Førdepakken trafikkutgreiing samandrag

Page 1

Førdepakken

Trafikkutgreiing

2 SAMANDRAG Førde kommune har vedteke bruk av bompengar i samband med veg- og miljøtiltak i og omkring Førde sentrum. Pakken er definert som ein bypakke med parallellinnkrevjing av bompengar. Førdepakken skal mellom anna medverke til ei positiv sentrumsutvikling gjennom tiltak som utbygging av vegnettet, gang- og sykkelvegar og tiltak for å betre trafikktryggleiken. Førdepakken legg opp til investeringar til veg og gang/sykkel for ca. 1, 5 milliardar kroner. Det vert tilrådd ei bompengeordning basert på etablering av ein bompengering med einvegs innkrevjing i 6 punkt (der pkt. 6 kjem i samband med bygging av ny bru/veg som vist): Einvegs innkrevjing Alt.3_1 Bompengering, 6 stasjonar nye vegar vegutbetring g/s-vegar bomstasjon nytte uten å betale 2

6

4

1

5

3

Nytteprinsippet vert godt ivareteke ved at alle trafikantar som betalar har transportbehov til/frå eller gjennom Førde sentrum. Alle desse trafikantane vil ha nytte i form av eit meir fleksibelt vegnett med auka kapasitet / meir miljøvennleg transportfordeling - og dermed betre framkomst og ein meir stabil trafikkavvikling enn om Førdepakken ikkje vert realisert. Bompengesystemet gir ein «tett ring» utan lekkasje eller gratis omkøyringsvegar. Det er grunn til å tru at denne løysinga vil kunne opplevast som enkel og rettferdig blant brukarane av systemet. Gjennom enkle rabattordningar som tek omsyn til spesielle transportbehov, er det håp om at bompengeinnkrevjinga også vil kunne oppfattast som «usynleg» og utan stress i forhold praktisk køyring i det daglege. Det er òg grunnlag for å tru at ordninga ikkje vil vere ein vesentleg faktor i forhold til om ein er lokalisert innanfor eller utanfor bompengeringen. Bompengeopplegget kan karakteriserast som ei «dugnadsløysing», der alle er med og betalar på same nivå – enten ein er busett i Førde, skal på reise til Førde eller er gjennomgangstrafikk på E39 og Rv.5. I samråd med Statens vegvesen, Region vest er det tilrådd følgjande rabattordningar:

Førdepakken AS

3


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.