Page 1

Arbeidsreglement Fjord1 AS


Arbeidsreglement Fjord1 AS Arbeidsreglement blir ajourført i personalhandboka 1. INNLEIING Som tilsett i Fjord1 AS vil du i dette arbeidsreglementet finne ei oversikt over dei rettar og plikter du har som medarbeidar i selskapet. I tillegg gjeld dei lover og føresegner som regulerer arbeidsforholdet, hovud- og tariffavtale, lokale avtaler, samt selskapet sitt tryggleikstyringssystem. Ved at du har underteikna arbeidsavtalen, eller tiltrådd stillinga, legg Fjord1 til grunn at dette arbeidsreglementet er gjort til ein del av dine rettar og plikter som tilsett i Fjord1. Alle tilsette i Fjord1 pliktar å halde seg orientert om moglege endringar i reglementet, og følgje desse. 2. PRØVETID Prøvetid vil gå fram av arbeidsavtale. 3. LØNSUTBETALING Tilsette på sjø får utbetalt hyre etterskotsvis 15. i kvar månad, med høve til å avtale fast forskot den 25. i oppteningsmånaden. Tilsette på land får løna utbetalt 20. i den aktuelle månad, med høve til å avtale fast forskot den 1. i aktuelle månad. Fast forskot vert berre utbetalt til fast tilsette, for deltidstilsette blir det berre utbetalt forskot etter særskilt avtale. Ved feil utbetaling av løn kan selskapet føreta trekk ved seinare utlønning. Arbeidstakaren er også ansvarleg for straks å melde frå til lønningskontoret dersom han/ho har motteke løn som ein burde vite at ein ikkje har krav på. Selskapet kan gjere trekk i lønn i høve AML § 14-15 i tillegg, etter avtale med den enkelte tilsette.

4. REISEGODTGJERSLE Ved tenestereiser følgjer selskapet statens reiseregulativ dersom det ikkje er inngått lokale avtaler om at det skal nyttast særskilde satsar/godtgjersle. For sjøtilsette som reiser til og frå fartøy gjeld eigne reglar i følgje tariffavtale. 5. FRIKORT Som tilsett i Fjord1 får ein rett til å nytte frikort for å reise med selskapet sine båt- og ferjeruter, etter gjeldande retningsliner. Tilsvarande ordning gjeld for ektefelle/sambuar og barn under 16 år, når ein reiser i lag med den tilsette. Ved misbruk av frikort kan ein miste retten til å nytte tenestekort.


