Flora kommune

Page 1

FLORA KOMMUNE

1


KYSTKOMMUNEN

SMITTANDE OPTIMISME Kystkommunen Flora er ein frisk og levande bykommune – med eit aktivt næringsliv og eit optimistisk folkeferd. Verdiskapinga er større enn elles i landet fordi næringslivet er internasjonalt retta. Kystbyen med stolte tradisjonar i snart 160 år Knutepunktet og innfallsporten til fylket Flora kommune – kulturkommunen Ein pådrivar for næringsutvikling og godt oppvekstmiljø

FLORA KOMMUNE

Vi ser optimistisk på framtida!

www.flora.kommune.no 2


OLA TEIGEN – ORDFØRAR I FLORA KOMMUNE

Slik skal vi møte framtida Flora kommune blir ofte kalla ein miks av sjarmerande småbyidyll og framoverlent næringsliv med stor vilje og evne til utvikling. For oss som bur i Norges vestlegaste by er det viktig med ein kommune som gagnar alle innbyggarane og som er så attraktiv at den trekkjer til seg nye innbyggarar. Kommunen skal vere god og spennande å bu i, og ikkje minst må folk ha arbeid og aktivitetar å gå til. Vi bur i ein typisk kystkommune, der vind og vêr og ramsalte aktivitetar pregar kvardagen vår. Kvardagar har vi som kjent flest av, og kommunen skal legge til rette for at den skal vere så god og innhaldsrik som mogleg - anten ein går i barnehage, jobbar på ein fiskebåt eller er busett på institusjon. Det er avgjerande at innbyggarane er fornøgde med tenestene vi tilbyr, og som kommune jobbar vi heile tida for å bli betre. Flora, som strekkjer seg frå hav til bre, kan by på eit variert aktivitets- og kulturtilbod. Aktivitetsbyen Flora klarer å engasjere mange av innbyggarane fordi vi jobbar saman med eit engasjert organisasjonsliv. Kystkommunen Flora har eit optimistisk folkeferd og eit næringsliv som er vande med å tilpasse seg svingingane i marknaden. Vi er sterkt avhengige av gode kommunikasjonar, då vi er både eit knutepunkt og ein innfallsport for resten av fylket. Eit av dei beste bidraga til utvikling og vekst for næringslivet er å sikre gode samferdsletilbod. Vi har ein flyplass med god regularitet og godt utbygde båtruter både internt i kommunen og med forbindelsar på sjøen både nordover og sørover. Dette er spesielt viktig no når vi skal inn i ein omstillingsperiode, der vi skal jobbe kinn mot kinn med Vågsøy – fram mot den nye kommunen.

Flora kommune Areal: 693 km² Folketal: 12 000 Administrasjonssenter: Florø Geografisk posisjon: 61º 35´ 58´´ N, 5º 1´ 58´´ Ø Flora kommune er den vestlegaste bykommunen i Norge, og ligg i leia midt mellom Bergen og Ålesund. Her ved kysten av Sogn og Fjordane, har vi skjergard med eit mylder av små og store øyar, vakre fjelltoppar, bre og stille vatn. Bysentrumet Florø fekk bystatus allereie i 1860, og grunnlaget for etableringa var det rike slidefisket på kysten. Silda har alltid spelt ei stor rolle i Flora si historie, og difor finn ein tre sildar i byvåpenet. Byen ligg omkransa av flott natur som byr på eit variert turterreng, Frå 1 . januar 2020 blir vi ein del av den nye kystkommunen Kinn. Her er det viktig at vi tar med oss den optimistiske og patriotiske tonen, som Florøfolk er kjende for. Det ligg mykje arbeid og godt samspel bak dagens kommune, og det er det viktig å bygge vidare på. Det er som kjent ingen ting som kjem av seg sjølv, og saman skal vi få til ein blomstrande kommune, der folk trivast og ønskjer å bidra.

