Fiskeri Flora

Page 5

Ola Teigen - Ordførar i Flora kommune

Med BLIKKET mot sjøen Flora kommune Areal: 693 km² Folketal: 12 000 Administrasjonssenter: Florø Geografisk posisjon: 61º 35´ 58´´ N, 5º 1´ 58´´ Ø Flora kommune er den vestlegaste bykommunen i Norge, og ligg i leia midt mellom Bergen og Ålesund. Her ved kysten av Sogn og Fjordane, har vi skjergard med eit mylder av små og store øyar, vakre fjelltoppar, bre og stille vatn. Bysentrumet Florø fekk bystatus allereie i 1860, og grunnlaget for etableringa var det rike slidefisket på kysten. Silda har alltid spelt ei stor rolle i Flora si historie, og difor finn ein tre sildar i byvåpenet. Byen ligg omkransa av flott natur som byr på eit variert turterreng og gode fiskeplassar. GOD KOMMUNIKASJON: • Direktefly til Bergen og Oslo fleire gonger dagleg • Ekspressbåt til Måløy og Bergen 2 gonger dagleg • Hurtigbåtar til øyane i kommunen fleire gonger dagleg • Ekspressbuss-samband til heile landet • Hurtigruteanløp 2 gonger i døgnet

Flora kommune er den vestlegaste bykommunen i Norge, og ligg naturleg nok rett ved det store våte matfatet – sjøen. Då bysentrum fekk bystatus i 1860 var grunnlaget for etableringa nettopp det sjøen gav – den blanke silda. Den dag i dag er det viktig å ha blikket vendt mot sjøen, for den er framleis eit viktig grunnlag for kystbyen vår. Det er med stoltheit eg ser at fiskarfamiliane i kommunen satsar på fiskerinæringa, og dei ressursane sjøen byr på. Vi har ein stor og moderne flåte, som produserer mat og gir store ringverknader med tanke på sysselsetting og utstyrsleverandørar. Nye generasjonar Det ligg generasjonar med erfaring bak arbeidet som blir lagt ned i dagens fiskeri. Samtidig er fiskarane heilt avhengige av moderne teknologi og fasilitetar for å lukkast. Dette er og avgjerande for å få med nye generasjonar på sjøen. Trenden ser ut til å snu, slik at dagens ungdommar frå kystbyen får lyst til å satse på dette viktige FI S K E RI F LO RA

yrket. Som i alle andre yrke er vi avhengige av at nye generasjonar trår til – og det lukkast dei med i fiskaryrket i Flora. Eit mangfald av fiskeri Med Norges største havgåande garnflåte viser fiskarfamiliane i kommunen veg. Dei er stadig på leit etter nye fiskeplassar og ny kunnskap – noko som gjer dei til gode førebilde for andre Nordsjøfiskarar. Notbåtane gjer ein stor jobb med å fange pelagisk fisk og samtidig bidra til ny kunnskap – Fiskebas som husar Havforskingsinstituttet på forskingstokt og Bluefin som landa store mengder makrellstørje av god norsk kvalitet. Kystfiske med sjark

har og fått ei ny blømingstid i kommunen. Dei driv eit mangfald av fiskeri, både her i skjergarden utanfor Florø og på vintertokt etter skreien i nord. Lær og leit Samarbeid ser ut til å vere nøkkelen til at fiskarane i Flora lukkast – frå dei største fiskefartøya til dei minste sjarkane. Saman med fiskarane er det viktig at vi alle vender blikket mot sjøen – og lærer av deira ukuelege ståpåvilje. Vi må heile tida lære av historia vår, og samtidig leite etter nye fiskeplassar. Slikt blir det utvikling av.

5