Flora kommune

Page 21

WESTCON YARDS FLORØ - Foto: Westcon / Roger Anzjøn

EWOS

HAVBRUKSNÆRING

Flora strekkjer seg frå Ålfotbreen i aust til Ytterøyane fyr og havet i vest, og mellom desse ytterkantane finst eit hav av moglegheiter for næring og utvikling. Næringslivet i kommunen har alltid vist vilje og evne til nytenking og omstilling. Dei fleste næringane på kysten er eksportretta og hovudnæringane i Flora er forsyningsbasen for oljeindustri, havbruksnæringa, fôrfabrikk, tradisjonelt fiskeri, skipsbygging og servicenæringar.

Byen vår Florø jobbar med opplevingar, samhandling og formidling av arrangement i Florø og Flora kommune. Foreininga er ein medlemsorganisasjon for handelsstanden og arbeider for positiv utvikling i Flora-samfunnet gjennom aktivitetar, arrangement og sentrumsutvikling. www.florø.no

Aksello er eit inkubator- og næringsutviklingsselskap, og bidreg til å skape og sikre arbeidsplassar gjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv. www.aksello.no

Oljebasen i Florø har vore gjennom store endringar, og tilpassar seg ein svingande marknad. Dei byggjer ut og satsar stadig i nye segment, som til dømes havbruk og hydrogen. Fiskeri og havbruk utgjer ei stor verdiskaping i kommunen, og vi har den største havgåande garnflåten i landet. Havbruksnæringa har gode naturgitte vilkår i kommunen, og vart tidleg etablert her. Både oppdrettarane og fiskeseljarane skaper store verdiar og mange arbeidsplassar rundt om i heile kommunen. Fôrfabrikken Ewos som er lokalisert på tuftene etter sildeeventyret, er eit av verdas største i sitt slag.

Flora Industri- og Næringsforening (FIN) har som mål å arbeide for industriutvikling, næringsutvikling og innovasjon i kommunen. FIN koordinerer og fremjar medlemmane sine synspunkt på område av felles interesse, og er ein møtestad for utveksling av erfaringar og nye idear. www.florain.no Maritim Forening Sogn og Fjordane er ei interesseforeining for verksemder med havbaserte aktivitetar i Sogn og Fjordane. Målet er å skape samlingsplassar for leverandørindustrien, og synleggjere kompetansen i fylket, både mellom aktørane sjølve og for aktørar utanfor fylket. Dei jobbar med å kople saman næringsliv, FoU- og utdanningsinstitusjonar. www.maritimsfj.no

Det kommunale næringsfondet blir forvalta av Aksello, med følgjande føremål: • Å styrkje og vidareutvikle næringslivet i Flora kommune. • Å utvikle og oppretthalde arbeidsplassar i Flora kommune. • Å støtte prosjekt/tiltak som bidreg til at regionen og lokalsamfunnet blir meir attraktivt å bu i og flytte til. NHO Vestlandet har regionskontor i Florø. Dei skaper møteplassar og driv service overfor sine medlemsbedrifter, i tillegg til å formidle NHO sine nasjonale utspel og jobbe med politisk påverknad. www.nho.no

Skipsverftet har vore ei hjørnesteinsbedrift i kommunen, med ulike eigarar og skiftande tider. Vi har og ein omfattande leverandørindustri innan t.d. rør, elektro, anlegg og mekanisk arbeid og viktige servicebedrifter. FJORD BASE - Foto: Harald M. Valderhaug

Vi utfører alle typer elektroinstallasjoner BOLIG - NÆRINGSBYGG - INDUSTRI SKIP - HAVBRUK - INTERNKONTROLL

SØNNICO ELEKTRO AS Evja Senter Florø - Tlf. 57 75 14 50 sonnico.flora@sonnico.no - www.sonnico.no 21


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.