GOD KOMMUNIKASJON: • Direktefly til Bergen og Oslo fleire gonger dagleg • Ekspressbåt til Bergen 2 gonger dagleg • Hurtigbåtar til øyane i kommunen fleire gonger dagleg • Ekspressbuss-samband til heile landet • Hurtigruteanløp 2 gonger i døgnet

Kjekt å jobbe – godt å leve – er eit magasin som Flora kommune gir ut i samarbeid med Florøbedrifta A til Å Grafisk Design og Media. Her kan du lese om kva kommunen tilbyr av tenester til innbyggarane. Vil du flytte til kommunen vår så får du innblikk i kva vi har å by på, og dei mange spennande bedriftene. Er du på flyttefot? Vi trur du vil bli imponert over alt vi kan tilby. Er du ikkje på flyttefot, men bur her får du informasjon om kommunen sine mange tenester og kva ein del av bedriftene kan tilby deg. BLI MED TIL KYSTBYEN FLORA, DER OPTIMISMEN BLOMSTRAR. 3


KULTUR OG ARRANGEMENT

ENGASJERTE OG AKTIVE

Foto: Egil Aardal / Våt Moro

- stolt og kry

REN OG FRISK LUFT DET ER VI SOM SELGER OG MONTERER FLEXIT BOLIGVENTILASJON KVALITET SIDEN 1915

Skridsholgt. 4 6900 Florø Tlf. 57 74 22 75 vaardalblikk.no

4


KINNASPELET - Foto: Egil Aardal

Florø er kjent for å vere ein by med stort engasjement og høg aktivitet. Vi er glade i byen vår og set pris på liv og røre i heile kommunen. Dei største faste arrangementa i kystbyen er: Kinnaspelet som kvar sommar går av stabelen på kommunen si vestlegaste øy. Våt moro er ein våt og ramsalt festival med ekstreme aktivitetar over og under havflata. Sildebordet, Eikefjorddagane, Laksens dag og Godt i gapet har fokus på god mat og drikke, med hovudfokus på det lokalproduserte. Byens fotballheltar set heile byen på hovudet, og patriotismen blomstrar høglytt når dei er på bana. Den internasjonale friidrettsfestivalen og alle dei andre idretts-

FLORØ FOTBALL - Foto: Eivind Nordvik Hauge

arrangementa er med på å gjere Florø til ein rik idrettsby. Kalenderen i Florø er full av spennande aktivitetar og kulturtilbod av høg kvalitet. Flora kommune har levande lokalsamfunn i byen, på øyar og i grendene. Frivillige spelar ei stor rolle i kulturlivet vårt og du er hermed invitert til å delta. I kommunen vår finn du kulturminne som Kinn kyrkje, helleristningsfeltet i Ausevik, Stakaldeneset, Svanøy hovudgard og steinkrossen, fortidsminna i Brandsøy, gravrøysene i Årebrot, krigsminna på Florelandet, galeasen Svanhild, båten Atløy og dei tre fyra Stabben, Kvanhovden og

KINNAKYRKJA - Foto: Petter Bjerck Olsen

SILDEBORDET - Foto: Truls Kleiven

Ytterøyane. Idretten organiserer mange unge og vaksne, det same gjer musikklivet, med ei rekke kor og orkester. Nye landsmenn er med å gjere oss meir opne og tolerante og bidreg med nye opplevingar. Heile kommunen byr på spennande og variert natur, som gir god rekreasjon og spennande utfordringar. Her kan du rusle i byåsane, padle i skjergarden, fiske middagen din sjølv eller ta turen til fjells frå dei ytste øyane i vest til høgfjellet og breen i aust. Vi ønskjer deg velkommen til Flora, som aktiv tilskodar og deltakar i kulturlivet.

BADEANLEGGET HAVHESTEN - havhesten.no

Eldsjeler, trivsel og bulyst! Lokalt engasjement og dyktige frivillige er med på å gjere fylket vårt til ein framifrå plass å vere. Gjennom våre sponsorsamarbeid ønskjer Sogn og Fjordane Energi å gje næring til gode tiltak, og ein velfortent klapp på skuldra til eldsjeler som skapar trivsel og bulyst. sfe.no

5


Lokal drivkraft

Morselskap INC Invest Olje og gass Saga Fjordbase Tekniske tjenester NBN Elektro Norsk Contracting Partner Norwegian Marine WIS Gruppen

INC Gruppen er opptatt av å skape aktivitet i lokalsamfunnet. Selskapene våre har utviklet seg til en stor gruppe og er en viktig del av næringslivet i Flora kommune. INC Gruppen har aktiviteter innen olje og gass, tekniske tjenester, eiendomsutvikling, akvakultur, subsea og industrielt vedlikehold.

