Fiskeri Flora

Page 1

6

Ocean Electronics har sett dagens lys Sigurd Solberg og Måløy Radio har slått seg saman

10

Flora har Norges største garnflåte

23

Enivest bygger ut fiber til fiskarane

34

Dialog er det viktigaste verktøyet

Les om dei ulike båtane og folka bak

Komplisert geografi - inga hindring

Flora Hamn satsar på fiskerinæringa

iStocklphoto

www.fiskeriflora.no

Vi vender blikket mot SJØEN I fiskerikommunen Flora er det registrert over 30 båtar og omlag 100 fiskarar. Vi er stolt og kry over den store aktiviteten fiskeri skapar i kommunen vår.

– eit magasin frå A til Å


Leiaren har ordet Geir Henning Seljeseth er leiar i Flora Fiskarlag

Flora har i dag den mest moderne kvitfiskflåten i landet, og driv fiske i Nordsjøen, ved Shetland og nord til Barentshavet. Med fryseri om bord og større båtar strekker vi sesongen og har muligheit til å fiske lenger vekke enn tidlegare. Fiskeflåten i Flora er utelukkande familiereiarlag, der fleire generasjonar jobbar om bord og har eit godt internt samarbeid på fleire frontar. Dette er med på å gjere flåten robust, framoverlent og framtidsretta. Moderne flåte Å ha både små og store fiskefartøy gir rom for utvikling og rekruttering. Totalt har fiskeflåten minka. Å samle fleire fiskerettigheiter per fartøy har gjort det mogleg å bygge opp ein meir moderne flåte, som ungdommane ønskjer å jobbe på. Flåten har samla store rettigheiter på kvitfisk og pelagisk fisk, og kan ha opptil 6 rettigheiter

på ein sort. Det tilsvarar 6 fartøy for 20 år sidan. Skapar arbeid på land Dessverre finst det ikkje att fiskemottak i Flora som kan utnytte den fisken den lokale flåten fangar. Sjarkflåten leverer store deler av året i Kalvåg hos Brødrene Larsen - og skapar sysselsetting der. Den havgåande garnflåten leverer på fryselager i Måløy, og sel på auksjon der. Mesteparten av den fisken går til Møre og blir bearbeida til klippfisk. Lokal og nasjonal politikk Vi er glade for det auka fokuset politikarane har på fiskeflåten og arbeidsplassane fiskeria genererer. Lokalt bør ein legge til rette for lokal satsing på fiskeri både på land og sjø. Samtidig må ein vere klar over at nasjonalpolitikken kan få store konse-

kvensar for den lokale fiskeflåten. Den kommande Brexit vil avgjere viktig adgang for fiskeflåten til å fiske, men og framtidig sal av fiskeprodukt. Framtidas fiskarlag Flora Fiskarlag jobbar aktivt for å ta vare på dei lokale fiskarane sine rettar. Vi har mange saker i løpet av året med til dømes lokalisering av oppdrettsanlegg ved kjente fiskefelt. I tillegg har vi eit godt samarbeid med Flora Hamn for å skape framtidig vekst i hamna. Norges Fiskarlag er i endring - der lokallag og fylkeslag blir slått saman. I Sogn og Fjordane er det berre Flora Fiskarlag og Bremanger Fiskarlag som ikkje har slått seg saman med andre lokallag for å bli større. Kanskje er vi framtidas KINN FISKARLAG?

Lurer du på hva som skjer i fremtiden? Fiskeri og havbruk Deloittes nasjonale satsing på fiskeri og havbruk har ressurspersoner langs Vestlandet fra Haugesund til Trondheim. Deloitte kan tilby spisskompetanse eller tverrfaglige team av personer med erfaring og bakgrunn fra sjømatssektoren, og som ellers jobber innen våre fagavdelinger for jus, rådgivning, transaksjonsstøtte, og revisjon. Deloitte leverer revisjon, advokattjenester, finansiell rådgivning, risikoanalyser og konsulenttjenester. www.deloitte.no Hans Jørgen Kirkeeide Florø Tlf: 958 19 044 hkirkeeide@deloitte.no

2

Rune Norstrand Olsen Florø Tlf: 952 48 004 ruolsen@deloitte.no

Anders M. Gjendemsjø Bergen Tlf. 95 70 60 20 agjendemsjo@deloitte.no

© 2018 Deloitte AS

F I S KE RI F LO R A


«Å komme saman er starten – å halde saman er framgang – å arbeide saman er suksess» Slik formulerte Henry Ford seg for mange år sia. Om FiskeriFlora kan vi sei det same. Det handlar om å komme saman og jobbe for felles sak. Vi skal saman stå fram og fortelje at vi er flinke og at vi skapar verdiar. Dei fem store båtane du ser på bildet representerer godt over ein milliard kroner med tanke på verdi og fangstrettar Framsnakke kvarandre Vi er flinkast til å skryte av andre, men vi må ikkje gløyme at vi ikkje er så verst sjølve heller. I A til Å vil vi vere med å framsnakke fiskarane og reiarlaga. Fiskeriflåten frå kommunen skapar ikkje berre store verdiar til havs. Det vert sagt at ein fiskar gir fire arbeidsplassar på land. Ein maritim spydspiss Vi har mange bein å stå på i kommunen vår. Ved sia av fiskeri og havbruk har vi bedrifter innan olje og energi. Med ein av

landet sine største oljebasar og eit skipsverft i utvikling har vi mykje å vere stolte av. Vi har ein av verdas største fiskefôrfabrikkar og ei klynge av større og mindre bedrifter. Det er mange flinke aktørar innan dei maritime og sjøbaserte næringane i kommunen vår. Fiskarane satsar Fiskerinæringa er kanskje litt gløymt og gøymt, mellom alle desse andre aktørane. Fiskarfamiliane jobbar hardt og satsar stort – og står for store verdiar, mange

arbeidsplassar og viktig mat. Vi har mange sjarkar som og er viktige i fiskerikommunen vår. I dag vil vi slå eit slag for denne viktige Floranæringa – her representert ved frå babord side BREIVIK JUNIOR ved Kristian og Svein Magne Korneliussen, BLUEFIN ved Atle Magne Nekkøy, FISKEBAS ved Siv, Geir Magne og Ole Morten Madsen, FANØYVÅG ved Geir Henning og Jonny Seljeseth og SKJONGHOLM ved Rune Nilsen med familie.