6. ARBEIDS-OG KVILETIDER Arbeidstida følgjer gjeldande reglar i lov, tariffavtale, lokale avtaler og skiftplanar evt. i samsvar med dei dispensasjonar, pålegg og retningsliner som vert gjeve. 7. FRÅVÆR VED SJUKDOM Selskapet følgjer Folketrygdlova sine reglar m.o.t. rett til fråvær pga sjukdom. Jfr også § 8-44 i Folketrygdlova med unntak for sjøfolk. Selskapet er med i ordninga for Inkluderande arbeidsliv (IA) Ved fråvær pga sjukdom skal ein syte for å melde frå til næraste overordna snarast råd. Dersom fråvær er dokumentert med sjukemelding frå lege, må ein oversende sjukmeldingsblankett (del C og D) straks som må fyllast ut og signerast av den sjukmeldte Manglande innsending av slik blankett kan føre til at selskapet stoppar forskottering av sjukepengar utan varsel. Evt. bruk av eigenmelding må skje i samsvar med Folketrygda sine retningsliner. 8. PERMISJON Ein viser her til gjeldande permisjonsreglement. 9. FERIE Ferie/ferieavvikling skal følgje gjeldande ferieplan og vere i samsvar med ferielov og tariffavtale. Ved usemje om tid for ferieavvikling har arbeidsgjevar styringsrett innanfor nærare angitte reglar, jfr ferielova. Utbetaling av feriepengar iflg. dei til ei kvar tid gjeldande retningsliner i selskapet. Selskapet kan gjere trekk i feriepengar i høve AML § 14-15, i tillegg etter avtale med den enkelte tilsette. 10. AVSPASERING AV OPPTJENT FRITID Avspasering av opptjent fritid skal skje på ein måte som er til beste for båe partar, herunder skal det leggast særleg vekt på sesongmessige svingingar i drifta. Det skal alltid ligge føre avtale før avspasering av opptjent fritid tek til. Jfr også overeinskomstar. 11. ORDEN Tilsette i Fjord1 pliktar til ei kvar tid å rette seg etter dei pålegg og retningsliner som blir gjeve om utføring av arbeidet. Fjord1 sine medarbeidarar skal syte for naudsynt orden på sin arbeidsplass av omsyn til: • seg sjølv og kollegaene • tryggleik • dei reisande/publikum Arbeidstakaren har ansvar for å handsame forsvarleg alt inventar, materiell, maskiner, verktøy etc. Den tilsette må ikkje utan løyve gje uvedkomande tilgang til verksemda/ fartøyet. 12. ANTREKK/UNIFORMSPLIKT Medarbeidarar i Fjord1 skal vere seg bevisst korleis ein kler seg i høve til det arbeidet ein utfører. Det er det viktig at uniform er rett stelt og at uniformseffektar ikkje nyttast saman med sivilt antrekk. Uniformsreglement regulerer kva effektar som kan nyttast. 13. SERVICE OG HALDNING Selskapet ynskjer engasjerte og serviceinnstilte medarbeidarar slik at Fjord1 kan framstå som ein god og framtidsretta arbeidsplass. Som medarbeidar pliktar ein å arbeide for dette ved alltid å yte kundar service, ha ei positiv haldning til arbeidsoppgåver og hendingar, samt å utvikle eit godt


arbeidsmiljø ved samhandling med kollegaer og felles forståing av organisasjonen sine mål. 14. TRYGGLEIK Som medarbeidar i Fjord1 er ein omfatta av selskapet sitt tryggleikstyringssystem for sjø og land. Dette inneber m.a. å setje seg inn i og gjere seg kjent med styrande dokument, følgje prosedyrar og retningsliner og melde frå om evt. avvik. Samt vise omsyn for og ha særleg fokus på selskapet sin eigedom med omsyn til vedlikehald då dette er særs viktig for tryggleiken både om bord og i land. Alle tilsette pliktar å delta i arbeidet med kontinuerleg forbetring av tryggleiksstyringssystemet. 15. VERNEARBEID Alle tilsette i Fjord1 er pliktige til å delta i vernearbeid og rette seg etter pålegg og retningsliner som er gjeve om vernearbeid, herunder bruke verneutstyr når dette er påkravd. 16. ETTER- OG VIDAREUTDANNING Selskapet viser til gjeldande permisjonsreglement m.o.t. permisjon for å ta etter- og vidareutdanning. 17. RUSMIDDEL Det er totalforbod mot bruk av rusmiddel i tenesta. Ingen må heller møte på arbeid påverka av rusmiddel. For teneste på passasjerfarty gjeld i tillegg pliktmessig avhald, ref. Sjøloven gjeldande frå 1. juli 2005. For sjøtilsette har selskapet innført uanmelde ruskontroller om bord. Viser her også til selskapet sine ruspolitiske retningsliner og avtale om retningsliner for ruskontroll i selskapet. 18. ETISKE RETNINGSLINER – GÅVER M.M. Tilsette må ikkje gjere uttak av, eller nytte, selskapet sin eigedom til eigne føremål utan at dette er avtalt på førehand. Tilsette i Fjord1 må ikkje sjølv eller for andre ta i mot gåver, provisjon, tenester eller andre ytingar frå andre, som er eigna til eller meint å skulle påverke medarbeidarane sine haldningar. Forbodet gjeld ikkje for tilfeldige og bagatellmessige gåver som t.d. konfekt og blomar. Ved tvil om ein kan ta i mot ei gåve skal ein alltid ta saka opp med næraste overordna. 19. SÆRLEG OM HANDTERING AV BILLETTOPPGJER OG ANDRE PENGEFORHOLD Det kviler eit særleg ansvar på tilsette som har ansvar for oppbevaring av pengar for selskapet, herunder catring/ billettoppgjer og innsending av slikt oppgjer. 20. TILSETJING AV MEDARBEIDARAR FRÅ SAME FAMILIE Medlemer av same familie kan ikkje tilsetjast i stillingar på same farty/ avdeling dersom dette kan føre til svekka kontroll med økonomiske disposisjonar m.v. Tilsvarande gjeld dersom tilsetjinga kan føre til uheldige tilhøve elles på vedkomande arbeidsplass. Med same familie er her meint foreldre, ektefelle/sambuar, barn, samt søsken. 21. TEIEPLIKT Tilsette i Fjord1 har muntleg og skriftleg teieplikt om dei opplysningane og/eller det materiale ein får kjennskap til gjennom arbeid i selskapet dersom det på nokon måte er eigna til å skade selskapet sitt renommé eller påføre selskapet tap om dei blir kjent. Det same gjeld etter at ein


