Page 1

KOM P ETA NS EKLYNGA HORNE BRYGGE – MI DT I FLORØ

Bli med inn


Det er kjekt å få kunne presentere kompetansesenteret Horne Brygge – midt i Florø. Vi er opptekne av å framsnakke kvarande og bedriftene i byen. Derfor måtte vi berre lage dette magasinet. No er alle leigetakarane på plass – derfor magasin.

ROM FOR FOLK Før var det for det meste folk som budde i huset. No er det næringsareal og kontor. Her finn du 3000 kvadratmeter kontorareal. Du kan godt kalle det for eit «cluster» .

HORNE BRYGGE Firdaposten skreiv for fire år sia om Horne Brygge: Arbeidet med Horne Brygge kan ikkje kallast for anna enn pionerarbeid innan rehabilitering av bygg i Florø. – Det har vore eit langt lerret å bleike, både med tanke på dei spesielle byggjekrava frå fylket og kommunen. For Horne Brygge har vore alt anna enn eit A4-prosjekt. Fylkeskommunen karakteriserer nemleg området som vår felles kulturarv, og har stilt ei rekkje krav om korleis arbeidet med å rehabilitere bygget skal gå føre seg. Hovudsaka er at ein tek vare på det gamle trehusmiljøet – samstundes som ein gjer det funksjonelt og moderne. Det er eit grensesprengjande stykkje arbeid Skanska i Florø og Nedre Jølster Bilelag og alle underleverandørane har lagt ned. Horne Brygge består av fire delar: Den eine delen er Strandgata 15. Den andre delen er det totalrenoverte Hornehuset opp mot Strandgata. Det tredje er Hornebua. Det nye mellombygget knyt bua og Hornehuset saman.

NÆRINGSBYGG Vi som jobbar her kallar oss for eit lokalt kompetansesenter. Mange ulike bransjar og ulik kunnskap. Her er mange leigetakarar som vil vere i eit attraktivt miljø. Eit nettverk som tilbyr kvalitetar som kantine, møterom og fellesrom

FOTO: HORNE

OPTIMISME SMITTAR Kystbyen Florø har opplevd bakke opp og bakke ned. Det handlar om konjukturar og svingningar i næringslivet. Vi må ha evne til omstilling. Det hadde fiskarane og det ligg i ryggmargen til kystfolket. Heldigvis er næringslivet i Florø ikkje berre fiskeri. I dag har byen fleire bein å stå på. Vi har ein moderne oljebase, Ewos og ikkje minst mange fiskeoppdrettarar. Skipsverftet har mange flinke folk.

Kompetansearbeidsplassar er viktig for kystbyen. I Horne Brygge har vi samla ein god del av dei. Og ein ting til; vi er stolt og kry over fotballen som leverer.

ha med oss historia. Vi føler vi har klart det. Arkitekt Rune Melvær saman med Kolbjørn Nesje Nybø har tenkt stort når dei foreslo å ta vare på gamle bygg og bygge nytt. Vi fekk 17. mai 2013 byggeskikkprisen frå Flora kommune. Vi er med og skaper byliv.

RIKE TRADISJONAR I Florø seier vi; - alt starta med silda! «INGEN KAN NEKTE FOR AT FLORØ ER LANDETS STØRSTE SILDEBY» slo Dagbladet fast. 1. februar 1956 melde fiskarane inn 340.000 hektoliter storsild til Florø. Den største dagsfangsten som nokon gong er kommen inn til ein stad. På tre dagar tok byen i mot sild for 20 millionar kroner – tilsvarande nesten 200 millionar av dagens kroner. Før var det notbøting og lagring av sildegarn i bua. I dag er det Bravo som sel laks og aure til heile verda. Berre Bravo Seafood omset for over ein milliard! Sildestimstatua – er laga av Florøkunstnaren Hjalmar Lothe. Sparebanken Vest saman med Horne Brygge har finanisert statua. FOTO: HORNE

FOTO: HORNE

God lesnad

ERFARING Det meste dreier seg om erfaring. I dagens samfunn er det fleire måtar å løyse oppgåver på. Skulle du telje erfaring innan arkitektur, bank og andre bransjar er folka som jobbar i Horne Brygge folk med erfaring.

BUA – BYGGESKIKKPRIS - BYLIV Det handlar om å dra saman. Skal vi skape byfornying må vi sjå framover, men også HORNE

2

BRYGGE

YRKE Her finn du alt frå hjorteoppdrettarar og ingeniørar i byggeteknikk til siviløkonomar, fiskehandlarar og reklamefolk. Altså stor breidde innan mange yrke. Bildet er frå bua der Bravo i dag driv ei av byens største bedrifter omsetningsmessig. Dei omset for over ein milliard.


Vi står bak BYGGINGA

GODE HISTORIER Alt har ei historie – Vi har ei stolt historie. Eigedom med forretningsbyggmot Strandgata og sjøbu ved sjøen, er svært typisk for Florø. Då Birger Hielm teikna byplanen på 1860-talet, plasserte han gatene slik at denne organiseringa av bygningane langs sjøen i den nye sildebyen skulle bli mogeleg. Hornehuset saman med Hornebua representerer derfor eit svært viktig trekk ved Florø by, og organiseringa er så interessant at Riksantikvaren meiner at denne kombinasjonen av sjøbu og forretning er av nasjonal interesse.

Dei ulike firma som har jobba med prosjektet Horne Brygge fortener ros. Vi satsa på fagfolk – det lønte seg!

TOTALENTREPRENØR

GODT ARBEIDSMILJØ, GODT INNEKLIMA OG GOD MAT I KANTINA Dei som jobbar i Horne Brygge har godt arbeidsmiljø, gode kollegaer og god mat i kantina.

skanska.no

ELEKTROENTREPRENØR

nbnelektro.no I incgruppen.no

TEKNISK RØRENTREPRENØR FOR HORNE BRYGGE EIGARANE BAK HORNE BRYGGE Eigarane bak Horne Brygge er opptekne av at det skal vere aktivitet i Kystbyen. Styret er frå venstre Malvin Horne (dagleg leiar), Tore Jakob Madsen, Robert Ellingsund, Anders Nødseth (styreleiar) og Per Nødseth. Inge Ellingsund, Hermod Seim og Dagmund Madsen var ikkje tilstades då bildet vart teke.

floro-ror.no

RÅDGJEVANDE INGENIØR BYGG

ivestconsult.no

Dei mange bedriftene ...

VENTILASJON- OG VVS ENTREPRENØR

... i Horne Brygge omset for over ein milliard kroner

klimaexperten.no

GLASRÅDGJEVING

UTGJEVAR: HORNE BRYGGE I SAMARBEID MED A TIL Å GRAFISK DESIGN OG MEDIA. Grafisk design, oppsett og tekst: A til Å - www.atilaa.no Foto: Egil Aardal, A til Å m.fl.

holvikglas.no HORNE

3

BRYGGE


Frå sildebu til laks

Bravogjengen har kontorplass i den gamle sjøbua i Horne Brygge, og har heile verda som arbeidsområde.

I sjøbua ytst på kaikanten – der saltet og fiskelukta nesten sit i veggane endå – har ein gjeng med glade fiskehandlarar inntatt podiet. Der ein før tok inn store mengder sild for salting, går i dag enorme mengder laks virtuelt ut buadøra. Bravogjengen er 7 i talet, og når i år over 1 milliard, og seier sjølve at dei er på 24/7.

Det er mange detaljar som skal koordinerast og følgjast opp når ca. 100 000 000 måltid med laks og ørret - frå heile Norskekysten - skal formidlast frå saltebua i Florø til forbrukarane i Europa og Asia.