GOD LESNAD – VI SEIER SOM FOTBALLEN; STOLT OG KRY Helsing oss som har laga FiskeriFlora Anita Øygard – Trond Sagen – Malvin Horne

EN TROFAST FØLGESVENN SIDEN 1927

www.havtrygd.no

FI S K E RI F LO RA

3


KYSTKOMMUNEN

SMITTANDE OPTIMISME Kystkommunen Flora er ein frisk og levande bykommune – med eit aktivt næringsliv og eit optimistisk folkeferd. Verdiskapinga er større enn elles i landet fordi næringslivet er internasjonalt retta. Kystbyen med stolte tradisjonar i snart 160 år Knutepunktet og innfallsporten til fylket Flora kommune – kulturkommunen Ein pådrivar for næringsutvikling og godt oppvekstmiljø

FLORA KOMMUNE www.flora.kommune.no 4

Vi ser optimistisk på framtida! F I S KE RI F LO R A


Ola Teigen - Ordførar i Flora kommune

Med BLIKKET mot sjøen Flora kommune Areal: 693 km² Folketal: 12 000 Administrasjonssenter: Florø Geografisk posisjon: 61º 35´ 58´´ N, 5º 1´ 58´´ Ø Flora kommune er den vestlegaste bykommunen i Norge, og ligg i leia midt mellom Bergen og Ålesund. Her ved kysten av Sogn og Fjordane, har vi skjergard med eit mylder av små og store øyar, vakre fjelltoppar, bre og stille vatn. Bysentrumet Florø fekk bystatus allereie i 1860, og grunnlaget for etableringa var det rike slidefisket på kysten. Silda har alltid spelt ei stor rolle i Flora si historie, og difor finn ein tre sildar i byvåpenet. Byen ligg omkransa av flott natur som byr på eit variert turterreng og gode fiskeplassar. GOD KOMMUNIKASJON: • Direktefly til Bergen og Oslo fleire gonger dagleg • Ekspressbåt til Måløy og Bergen 2 gonger dagleg • Hurtigbåtar til øyane i kommunen fleire gonger dagleg • Ekspressbuss-samband til heile landet • Hurtigruteanløp 2 gonger i døgnet

Flora kommune er den vestlegaste bykommunen i Norge, og ligg naturleg nok rett ved det store våte matfatet – sjøen. Då bysentrum fekk bystatus i 1860 var grunnlaget for etableringa nettopp det sjøen gav – den blanke silda. Den dag i dag er det viktig å ha blikket vendt mot sjøen, for den er framleis eit viktig grunnlag for kystbyen vår. Det er med stoltheit eg ser at fiskarfamiliane i kommunen satsar på fiskerinæringa, og dei ressursane sjøen byr på. Vi har ein stor og moderne flåte, som produserer mat og gir store ringverknader med tanke på sysselsetting og utstyrsleverandørar. Nye generasjonar Det ligg generasjonar med erfaring bak arbeidet som blir lagt ned i dagens fiskeri. Samtidig er fiskarane heilt avhengige av moderne teknologi og fasilitetar for å lukkast. Dette er og avgjerande for å få med nye generasjonar på sjøen. Trenden ser ut til å snu, slik at dagens ungdommar frå kystbyen får lyst til å satse på dette viktige FI S K E RI F LO RA

yrket. Som i alle andre yrke er vi avhengige av at nye generasjonar trår til – og det lukkast dei med i fiskaryrket i Flora. Eit mangfald av fiskeri Med Norges største havgåande garnflåte viser fiskarfamiliane i kommunen veg. Dei er stadig på leit etter nye fiskeplassar og ny kunnskap – noko som gjer dei til gode førebilde for andre Nordsjøfiskarar. Notbåtane gjer ein stor jobb med å fange pelagisk fisk og samtidig bidra til ny kunnskap – Fiskebas som husar Havforskingsinstituttet på forskingstokt og Bluefin som landa store mengder makrellstørje av god norsk kvalitet. Kystfiske med sjark

har og fått ei ny blømingstid i kommunen. Dei driv eit mangfald av fiskeri, både her i skjergarden utanfor Florø og på vintertokt etter skreien i nord. Lær og leit Samarbeid ser ut til å vere nøkkelen til at fiskarane i Flora lukkast – frå dei største fiskefartøya til dei minste sjarkane. Saman med fiskarane er det viktig at vi alle vender blikket mot sjøen – og lærer av deira ukuelege ståpåvilje. Vi må heile tida lære av historia vår, og samtidig leite etter nye fiskeplassar. Slikt blir det utvikling av.

5


«Målet vårt i Ocean Electronics er å følgje kundane gjennom eit fartøy si levetid – uavhengig av fartsområde»

OCEAN ELECTRONICS

Installasjon, service og driftsvedlikehald Sigurd Solberg AS og Måløy Radioforretning slo seg saman 1. januar 2018, og kan fortelle om gode ordretilgangar. Vi har bra med jobbar innan nybygg til fiskeflåten og servicebåtar til oppdrettsnæringa, seier dagleg leiar John Sigurd Solberg. Det betyr arbeid på verft i inn- og utland. Med rundt 18 tilsette vil vi vere mellom dei større selskapa i landet innan maritim elektronikk. Samanslåinga gjer oss meir fleksible og tilgjengelege. Dette blir ein vinn – vinn situasjon for oss og kundane. Marknaden vår er syklisk og det svingar med arbeidstilgang i periodar. Når fiskebåtane er inne til lands for levering og mannskapsskifte er det naturlegvis viktig at vi kan stille på kort varsel. Livslang service Målet vårt i Ocean Electronics er å følgje kundane gjennom eit fartøy si levetid – uavhengig av fartsområde. Med fagfolk både i Florø og Måløy blir det enklare å yte god service til båtane der dei er. Det gir oss og moglegheita til å spisse kompetansen vår innanfor eit større spekter av maritim elektronikk – og i tillegg satsar vi på import av nisjeprodukt Nye oppgåver Viktige satsingsområde for Ocean Electronics er installasjon på nybygg, ombygging, driftsvedlikehald og service. Samtidig vil vi 6

satse på nye marknader som for eksempel sikkerheitssystem for hamner, oppdrettsanlegg og andre marine næringar. Erfaringane med eksisterande produkt som radar, AIS, VHF radio med meir, vil saman med kompetansen vår gjere oss kompetente til å bruke desse produkta i nye marknader. Rask utvikling Det er to godt vaksne spesialistar på maritim elektronikk som no blir til ei bedrift. Birger Silden i Måløy og John Sigurd Solberg i Florø har stor tru på framtida, og at dette er løysinga for at begge skal levere gode tenester til kundane. Det er viktig å ha med seg historia, men det vi jobbar med utviklar og endrar seg raskt. Her må vi følgje med i timen om vi og kundane skal vere i front.

Ocean Electronics leverer alt av elektronikk til fiskeflåten • • • • • • • •

Navigasjon og styring Maritim Radio / GMDSS Fiskeleitingsutstyr Satellitt TV / antenneutstyr Bruløysingar Kommunikasjon Alarmsystem / overvåking Teknisk tegning / dokumentasjon

F I S KE RI F LO R A


Ocean Electronics, her representert ved f.v. Martin Solberg, Helge André Solibakke, Birger Silden, John Sigurd Solberg og Maxim Grachev legg vekt på at Ocean Elctronics vil vere ein god samarbeidspart for kundane. Vi må følge med i tida og få fleire bein å stå på om vi skal klare oss.