Eiendom Fjord Base Havbruk Havlandet Havbruk Havlandet Forskningslaboratorium Havlandet Marin Yngel Subsea INC Vedlikehold

INC Gruppen · 6900 Florø · Telefon 57751800 ·6kontakt@incgruppen.no · www.incgruppen.no

A til Å - www. atilaa.no

VI GRIPER MULIGHETER OG SKAPER VERDIER


SUSTAINABLE SALMON STARTS WITH SUSTAINABLE FEED

WWW.EWOS.NO

KNOWLEDGE MAKES THE DIFFERENCE

NYTT BUSTADFELT PÅ SOLHEIM

Instetunet DETTE GJER VI • bygger nye Mesterhus og andre spesialtilpassa bustader • etterisolerer, rehabiliterer og bygger om • utviklar eigne prosjekt gjennom selskapet Fanevik Tomteutbygging • nybygg og renovering av skular og barnehagar

Fjordgata 5, 6900 Florø • Tlf: 57 75 79 80 • Mobil: 91 10 86 40 • kjell@fanevik.no

7

Instetunet er eit nytt og spanande bustadprosjekt med hus, sjøbu og båtplass. Vi leverer skreddarsydde løysingar. Kontakt oss for ein uforpliktande prat. Etter over 40 år i bransjen har vi lang erfaring som du kan hauste av. Fanevik Bygg er eit lokalt firma med dyktige tilsette som står klar til å oppfylle husdraumen din.


HELSE OG OMSORG

SLIK MØTER VI

utfordringane i omsorgstenestene

Du finner oss på Kolkaia – midt i Florø 8


AKTIVT DAGTILBOD

Flora har åtte avdelingar i heimetenesta og to institusjonar med til saman fire avdelingar, som tar seg av omsorgstenestene for dei eldre og dei med funksjonsnedsetting i kommunen. Vi er opptatt av å tilpasse tilbodet til behova som til ei kvar tid er her. Bygger for morgondagen Institusjonane i kommunen er under stadig utbygging, og vi satsar på funksjonelle og moderne omsorgsplassar med godt utbygt velferdsteknologi. Dette er med og gjer tenestene våre tryggare og enklare for brukarane og oss. Med utbygginga av Docen II med omsorgsbustader og Miljøhuset som skal oppdaterast for yngre menneske med ulike funksjonsnedsettingar, vil vi ha eit meir moderne og oppdatert tilbod til innbyggarane i

kommunen. All framskriving av folkevekst i Flora viser at andelen eldre innbyggarar veks. Det betyr større krav til lokalitetar og kompetente tilsette. Fleksibilitet og kompetansebygging Omsorgstenesta er ein trygg arbeidsplass og vi jobbar kontinuerlig med å sikre eit godt arbeidsmiljø og kompetansebygging hos dei tilsette. Vi ønskjer oss bevisste, ansvarlege og kompetente medarbeidarar, først og fremst sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som ønskjer å vere ein del av små og store endringar som er ein naturleg del av tenesta. Flora kommune har ei fleksibel turnusordning, der vi fleire stader har årsturnus og enkelte stader langturnus. Systematisk

9

etisk refleksjon er ein del av det interne kompetanse- og kvalitetsarbeidet. Lønsog arbeidsvilkåra er gode, og vi satsar sterkt på vidareutdanning av dei tilsette.


– EIT RÅDGJEVANDE INGENIØROG ARKITEKTSELSKAP PÅ VESTLANDET

Arkitektur · Konstruksjon · Bygningsteknikk Byggesaker og frådeling · VVS og energi · Elektro Prosjektadministrasjon · Fornybar energi VA og veg · Planarbeid

ivestconsult.no

10

iVest Consult AS - Strandgt. 15, 6905 Florø - T: 976 27 000 - E: post@ivestconsult.no


Vi elskar Tilgjengelighet Engasjement Kompetanse

laks

Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten.

bravoseafood.no

ALLMENNADVOKATVIRKSOMHET I FLORØ

Vi er stolte av det!