Tilgjengelege og engasjerte Dagleg leiar i Bravo Seafood, Karl Petter Myklebust, seier at nøkkelen til suksess ligg i spreke og flinke medarbeidarar. Kjerneverdiane våre er ikkje tomme ord, men noko vi lever opp til kvar einaste dag. Vi skal vere tilgjengelege og engasjerte og vi skal ha god kompetanse på det vi balar med. Det merkar kundane og lever-

STOR SJEKK: Det var breie glis hos fotball-leiarane Øystein Hjertenes og Arild Melvær då Bravo kom med kjempesjekken. Bak frå venstre: Håkon Åsvang, Anne Fure Bortne, Qiao Chen, Svein Helge Bruheim, Sunniva Geithus, Karl Petter Myklebust og Tore Svarstad. Foto: Dag Nesbø Frøyen, Firdaposten

HORNE

4

BRYGGE


sekontor Under eit av kundebesøka våre på ein restaurant i Sør-Korea møtte vi dette paret, som var overveldande begeistra over laksen og å møte lakseleverandøren frå Norge.

Frå Florø til Asia Asia er eit svært viktig satsingsområde for Bravo Seafood. Qiao Chen som er marknadsdirektør for den delen av verksemda, fortel at fersk norsk laks blir sendt austover med fly fleire gonger for veka. Qiao har ansvaret for at fisk med rett kvalitet og storleik kjem fram til avtala tid og stad på andre sida av jordkloden. Helst på så kort tid som mogleg etter slakting og pakking.

PÅ VERDENS TAK: Håkon Åsvang på toppen av Mount Everest. Foto: Privat

andørane våre ved at vi aldri stenger klokka fire på fredag. Vi er tilgjengelige ved behov – heilt til fisken er framme – uansett tid på døgnet. Samfunnsansvar Medarbeidarane i Bravo Seafood har sterke relasjonar til oppdrettarar langs heile kysten, samtidig som dei er sterkt engasjerte i eige lokalsamfunn. – Vi er glade i staden vi bur på og ønskjer å vise det med at vi mellom anna støtta Florafotballen med ein solid sjekk denne hausten. Florafotballen er viktig for oss, og vi tar samfunnsansvar ved å støtte dei og ikkje minst ved å skape arbeidsplassar og pengar i kassa til Florø. Verdas sprekaste fiskehandlarar? Dei tilsette i Bravo Seafood er engasjerte og spreke folk, som viser igjen i

lokalsamfunnet på ulike arenaer. Vi likar å bruke naturen rundt oss – og er aktive på sjø og fjell. Kanskje er dei verdas sprekaste fiskehandlarar? Bravo Seafood sitt flagg blafra på verdas høgaste fjell, då Håkon sist vinter besteig Mount Everest (8848 moh.) – og kommande vinter skal fleire av dei tilsette plante flagget på Afrikas tak, Kilimanjaro.

Strandgata 17 - 6900 Florø Tel.: 57 00 93 00 www.bravoseafood.no

HORNE

5

BRYGGE

Qiao er kinesisk og kommuniserer på mange ulike språk – og veit kva kundane i Asia ønskjer. På andre sida av jorda har kundane ofte individuelle krav til kvaliteten på laksen, men det grunnleggande er at den er stor, raud i kjøtet og kjem frå Norge. Oppgåva til Bravo Seafood blir å tilby fisk frå samarbeidande oppdrettarar og å matche krava slik at kundane får den fisken dei ønskjer.

Norsk laks på forenklet kinesisk – uttales «nuo wei san wen yu»


Felles mål for

næringslivet i fylket

Innanfor vindua mot den blå promenaden finn ein 4 tilsette som skal tene 750 bedrifter og rundt 11 000 tilsette i fylket. Vi er servicekontoret for medlemmane i NHO i Sogn og Fjordane, fortel regiondirektøren Jan Atle Stang. Hovudfokuset er betre rammevilkår for medlemmane våre – og så deltek vi i mange forum som stimulerer til vekst og rekruttering. Det er ei myte at vi er ein interesseorganisasjon kun for dei største bedriftene, seier Heidi Skorpen som jobbar med medlemsog marknadsarbeid. Då hadde vi ikkje hatt mange medlemmar her i fylket, slår ho fast. Største medlemsmassen vår finn ein mellom små og mellomstore bedrifter - og 3 av 4 medlemsbedrifter i NHO på landsplan har under 20 tilsette. Medlemsservice Den viktigaste medlemsservicen som blir styrt frå kontoret i kystbyen er at dei tilbyr medlemmane sine gratis advokatbistand i arbeidsrettslege spørsmål. Vi har 2 advokatar knytt til Sogn og Fjordane og Hordaland, fortel Jan Atle. Økonomi, innkjøp, forsikring, kurs og nettverk er andre viktige medlemsfordelar. Elles driv vi utstrekt bedriftsbesøk, med såkalla roadshow. Kontoret skal eigentleg berre vere ein base der vi har bindersane våre, smiler regiondirektøren. NHO Sogn og Fjordane er NHO sitt lokale servicekontor. Staben på regionkontoret er frå venstre Line Træen (prosjektleiar), Jan Atle Stang (regiondirektør), Marit Gjerstad (rådgjevar) og Heidi Skorpen (rådgjevar).

Regiondirektør Jan Atle Stang

Samferdsle avgjerande Roadshow betyr at heile kontoret reiser i lag med styret og NHO sentralt på vekeslange turnear – der medlemmane får vise seg fram. Samtidig får sentrale personar i NHO innblikk i kva som rører seg i fylket. Då er både bedriftene og ikkje minst samferdslesituasjonen til medlemmane viktige. Her i dalog fjordfylket er samferdsel og logistikk ofte den avgjerande faktoren for næringslivet. Difor er samferdsle ein viktig ingrediens på dagsorden hos oss.

Samfunnsbygging NHO er opptekne av å sjå på heile samfunnet. Bedriftene er avhengige av at samfunnet fungerer godt, og at næringslivet leverer arbeidsplassar og skattepengar er god samfunnsbygging. Vi er ein etterspurt part til å vere med i planarbeid og høyringssaker, og har ein god standing i det politiske miljøet, seier Jan Atle. - Vi har jamlege møter med Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane og fylkespolitikarane og -administrasjonen for å fronte næringslivet sine ønskjer og behov. NHO + LO = resultat For oss er prosessen og resultatet det viktigaste – ikkje kva politisk side som får æra. Medlemmane våre krev raske resultat. For å nå fram samarbeider vi med andre regionkontor og ikkje minst med dei som tradisjonelt har vore motparten vår – LO. Vi deltek på mange felles arenaer med LO, og det gjer inntrykk på andre at vi samarbeider så godt som vi gjer. Ferjefri E39

HORNE

6

BRYGGE

er eit godt døme på ei sak der felles front fungerer. Dialog og felles mål Maritim Forening Sogn og Fjordane og vi har og mange felles saker, seier Stang. Det er viktig at næringslivet bruker dei organisasjonane dei har. Ein har mykje å lære av kvarandre, og for oss er det nyttig å vere i Horne Brygge. Det er godt å møte folk med anna kunnskap og innfallsvinklar enn oss sjølve. Næringsparkar er viktige som inspirasjons- og spinnoffeffekt for næringslivet. Vi er ikkje så mange i dette fylket, så dialog og felles mål er ekstra viktig for å få gjennomslag.

Strandgata 15 - 6900 Florø Tel.: 57 75 21 00 www.nho.no


Lett tilgjengelege advokatar Vi har fokus på å vere tilgjengelege og effektive, seier Odd Bovim og Jacob Nødseth som tar seg av jussen og «lovens bokstav» i første etasje i Horne Brygge.