Revolusjonerande utvikling

- krev fagkunnskap og fleksibilitet Det har skjedd ei formidabel utvikling på fiskefronten dei siste åra, og mykje av det har skjedd på elektronikksida. Dei tilsette hos Ocean Electronics må heile tida halde seg oppdaterte på utviklinga, og med dobbel stab satsar vi på å bli endå betre og meir tilgjengelege, smiler John Sigurd Solberg. Vi har ei fagsterk bemanning som består av ingeniørar, teknikarar og saksbehandlarar. Alle med mange års erfaring i faget. Vi legg vekt på å vere mobile og møter opp der det trengs – når det trengs. John Sigurd fortel at dei etter samanslåinga har fått betre kapasitet, og moglegheit for større fleksibilitet på service- og installasjonssida. Vi søker også nye erfaringar og kunnskap kvart år, for å kunne halde kompetansenivået vårt oppe. Målet vårt er at kundane skal nyte godt av denne kompetansehevinga. FI S K E RI F LO RA

7


Kristian Æsøy frå Skorpa trivast som sjarkfiskar, og set pris på eit variert fiskeri gjennom året. Skal eg leve av det må eg drive hardare. Foto Jacob Nødseth

Kristian Æsøy (31) er ein av dei mange sjarkfiskarane i kommunen, men som han seier sjølv: Eg kan ikkje leve av dette. Sjarken Alda er rigga for eit mangslunge fiskeri, med både not, juksa og teiner. På vinteren går turen nordover, elles er det heimefiske i spedd andre jobbar på sjøen som er levebrødet. Eg har vore fast på torskefiske dei siste ti vintrane, men i sommarhalvåret går det mest i krepsefiske, fortel mangesyslaren frå Skorpa. Alda har kvote på sild og makrell, men dei har vi ikkje fylt opp dei siste åra. Kristian har valt å drive eit føretak der han leiger seg ut som mannskap på andre fartøy ved behov. Då er det praktisk å ha kystskipperpapira på plass, smiler han. Ikkje einsamt Eg trivast veldig godt som sjarkfiskar, fortel Kristian – og presiserer at det ikkje er eit

MULTIFISKAREN Kristian Æsøy og sjarken Alda

einsamt yrke. Vi som driv på denne måten samarbeider og hjelper kvarandre. I vinter har fem Flora-sjarkar lagt side om side i Vest-Finnmark. Alda, Æsøybuen (Tore Alf Æsøy), Ytterøy (Stein Endre Ulriksen), Håskjær (Jon Toft) og Janica (Jan Harald Lindgaard) køyrde oppover i lag. Vi fiskar i lag og vi er i lag på kveldstid. Generasjonssamarbeid Når Kristian driv krepsefiske i Floraskjergarden leverer han fast til restaurantbransjen i tillegg til ein del private. Det blir ikkje dei

I Florø for deg

store pengane, men det er eit praktisk fiske å drive i kombinasjon med anna arbeid. Faren, Tore Alf, som driftar sjarken Æsøybuen er også medeigar i Alda - og dei to båtane driv ein del i lag. Kristian framhevar at han ikkje hadde vore der han er i dag utan støtte og opplæring frå faren og andre fiskekollegaer. Eg er ikkje glad i å skru på maskiner, men det har eg lært med mobilen i eine handa og fastnøkkelen i andre, ler Kristian. Det er litt konkurranse mellom fiskarane, men samtidig er samarbeidet veldig godt.

accountor.no

Vi er ikkje langt vekke og er tilgjengelege for spørsmål og bistand når du treng det.

Vi er opptatt av utvikling i distriktet vårt, og er i vekst både i Florø og Førde. Accountor er din lokale samarbeidspart innan alt av økonomi og rekneskapstenester. Vår teknologi er framtidsretta og gir bedrifta di problemfrie og sikre løysingar. Ring Hanne på 991 61 361 eller Stine på 988 12 231, så kjem vi på besøk og fortel deg meir. Adressa vår er: Magnus Thingnæs gate 1 (Kvartalet) – midt i sentrum av Florø.

Hanne Sølvi Rønnekleiv, Anita Aasen og Stine Larsen 8

SPØR OSS OM SKYBASERT REGNSKAPSPROGRAM Accountor Online og PowerOffice Go F I S KE RI F LO R A


WESTCON TILBYR - Norges største overbygde dokk - Krane som løftar opp til 440 tonn

Foto: Vidsyn Media

Vi tek på oss oppdrag av alle typer skip og fartøy, innanfor havbruk, fiskeri, tank, bulk, offshore og seismikk. Westcon i Florø har gode fasilitetar i dokk og på land for å gjere vedlikehald og reparasjonar av både skrog og dekksutrustning. Vår overbygde dokk gjer at vi kan utføre enklare vedlikehald som vasking og maling – raskt og effektivt for våre kundar. WESTCON I FLORØ er et veletablert verft med lang historie. Vi utfører reparasjon, vedlikehold og modifisering av skip og rigg, så vel som nybygging av offshore- og spesialfartøy. Vi har en dyktig og erfaren arbeidsstokk som dekker alle disipliner. Våre store haller og utmerket beliggenhet på kysten av Sogn og Fjordane med god kapasitet, inkluderer vårt målområde også bygging av subsea og offshore stålkonstruksjoner. Vi bestreber oss på å levere tjenester av høy kvalitet innenfor avtalt tid og budsjett. Westcon Florø er sertifisert ihht NS-EN ISO 9001:2008 og NS-EN ISO 3834-2. I tillegg til dette er vi sertifisert i Achilles og StartBANK.

Westcon Yards AS, Florø Ole Aaserudgate 7, 6900 Florø firmapost@westcon.no - Telefon: +47 57 74 68 00 WESTCON.NO

FI S K E RI F LO RA

9 A til Å - www.atilaa.no


«Vi prøver heile tida å tenke nytt for å sikre kvaliteten. Garnfisken er stor og er mellom anna ettertrakta til den norske klippfiskproduksjonen».

NORDSJØPIONEREN frå Hovden Rune Nilsen starta med heilårsfiske i Nordsjøen med den første Skjongholm-båten for 30 år sidan. Tradisjonelt har fiskebåtane her i distriktet drive med kystfiske i tillegg til skreifiske i Lofoten tidleg på våren - og båtane har vore forholdsvis små Rune Nilsen har heile livet hatt ein stor lidenskap for å finne nye fiskeplassar. Dette har kome til god nytte for både han sjølv og dei andre garnbåtane i Flora, som etterkvart driv det same Nordsjøfisket som pioneren frå Hovden. Rune starta i det små i Nordsjøen i 1988, og har bygt seg opp stein for stein. Det er ein møysommeleg prosess å lære seg nye fiskeplassar, og å finne ut korleis fisken vandrar. Etter at vi fekk fryseri om bord har det blitt mykje enklare å flytte seg rundt. Vi klarer å halde topp kvalitet på fisken, utan å måtte gå til lands for å levere mellom fangstane, fortel sonen Runar, som også er skipper om bord i Skjongholm. Vandrar etter fisken Familien Nilsen er levande opptatt av korleis fisken oppfører seg og korleis den vandrar. Frå mai til desember går vi etter fisk som er på beitevandring i Nordsjøen. Det gir ein stor variasjon av artar i fangsten, og

Skreifiske i nord er årets høgdepunkt, men fisket i Nordsjøen er likevel det viktigaste reint økonomisk

er veldig spennande. Vi lærer veldig mykje av å finne nye fiskeplassar, seier Rune – anten det går godt eller dårleg. Den havgåande garnflåten bevegar seg over store område, og på høgste vinteren føregår det eit spennande seifiske i Nordsjøen eller på Trøndelagskysten og Haltenbanken - før turen går til Lofoten. Skreifiske i nord er årets høgdepunkt, men fisket i Nordsjøen er likevel det viktigaste reint økonomisk.