Advokat

Odd Bovim

Advokatfullmektig

Jacob Nødseth

Kontor i Florø og Førde

ARV/SKIFTE • RÅDGIVNING • PENGEKRAV • FAMILIERETT • FAST EIENDOM Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no

Avd. Florø: Horne Brygge, Strandgt. 15, 6905 Florø Tlf. 57 83 39 00 • E-post: odd.bovim@fylkesadvokat.no

VI ER MED OG BYGGER FLORØ

STOLT OG LOKAL AKTØR Skanska har til ei kvar tid over 400 prosjekt i Norge. Vi er ein stor global aktør, men like stolte over å vere ein lokal aktør i Florø. Våre måtar å jobbe på viser at vi ikkje bere er ein stor entreprenør, men ein samfunnsbyggar både for næringsliv og bedrifter.

www.skanska.no 11

Besøksadresse: Skanska Florø Ole Aaserudsgt 1, 6900 Florø Postadresse: Skanska Norge AS Postboks 1175 Sentrum, 0107 Oslo Telefon 40 00 64 28


SKULE OG OPPVEKST

DAGENS UNGE ER FRAMTIDAS

verdiskaping

SKATEPARKEN VED FLORA UNGDOMSSKULE - Foto: Egil Aardal

God kvalitet, god service og etterrettelighet Hos Fokus Elektro-bedriftene får du utført arbeid av kvalitet, med god service, av arbeidsfolk som du kan stole på

Treng du elektriker?

Ring oss på 57752920 heile døgnet.

På jakt etter ny jobb? Pb 284, 6902 Florø - Telefon 57752920 post@fokuselektro.no - www.fokuselektro.no

Vi har alltid behov for dyktige fagfolk til spennende arbeidsoppdrag. 12


NEWTONROM

Barne- og ungdomsskular Flora kommune har 9 skular, der to av dei er ungdomsskular. I tillegg har KF Innvandrarsenteret ansvaret for norskopplæringa for vaksne. Dette er i hovudsak eit tilbod for asylsøkjarar, men også arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har flyktningbakgrunn kan delta. Kommunen legg vekt på barnehagane og skulane som gode læringsarenaer, der tilsette, barn og foreldre er engasjerte. Kommunen har faste prosjekt som sikrar praktisk læring i samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunnet, som t.d. «Den kulturelle skulesekken», realfagsatsing og det nye Newtonrommet. Flora vidaregåande skule er lokalisert rett ved idrettssenteret og har for tida linjeval som bygg og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbygg

AKTIVT OG UTVIKLANDE LÆRINGSMILJØ

VIDAREGÅANDE SKULE - Foto: Charlotte Prydz Ottesen

til generell studiekompetanse, service og samferdsle, studiespesialisering, teknikk og industriell produksjon. Barnehagar Flora kommune skal vere ein attraktiv kommune for barnefamiliar å bu i og å flytte til. Det er vårt ansvar at tenestene har ressursar som gjev alle barn eit likeverdig tilbod og ei forsvarleg opplæring. Vi satsar systematisk på kompetansetiltak for alle tilsette, for å sikre kvaliteten i barnehagane.

Barnehageplass I Flora har vi lagt til rette for eit variert og spreidd barnehagetilbod for alle barn som bur i kommunen, og vi har god barnehagedekning. Tilbodet omfattar 12 kommunale barnehagar og 3 private barnehagar.

Barnehagane har eit aktivt og utviklande læringsmiljø. Og det er viktig for oss at omsorg, leik og læring blir sett i samanheng. Barna får oppleve eit rikt lokalmiljø og kulturliv som også bidreg til samhald og forståing.