Rett innfor døra i Horne Brygge – og lett tilgjengeleg – finn ein Advokatfirmaet Blikra, Slotterøy & Fonn, avdeling Florø AS. Her er det advokat Odd Bovim og advokatfullmektig Jacob Nødseth som rår grunnen. – Vi driv ei såkalla allmenn advokatverksemd og yter bistand til private og næringsliv innanfor dei fleste rettsområde, fortel Odd. Firmaet har hovudkontor i Førde og dei to som jobbar på avdelingskontoret i Florø er ein del av ein stab på til saman 8 advokatar og 2 advokatfullmektigar, i tillegg til sekretær og rekneskap.

Advokatfirmaet Blikra, Slotterøy & Fonn AS er det største private juridiske fagmiljøet i Sogn og Fjordane, og Jacob og Odd meiner det er med å gjere arbeidet meir effektivt. Vi tilbyr tenestene våre i heile fylket, med hovudvekt på Sunnfjord og tvillingbyane Førde og Florø, fortel dei. Advokatkontoret i Florø ligg midt i byen og det passar godt for dei to som legg vekt på at dei skal vere lett tilgjengelege og synlege i bybildet. Allmenn advokatverksemd På spørsmål om kva som er Florøkontoret sitt hovudarbeidsfelt vil dei ikkje avgrense det. Dei er allmennadvokatar, og jobbar mykje med alminnelig privat og forretningsmessig rådgjeving, arv-, familie og skifterett, barnefordelingssaker, barnevern, arbeidsrett, pengekrav, kontrakts- og entrepriserett og eigedomssal. Låg terskel Det skal vere ein låg terskel for å komme inn til oss, seier Jacob. Målet vårt er at ein av oss alltid skal vere tilgjengeleg her på kontoret, slik at folk kan droppe innom for å snakke med oss. Samstundes er dei mobile, og reiser ein del i tenesta. Det blir ein del reising, særleg rundt om i fylket, til tingretten i Førde og til lagmannsretten i Bergen. Firmaet har òg klientar i andre landsdelar i Norge og i utlandet. - Vi har fokus på å ivareta klientane våre på ein best mogleg måte, og yte gode juridiske tenestar innanfor ei effektiv tidsramme, presiserer Odd.

HORNE

7

BRYGGE

Odd Bovim: • Er advokat sidan 2008 og dagleg leiar for avdelingskontoret i Florø frå 2013. • Jobbar innanfor eit breitt fagfelt, med fokus på arbeidsrett, arv- og familierett, pengekrav, entreprise, konkurs/insolvens og forretningsjuridiske problemstillingar.

Jacob Nødseth: • Er advokatfullmektig og tilsett frå januar 2016. • Jobbar innanfor eit breitt fagfelt.

Strandgata 15 - 6900 Florø Tel.: 97 72 33 96 www.fylkesadvokat.no


iVest i vekst Bevegar du deg rundt i gangane i 3. eller 4. etasje i Horne Brygge er du nesten garantert å møte på ein rådgjevande ingeniør eller arkitekt frå iVest Consult. Dagleg leiar JanInge Hage fortel at dei no er oppe i 33 medarbeidarar og vonar å ha på plass ytterlegare 3-4 personar i løpet av få månader. Det som starta med 10 ingeniørar i 2009 har hatt ein imponerande vekst, og er etterkvart utvida med fleire fagområde. iVest har vokse med oppgåvene, og er ikkje berre den største arbeidsplassen i huset, men og eit av dei største kontora i fylket innan sitt område. Set spor frå Oslo i sør til Alta i nord Kundane våre finn ein stort sett over heile landet, fortel Jan-Inge, og kan vise til prosjekt som djupvasskai i Florø, ferjekaier tilpassa bilførande hurtigbåtar i Finnmark, fleirfaglege oppdrag for Helse Førde, større skulebygg på Fagernes, kjøpesenter i Stavanger og på Sørlandet, for å nemne noko av mangfaldet. Det er dei tilsette som eig selskapet, og i tillegg har iVest kjøpt Aaland arkitektkontor med 6 tilsette i Stryn. Arkitektprofessor Kolbjørn Nesje Nybø er også knytt til kompetansemiljøet i Horne Brygge.

Samarbeid, kompetanse og kvalitet Jan-Inge fortel at iVest ønskjer å tilby solid og god kompetanse i samband med planlegging, prosjektering, vurdering og opp-

følging av nye og eksisterande prosjekt. Dette kan gjerast åleine som uavhengig rådgjevar, eller i samarbeid med andre, som til dømes entreprenørar og arkitektar. Vi samarbeider gjerne med andre rådgjevingsfirma og arkitektar - det viktigaste er at det er høg kvalitet på tenestene våre. God oppgåveforståing kjenneteiknar gode prosjekt, som igjen set krav til god kompetanse og erfaring.

... vi er stolte av å vere ei kompetansebedrift midt i byen ... Fagmiljø viktig for rekruttering Vi er stolte av å vere ei kompetansebedrift midt i byen, som har makta å skape eit fagHORNE

8

BRYGGE

miljø og er eit trekkplaster for folk med høg utdanning, som ønskjer å arbeide her i Flora. Miljøet er prega både av folk som har flytta til, og andre som har kome heim att, etter at dei har fått utdanning og erfaring frå andre stadar i landet. Dei 33 tilsette har god spreiing i alder og kjønn. I tillegg til dei som bur i Florø, så pendlar folk frå øyane, Norddalsfjord, Eikefjord, Sandane, Førde og Naustdal for å jobbe i eit større miljø. Dette er eit godt døme på samarbeid over kommunegrensene.

Strandgata 15, 6900 Florø Tel. 976 27 000 - www.ivestconsult.no


Nytilsette iVest Consult: JUANITA SEKKINGSTAD, er 30 år, frå Måløy og har budd i Bergen dei siste 11 åra. Eg er utdanna geolog og har jobba 4 år offshore som loggegeolog. På grunn av nedskjeringar måtte eg ut å leite etter anna arbeid, og då passa det fint å få det i Florø. No skal eg starte som arealplanleggar hos iVest Consult, og det er alltid spennande å prøve noko nytt. Juanita synes det greitt å komme nærare Måløy, utan å flytte heilt heim. Saman med sambuaren har ho kjøpt seg rekkehus i Florø, og gler seg til å ta opp igjen kontakta med slekt og vener i kystbyen. Eg har stor tru på at eg skal trivast i Florø og i Horne Brygge.

Nytt seglingsmerke i Furuholmen

THOMAS VOKSØY BRINGSVOR, er 25 år og har flytta frå Sandsøy på Sunnmøre. – Eg er utdanna byggingeniør, og dette er første jobben min innanfor faget. Hos iVest jobbar eg mest med konstruksjonar i stål, betong og tre – og det passar meg perfekt. Det er ikkje så lett å finne seg ein slik jobb på Vestlandet. Eg hadde nesten gitt opp og ville til å snuse på jobbar på austlandet – så denne moglegheita dukka opp akkurat i tide, smiler han fornøgd. Thomas har stor tru på at Florø er ein bra plass å bu - med flott vestlandsnatur og ikkje så langt heim igjen til Sunnmøre. HORNE

9

BRYGGE

Florø Seilforening har eit nytt seglingsmerke under bygging i Furuholmen. Det nye klubbhuset er teikna av sivilarkitekt Rune Melvær og er planlagt i tett samarbeid med seglforeininga. iVest Consult har i tillegg prosjektert bærekonstruksjonane. «Funkisklubbhuset» som passar godt inn i båthamn inneheld undervisnings-, møte og forsamlingslokale. I tillegg har det kjøkkenfasilitetar, kontorplass og garderobar. Som seg hør og bør er det sett av god plass til verkstad og lagerlokale. Dette blir eit praktisk hus som skal stå for ein støyt ytst på Furuholmen.