har slutta i selskapet. Kontakt med media skal skje på ein ryddig måte som ikkje kan oppfattast som illojal overfor arbeidsgjevar. Leiinga kan gje nærare reglar om teieplikt og opplysningar til media. 22. ANNA ARBEID Tilsette i Fjord1 kan ikkje drive anna verksemd eller utføre løna arbeid for andre dersom dette på noko vis kjem i konflikt med arbeidet i Fjord1. Ein kan heller ikkje utføre arbeid eller tenester for personar eller firma som representerer konkurrerande verksemd til Fjord1. 23. KONKURRANSEKLAUSUL For einskilde stillingar kan det avtalast særskilt.

24. BRUK AV SOSIALE MEDIA Vær bevisst din rolle som tilsett i Fjord1 ved all bruk av sosiale media. Ta diskusjonar rundt utfordringar om forhold som angår jobben direkte med din leiar - ikkje på nettet. Husk at reglene om taushetsplikt, personvern, ytringsfridom, lojalitetsplikt mv som du forheld deg til i din jobb i selskapet, også gjelder når du opptrer som privatperson i sosiale media. 25. AVSLUTNING AV ARBEIDSTILHØVET Dersom medarbeidaren ønskjer å slutte i selskapet må oppseiing skje skriftleg. Oppseiingsfristane følgjer av Arbeidsmiljølova/Skipsarbeidslova, tariffavtale og arbeidsavtale. Når tilsetjingsforholdet opphøyrer skal utstyr/ materiell, nøklar m.m. som tilhøyrer Fjord1 innleverast til næraste overordna. Frikort skal også innleverast og er å sjå på som ugyldig frå utgang av siste arbeidsdag. Arbeidstakarar som fråtrer stillinga for å gå av med pensjon kan søkje om frikort for pensjonistar, dersom dei fyller vilkåra. 26. OPPSEIING/AVSKJED Arbeidstakarar i Fjord1 kan seiast opp eller gjevast avskjed etter dei regler og oppseiingsfristar som følgjer av arbeidsavtale og gjeldande lover/ regelverk. Arbeidstakar som blir straffedømt for alvorlege forhold, må rekne med å få avskjed frå stillinga i selskapet. 27. MISLEGHALD AV ARBEIDSREGLEMENTET Alvorlege brot på arbeidsreglementet vil kunne føre til disiplinære reaksjonar, samtplikt til å betale erstatning i fall selskapet har lidt tap. Herunder blir det særleg vist til punkt 17, rusmiddel, som omgåande vil føre til disiplinære reaksjonar, samt til punkt 14, tryggleik, som i alvorlege tilfelle av brot på selskapet sitt tryggleikstyringssystem eller manglande rapportering av alvorlege brot, vil kunne føre til disiplinære reaksjonar.


A til Å - www.atilaa.no

Fjord1 AS Strandavegen - Postboks 354, 6902 Florø Telefon 57 75 70 00 - Faks 57 75 70 01 www.fjord1.no

Fjord1 AS - 2014

Fjord1  

Arbeidsreglement 2014

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you