Erfaring og tillit er viktig når draumebustaden din skal byggast Frå starten i 1990 og fram til i dag har vi bygd over 100 bustader. Det betyr at omlag 1000 menneske har fått gleda av å bu i hus frå oss. Vi hjelper deg med alt av husbygging – anten det gjeld ombygging, tilbygg eller ny bustad. I Florø har vi gjennom mange år bygd leilegheiter i burettslag. Det største er Bjørndalslia Borettslag med 48 husbankfinansierte moderne leilegheiter med panoramautsikt. Byggservice har kontor og byggevareforretning midt i Florø.

Hamregata 34, 6900 Florø Tlf. 57 74 07 30 - svein@byggservicefloro.no

www.systemhus.no

www.byggservicefloro.no 13


PLAN OG SAMFUNN

HER SKAL VI

lytte til alle

3D KOMMUNEKART

Grunnarbeid • Sprenging • Masseflytting • Kommunale teknisk anlegg • Kabelanlegg Komplett tilrettelegging av byggefelt og industriområde • Bygging av gang- og sykkelveg Bedrifta er godkjend for miljøkartlegging, miljøsanering og avfallshandtering, har ADK 1-sertifikat og er sentralt godkjend i mange klassar. Trygve Ullaland AS - Vågavegen 37 - 6906 Florø - Tlf: 57741793 - Mobil: 906 22 996 - www.ullaland.no 14


STRANDRYDDING PÅ REKSTA - Foto: Anita Øygard

SØRSTRAND FOLKEPARK - Foto: Trond Sagen

Kystkommunen Flora femner vidt, frå dei ytste skjæra vest i havet til dei høgaste toppane med breen lengst aust. Skal ein slik kommune fungere må ein spele på lag. Kommunen viser stort samfunnsengasjement, med omsyn til miljø, arkitektur, tilrettelegging for private og næring, aktivitet og trivsel.

med innspel på ein heilt ny måte, som til dømes sentrumsplanen.no. Vi legg vekt på å vere tilgjengelege og publikumsnære, og terskelen for å komme inn for spørsmål eller berre å slå av ein prat er låg.

Det blir drive eit målretta arbeid på lag med befolkninga i prosjekt som er viktige. I den siste tida spesielt innan miljøarbeid, som til dømes strandrydding, brunsnegle-aksjon og geiter på jobb for å nedkjempe svartlisteartar og gjengroing. Vi jobbar med byplanlegging med nye digitale verktøy, som gir innbyggarane ein mulegheit til å sjå prosessar og komme

her for heile kommunen, både bykjerne, grendene og øyane, og har fokus på å jobbe med eit målretta blikk på dette.

Kommunen har ei god kjerne tilsette med mange års erfaring og vid kompetanse, og har i tillegg knyta til seg nye og spennande fagarbeidarar som også har høg og verdsett kompetanse. Vi er fagleg og tverrfagleg sterke, og samarbeider breitt for å sjå dei store bileta. Målretta arbeid med kommunikasjon, i alt frå breibands-dekking i heile kommunen til sykkelnett og rutetilbod innan kollektivtransport, står høgt i fokus. Vi er

HORNE BRYGGE - Foto: Egil Aardal

KLATREPARK - Foto: Trond Sagen

GATEKUNST I STRANDGATA - Foto: Trond Sagen

UBN er eit selskap i Ullaland gruppa. Vi driv med utvikling og utleige av næringsareal og næringsbygg. Vi har 50.000 m2 med næringsareal og 10.000 m2 med lager og kontorbygg sentralt i Florø. Kontorbygga våre fungerer som mindre næringsklynge, med bedrifter innan mange ulike bransjar. Har du behov for areal inne eller ute – snakk med oss! Trygve Ullaland AS Vågavegen 37 - 6906 Florø Tlf: 57741793 - Mobil: 906 22 996 www.ullaland.no 15


Ein liten bukett av alle dei som jobbar hos Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø. – Vi er ein betydeleg arbeidsplass i Florø og er opptatt av å rekruttere nye medarbeidarar med rett kompetanse, fortel Ole Aukland. Klarer vi å hente heim igjen Florøværingane frå storbyane er det ein ekstra bonus både for banken og kystbyen.