Med lidenskap for livet i sjøen Ein sindig Rogalending med lidenskap for livet i sjøen har flytta tilbake til fødebyen Florø, og har kontor i 3. etasje i Horne Brygge – midt mellom ingeniørane i iVest. Jan Arne Holm er biolog, og har heile si yrkeskarriere jobba med biologiske problemstillingar i sjøen. No er han seniorrådgjevar Fiskehelse og Miljø i Fishguard, og er stadig på farten på fiskehelsebesøk og miljøoppdrag. Fjord-Lab i Måløy som Jan Arne har bygd opp, er selt til arbeidsgjevaren. Som biolog blir det mykje feltarbeid, fortel Jan Arne og viser til alt utstyret som står rundt veggane på kontoret. Han har 30-års erfaring med fiskehelse- og miljøtenester for oppdrettsnæringa og har kundar omkring i heile fylket. Ein dag kan arbeidsdagen vere i Solund, neste dag kan han vere å finne i ein fjordarm i Nordfjord. Oppdrettarane er pålagt å ha fiskehelsetilsyn og ta miljøundersøkingar på alle anlegg. Det betyr at eg både ivaretar fiskehelsa og grabbar opp frå sjøbotnen for å sjekke miljøtilstanden. Eg er også akkreditert for lokalitetsvurdering, som vil sei måling og berekning av naturgitte krefter på ein lokalitet (straum, bølger m.v). Dette danner grunnlag for dimensjonering av styrke på anlegg og fortøyningar – eit lovpålagd rømmingssikrande tiltak. Miljøundersøkingar Eg gjer også miljøundersøkingar for andre enn havbruksindustrien t.d. ved utmudringar, kaiprosjekt og utfyllingar - mellom anna her i Florøbassenget. Då jobbar eg på oppdrag for utbyggarane. Kontorfellesskapet med iVest Consult, som står for mange prosjekteringar i sjøen, er også til gjensidig nyttig.

Jan Arne er sterkt kritisk til at det er gitt løyve til dumping av enorme mengder gruveavfall i Førdefjorden. Norge har naturgitte fortrinn for å satse på turisme, berekraftig fiskeri, og dyrking av mat i havet – og ikkje la ein høgst usikker gruveindustri øydelegge fjordane våre. Forsking og kurs Jan Arne og Fishguard jobbar innanfor eit vidt spekter av oppdrag nasjonalt og internasjonalt. Den norske oppdrettsmodellen er anerkjent i utlandet og Jan Arne har nyleg halde foredrag om fiskehelse og miljø m.a. i Russland og Vietnam. Eg deltek også i forskingsprosjekt (FoU) med Veterinærinstituttet og ulike legemiddelfirma, og held godkjende kurs i fiskevelferd. Alle som skal behandle oppdrettsfisk må gjennomgå slike kurs, og Jan Arne har mellom anna kursa dei tilsette på Slakteriet i Florø. Undervisning og sensor Frå tida i Måløy har han med seg eit arbeid han set stor pris på. Eg blir nytta til ein del undervisning for elevane som tar havbruksutdanning, og no er eg sensor for TAF elevane som tek fagbrev på aqualinja. HORNE

10

BRYGGE

Det er eit gjevande arbeid å få jobbe med dei framtidige oppdrettarane. Fritida på Tansøy Jan Arne Holm som har røter i Florø og på Tansøy, og hadde barndommens sommarferiar i kystbyen, fortel at det ikkje berre er i jobben han føretrekk det våte og salte elementet. Kona og eg er nok meir på hytta på Tansøy enn i leilegheita her i byen, smiler han. Der går tida med til fiske og fangst av alt det gode sjøen gir. Ja – og så litt padle- og fjellturar med fotografering inn i mellom. Jan Arne er sterkt engasjert i arbeidet med å merke turstiane på øya.

Jan Arne Holm Seniorrådgjevar Fiskehelse og Miljø Strandgata 15, 6900 Florø - Tel. 97 56 55 04 E-post: jan.arne.holm@fishguard.no www.fishguard.no


Rekneskapskontoret som løftar blikket

PROGRESSO Progresso er rekneskapskontoret som har makta å løfte blikket og gir økonomisk rådgjeving og yter rekneskapstenester frå Horne Brygge til store kundar i heile landet. Framme frå venstre: Anja Johansen, Terje Standal, Marianne Sundal, Ann-Helen Solvang og Kari-Ann Kjerpeseth. Bak frå venstre: Anne Karin Havn Vasby, Sonja Skorpeide, Anette Cecilie Johnsen, Trude Eldevik og Øyvind Magnus Mjønerud.

– Vi har erfaring med kundar som stiller store krav til sørvisnivå og leveringsevne, fortel Terje Standal som er dagleg leiar i rekneskapskontoret Progresso. Dei har halde til i 2. etasje i Strandgata 15 heilt sidan starten i 2004 – før huset var ein del av Horne Brygge. På den tida har vi bygt oss opp ei variert portefølje med kundar. Hovudaktiviteten til dei 10 medarbeidarane er knytta til rekneskap, løn og rapportering, og i tillegg driv ein rådgjeving innan økonomi og relaterte fag.

Kundar i heile landet – Det er nok litt tilfeldig at det er blitt slik, men omsetninga vår fordeler seg p.t. med ca 40% frå lokale kundar og ca 60% frå kundar i andre delar av landet . Vi har viktige kundar lokalisert i Rogaland, Bergen, Oslo, Møre og Romsdal, Nordland og Troms. Progresso har også lang erfaring med børsnoterte selskap og dei spesielle krava som slike føretak må forholde seg til. «Vi skulle gjerne sett ein auke i antal lokale kundar, og trur fleire selskap i Sogn og Fjordane ville kunne gjere seg nytte av den erfaring og kompetanse som staben vår representerer», seier Terje. Store kundar – større risiko Terje legg vekt på at det følgjer ein viss risiko med å ha store føretak som kundar. - Ved oppkjøp eller omorganiseringar hender det at dei overtek rekneskapføring mm sjølve - evt byter rekneskapskontor. Vi har ved 2-3 høve opplevd å tape ein betydeleg andel av årsomsetninga vår ved avslutning av kundekontrakter, men ved godt arbeid og ein del flaks har vi klart å unngå tilbakeslag og selskapet har hatt ein fin vekst sidan starten i 2004. Eit visst internasjonalt fokus - Det er ein del utanlandske aktørar som HORNE

11

BRYGGE

investerer i Norge, og desse stiller gjerne heilt spesielle krav til eit norsk rekneskaps- og rådgivningsfirma. Terje fortel at Progresso etter kvart har fått tilført fleire kundeengasjement frå utanlandske investorar, og ser føre seg ein viss vekst her i framtida. Dagens teknologi nøytraliserer alle dei bakdelar som lokalisering «i utkanten» måtte representere, avsluttar leiaren for rekneskapskontoret som satsar på å løfte blikket langt utanfor Florø og fylket.

Strandgata 15, 6900 Florø Tel. 57 75 16 00 www.progresso.as


Foto: Vidsyn Media

Byen Florø Kommunen vår er den største og mest allsidige industrikommunen i fylket vårt. Verdiskapinga er større enn elles i landet mellom anna fordi næringslivet er internasjonalt retta. Alle er avhengige av at bedriftene leverer optimalt, slik at kommunen har bedrifter som vil vekse, men samstundes har komplimentere bedrifter som kan tilby sine tenester. Det er viktig at næringsliv og kommunen er samkøyrde slik at vi kan levere gode tenester både til små og store aktørar.


Ramsalte arkitektar vil forme kystbyen SALT arkitekter driv arkitektverksemd og taksering av eigedom, frå fjerde etasje i Horne Brygge. Vi skal bygge på eit samspel mellom erfaring og nytenking, seier frå venstre arkitekt Marianne Cabildo, sivilarkitektane Ann-Kristin Strømmen, Idar Grøneng Havn, Bartosz Leczkowski, Kjell Birger Hareide og takstmann Johnny Østerbø.

