Page 1

NĂĽr du mister ein du er glad i


- ditt byrĂĽ i fjordane


Førde Fjordane Begravelsesbyrå A/S vart etablert av Eirik K. Kvamme i 1974 som det første gravferdsbyrået i fylket. I dag har vi kontor på Lindbøen 2 i Førde sentrum, og Torggata 4 i Florø sentrum. Det naturlege virkeområdet vårt er kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Vi arbeider også i Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Gulen, Solund og Sogndal, og elles der det er ønskjeleg .

Gravferdskonsulentane våre har lang erfaring og skulering gjennom BFN (Begravelsesbyråenes Forum Norge). Dei råd og den hjelp og støtte vi kan gje, vil du vonleg setje pris på i ei vanskeleg tid. Vi kan møtast til samtalar på eit av kontora våre, eller vi kan komme heim til deg. Vi har naturlegvis teieplikt.

Vi som dagleg arbeider i gravferdsbyrået er klar over at oppgåva vår er krevjande og utfordrande. Vi skal i første rekke medverke til at gravferda vert verdig.

Mathias Haug mathias@fjordan.no

Eirik Karl Kvamme eirik@fjordan.no

Karl Øystein Haug karl@fjordan.no

Aud Kvamme aud@fjordan.no

Nils Helge Friborg nils@fjordan.no

Kjell Ivar Aase kjellivar@fjordan.no

Florø Fjordane Begravelsesbyrå etablerte seg i Florø i 1981. Kontoret vert leia av Marius Ramberg som har lang erfaring frå avdelinga vår i Førde. Flora og Bremanger kommune er virkeområdet for Florø-kontoret. Vi har elles utvida verksemda i Florø med sal og utstilling av gravminne. Sjølvsagt kjem vi også heim til deg for samtalar om du måtte ønskje det.

Marius Ramberg marius@fjordan.no

3


Korleis skal gravferda ordnast? Sorg er noko stort og viktig. I møte med død treng vi alle hjelp på ulike måtar. Vi ønskjer å stå til teneste.

Gravferd eller kremasjon? Alle dødsfall skal meldast snarast til lensmann eller skifteretten på dødsstaden, og gravferda skal haldast innan 8 dagar etter dødsfallet. Alle har rett til fri gravplass på heimstaden sin. Ein kan også få gravplass andre stader mot betaling. Om den avdøde har hatt spesielle ønskje for si eiga gravferd, så bør dette naturlegvis respekterast. Har avdøde ikkje hatt spesielle ønskje, så er det familien til avdøde som avgjer om det skal vere gravferd eller kremasjon. Transportutgifter til krematorium vert dekka av det lokale trygdekontoret.

Tru og livssyn Vi har kontakt med alle tru- og livssynssamfunn, og vil gi orientering om både religiøse og borgarlege seremoniar.

Båreandakt Dette er ei enkel samling for dei næraste ved båra. Båreandakt kan haldast i heimen eller i kapellet. Ofte er det syning like før båreandakta. Ein brukar vanlegvis å leggje lokket på kista før andakta tek til.

Visning Nokre velger å ha ei stille stund ved kista utan seremoni.

Avtale med prest og båreandakt Når det gjeld sørgjesamtale kan du sjølv avtale tid og stad med prestekontoret for sørgjesamtale mellom pårørande og prest, men Fjordane Begravelsesbyrå kan også hjelpe til med dette.

Når born sørger Sorgreaksjonane til born kan vere støytande og uforståeleg for ein vaksen person i sorg. Men born forstår inderleg vel, og mykje meir enn vaksne trur. Gi derfor born status som pårørande. Ikkje steng dei ute, men ta dei med i heile sorgprosessen. Born er totalt avhengige av riktig hjelp og støtte frå vaksne for å arbeide seg gjennom sorga over tapet av sine kjære. Born si forståing av død og oppleving av sorg varierer med alderen. For born under fem år er til dømes døden ikkje endeleg - dei skjønar kort og godt ikkje kva den betyr. Born skiftar raskt stemningar og ber ikkje smerte i seg heile tida slik vaksne ofte gjer. Derfor kan Hansemann finne fram leikebilen under søstera si gravferd. Det betyr ikkje at han ikkje sørgjer, men at han har vanskeleg for å syne kjensler.

4

Born er svært konkrete i fem-års-alderen. Unngå derfor abstrakte forklaringar. Får vesle Per vite at pappa har «sovna inn» - at døden er som ein lang søvn - kan mamma sin middagslur skremme han. Så lat borna spørre og grave. Prøv å svare så ærleg og forståeleg du kan, sjølv om det kan vere vondt. Dessutan; lat dei få vise at dei bryr seg, ta i mot trøsten dei prøver å gi med takksemd. Ta borna med i dei vaksne si verd, skjul ikkje sorgreaksjonane, lat dei sjå den døde og delta i gravferda. Men det er særs viktig å førebu borna skikkeleg på kva dei kjem til å oppleve.