MS Skjongholm • • • • • • •

Leitar for å finne og lære For meg har det alltid vore ein viktig himmelretning, og det har vore vestover. Heilt frå eg var liten gutunge har eg likt å leite etter nye fiskeplassar – så det har eg nok i blodet, smiler Rune. Det er kjekt at vi etterkvart er tre garnbåtar i Flora som leitar i lag. Då rekk vi over eit større område, og kan utveksle viktige erfaringar. Det er ikkje få nye fiskeplassar den engasjerte fiskaren har oppdaga. For meg er leitinga og spenninga ein viktig del av fiskeriet. Vi lærer heile tida noko nytt og må tilpasse oss fiskane sin levemåte. Kvalitet i høgsetet Å fangste med garn gir forholdsvis stor fisk, ikkje noko svinn og veldig god kvalitet. Vi er etterkvart blitt meir og meir bevisste på kvaliteten og marknadssida. Det er ikkje tvil om at den ferskfrosne fisken sikrar oss gode råvarer heile året og gir betre kvalitet enn om vi hadde køyrt til lands og

www.skjongholm.no

Kjennemerke SF 7 F Garnbåt 34 meter lang og 8,5 meter brei 9 lugarar og 12 køyeplassar Bruttotonnasje 469 tonn Lastekapasitet fordelt på to fryserom 280 kubikk Frysekapasitet maks 20 tonn i døgnet

KVOTER (FISKERIDIREKTORATET): • Hyse nord for 62. breiddegrad 506,38 tonn • Sei nord for 62. breiddegrad 349,91 tonn • Sei sør for 62. breiddegrad 800 tonn • Torsk nord for 62. breiddegrad 446,69 tonn • Torsk Nordsjøen 810 tonn

1 0 F I S KE RI F LO R A


Rune Nilsen er pioneren i garnflåten når det gjeld heileårsfiske i Nordsjøen. I dag - 30 år etter oppstart - har han heile familien med på laget, frå babord side Kyrre Flemming Nilsen, Rune Nilsen, Weronica Nilsen Toftesund og Runar Nilsen. Den viktigaste personen – som har vore med meg heile vegen - er ho Haldis, seier Rune Nilsen - og beklagar at ho ikkje er med på bildet.

resten av garna. Samarbeid er spesielt viktig i Lofoten – i Nordsjøen er nok konkurransen litt større, men her er vi og avhengige av kvarandre, smiler fiskarfamilien frå Hovden.

levert den direkte. Det viktigaste er at vi leverer frå oss best mogleg mat. Skånsamt fiske krev mellom anna at vi røktar garna godt. Vi prøver heile tida å tenke nytt for å sikre kvaliteten. Garnfisken er stor og er mellom anna ettertrakta til den norske klippfiskproduksjonen. Nattfiske i Lofoten Ein ting som er spesielt med Skjongholm sin driftsmåte er at dei fiskar om natta i Lofoten. Torsken går til botnen om nat-

ta og er mykje rolegare då, forklarar den erfarne fiskaren. Rune fortel at dei følgjer torsken når den flyttar på seg om kvelden og set garna i sjøen rett før det mørknar. Dermed står nokre av garna i sjøen i berre 2-3 timar. Vi dreg garna frå klokka 23 om kvelden. Då er torsken roleg og avslappa – og kvaliteten blir heilt topp. Når dei andre båtane kjem ut på feltet på morgonkvisten har vi allereie drege garna våre. Om vi ikkje har frysekapasitet til all fisken, så let vi gjerne ein av dei lokale båtane overta

Weronica tar seg av lokkar og lottar Reiarlaget Nilsen som driv med båten Skjongholm er i høgste grad eit familieføretak. Sønene Runar og Kyrre har vore aktive på båten i mange år. Runar er skipper og byter med Nils Ole Toft på å styre skuta. Kyrre har vore om bord sidan 2011, og har kystskippereksamen og alle nødvendige kurs for å løyse nødvendige sertifikat. Far Rune styrer den flytande bedrifta frå land, og er som regel med på to turar for vinteren og mønstrar elles på etter behov. Dottera Weronica Nilsen Toftesund ser det derimot ikkje som aktuelt å mønstre på som fiskar. Eg har vakse opp i miljøet og er vel vandt med både fiske og kystkultur, smiler Weronica som har flytta heim til Florø med familie. Ho jobbar som frisør på salongen Strigla, men skal samtidig gå inn i drifta av reiarlaget Nilsen på landsida. Vil føre arven vidare Eg veit kor mykje arbeid pappa har lagt ned i oppbygginga og drifta, og eg vil absolutt vere med på å føre det vidare. Weronica skal på sikt ta over papirarbeidet som far Rune har hatt ansvaret for så langt. Det er mykje å setje seg FI S K E RI F LO RA

inn i, fortel dei to. Eg treng tid til å lære og forstå korleis ein driftar ei slik bedrift, både med økonomien, HMS arbeid og logistikk. Gradvis overgang Dagslotten, der ein fordeler det samla fangstutbyttet på båt, bruk og mannskap, blir oppgjort haust og vår. Elles er det innkjøp, arbeidsturnusar og mykje anna som skal haldast styr på. Weronica er glad for å få stelle håret til Florø-folk, samtidig som ho skal gå i lære hos faren og gradvis gå inn i drifta av reiarlaget.

Referanseflåten

MS Skjongholm er ein del av den såkalla referanseflåten. Det vil seie at dei bistår Havforskingsinstituttet med viktige data. Dette arbeidet er det yngstemann i familien – Kyrre Flemming Nilsen – som har ansvaret for. Det er eit omfattande arbeid som krev nøyaktig og systematisk arbeid. Skjongholm sender inn data på all fangst dei får om bord. Dermed får instituttet oversikt over mengde fisk, posisjon på fangstplass og fordeling på fiskesortar. Annankvar dag tar vi ut prøver på 20 fiskar i ei lenke. Då sender vi inn data på lengde, mål og vekt på kvar fisk. Ein dag for veka tar vi i tillegg ut øyresteinen av desse fiskane og sender inn for analyse. Forskarane kan då telje årringane på fisken og få ut nyttig informasjon. Dei kan mellom anna skilje torsk frå skrei ved hjelp av øyresteinen. Det er eit møysommeleg arbeid, som ikkje alle om bord ønskjer å vere med på. Vi får sjølvsagt betalt for dette arbeidet, fortel Rune Nilsen, og presiserer at inntektene mellom anna går til ein Sevsat satellitt som gir mannskapet nettilgang om bord. Det er viktig at desse inntektene kjem alle til gode – så vi sørgjer for at det går til sosiale formål for dei tilsette. Vi ser det som viktig at havforskarane som gjev råd om fiskeriforvaltning har god kunnskap om fiskeria. Skjongholm har vore ein del av referanseflåten i 10 år, og har Nordre Nordsjøen som sitt ansvarsområde. Vi syntes det er veldig spesielt at første gong Havforskinga fekk inn data om lyr var frå vårt fiskeri på Haltenbanken.

11


«Ringnotbåten er topp moderne med oppdatert utstyr, som hadde passa godt for tokt med 5–7 elevar og dei ville ha fått ei opplæring som er tilpassa dagens fiskeri»

Slik skal FISKEBAS få fleire bein å stå på Søskena Geir Magne, Ole Morten og Siv Madsen tar seg av drifta av ringnotbåten Fiskebas, som har stolte tradisjonar i Florø. Drifta er basert på pelagisk fisk, men håpet er at båten skal vere meir i bruk. Derfor frir dei no til andre næringar, som kan dra nytte av den ressursen Fiskebas står for. Med landligge over halve året, er dette rett og slett dårleg utnytting av ein fantastisk ressurs, seier dagleg leiar Siv Madsen. Båten stod ferdig i 2014 og er tilpassa til bruk som mellom anna lastebåt. Planen var å komme inn på oljemarknaden, men nedturen der kom omlag på same tid som båten var klar. Fiske og forsking Skipper Geir Magne fortel at Fiskebas har ein ringnotkonsesjon på 7000 tonn med fisk, og kan vise til gode resultat når det gjeld fiske etter NVG-sild, nordsjøsild, makrell, lodde og hestemakrell. Problemet – om ein kan kalle det det – er at dette fisket er overstått på rundt 4 månader. Då vi tinga

Då vi bygde båten la vi sterk vekt på at drifta skulle vere miljøvennleg

oss ny båt tenkte vi nytt og tilpassa den til andre bruksområde. Når oljemarknaden sviktar oss må vi prøve oss på nye område, seier han. Vi har eit godt samarbeid med Havforskingsinstituttet, som har nytta båten til ulike oppdrag, men vi har framleis god kapasitet.