Vi er i startfasen på noko nytt, seier Ann-Kristin Strømmen. I lag med Kjell B. Hareide og 4 andre held ho til i loftsetasjen mot sør i Horne Brygge. Her har arkitektane i det nye arkitektfirmaet utsikt mot arkitekturen i ytre Strandgata. Men det er nærleiken til sjøen som har gitt inspirasjon til kontoret. SALT arkitekter er det velklingande namnet på selskapet – men menneska er dei same som har jobba i firma Arkitekt Kjell B. Hareide. Eg har gått frå eit enkeltmannsføretak til eit AS, og det betyr at eg satsar på framtida, presiserer grunnleggaren. Kjell B. Hareide meiner det er ein naturleg overgang når han har fått med seg nye krefter som ønskjer å satse. – I lag med takstmann Johnny Østerbø er Kjell mentoren og den som står for erfaringa i selskapet. Vi «juniorane» står for nytenking og vekst i SALT, smiler Ann-Kristin Strømmen.

For oss arkitektane er det ei god hjelp å ha takstmann Johnny Østerbø med på laget. Han har lang fartstid og har sett mange byggskader som har oppstått på grunn av dårlege tekniske løysinga. Vi følgjer alltid Johnny sine råd.

Erfaring og nytenking Begge dei to «gamlekarane» blir med for fullt vidare i SALT. Dei ønskjer framleis å bidra til samfunnsutviklinga. - Samspel mellom erfaring og innovasjon er viktig for utviklinga av både arkitekturen og selskapet, og Florø treng eit reindyrka arkitektkontor, slår Ann-Kristin og Kjell fast. Firmaet har 35 års erfaring og om lag 800 prosjekt å vise til og mange kvadratmeter med hus. Prosjekta våre er initiert både av det offentlege, næringslivet og private.

tur, der bygningar passar inn i omgjevnader og miljø, aukar verdien på bygget og området. Med nye og unge folk i teamet har digitale verktøy og digital prosjektering komme for fullt inn i arbeidet. Dette sikrar god kommunikasjon med byggherre og entreprenørar, samtidig som det sikrar god visuell forståing av arkitekturen. Tydeleggjering av visuelle kvalitetar og detaljar i arkitekturen er svært viktige.

Tilpassa arkitektur Arkitektane legg vekt på at tilpassa arkitek-

Salt trekkjer unge til byen Ann-Kristin Strømmen legg vekt på at HORNE

14

BRYGGE

SALT arkitekter bidreg positivt i den lokale arbeidsmarknaden. Sjølv jobba ho i Bergen som nyutdanna arkitekt, Marianne har flytta hit frå Filippinene, Bartosz frå Polen og Eikefjordingen Idar kjem frå Bergen. Tilførsel av fagkompetanse til Florasamfunnet er ekstra viktig i ei tid der mange tenester blir sentralisert. - Næringslivet i Florø må satse på eigenutvikling og vekst. Kjell B. Hareide har tilført samfunnet mykje, og vi håpar at Salt på sikt og vil vere med å utvikle samfunnet og auke forståinga for god arkitektur lokalt.

Strandgata 17, 6900 Florø Tel. 57 74 27 45 www.saltarkitekter.no


RÅDGJEVAR FACE TO FACE Kjartan Aa Berge likar best av alt å møte folk ansikt til ansikt. Difor passar det utmerka at EY har etablert seg i Horne Brygge, midt i byen og midt i gata. Bergensaren frå Sotra, som bur i Hyen hadde sine første leveår i Florø – og har røter i heile fylket. Florø passar godt for meg og til rådgjevingsfirmaet sin profil, der kystbasert næring er eit viktig satsingsområde. EY og Kjartan har kontor i toppetasjen, men det er ikkje kvar dag han er å sjå i Horne Brygge. Den viktigaste jobben min er å reise rundt og snakke med bedrifter. Vi er rådgjevarar i eit breitt spekter, og av og til er det kollegaer frå Bergen som er i kystbyen og nyttar kontor og møterom i Strandgata 15. Stein på stein At vi satsar såpass som vi gjer i Sunnfjord er basert på tanken om at vi vil vere der det skjer. Vi starta med kontor i Måløy, så kom Førde på plass og no er vi her i Florø, smiler ein fornøgd rådgjevar. Vi bygger stein på stein, og i løpet av 5 år er vi til saman 6 tilsette i Sunnfjord. I tillegg har vi mange gode kollegaer frå Sogn og Fjordane med kontorstad Bergen. Dei er viktige brubyggjarar i heimfylket, og kjem gjerne på kundebesøk her. Stor kompetanse EY er eit revisjons- og rådgjevingsselskap som jobbar med alt innan skatt, avgift, forretningsjus, strategiarbeid og organisasjonsutvikling. Vi jobbar nettverksbasert, med lokale kontaktar for kundane våre, samtidig som vi dreg vekslar på andre kollegaer sin spisskompetanse. Vi har 39 kontor i Norge, og har dermed mykje forskjellig kompetanse å spele på. Posisjonert i Florø Kundegruppa er mangslungen, og Kjartan kan ikkje fortelje om alle som tar i mot EY sine råd. – Men vi er stolte av å ha klart å få ein god posisjon i marknaden, og er valt revisor for kystbedriftene Fjord1, Sparebanken Sogn og Fjordane, Marø Havbruk, E. Karstensen og Coast Seafood. Vi bygger som sagt stein på stein og no er vi etterkvart på jakt etter fleire flinke folk til kontoret i Florø, avsluttar rådgjevaren som pendlar mellom Hyen og Horne Brygge.

Ernst & Young AS Tel. 41 44 64 39 E-post:kjartan.a.berge@no.ey.com www.ey.no

HORNE

15

BRYGGE


Foto: Photoevent

Reklamebyrået som spissar seg mot

næringslivet på Det meste ordnar seg over ein kopp kaffi, seier Malvin Horne i A til Å, og inviterer inn i barndomsheimen i Hornehuset. Her jobbar han med kommunikasjon og reklame i lag med Trond Sagen og Anita Øygard. Vi er likeverdige eigarar av selskapet – og vi gler oss til å gå på jobb kvar dag, er den samstemte tonen i den gule sofaen.

ler dei tre. Vi er eit Det sit mykje historie i kommunikasjonsseltømmerveggane i stova, skap. God tekst, gode og dei som jobbar her er idear og god design opptekne av både gamle Nettside til Origod det er oss. Målet og nye historier. Oppgåva vår origod.no er på mange måtar å hjelpe folk er at våre idear med å fortelje dei gode historiene. og løysingar skal Mantraet til Malvin er at A til Å skal hjelpe gje kundane ein ekstra verdi – og helst litt meir kundane med å bygge bru mellom seg og enn forventa. deira kundar. Sjå samanhengen Kommunikasjon A til Å gjengen leverer Florøguten Malvin har eit stort nettverk både små og store proi og utanfor byen og er idémakaren, seljaren sjekt, og Fiskerimesog pratmakaren i byrået. Havrenesa i Trondheim er singen Trond er ein kløppar av dei største, formed fargar og design tel Malvin. Då tar og omformar ideane vi oss av alt frå rigging til ferdige produkt. og magasin til kaffikoking på Førdejenta Anita vegne av fylkeskommunen. Vi som pendlar frå har kundar som vil ha løysinReksta tek seg av gar både på papir og nett og nettsider og det vi prøver å sjå på samanhenskrivne ord – anten Nettside til Stadt gen mellom dei ulike media. det er på papir eller Sjøtransport Det er viktig å vere tilgjengeleg digitalt. Saman prøtugs.no på alle flater. Det er ikkje hjelp i at ver vi å vere dynamitt, HORNE

16

BRYGGE


t

Salsbrosjyre til Vestlandsbygg Florø

... det er viktig å vere tilgjengeleg på alle flater. Det er ikkje hjelp i at vi lagar ei flott nettside som ingen veit om ...

kysten

oss godt å vere oss tre. Anita kom inn i bedrifta for 12 år sidan. Som ein del av jobben er Anita sekretær for Flora Industri- og Næringsforening.