Nye banktider krev ny kompetanse Sparebanken Sogn og Fjordane er den største bank- og finansarbeidsplassen i fylket, med rundt 270 medarbeidarar, fortel banksjef Ole Aukland. Her i Florø har vi rundt 25 årsverk, men i tillegg er det omlag like mange som pendlar frå Florø til banken i Førde. Sånn sett er vi ein betydeleg arbeidsplass i kommunen, og vi satsar på å sysselsette fleire på sikt. Treng ny kompetanse Vi er eit komplett finanshus og vi har rekruttert mange tilbake til heimfylket, på grunn av spennande jobbar. Banksjefen presiserer at det er behov for mykje ny kompetanse i banknæringa, noko som krev ny rekruttering. For vår del vil det sei at vi treng meir folk over tid. Sparebanken Sogn og Fjordane rettar seg mot ein arbeidsmarknad med mange fagområder, som til dømes juristar, samfunnsøkonomar, finans og eigedom, og ikkje minst IT-kompetanse.

Folk og relasjonar er viktig At banken vel å satse i kystkommunen er dei nye lokala eit godt bevis på. Aukland viser fram nye og moderne lokale i indre Strandgata. Vi har lange leigekontraktar, så her er vi komne for å bli lenge, slår han fast. Bankane er inne i eit teknologisk skifte, men relasjonskompetansen er likevel ekstremt verdifull. Vi har eit klart mål om å stille med eit sterkt team for å handtere kundane våre.

Derfor kom Silje heim til Florø Eg gjekk rundt i Oslo med eit flytteønskje i to år, utan at eg fann ein jobb som passa, fortel Silje Sunde. I dag bur eg i Florø med ein familie på fem, og har det heilt topp. Eg møtte opp på Framtidsfylket si rekrutteringsmesse i Oslo, for å snakke med banken om ei stilling som passa berre sånn halvveges med bakgrunnen min som datavarehusarkitekt. Der fekk eg vite at dei hadde stillingar som matcha meg, sjølv om det ikkje var utlyst. Den berømte ballen starta å rulle, og etter fire månader var Silje og sambuar Frode Svardal, saman med to ungar og ein i magen på plass i Florø. Silje kom frå same type jobb i Oslo våren 2015, og er imponert over det tekniske miljøet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er eit stort IT-miljø som står bak det meste som skjer her. Dette er arbeid som

kundane ikkje ser, men som er avgjerande for at tenestene skal fungere. Datavarehusarkitekten stortrivast i jobben og er veldig fornøgd med å ha flytta heim igjen slik at ungane kan få like gode og viktige relasjonar til besteforeldra, som ho sjølv har hatt. Familiebanda blir viktigare når ein har passert 35 år, smiler Silje fornøgd. Silje flytta frå Florø då ho var 16 år, men har heile tida hatt sterke band til heimbyen. Eg har hatt alle feriejobbane mine her, og jula i Florø har alltid vore viktig. Det var på ferie i heimbyen ho fann kjærasten Frode, og dermed vart banda hit ekstra sterke for heile familien. No har ho flytta heim igjen etter 19 år, har kjøpt seg hus og har ein jobb med full match. Silje Sunde pakka familien med seg og flytta til Florø etter 19 år vekke. Jobben som datavarehusarkitekt i Sparebanken Sogn og Fjordane var full match.

16

Lokalt samfunnsansvar Som den største nærings- og privatbanken i kommunen er vi sjølvsagt også opptatt av å legge igjen pengar i nærmiljøet. Difor har vi m.a. dei tre siste åra støtta det lokale næringslivet og nærmiljøanlegg med rundt 10 millionar kroner gjennom gåver og sponsormidlar. Å bidra til trivsel og utvikling i kystkommunen er noko vi sjølvsagt vil halde fram med.