MS Fiskebas • • • • • •

Tilpassingsdyktige Fiskebas eignar seg spesielt godt til oppdrag i Nordsjøbassenget. Det er eit krevjande havstykke og vi har både nødvendig utstyr og mannskap som taklar dette. Båten er hurtig , og kan gå langt til havs, ved til dømes mannskapsskifte. Vaktbåt er ein av tinga vi vil prøve å komme inn på og så tenkjer vi at havbruksnæringa kanskje kan ha nytte av oss. Siv presiserer at dei er veldig tilpassingsdyktige. Det vi må jobbe med framover er rett og slett å selje oss inn – slik at båten får meir driftstid. Topp moderne og berekraftig Fiskebas har svært gode fasilitetar for mannskapet og andre som er om bord.

www.fiskebas.no

Kjennemerke SF 230 F Ringnotbåt 64,2 meter lang og 14 meter brei Innreidd for 14 personar Bruttotonnasje 1899 tonn Lastekapasitet fordelt på ni RSW-tankar 1550 kubikk

KVOTER (FISKERIDIREKTORATET): Lodde Barentshavet Lodde Grønland/Island/Jan Mayen Makrell Alle områder NVG-Sild Alle områder Sild Skagerak Sild Nordsjøen Sild EU-sonen (ICES IVa og IVb )

907,24 t. 977,32 t. 1430,22 t. 1558,94 t. 238,37 t. 1539,87 t. 548,25 t.

1 2 F I S KE RI F LO R A


I dag er det 3. generasjon Madsen som driv selskapet Fiskebas AS. Ringnotbåten har effektiv drift og er ein ressurs som bør nyttast meir – gjerne til andre formål enn fiskeri, seier frå babord side skipper Geir Magne, styrmann Ole Morten og dagleg leiar frå landsida Siv Madsen.

Ole Morten, som er styrmann om bord, er klar på at båten eignar seg godt som opplæringsfartøy. Ringnotbåten er topp moderne med oppdatert utstyr, som hadde passa godt for tokt med 5 -7 elevar. Her ville dei fått ei opplæring som er tilpassa dagens fiskeri. På brua har vi det mest moderne navigasjons- og fiskeleitingsutstyret - og då vi bygde båten la vi sterk vekt på

at drifta skulle vere miljøvennleg. Skrogforma gjer båten rask og gir ei innsparing på drivstoff på opp til 20 – 25 %. Dieselelektrisk framdrift og hybridløysing gjer drifta berekraftig, i følge styrmannen. Flytande trivsel Det er heller ikkje spart på noko på buforholda om bord. Her skal folk leve og bu

tett saman, og vi legg sterk vekt på trivsel, seier Siv Madsen. Båten har 12 lugarar med dusj og toalett i tillegg til trimrom, sauna og kinorom. Her står kvalitet i høgsetet, smiler Siv, og legg til at dei legg vekt på at alle - anten det er fiskarar eller andre som er om bord – skal vere fornøgd med både fasilitetane og maten om bord.

Spør oss om TRÅDLAUST NETTVERK

Vi gir deg ei enklare IT-drift

Indata er lokalisert sentralt i Florø, og leverer tenester og løysingar innan informasjonsteknologi. Vår forretningside er å levere gode og framtidsretta løysingar, og vi skal vere ein føretrekt leverandør. INDUSTRIDATA AS � Evjegata 10, 6900 Florø - Tlf: 57 75 87 00 - www.indata.no FI S K E RI F LO RA

13


«På Fanøyvåg tar vi inn lærlingar, og vi ser at det etterkvart har fått høgare status mellom ungdommar i Florø å vere fiskar»

NY GENERASJON på drifts- og eigarsida Geir Henning Seljeseth og faren Johnny Seljeseth har begge ei lidenskapeleg interesse for fiskeri, og har begge vakse opp med fiskeslog mellom fingrane. Med den nye garnbåten Fanøyvåg, som var klar for sjøen i 2016, har dei tatt eit viktig steg for å skape fleire arbeidsplassar - og ikkje minst for å få ungdommen med på ein viktig yrkesveg. Det er eit generasjonsskifte undervegs på alle dei tre garnbåtane i Flora, der reiarsønene er aktive med i drifta. Dette er nødvendig for å halde engasjementet og framtidstrua oppe, meiner Geir Henning Seljeseth. Sjølv er han 35 år og har vore fiskar på heiltid dei siste 17 åra. Han har fagbrev i fiske og fangst i tillegg til å ha papira som fiskeskippar i orden. To generasjonar på eigarsida Då familien Seljeseth i Batalden starta planane om ny båt i 2013, var det Geir Henning som var drivkrafta. Det er sjølvsagt ekstra inspirerande når eg er med og eig i båten. Geir Henning har 49 % av aksjane

Eg trur fiskeflåten i Flora er større enn folk flest er klar over, og det er viktig for oss å skape forståing for kva utfordringar vi har

i reiarlaget, medan far Johnny har majoriteten med 51 %. Far og son skiftar på å vere skippar om bord, og er på sjøen 3 ve-

ker i slengen. Båten er i drift i Nordsjøen og nordafor heile året, og er berre i land for å levere fangsten og å skifte mannskap. Gode forhold for mannskap Med fast turnus på 3 veker har mannskapet ryddige forhold, med god oversikt over jobbe- og friperiodar. Om nokon må hoppe over ein tur, så er det heller ikkje så vanskeleg å få tak i vikarar, fortel skipparen. Under dekk på den velutstyrte garnbåten finn ein fiskefabrikken, som består av renner, bingar, mellomlagringstankar, hauekappemaskin og fryseri. Her står mannskapet godt avskjerma frå vind og vêr når dei greier fisken ut av garna og

MS Fanøyvåg • • • • • • •

Kjennemerke SF 25 F Garnbåt 27,97 meter lang og 8,5 meter brei 6 lugarar og 11 køyeplassar Bruttotonnasje 392 tonn Lastekapasitet fordelt på to fryserom 244 kubikk Frysekapasitet 14 tonn i døgnet

KVOTER (FISKERIDIREKTORATET): • Hyse nord for 62. breiddegrad 226,38 tonn • Sei nord for 62. breiddegrad 182,62 tonn • Sei sør for 62. breiddegrad 800 tonn • Torsk nord for 62. breiddegrad 235,97 tonn • Torsk Nordsjøen 617,63 tonn • Fritt fiske etter lange pga. at båten er under 28 meter 1 4 F I S KE RI F LO R A


Fanøyvåg er eit avansert garnfartøy, levert av skipsbyggeriet Stadyard på Raudeberg i 2016. Båten er utstyrt med full fabrikk og tre platefrysarar der fangsten blir innfrosen straks den kjem opp av sjøen. På dekket frå babord side Agnar Lyng, Johnny og Geir Henning Seljeseth. Foto: Edmund Mongstad, Kystmagasinet.

sender den vidare til bløgging, hauekapping og sløging. Ikkje lenge etter at fisken er komen opp frå sjøen er den ferdig vaska og pakka og ligg på fryselageret under fabrikken. Ferskare fisk får ein knapt tak i.

eit ekstra engasjement for å lukkast som fiskar. – Det blir ein livsstil. Fanøyvåg har 9 mann med seg på kvar tur, slik at det til saman er 18 som har levebrødet sitt om bord i båten frå Batalden.