Kyst og samfunn Vi tek på oss jobbar for alle slags kundar, seier Anita. – Men samtidig Ver tydeleg Magasin til skal det seiast at vi prøVi er akkurat ferdige INC Gruppen ver å spisse oss mot dei med eit prosjekt kystnære næringane, og det vi for Vestlandsbygg likar aller best er det vi kallar samder vi har jobba fram funnsprosjekt. Difor har vi jobba mykje for magasin om Østviktunet. prosjekt som til dømes Kystvegen Ålesund Pakken til Arild Liseth og – Bergen, Krisesenteret i Sogn og Fjordane Rune Ottesen inkluderer og sekretariatet for heile landet, fiskereiarar også salsplakatar, rolog havbruksnæringa. lup, byggeskilt, nettside og Facebook. Det eine A til Å – inga døgnfluge utelukkar ikkje det andre Trond og Malvin har jobba sa– heller tvert i mot er man i A til Å sidan 1993. vår erfaring, seier Reklamebyrået i Florø – Trond Sagen. Han som jobbar for heile fylframhevar at den ket og endå litt lenger jamne forbrukaren ikkje – har vore gjennom ofrar mange sekund på inei historie med både formasjon. Difor må vi vere trykkeri og avdelingstydelege. Vi skal vekke føNettside til Krisesenteret kontor i indre strok. lelsane og gjere inntrykk på i Sogn og Fjordane – Vi må vere opne for svært kort tid – og inspirere krisesenteret.sf.no endringar og utvikling, til handling. men akkurat no passar det vi lagar ei flott nettside som ingen veit om.

HORNE

17

BRYGGE

Vi må berre legge til; Har du lyst på spekepølse så kom innom oss. Vi har eigen pølsebod! Anita er gründer og produserer Rekstapølse av eigne sauer (www.reksta. no)…det var dagens reklame.

Logo, profil og bussdekor til Kringom

Strandgata 17, 6900 Florø Tel. 57 75 29 00 www.atilaa.no


Stiftelsen Norsk Hjortesenter

Foto: J.T. Solheim

Tar hjorten ut i verda

Johan Trygve Solheim er ein energisk mann, som ein kan møte på over heile verda. Einaste føresetnaden er at det er eit hjortedyr i nærleiken – og hjort møter ein som kjent på over alt. Den daglege leiaren av Stiftinga Norsk Hjortesenter har basen og forsøksdyranlegga på Svanøy, men for å nå folk der dei er, har stiftinga etablert kontor i Horne Brygge i Florø. - Det gjer oss lettare tilgjengelege, seier Johan Trygve Solheim og Magnus Frøyen som har mest kontortid på fastlandet. Det heile starta med Svanøy Stiftelse, som blei oppretta i 1972 for å etablere eit forsknings- og studiemiljø for utvikling av nye naturbaserte næringar. Dei har vore innom både fugl, fisk og hjort. Johan Trygve hugsar at han blei tvangssend på kurs om struts, då forskningsprosjektet om hjort vart avslutta i 1996. Han hadde fått nok av fugl og ville seie opp. Då var beskjeden frå styret at han måtte komme opp med eit nytt og godt hjorteprosjekt. Som sagt så (h)gjort. Nasjonalt hjortesenter Vi fekk drahjelp av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og deretter bevilga ei solid pengestøtte frå Landbruksdepartementet, og Norsk Hjortesenter såg dagens lys 1. januar år 2000. Målet var at hjortesenteret etterkvart skulle over på kommersiell drift, men vi er enno avhengig av solide økonomiske støttespelarar som Miljødirektoratet og Landbruks- og matdepartementet, fortel Johan Trygve. Det nasjonale Hjortesenteret på Svanøy har utvida virkeområdet med både kursverksemd og nettbutikk for kjøt og foredlingsutstyr. Turismedelen med mat

og overnatting har vi «outsourca» til Bistro «To kokker». Det viktigaste er likevel at vi tilbyr kompetansen vår med forvaltningsarbeid og forskingsprosjekt. Hjortesenteret har hand om all hjorten på Svanøy – både den ville og den tamme - og engasjementet er like stort på begge sider av hjortegjerdet. Tamme og ville i same bås Vi er det einaste kompetansesenteret i landet, der vi har klart å foreine interessene til dei tamme og dei ville dyra. Vi er til for alle som har med hjort å gjere – anten det er eit jaktlag, ein bonde som vil starte med hjorteoppdrett, eit vegstykke som er plaga med hjortetrakk eller ein pølsemakar som brukar hjort som råvare. Visjonen vår er at alle som har fingrane sine i hjort skal komme ein tur til hjortesenteret på Svanøy. Hjortesjefen innser at det er urealistisk, - og difor tilbyr vi tenestene våre langt utanfor Svanøy sine grenser – og difor har vi etablert oss midt i Strandgata i Florø. Svanøy – Florø og ut i verda Gjennom året kan Norsk Hjortesenter vise til over 500 kursdeltakarar fordelt på ei rekHORNE

18

BRYGGE

ke ulike kurs. Då kan kurset like gjerne vere på Svanøy som ein annan stad i landet. Nyleg vart det arrangert pølsekurs i samarbeid med legendariske Magnhild Dyrdal på kantina til Horne Brygge. - Vi ser at logistikken er enklare når ein slepp overnatting eller båttransport utanom rutetidene. Horne Brygge fungerer kjempegodt for oss, både som kontor-, møte- og kursstad, smilar Johan Trygve før han reiser vidare på nye hjorte-eventyr til ein eller annan plass ute i verda. Det viktigaste er at vi heile tida er i utvikling og at andre skal kunne nyte godt av den kunnskapen vi tileignar oss.

Stiftelsen Norsk Hjortesenter Strandgata 15, 6900 Florø Tel. 57 75 21 80 E-post: hjort@hjortesenteret.no www.hjortesenteret.no


Maritimt engasjement

for havrommet GCE Subsea arbeider for å forsterke innovasjonsaktiviteten, utvikle det internasjonale engasjementet og auke kapasitet, konkurransekraft og verdiskaping for den norske subseaindustrien. Vi har fokus på kompetanse, undervassløysingar ut over olje og gass, teknologisk utvikling, skape gründarar og vekst, global marknad og forbetring av arbeids- og produksjonsprosessar.

Trond Strømgren Subsea Innovator - Tel. +47 402 98 729 trond.stromgren@gcesubsea.no - www.gcesubsea.no

Frå venstre Beate Solheim Grønnevik, Trond Strømgren, Maria Brandsøy og Stein Kvalsund.

Går du forbi sildestimstatua ved Horne Brygge, så ser du rett inn på kontoret til Maritim Forening Sogn og Fjordane. Plasseringa kunne ikkje vore betre, seier dagleg leiar Stein Kvalsund. – Vårt mål er å auke den havbaserte verdiskapinga i fylket og vår aktivitet blir styrt av behova til våre medlemsverksemder som er spreidd over heile fylket. Maritim Forening Sogn og Fjordane er ei interesseforeining for verksemder med havbasert aktivitet. Ved å dele kunnskap om behov, moglegheiter og løysingar kan samarbeid føre til nyskaping og vekst. Derfor er vi opptatt av å skape samlingsplassar for leverandørindustrien. Vi synleggjer kompetansen i fylket, både mellom aktørane sjølve og for aktørar utanfor fylket. Vidare koplar vi saman næringsliv, FoU- og utdanningsinstitusjonar og vi hentar inn og distribuerer marknadsinformasjon. Nettverk i havrommet Nettverksbygging og samhandling er ein naturleg del av foreininga sitt arbeid.