Gravferda Ei gravferd i kyrkja vert gjennomført etter dei rammene som gjeld for ei gudsteneste. Dei næraste pårørande bør vere på plass om lag 30 minutt før gravferda tek til. Det er ein god skikk at nokon frå familien eller vener står ved inngangsdøra og deler ut songhefte.

Pynting og symbolbruk må høve til gravferda sin karakter, men ein kan gjerne markere personlegdommen til avdøde ved bruk av fargar og blomar.

Innhald i kyrkja Gravferd

Ved grava

• Klokkeringing

• Skriftlesing

• Salme

• Preludium

• Salme

• Jordpåkasting

• Salme

• Kort tale

• Velsigning

• Minneord

• Bøn og Fadervår

• Senking av kista

• Kransepålegging

• Salme

• Salme

• Bøn

• Postludium

• Tre gongar tre slag med klokka

Solistinnslag

Bisetjing

Det er høve til å ha solistinnslag fleire stader i seremonien. Det mest vanlege er å ha det etter kranspålegginga.

Bisetjing kallast det når den døde skal kremerast. Ei bisetjing følgjer same seremoni som ved gravferd fram til siste salmen i kyrkja. I staden for postludium vil ein få jordpåkastinga etter denne salmen. Jordpåkastinga skjer inne i kyrkja eller kapellet.

Vi kan kan hjelpe til med å skaffe solistar. Alle reiser seg under jordpåkastinga og siste salmen. Kista vert så bore ut til bårebilen under postludium og kista vert bringa til krematoriet i Bergen.

6


Kva kan vi hjelpe med? Dei fleste vil ein eller fleire gongar i livet oppleve å vere den næraste når nokon døyr. Sorga vil kunne opplevast som tung å bere, anten dødsfallet kom brått på eller var venta. Det er dei næraste pårørande som har ansvar for å ordne dei praktiske forholda kring gravferda. Vi vonar denne brosjyra gir deg god hjelp i så måte.

Dei pårørande står fritt til å velje i kor stor grad dei vil nytte eit gravferdsbyrå, og kva dei ønskjer å gjere sjølve. Under har vi lista opp noko av det vi kan bidra med i samband med gravferda.

• Ulike typar kister (utstilling ved kontoret) • Svøping og nedlegging i kiste • Transport • Lage namnekors • Trykke songhefte • Utforme og formidle dødsannonsa • Ordne med syning og båreandakt • Blomebestillingar • Utfylling av diverse meldingar og skjema • Pynting og assistanse på gravferdsdagen • Solistar • Gravmonument og skrifthogging

Praktiske avgjerder Å planlegge ei gravferd er ei tung oppgåve midt i sorga. Ein må ta ein del avgjerder, som kan bli viktige for ettertida. Om den siste avskjeden kjennest rett, kan sjølve gravferda bli eit varmt minne. Det er ofte små detaljar som musikk og fargeval som skal til for at gravferda skal få eit personleg preg. I dag er det godt mogeleg å påverke sjølve seremonien. Ver aldri redd for å spørje oss, om du lurer på noko i samband med gravferda.

7


Økonomi

Val av gravferdsbyrå

Du kan også finne oversikt på heimesida vår: www.fjordan.no. Her finn du også oversikt over stønadsordningar som finns.

Det er dei pårørande som vel kva gravferdsbyrå dei ønskjer å samarbeide med. Som medlem i Begravelsesbyråenes Forum i Norge er Fjordane Begravelsesbyrå forplikta til å syne omsyn og respekt for dei pårørande og å utføre tenestene våre med vørdnad. I dette gjeld sjølvsagt absolutt teieplikt når det gjeld personlege forhold.

Folketrygda yter støtteordningar til gravferd på visse vilkår. Det vert ikkje lenger gjeven noko generell gravferdsstønad som alle har rett til. Det vert gjeven ein behovsprøvd gravferdsstønad på inntil kr 22.720,-*. Ring oss, eller gå til www.nav.no for oversikt over kva kriterium som gjeld. Generelt kan ein tenke at stønaden på kr 22.720,- vert avkorta krone for krone mot formue, forsikringsutbetalingar, trygdeutbetalingar, pensjonsutbetalingar o.l. I tillegg dekkjer folketrygda transport av båra under visse føresetnader, med fråtrekk for ein eigendel på kr 2.272,-* * per januar 2017

Kister Kva kiste ein vel er noko av det første ein må ta stilling til. Vi har eit stort utval av kister i ulike utformingar og fargar. Mange vel den kvite kista, fordi det er den vi er vande til å sjå, og tradisjonane er at kista skal vere kvit. Men det er fleire kvite kister å velje mellom. Ulike design og ulike typar handtak. Nokre vil gjerne ha noko annleis, og då er det mange kister å velje i. Ulike fargar, ulike tretypar, ulike handtak og ulike design. Også innvendig skil kistene seg. Nokre har hengsla lokk, nokre er heiltrekt i stoff på innsida, og svøpet kan vere ulikt frå kiste til kiste. I samråd med oss kan vi finne den kista som passar.