Rekrutterer unge fiskarar Den unge fiskeskipperen legg vekt på at det er viktig å rekruttere ungdommen inn i yrket. På Fanøyvåg tar vi inn lærlingar, og vi ser at det etterkvart har fått høgare status mellom ungdommar i Florø å vere fiskar. Akkurat no har vi med ein svært engasjert lærling frå Florø. Geir Henning meiner at dei som skal jobbe som fiskarar ikkje berre kan sjå på det som eit yrke – nei, ein må ha

Konkurranse og samarbeid Sjølv er juniorskipparen på Fanøyvåg over snittet engasjert i fiskeri. Geir Henning er leiar av det lokale fiskarlaget, og er opptatt av samarbeid, både internt i laget og med til dømes Flora Hamn. Fiskarane i Flora er flinke til å samarbeide, presiserer Geir Henning. Sjølv om vi på mange område har ein intern konkurranse – så er vi samstundes avhengige av kvarandre. Når

FI S K E RI F LO RA

garnbåtane fiskar i Nordsjøen er vi som regel ikkje langt frå kvarandre. Vi samarbeider både om å finne nye fiskeplassar og om noko uventa skulle oppstå er det ein viss tryggleik i å ha kjentfolk rundt seg. Som leiar i fiskarlaget er eg naturleg opptatt av dei lokale sakene, og av regelverket som regulerer fiskeriet. Rekruttering er og ei viktig fanesak. Eg trur fiskeflåten i Flora er større enn folk flest er klar over, og det er viktig for oss å skape forståing for kva utfordringar vi har. Samtidig må vi bevisstgjere folk på at vi gjer ein viktig jobb med å skape arbeidsplassar og ikkje minst skaffe viktig kvalitetsmat til folk flest.

Vi utfører alle typer elektroinstallasjoner BOLIG - NÆRINGSBYGG - INDUSTRI SKIP - HAVBRUK - INTERNKONTROLL

SØNNICO ELEKTRO AS Evja Senter Florø - Tlf. 57 75 14 50 sonnico.flora@sonnico.no - www.sonnico.no 15


«Når nokon prøver noko nytt, følgjer andre etter og så utviklar vi det i lag – det gjeld både fiskeplassar og fiskemetodar»

Investerer på sjø og land Kristian og Svein Magne Korneliussen har vakse opp i Breivika i Florø, men tilknytinga til Rognaldsvåg har alltid vore sterk. Faren Arne er frå øya vest i havet, og det var her interessa for fiske og fangst starta. Gutane vaks nærast opp i båtane til familien Madsen, der faren var mannskap. Han har fartstida si om bord i både Rindenes, Rindheim og Fiskebas. Sjølv starta dei to brørne Kristian og Svein Magne med sin første sjark i 1985, som fekk namnet Leinar. Vi har prøvt oss på litt forskjellig fiske, og vi dreiv lenge med linefangst. På starten av 90-talet var det breiflabben vi fiska etter. Det fiskeriet var det Johnny Seljeseth som starta opp. Reiarlaga i Flora har følgt kvarandre tett, fortel Kristian, og meiner at det er mykje av grunnen for framgangen i fiskeflåten. Når nokon prøver noko nytt, følgjer andre etter og så utviklar vi det i lag. Det gjeld både fiskeplassar og fiskemetodar. Verdien av det fiskemiljøet som har utvikla seg i kystbyen er avgjerande viktig meiner han. Ulike båtar og ulik drift Brørne Korneliussen har hatt mange ulike båtar sidan sjarken dei starta med midt på 80-talet. Denne kjøpte Svein Magne tilbake for nokre år sidan. I 1989 kjøpte vi den første Breivik Junior - ein 40 fots sjark med kvote - frå Arne Breivik. Namnet passa bra

Både vi og dei andre Florabåtane som fiskar i Nordsjøen legg likevel meir vekt på kvalitet enn kvantitet

sidan vi har vokse opp i Breivika, smiler Kristian. På den tida var det kystfiske her sør i tillegg til Lofoten. Etter 7 år var det ny satsing med ein 50 fots aluminiumsbåt. Vi var småbarnsfedre i etableringsfasen med mykje arbeidslyst. Då gjekk det i linefiske, som Kristian minnest som eit svært kaldt arbeid.

Stadig større båtar I 2002 bytta dei 50-fotaren ut med båten Tommy Junior frå Frøya i Trøndelag. Den var 63 fot (19 meter) og hadde sheltra dekk. Vi gav etterkvart opp linefisket og frå 2004 satsa vi på heilårs Nordsjøfiske, etter inspirasjon frå Rune Nilsen og Skjongholm. Dermed meldte behovet seg for endå større båt. I 2008 bytta vi ut Tommy Junior med ein 24 meter lang rein garnbåt. Med den fiska vi i dei same områda som vi driftar med nyebåten i dag. Dagens Breivik Junior kom i drift hausten 2016 og er endå 10 meter lengre enn den førre, og er som dei andre garnbåtane i området utstyrt med fryseri om bord. Nye generasjonar Med den nye båten har vi fått ein større og på alle måtar betre båt, slår skipperen fast. Forholda er betre for både mannskap og

MS Breivik Junior • • • • • • •

Kjennemerke SF-60-F Garnbåt 34,07 meter lang og 9,5 meter brei 6 lugarar og 11 køyeplassar Bruttotonnasje 499 tonn Lastekapasitet i fryserommet på 288 kubikk Frysekapasitet 18 tonn i døgnet

KVOTER (FISKERIDIREKTORATET): • Hyse nord for 62. breiddegrad 1021,92 tonn • Sei nord for 62. breiddegrad 432,16 tonn • Sei sør for 62. breiddegrad 800 tonn • Torsk nord for 62. breiddegrad 542,19 tonn • Torsk Nordsjøen 765 tonn

1 6 F I S KE RI F LO R A


Frå fiskemottak til fiskebase

Brørne Korneliussen har alltid hatt ein fot i Rognaldsvåg, og eigde i mange år ei sjøbu som var i faren sin familie. Etterkvart som båtane og bruka vart større vart plassen for liten. Ei kort stund leigde vi ei sjøbu i «Friheten» i innseglinga til Florø, men frå 2008 var vi tilbake i Rognaldsvåg. Då leigde vi det nedlagde fiskemottaket på Tofta. Då anlegget med kai og buer kom for sal i 2009 slo vi til og kjøpte det. Det er eit stort og romsleg anlegg med ei blanding av eldre og nyare bygningar. Dessverre vart kaianlegget for lite for den nye båten, men no er vi i full gang med utbetring og utrusting.