Medlemsverksemdene våre står overfor sterk konkurranse. Identitet og omdømme er viktigare enn nokon gong, seier Stein. For oss er det viktig å vere oppdatert på kva som skjer og kva som finst av leverandørar kopla til havrommet – det vere seg maritimt, petroleumsretta eller marint. Dermed er det heilt perfekt med kontor på bakkeplan der folk kan stikke innom for å ta ein prat. Regional utvikling Vi set stor pris på å ha NHO Sogn og Fjordane her på Horne Brygge. Vi arbeider mot dei same måla for fylket vårt, men nyt-

tar ulike verktøy. Våre medlemsverksemder er lokalisert i 14 av fylket sine 26 kommunar. Vi er dermed opptekne av verdiskaping i heile fylket, på same måte som NHO. Samtidig har vi ein tett og god dialog med nabofylka for å alltid kunne sjå etter moglegheiter for våre medlemsverksemder.

Strandgata 17, 6900 Florø Tel. 976 98 785 - maritimsfj.no

Viktige samlingsplassar Maritim Forening lever etter Ivar Aasen sitt ordtak: «Eit ljos brenn like godt om du kveikjer eit anna med det». Vi har etablert fleira arenaer for samhandling mellom aktørane i den havbaserte leverandørindustrien.

Nettverkssamlingane i april og november er dei største arrangementa der vi samlar mellom 80 og 130 aktørar. Her kjem både medlem og ikkje-medlem og vi får besøk frå verksemder frå andre fylke. Vi arrangerer også leverandørdagar der vi samlar verksemder som er opptatt av eit felles tema eller som driv innan same geografiske område. Vidare arrangerer vi Speed-Date mellom våre medlemsverksemder der dei skal sjå etter moglegheiter for samarbeid. Vi er alltid open for å skape nye arenaer. Om du ser etter ein samarbeidspartnar for å realisere ein ide eller eit prosjekt så sving innom neste gong du passerer Horne Brygge. Vi har god oversikt over kompetanse og ressursar i fylket.

HORNE

19

BRYGGE


Sparebanken Vest står på for

Florasamfunnet Det viktigaste ansiktet til Horne Brygge ut mot Strandgata er Sparebanken Vest. Nystarta banksjef Jan Petter Jagedal Thomsen (alias JP) fortel at dei har som mål å bli endå meir synlege i Florasamfunnet.

Strandgata 17, 6900 Florø Tel. 05555 (07-23 man-søn) www.spv.no

–Vi har aldri vore betre rigga enn vi er no, for å ta unna for fortsatt vekst. Trass krevjande tider har vi pengar å låne ut og ikkje minst ønskjer vi å ta ein større del av kaka med gåvemidlar. Sparebanken Vest er framoverlent og ligg lengst framme med tanke på teknologi og mobilapp. Samtidig er vi til stades her, og har døra vidopen for dei som treng råd og finansiering. Dessutan har vi eit flott bygg her, midt i byen. JP inviterer lag og organisasjonar inn for å låne møtelokale om det trengs. Har flytta heim Å flytte inn i Horne Brygge er som å vere med på ei historisk reise, seier banksjefen. Han viser til at Sparebanken Vest snart er 200 år - og her i Florø sit vi med eit mannskap med til saman 120 års bankerfaring. Vi etablerte oss første gong i Florø i 2005, i lokale som i dag husar NHO, og no har vi flytta heim igjen i Horne Brygge. Vi har hatt ein enorm kundevekst på desse 10 åra, og vi jaktar sjølvsagt framleis på nye kundar, smiler ein optimistisk og engasjert banksjef. Friske fråspark I desse dagar har vi tilsett Simen Reksten

HORNE

20

BRYGGE

Solheim, som ny medarbeidar. Det er viktig å ha ein god balanse mellom lang fartstid og ungt pågangsmot, seier JP. Vi er ekstra stolte av å ha fått med oss ein mann frå Florøfotballen, og trur at det også vil gje banken nokre friske fråspark. Samfunnsansvar Å ta samfunnsansvar er så mangt, meiner banksjef JP. Vi støttar lokale lag og organisasjonar, og kvart år har vi 180 ungdomskuleelevar på besøk, for å lære om økonomi og bankvett. Det viktigaste er likevel at vi støttar opp om familiar og lokalt næringsliv, som igjen skaffar Florasamfunnet arbeidsplassar og inntekter. Vil utvikle byen For tida er vi engasjert i finansieringa av fleire utbyggingsprosjekt i Flora. Det er ein viktig måte å vere med å utvikle byen på, og å halde oppe arbeidsplassar. Alt som stimulerer til næringsvekst, velferd og aktivitet gjer Flora til ein attraktiv kommune å bu i. – Eg tar god helg når eg veit at vi har vore med og auka sjansane for at ein ungdom vel å flytte heim igjen for å utvikle byen, smiler JP.


Evne til vekst Banken i ytre Strandgata har ein fast stab på 7 personar, og enkelte dagar har dei 10 dyktige medarbeidarar som jobbar i Florø. Kjetil Søvik (t.h.), som har lang fartstid i bank fortel at dei har ei velfylt verktøykasse med rådgjeving tilpassa kundane sine behov. Banken har i følgje Søvik spesialistar på alle område. - Vi er den største sparebanken på Vestlandet, og vi har både evne og vilje til å vekse og utvikle oss saman med kundane. – Samtidig som vi har kompetanse lokalt, har vi eit stort støtteapparat i Bergen, og vi er tilgjengelege alle kvardagar frå kl. 7.00 til 23.00.

Finansiering og gåvemidlar Frå venstre Jan Petter Jagedal Thomsen, Kjell Gunnar Lilleøren, Simen Reksten Solheim og Kjetil Søvik I sofaen Ida Hovland, Kristin Teigene og Connie Humlestøl Døsen

Vi har brukt dei siste 15 månadane på omstillingar som gjer at vi er der vi er i dag , fortel Kjell Gunnar Lilleøren, som er assisterande banksjef og bransjeansvarleg for havbruk. Tilgang på finansiering er viktigare for næringslivet enn pris og rente, og vi er i forkant av utviklinga. Banken har kapital og «musklar» til å vekse saman med kundane. Lilleøren legg og vekt på at dei er godt skodde for å ta eit tak for lokalsamfunnet. Vi er opptekne av Florasamfunnet, og har ei velfylt kasse med gåvemidlar å dele ut.

JP med hjarte for folk og by Sparebanken Vest kan og vil framleis vekse, og eg ønskjer folk velkommen inn for ein prat, seier JP som var med på starten i Florø i 2006. - Den gongen starta vi utan ein einaste kunde, og eg blir utruleg glad når eg møter på dei gamle kundane frå den tida. Han meiner at pengar, nettbank og bankkort snart er passé, og at Sparebanken Vest har eit godt forsprang ut av startblokka for å møte framtidas kundar. Vi må vere tilgjengeleg på alle frontar, og møte kundane der dei vil møte oss – og dagens «gamergenerasjon» vil ikkje møte oss fjes til fjes. JP synes sjølv det er godt å vere tilbake i heimebyen, men legg vekt på at han har hatt 6 flotte år som pendlar mellom Florø og Nordfjord. Eg har sett meg i bilen kvar morgon klokka kvart på fem og har returnert til familien på Kleiva i sju-åttetida om kvelden. Eg trur kona mi, Monica, som har styrt hus og heim og to små ungar i tillegg til jobb har hatt det mykje meir travelt enn meg. Dei fire daglege pendletimane

har eg brukt til planlegging og tenking i fred og ro, og har aldri sett på det som eit ork. Etter 6 år som banksjef i Stryn og Nordfjordeid er JP klar for innsats i heimebyen. Eg er audmjuk og stolt over å få vere med på laget her i Florø. JP klarer nesten ikkje å sitje i ro, når han skal fortelje om sitt engasjement for banken og byen, og han er opptatt av å fortelje at han vil famne om alle typar kundar. Vi er banken for næringslivet og heile familien. For JP, som tydeleg har stor arbeidskapasitet, kunne karrieren raskt tatt ein annan retning. Etter at eg var ferdig med økonomiutdanninga i Sogndal var eg dobbeltarbeidande. Samtidig som eg var med på etableringa av Sparebanken Vest var eg fast tilsett i Flora kommune i 8 år. Der jobba eg med autistar, og det gav meg utruleg mykje. Eg følte at eg bidrog med noko som gjorde ein forskjell, samtidig som eg fekk lære meg mykje om tolmodigheit. Eg treivst utruleg godt i begge jobbane.