STORÅSEN SØR

Kort veg til alt Første byggetrinn

- Turområde - Eiga sykkelbane - Butikk - Flyplass - Leikeplass - Sørstrand Folkepark - Barnehage - Besøksgard

VI SKAPAR NOKO NYTT I FLORØ Vi presenterer første byggesteg i Storåsen Sør, 20 leilegheiter fordelt på 4 etasjar, med felles garasjeanlegg. Tilkomst til leilegheitene via heis/trapp. Alle leilegheitene har eigne balkongar. Tomta er sørvendt og solrik, med Storåsen som næraste nabo. Det blir eiga sykkelbane på grøntområdet, og her er eit rikt utval av turstiar i nærområdet. Den nyopna Soldalen Besøksgård ligg like ved, med moglegheit for gode opplevingar for liten og stor. Storåsen Sør ønskjer deg velkommen til eit enklare liv der du bur tett på naturen.

FØL DEG HEIME Splitter ny og moderne sjølveigarleilegheit, der du får dei same goda som ved å bu i einebustad. Koseleg grøntområde, romslege balkong og fin utsikt. Samtidig slepp du å bekymre deg om alt som skulle vore gjort med huset. Du kan med godt samvit overlate vedlikehaldet og plenklippinga til andre! Det handlar om å leve.

www.allbygg.no

For meir info: www.eigedomsmekling.no www.vestelektro.no

Greta Halvorsen - Eigedomsmeklar MNEF - Tlf 481 67 099 / 57 75 12 45 - www.eigedomsmekling.no 17


Frequency.no

T AV STOL NDE R E I IA V NE RE LE Å VE DET GRØ N A ! INN KIFTET S

MED BAUGEN MOT FRAMTIDA Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og vi jobbar dagleg med nybygg i verdsklasse. Fjord1 har gjennom nye anbodskontrakter ein leiande posisjon innanfor det grøne skiftet i ferjenæringa. I løpet av dei neste åra skal vi bygge minst 20 nybygg basert på lav- og nullutsleppsteknologi. Vi i Fjord1 tek samfunnsansvaret på alvor, og vi er stolte av å vere den største og leiande leverandøren av ferjetenester i Norge, med hovudtyngde på Vestlandet. Med fokus på sikkerhet, gir vi vore reisande ei trygg, miljøvennleg og forutsigbar reise. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass, og vi har stadig behov for ny kompetanse til spennande stillingar til sjøs, og ved kontora i Florø, Bergen og Molde.

VÅRE VERDIAR: STOLTE • OPNE OG ÆRLEGE • PÅLITELEGE GODT HUMØR • TEAMÅND • LØNSAME 18


ORIGOD – ei bru til arbeidslivet

ORIGOD BISTÅR FOLK TILBAKE I ARBEID – Arbeid & Inkludering

• Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking? • Treng du å få utført ei mekanisk teneste? • Ønskjer du ein samarbeidspart i rekrutteringa? DÅ ER ORIGOD AS BEDRIFTA FOR DEG. Vi er lokalisert i Havreneset i Florø og er ei arbeidsog inkluderingsbedrift med ca. 50 tilsette. ORIGOD HAR OVER 30 ÅRS ERFARING med levering av arbeids- og inkluderingstenester til NAV. Vi er i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre, og står i dag fram som ei kompetansebedrift med medarbeidarar med utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing, pedagogikk og med et breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.

19

Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no


NÆRINGSLIV

FLEKSIBELT OG FRAMOVERLENT

næringsliv

Foto: Rune Helland

Telefon 57 74 75 10 E-post: audun@ramsdalmaskin.no www.ramsdalmaskin.no 20


WESTCON YARDS FLORØ - Foto: Westcon / Roger Anzjøn

EWOS

HAVBRUKSNÆRING

Flora strekkjer seg frå Ålfotbreen i aust til Ytterøyane fyr og havet i vest, og mellom desse ytterkantane finst eit hav av moglegheiter for næring og utvikling. Næringslivet i kommunen har alltid vist vilje og evne til nytenking og omstilling. Dei fleste næringane på kysten er eksportretta og hovudnæringane i Flora er forsyningsbasen for oljeindustri, havbruksnæringa, fôrfabrikk, tradisjonelt fiskeri, skipsbygging og servicenæringar.

