubelen ik- «Det er bevisst at vi legger Då svarte han kjekt: kje akurat stod i taket. Men dei ’Skjermfri uke’ til fastetiden. «Jammen mamma, det er jo vende seg til tanken i god tid før 1000 år sidan.» Dette er en del av kirkeåret veka starta. Forslag til ting me «Nei,» svarte eg «det hende kunne gjere istadenfor å sjå tv som hjelper oss til bønn, stillnett no her i dag!» vart tatt opp rundt middagsbor- het og refleksjon» Korpå han kjapt svara: Jarle Haugland «Jammen du må hugse det det. Etterkvart kom dei med eigred. Familie & Medier mamma, at for Gud er ein ne forslag. Meir besøk av venner, tur ut i Bøkeskogen med grilling dag som tusen år...!» av pølser og sykkelturar var nokon av forslaga som Ein annan gong las me historia om Jakob og Lakom opp. ban. Dei fylgjer alltid godt med når eg les, men no kom det eit djupt sukk frå jenta mi. Lite visste me at det kom til å bli eit forrykande «Mamma, kan me ikkje lese om noko anna no, ruskevêr heile veka. –Men standhaftige det var me, – eg er så lei tå dei luringane!» og bestemt på å fullføre. Me prata i saman, og las fleire bøker. Alle elskar lesestundene, og no vart det Eg vil råde alle til å forsøke seg med ei skjermfri plutseleg meir tid til desse. Barna var veldig krea- veke, eller skjermfrie dagar for den saks skuld. Vil tive og fann på nye leikar. Me fann fram gamle spel de vite meir om «Familie & Medier» kan de gå inn frå skuffene, og koste oss med dei om kvelden. på nettsidene: www.fom.no.

s.13


Annonsesider

Ynskjer du å annonsere i Kyrkjekontakten kan du kontakte kyrjkekontoret på tlf. 56 35 73 70

«Med fokus på fag og kunden»

Knarvik. tlf. 56 35 17 65 www.hageland.no

Bok & Media Frekhaug tlf. 55 31 89 89 frekhaug@bokogmedia.no

www.nordh-bb.no

Blomster til alle anledninger – Din kristne bokhandel – Åsane Senter!

Fargehuset

Bibler

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver tlf 55 19 82 00

Kiwi Ikenberget Tlf. 56 35 86 10

www.fargehuset.no

Knarvik Senter Tlf. 56 34 30 80

Isopor - netting - plastfolie Alt i isolasjon, plastfolie, netting, grunnmurspapp, støpematrise, drensrør, drensrenner, anleggsrør, veiduk, merkespray, formstag, kryssfiner og spiker. Armeringstoler/lister. 5911 Alversund 56 35 79 90

56 35 79 91

Alt i Hey`di produkter.

tlf. 56 35 00 05 mob. 901 18 290 fosse-b@online.no


i Alversund prestegjeld 25. mars 25. mars Palmesøndag Skjærtordag Langfredag Påskeaftan 1.Påskedag 2.Påskedag

Knarvik kl 1100 v/Ryland Alversund kl 1700 v/Ryland Alversund kl 1100 v/M. Skauge Lygra kl 1100 v/Ryland Knarvik kl 1900 v/Palmesen Seim kl 1100 v/Palmesen Alversund kl 2300 v/Ryland Alversund kl 1100 v/Palmesen Seim kl 1100 v/Ryland

15. april Lygra kl 1100 v/Palmesen 22. april Knarvik kl 1100 v/Ryland 29. april Alversund kl 1100 v/Palmesen 06. mai Alversund kl 1030 v/ Palmesen kl 1230 v/Palmesen Seim kl 1100 v/Ryland 12. mai Alversund kl 1200 v/Palmesen 13. mai Alversund kl 1030 v/Palmesen kl 1230 v/Palmesen Lygra kl 1100 v/Ryland

Ung messe 1. april 5. april 6. april 7. april 8. april 9. april

Konfirmasjon Knarvik Konfirmasjon Knarvik Konfirmasjon Konfirmasjon Alversund Konfirmasjon Alversund Konfirmasjon Alversund Konfirmasjon

Det kan verte endringar i lista. Sjå kunngjeringar i Strilen og Nordhordland og på plakatar.

Påskemøter

Vollom Bedehus Talarar: Leif Myntevik og Olav Vindenes.

Hjarteleg velkomne! Arr. Indremisjonsforeiningane i Alversund prestegjeld.

Skjærtorsdag 5. april, kl 19.00 Langfredag 6. april, kl 19.00 1. Påskedag 8. april, kl 19.00 lovsangsmøte Song ved Hatikva


Kyrkjekontakten nr.1/12.