Brørne Svein Magne og Kristian Korneliussen har gjort store investeringar siste åra, både på sjø og land. Det viktigaste vi gjer for forsvare investeringane er å satse på kvalitet framfor kvantitet. Foto:Liv Paula Standal, Firdaposten

fangsten, og Kristian er ekstra glad for å ha fått sonen Arnt-Ove med på drifta. Vi har tatt grep som er avgjerande for å få nye generasjonar med oss inn i fiskaryrket. På sikt reknar vi også med å ta lærlingar om bord. På Breivik Junior er det lagt stor vekt på bu- og arbeidsmiljøet. Mannskapet har einmannslugarar med eigne dusj og toalett, og messa / salongen er romsleg. Kvalitet framfor kvantitet Fryseri om bord gjer at kan vi utnytte moglegheitene i Nordsjøen mykje betre. Det er ein heilt anna måte å drive fiske på. Frysekapasiteten er på maksimum 17 – 18 tonn i døgnet, og med 160 tonn om bord er båten full. Både vi og dei andre Florabåtane som fiskar i Nordsjøen legg likevel

meir vekt på kvalitet enn kvantitet. Skal vi tene pengar er det kvaliteten som er avgjerande. Vi reiser heller til lands med litt mindre mengder - berre kvaliteten er på topp. Den avgjerande faktoren er å ikkje la garna stå for lenge i sjøen. Kristian fortel at garna står maksimum 16 – 18 timar i sjøen. Då dreg vi opp fisk av like god kvalitet som linefiska. Han meiner og at å fiske i Lofoten eller andre stader i nord heller ikkje er så viktig. Det er eit eventyr å komme nordover, men fisket kan vere like lønnsamt her sør. Beste turen vår i 2017 var torskefiske på Fladen grunn. ***

Store investeringar i Rognaldsvåg På mottaket i Rognaldsvåg har det vore landa mykje fisk opp i gjennom tidene, og det siste det var i bruk til var lakseslakteri. Reiarlaget har fornya alle tak, bygd opp igjen den eldste bua og mudra opp grunnen ut forbi kaianlegget. Når kaia er ferdig og tilpassa nyebåten ser vi føre oss både ein base for fiskeriet vårt og ein verkstad der vi kan ta enkelt vedlikehald på eige utstyr. Håpar på ny aktivitet Det er ikkje andre øyar som kan vise til såpass kaianlegg, og vi håpar at det kan bli meir aktivitet her. Det er rikeleg med plass, og gode lokale for ulike aktivitetar. Kommunikasjonane er det største hinderet for utvikling her, men vi håpar at dette anlegget kan gagne lokalsamfunnet og skape noko nytt. Håpet vårt er at vi med desse investeringane kan bidra til ny aktivitet og nye arbeidsplassar. Det var her vi fekk vekt interessa vår for fiskeri, så det er ekstra kjekt for oss å vere tilbake her. Om det er fornuftige investeringar kan sikker diskuterast, smiler Kristian Korneliussen.

JERNVARE - VERKTØY - MASKINER - VERKSTED

Spør Malvin & Co ALT TIL PROFESJONELLE OG PRIVATE

PROFFPARTNER FLORØ Evjegata, 6900 Florø - Tlf. 57 74 15 40 salg@ppfloro.no - www.proffpartner.no FI S K E RI F LO RA

17


«Vi ser at kvalitet er mykje viktigare enn den store mengda, og målet er først og fremst å komme inn på den japanske marknaden»

EVENTYRFISKARANE med klondykestemning om bord MS Bluefin er kystnotbåten som vann det store lotteriet i 2017. Atle Nekkøy som styrer skuta fortel at dette var første året på lenge at ein fekk drive med kommersielt fiske etter makrellstørja i Norge – og vi var den heldige båten som vann loddtrekkinga. Det er eit spennande fiskeri, og vi håpar på å få vere på dette eventyret til hausten igjen. På vinteren er det sild og pal som står i fokus om bord i Bluefin. MS Bluefin har 6 mann om bord og har ikkje skiftordning slik som garnbåtane har. Vi fiskar kvotane med fullt mannskap, og så får alle fri mellom turane, fortel skipperen. Vi har ikkje torskekvote, men derimot ei kvote på lodde i Barentshavet. Her er det usikkert med prisane, så det er ikkje kvart år vi tar turen dit. Makrell, sild og pal På etterjulsvinteren er det storsild på Mørekysten og utover våren er det norsk vårgytande sild (NVG) og notfiske etter pale. I august – september går vi etter makrell i Norskehavet og så blir det eventuelt ein loddetur til Barentshavet. Størjefisket føregår også rett etter sommarferien, men tida vil vise om dei får eit nytt år med det fiskeriet.

Neste års størjekvote er sett til 104 tonn, og det er bestemt at det blir to båtar som skal dele på moroa Erfaren størjefiskar Atle har lang erfaring som størjefiskar på Afrika-kysten tilbake på 80-talet, og var godt førebudd på størjefisket sist år. Vi investerte i ei ny og betre not til dette fisket, før vi visste om vi fekk det. Det viste seg å vere ei fornuftig investering, er den sindige konklusjonen. Makrellstørja beitar på

pir (små makrell), og fiskaren frå Nekkøya har viktig kunnskap om både beitefisken, området den går i og korleis størja oppfører seg. Full klaff i 2017 Det vi no håpar på er at vi skal få ein ny makrellstørjekvote, som vi kan drifte etter til hausten. I 2017 fekk vi først tildelt ei kvote på 30 tonn, som ettervart vart utvida til 42 tonn. Det var knytt stor spenning til fisket, og det var eit eventyr å få full klaff, smiler størjefiskaren fornøgd. Til saman fekk Bluefin 274 makrellstørjer over ripa – og vekta vart til slutt summert til 34 tonn. Vi ser at kvalitet er mykje viktigare enn den store mengda, og målet er først og fremst å tilfredstille krava i den japanske marknaden.

MS Bluefin • • • • •

Kjennemerke SF 12 F Kystnotfartøy 34,79 meter lang og 7,5 meter brei Bruttotonnasje 331 tonn Lastekapasitet

KVOTER (FISKERIDIREKTORATET): • Makrell alle område 15 tonn • NVG-sild alle område1326,48 tonn • Sei nord for 62. breiddegrad 522,52 tonn • Sei sør for 62. breiddegrad (del av totalkvote) • Sild sør for 62. breiddegrad 478,4 tonn • Sild EU-sona (ICES IVa og IVb) 208 tonn

1 8 F I S KE RI F LO R A


Foto: Lisa Giil Photography

Pedagog og fiskar

Linn Theres Nekkøy er kanskje den einaste kvinnelege fiskaren i Flora. Det vil sei heiltidsfiskar er ho ikkje. Eg har vore med nokre turar for året dei siste 10 åra, og det passar meg utmerka, fortel 29-åringen frå Søre Nekkøy. Det er utruleg spennande og mannskapet på Bluefin er ein skikkeleg kjekk gjeng å jobbe i lag med. Linn Theres held for tida på med engelskstudiar, og har tidlegare studert både statsvitenskap og pedagogikk. Neste som står på planen er Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU) – så er ho klar for å undervise i samfunnsfag og engelsk. Inn i mellom studiar i inn og utland har det likevel vore tid for sjølivet. Ho har aldri vore redd for å ta i eit tak.

Det var stor glede om bord då mannskapet på Bluefin fekk størje etter størje over ripa. Bak frå babord side: Ole Henning Årebrot, representant frå Havforskingsinstituttet, Ståle Karstensen, ICCAT observatør og Åsmund Midtbø. Framme frå babord side: Kjell Robert Larsen, Linn Nekkøy, Atle Nekkøy. (Ikkje på bilde Benjamin Nekkøy og Karl Johan Økland). Foto: Privat.