8

Vi er pliktige til å gje opp alle våre prisar, så langt det let seg gjere, ved første møte.


Blomster

Sløyfetekstar

Ting blomstrane hos oss, så garanterar vi at dei kjem fram til kyrkja i tide. Vi har faste samarbeidspartar innan binderi, som lagar blomstrane slik du ønskjer. Sjå på forslaga her, og ta kontakt så hjelper vi deg å velje ut kistedekorasjonar, kransar, hjarte, oppsatsar og bårebukettar. Om du ikkje finn det du synes passar, kan andre blomster nyttast i liknande utformingar.

1.

Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag

2.

Salige er de døde som dør i Herren

3.

Takk for alt, kjære...

4.

Takk for alle gode år, kjære...

5.

Minnast i kjærleik

6.

Minna vil leve

7.

Takk for alle gode minne, kjære...

8.

Takk for alt du gav, kjære...

9.

Takk for alt du var for oss, kjære...

10.

Takk for all godheit og omsorg, kjære...

11.

Takk for all kjærleik og omsorg som

du alltid viste, kjære...

12.

Takk for all innsats

13.

Takk for all glede og varme du gav

14.

Takk kjære,...

15.

Siste helsing

16.

Ei siste helsing

17.

Siste helsing og takk for alt

18.

Siste takk og farvel

19.

Vi gøymer ditt minne, kjære...

20.

Kjært er ditt minne

21.

Du var oss så kjær og umisteleg

22.

Så er den venen ikkje mist som

sovnar inn i Jesus Krist

9


Forslag til framside pĂĽ songhefte

13 14

PĂĽ songheftet kan ein nytte eigne bilde, eller bruke eit av dei vi har.

11

10

12


Noko å kome i hug Gravferd frå: ......................................... kyrkje

..................dag kl: ...............

Avtale med prest: ...........................................

..................dag kl: ...............

Båreandakt på: ..................................... kapell

..................dag kl: ...............

Ved grava Før jordfestinga: .................................................................................................... Etter jordfestinga: .................................................................................................. Salmar ved minnestunda: ......................................................................................

Annonse i: .............................................................................................................

...............................................................................................................................

Takkeannonse i: .....................................................................................................

Båra vert ført frå: .........................................til: ........................................kl: .......... Gravfølgje: .............................................................................................................

Songar: .................................... stk. ................. fargetrykk: .................................... Frammøte i kyrkja kl: ............................................................................................... Pynting av kiste og assistanse i kyrkja: ..................................................................... Katafalkteppe: ........................................................................................................

I kyrkja ...............................................................

Kransepålegging ved: ............................................................................................

Preludium: .............................................................................................................

Minnesamværpå: ...................................................................................................

Til opning: .............................................................................................................

Meldingar til Lensmann/skifterett av: .......................................................................

Solistinnslag: ..........................................................................................................

Søknad om behovsprøvd gravferdsstønad: .............................................................

Før talen: ...............................................................................................................

Stønad frå fagforeining: .........................................................................................

Etter talen: .............................................................................................................

Skrifthogging: ................................................Gravminne: .....................................

Postludium: ...........................................................................................................

Tenne gravlykt på grava gravferdsdagen: ...............................................................

Orgelmusikk 10 min. før klokkeringing

Roser på grava: ...................................................................................................... Bringe blomster til: ................................................................................................. Anna: ....................................................................................................................

Gravminne og utstyr Gravminne vert forhandla mellom anna gjennom privatpersonar, postordrefirma og lokale gravferdsbyrå. Vi ønskjer å gje deg eit godt tilbod, og vi kjenner dei lokale vedtektene og skikkane på din gravplass.

gravminne. Vi vil difor råde deg til å ta deg god tid til å finne det rette minne, for den du har mista. Ta kontakt med oss i Førde eller Flora. Vi har eit stort utval i gravminne, og eigen skrifthoggar som tek seg av gravering og montering.

Ved dei fleste gravplassar går det om lag 4 månader frå gravferda til du får setje opp 11


Byrået vårt er medlem av Begravelsesbyråenes Forum i Norge (BFN) og har forplikta seg til: • Omsyn og respekt for dei pårørende • Teieplikt med omsyn til personlege forhold • Verdig og respektfull framferd • Å bistå med alle tenester og varer som er aktuelle • Forskriftsmessig utstyr og bårebil i god stand • Å gje informasjon om alternative varer og tenester • Å gje informasjon om prisar • Spesifiserte rekningar for byrået sine tenester • Kontroll med omsyn til standard og yrkesutføring

Førde Vakt Tlf. 57 82 70 30 Florø Vakt Tlf. 57 74 31 36

A til Å - atilaa.no

www.fjordan.no

Fjordane begravelsesbyraa  

Når du mistar ein du er glad i

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you