HORNE

21

BRYGGE

No vil han bruke tida si på banken og familien. Eg ser at familielogistikk med ungar som skal bringast og hentast hit og dit er meir travelt enn å pendle 4 timar kvar dag. No er det min tur å gjere ein innsats på den fronten, ler ein fornøgd banksjef, som gir kona all æra for at familielivet har gått i hop så langt. Samtidig har eg bretta opp armane for at eg saman med staben her i Horne Brygge skal utvikle banken og byen i vest.


Sunnfjordsk

offshoresatsing I lokala midt mellom Hornehuset og Hornebua har Flora V & M kontoret sitt. Her er det Jan Tore Bø som styrer skuta. V & M står for vedlikehald og modifikasjon, og det er nettopp dei tenestene selskapet tilbyr. – Vi rettar oss primært mot olje og gassinstallasjonar, seier Jan Tore Bø og får støtte frå hovudaksjonær Hallvard Einevoll frå Naustdal.

Marknaden vil ein gong snu-då er vi rigga for fleire seier Jan Tore Bø

Vi er eit lokaleigd selskap som søkjer primært å nytte lokale leverandørbedrifter og lokalt personell i Sogn og Fjordane. Vi er distrikta sitt selskap, slår dei to fast. Flora V & M har vore i drift i si noverande form i eit og eit halvt år, og vi ser at leverandørane i heimfylket er svært konkurransedyktige i ein bransje som er utsett for sterkt press. Solid eigargruppe Grupperinga som Flora V&M er tilknytt omset for totalt omlag 200 millionar NOK, og tilbyr ei stor breidde av tenester. Flora V&M har gjennom eigargruppa og gode lokale leverandørar tilgang til kompetanse som dekkjer dei fleste fagområde for

personell, prefabrikasjon og innkjøp , fortel hovudaksjonæren og ramsar opp fagområda som: • • • • • • • • • •

Mekaniske tenester Plate / sveis Hydraulikk Industrirørlegging Elektroinstallasjon Automasjon Dekksarbeidar / rigging ISO-fag (isolasjon/stillas/overflate) Inspeksjonstenester Engineering, installasjon og prosjektleiing

HORNE

22

BRYGGE

I løpet av det første driftsåret har Flora V&M sysselsett mellom 10 og 12 årsverk, i tillegg til tenester som er kjøpt inn lokalt. Vi har god tru på framtidig vekst, seier Jan Tore – som er glad for å ha solide lokale eigarar i ryggen i ei elles tøff tid i bransjen.

Strandgata 17, 6900 Florø Tel. 94 81 00 05 post@floravm.no - www.floravm.no


Nytt og gammalt hand i hand Fra venstre: Prosjektleiar Endre Kalland, Prosjektleiar Jim Tore Kristiansen, Distrikssjef Lars E Osland og Prosjekteringsleiar Jan-Magne Fylkesnes

Horne Brygge eit «levande» eksempel på at Skanska har erfaringa og kompetansen som skal til for å gje eldre bygg ein moderne teknisk standard - samtidig som ein tek vare på bygget si historie og arkitektur. Det har vore eit tungt rehabiliteringsprosjekt, fortel Lars Osland og Jan Magne Fylkesnes. – Det finst ikkje mange tilsvarande prosjekt, seier dei, og viser til at dei har restaurert andre bygg som ærverdige Eidsvollbygget og Landsbrukshøgskulen på Ås. Jan Magne Fylkesnes som tidlegare har jobba for Kystmuseet har sentral godkjenning for antikvarisk restaurering og er registert i Norsk Handverkregister (personar som kan tradisjonelt handverk). Med Horne Brygge var største utfordringa korleis vi skulle klare å forsterke konstruksjonen, samtidig som vi skulle ta vare på det arkitektoniske og antikvariske.

i framtida kan plukke ned komponentane og bygge dei opp igjen. Alle komponentar som er verneverdige og ikkje øydelagde skal ein klare å få tak i om 100 år også. Fylkesnes legg vekt på et ein skal ha respekt for vernekrav, men samtidig meiner han at mange planar er tvetydig skrive. Vernekrava kan vere litt flytande, og det er slett ikkje alltid dei rette komponentane som blir verna.

Reserverbare tiltak Vernekrava er slik at alle tiltak ein gjer skal vere reserverbare. Vi må dokumentere at ein

Skule-eksempel på suksess Horne Brygge er på mange måtar blitt eit skule-eksempel for oss. Vi har stadig mu-

seums-handverkarar og andre fagfolk på besøk som ser på bua, fortel Osland og Fylkesnes. Mange får ei aha-oppleving når dei ser korleis vi har løyst det. Vi har klart å behalde utrykket på bua, og den opplevast heilt lik den eksisterande – sjølv om den er både breiare og høgare, for å få plass til nye berande konstruksjonar og moderne tekniske installasjonar i etasjeskillet. Hadde vi berre rive bua og sett opp ein kopi hadde alt det gamle blitt vekke. Dette er eit pilotprosjekt vi er stolte av.

Skulebyggarar No er vi skulebyggarar fortel Lars Osland, og viser til at dei har tre store skuleprosjekt i Sogn og Fjordane – i Eikefjord, Naustdal og Vågsøy. Her driv vi med ei såkalla samtidig prosjektering. Det er eit workshopbasert arbeid, der vi knytter til oss kompetansen til dei fleste faga tidleg i prosessen. Det gjer tilbods- og prosjekteringsfasen mykje meir effektiv. Tverrfaglig smarbeid Eikefjord var eit pilotprosjekt, og då var SINTEF med og studerte heile prosessen.

Erfaringane våre og Sintef-rapporten fortel oss at dette er rette vegen å gå. Vi har «samprosamlingar» der alle fag møtast, og der alle spørsmål blir nedskrivne. Då jobbar vi saman og finn svara på utfordringane der og då – og legg løysinga inn i 3D-modellen.

alle avgjerder er tverrfagleg godkjende før arkitekten kan fullføre sitt arbeid. Det sparar oss alle for mange overraskingar seinare i prosessen.

Beslutningstida er gjennomsnittleg 14 minutt, frå logga problem til løysing. Det kan til dømes vere kvar ei dør skal plasserast i forhold til ei stikkontakt. Dette er ein effektiv og rimeleg måte å jobbe på, der

Skanska Norge AS FO Bygg | Bygg Distrikt DK Sogn og Fjordane Ole Aaserudsgt. 1 6900 Florø Tel 40 00 64 00 - www.skanska.no

HORNE

23

BRYGGE


Vi framsnakkar bedriftene i Florø

«Å framsnakke er å snakke positivt om mennesker som ikke er til stede» Vi har lang tradisjon for å klappe kvarandre fram. Skal bedriftene i Florø lykkast må vi bli endå flinkare til å framsnakke kvarandre.

Les meir om bedriftene i Horne Brygge på

www.hornebrygge.no HORNE BRYGGE

UTGJEVAR: HORNE BRYGGE I SAMARBEID MED A TIL Å GRAFISK DESIGN OG MEDIA. Grafisk design, oppsett og tekst: A til Å - www.atilaa.no I Foto: Egil Aardal, A til Å m.fl.

HORNE

24

BRYGGE

Horne Brygge  

Magasin