Byen vår Florø jobbar med opplevingar, samhandling og formidling av arrangement i Florø og Flora kommune. Foreininga er ein medlemsorganisasjon for handelsstanden og arbeider for positiv utvikling i Flora-samfunnet gjennom aktivitetar, arrangement og sentrumsutvikling. www.florø.no

Aksello er eit inkubator- og næringsutviklingsselskap, og bidreg til å skape og sikre arbeidsplassar gjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv. www.aksello.no

Oljebasen i Florø har vore gjennom store endringar, og tilpassar seg ein svingande marknad. Dei byggjer ut og satsar stadig i nye segment, som til dømes havbruk og hydrogen. Fiskeri og havbruk utgjer ei stor verdiskaping i kommunen, og vi har den største havgåande garnflåten i landet. Havbruksnæringa har gode naturgitte vilkår i kommunen, og vart tidleg etablert her. Både oppdrettarane og fiskeseljarane skaper store verdiar og mange arbeidsplassar rundt om i heile kommunen. Fôrfabrikken Ewos som er lokalisert på tuftene etter sildeeventyret, er eit av verdas største i sitt slag.

Flora Industri- og Næringsforening (FIN) har som mål å arbeide for industriutvikling, næringsutvikling og innovasjon i kommunen. FIN koordinerer og fremjar medlemmane sine synspunkt på område av felles interesse, og er ein møtestad for utveksling av erfaringar og nye idear. www.florain.no Maritim Forening Sogn og Fjordane er ei interesseforeining for verksemder med havbaserte aktivitetar i Sogn og Fjordane. Målet er å skape samlingsplassar for leverandørindustrien, og synleggjere kompetansen i fylket, både mellom aktørane sjølve og for aktørar utanfor fylket. Dei jobbar med å kople saman næringsliv, FoU- og utdanningsinstitusjonar. www.maritimsfj.no

Det kommunale næringsfondet blir forvalta av Aksello, med følgjande føremål: • Å styrkje og vidareutvikle næringslivet i Flora kommune. • Å utvikle og oppretthalde arbeidsplassar i Flora kommune. • Å støtte prosjekt/tiltak som bidreg til at regionen og lokalsamfunnet blir meir attraktivt å bu i og flytte til. NHO Vestlandet har regionskontor i Florø. Dei skaper møteplassar og driv service overfor sine medlemsbedrifter, i tillegg til å formidle NHO sine nasjonale utspel og jobbe med politisk påverknad. www.nho.no

Skipsverftet har vore ei hjørnesteinsbedrift i kommunen, med ulike eigarar og skiftande tider. Vi har og ein omfattande leverandørindustri innan t.d. rør, elektro, anlegg og mekanisk arbeid og viktige servicebedrifter. FJORD BASE - Foto: Harald M. Valderhaug

Vi utfører alle typer elektroinstallasjoner BOLIG - NÆRINGSBYGG - INDUSTRI SKIP - HAVBRUK - INTERNKONTROLL

SØNNICO ELEKTRO AS Evja Senter Florø - Tlf. 57 75 14 50 sonnico.flora@sonnico.no - www.sonnico.no 21


Lyst til å våkne opp til denne utsikten?

Salget av Slettevoll Panorama er i gang! Eksklusive funkisboliger i Brandsøy med unik beliggenhet og fantastisk utsikt mot sør og vest. Kort vei til sjøen og bademuligheter, og til Brandsøyåsen - Florøs mest brukte turområde. Brandsøy skule og barnehage ligger rett ved med ballbinge, leikestativ og fotballbane.

Følg Vestlandsbygg på Facebook!

www.vestlandsbygg.no - Strandavegen 21, 6905 Florø ARILD LISETH - Mobil 957 63 078 - arild@vbfloro.no RUNE OTTESEN - Mobil 977 98 724 - rune@vbfloro.no

22


KOR MYKJE KAN EG LÅNE? VI ER HER. LÅN Våre rådgivarar i Florø gir deg gode råd om finansiering og forsikring når du skal bytte bustad. spv.no / 05555

Connie Humlestøl Døsen connie.dosen@spv.no Tlf.: 928 33 777

Kristin Teigene kristin.teigene@spv.no Tlf.: 952 20 062

23


FLORA KOMMUNE

florø.no

www.flora.kommune.no

24

© A til Å - www.atilaa.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.