Satsar på Japansk kvalitet Det var klondyke-stemning om bord på båten Bluefin – som for øvrig er oppkalla etter den store fisken – då vi fekk fangsten. Vi fekk nesten for mykje, ler Atle – og fortel at dei måtte sleppe ut igjen rundt 100 fiskar for å klare å ta seg av fangsten. Vi leigde Pelagia anlegget i Gunhildvågen, for å reinse og pakke fisken. Til saman hadde vi seks leveringar, der Global Fish hadde oppdraget med å selja størjene. Representantar frå Fiskeridirektoratet og

oppkjøpar frå Japan var på plass under lossinga i Gunhildvågen. Fisken til Japan må behandlast etter deira spesielle krav, og gjekk med fly til Tokyo. Klare for meir størje Neste års størjekvote er sett til 104 tonn, og det er bestemt at det blir to båtar som skal dele på moroa. Vi vil søkje og så er det Fiskeridirektoratet som tek avgjerda – så her er det berre å vente og sjå. Vi er klare, smiler Atle Nekkøy.

Vikarfiskar Eg har vakse opp med fiskeri og det var vel litt tilfeldig at eg tok hyre om bord ein gong dei var opprådde for folk på Bluefin. Før eg reiste til USA for studiar var eg eit og eit halv år om bord, og eg stortrivast som fiskar. Men, seier ho - eg har ingen planar om å satse på fiskeri på heiltid. Alt eg driv med er jo litt tilfeldig, ler Linn Theres – så ein kan jo aldri vite kva eg finn på ein gong i framtida. Hardt arbeid På spørsmål om korleis det er å jobbe med pappa som skipper, berre ler Linn Theres. Han er grei han, seier ho med glimt i auget – så det går heilt fint. Alle jobbar i lag, og sjølv om det er hardt arbeid, så likar eg godt den friheita det likevel er med å jobbe på ein båt. Vi har våre faste ting, og kan puste litt ut mellom dei hardaste øktene. Eventyrfiske Størjefiske som ho var med på sist haust omtalar den blide fiskarjenta som eit eventyr. Eg hadde aldri trudd det skulle klaffe så bra. Det håpar eg å få vere med på igjen.

FLORØ BRANNVERNSERVICE Salg • Service • Vedlikehold Din servicepartner for fiskefartøy, arbeidsbåter og passasjerbåter. Slokkeutstyr • Verneprodukter • Førstehjelp Tlf. 48 30 52 05 www.brannvernservice.com

FI S K E RI F LO RA

19


Flora har den største havgåande garnflåten i Norge, sto Til saman står dei for ei betyd

30. desember 2017 - A til Å - ww

20 F I S KE RI F LO R A


ore ringnot- og kystnotfartøy i tillegg til mange sjarkar. deleg mengde arbeidsplassar.

ww.atilaa.no - Foto: Romvesen

FI S K E RI F LO RA

21


Vi har som mål å skape den beste lokale handleopplevelsen for deg!

A til Å - www.atilaa.no

Din døropnar til den havbaserte næringa i Sogn og Fjordane. Samarbeid gir nyskaping og vekst

Følg oss på Facebook Maritim Forening Sogn og Fjordane

www.maritimsfj.no

A til Å - www.atilaa.no

I leverandørkatalogen finn du sentrale leverandørar til havromsnæringa. Finn din framtidige samarbeidspartnar på nettsida vår.

Steinar Svardal 936 30605 • Butikk 57 74 15 12 / 57 74 41 17 E-post: eurospar.krokane@spar.no

Besøk nettbutikken vår på vaerlandetfiskeredskap.no

VÆRLANDET FISKEREDSKAP - nyskaping og service i høgsetet • •

Vi utførar kontroll, utskifting/remontering og mellomlagring av motteke garnbruk i Garnhotellet vårt. Vi sel alt som båt og mannskap treng av utstyr (tauverk, blåser, anker og dreggar m.m) og yrkeskle.

VÆRLANDET FISKEREDSKAP AS - 6986 Værlandet Sentralbord: 57 73 12 99 - Vakttelefon: 48 13 27 79 www.vaerlandetfiskeredskap.no

KVA VI DRIV MED • Garn • Værlandsgarn • Garnservice • Garnhotell • Oppdrett og akvakultur • Butikk

2 2 F I S KE RI F LO R A


Fiber til fiskarane

Kunderådgjevar Daniel Notø jobbar i Enivest, og er ekstra opptatt av at fiskarane og bedriftene i distriktet skal ha like god tilgang til skikkeleg nett som resten av verda. Foto: Nils Skøld

Enivest bygger fiber der ingen andre trur at nokon vil trenge fiber, smiler Daniel Notø, som er kunderådgjevar i bedriftsmarknaden. Poenget er at det skal vere like enkelt for ein fiskar på Skorpa som ein arkitekt på Aker Brygge å jobbe via nettet. For oss er det viktig at vi er med og gir bedriftene i distrikta lik moglegheit til vekst og utvikling. Til sjølve utbygginga brukar vi lokale entreprenørar og montørar. Daniel fortel at dei har gjort mykje for havbruksnæringa som står sterkt i Flora. No er det alle øyane – og mange av dei lokale fiskarane som står for tur. Dette er rett og slett ein telerevolusjon for distrikta i kommunen. For oss er det ekstra kjekt å vere med og skape noko nytt og betre. Dette blir ei ny tid for øyane. Komplisert geografi Å bygge fiber i utkantane i Sogn og Fjordane er ikkje så ettertrakta for fiberselskapa, FI S K E RI F LO RA

fordi geografien rett og slett er komplisert. Som lokal aktør har Enivest stort fokus på sammfunnsmessig nytte, og det å gi noko tilbake til fylket. Grunna dette bygger vi og ut i område som kommersielt sett ikkje er lønnsame. Daniel Notø presiserer at dei legg vekt på å bruke lokale utbyggarar, som er kjende i geografien og som løyser oppgåvene på ein utmerka måte. Nytt nett til landbasane Enivest kan ikkje gjere så mykje med net-

tet fiskebåtane har om bord, men dei leverer nett til fiskebåtane sine landbasar. Siv Madsen som står for den daglege drifta av reiarlaget Fiskebas, er godt fornøgd med at dei har fått på plass skikkeleg nettilgang fram til kaianlegget dei leiger i Botnastranda. Det er Enivest som har levert fiberen, og så har Industridata bygt ut nettet vårt. - Vi har fått ein ny kvardag og same vilkår som den landbaserte industrien rundt oss, smiler Madsen fornøgd.

23


Florø Bil & Havneservice BENSIN • MARINE GASSOLJE • FARGA DIESEL FYRINGSOLJE • SMØREMIDLER • KJEMIPRODUKT

Foto: Romvesen / A til Å

BUNKRING STØRRE FARTØY

BUNKRING MINDRE BÅTER

BUNKRING Florø Bil & Havneservice

Florø Bil & Havneservice er et bilverksted for person- og lastebil. Vi leverer drivstoff og smøreoljer til offshore, marine, industri og private.

Strandavegen 19, 6905 Florø Tlf. 57 74 05 30 www.fbh.as 24

F I S KE RI F LO R A

A til Å - www.atilaa.no

Til større fartøy fra Fugleskjærskaia. Mindre båter fra egen flytebrygge.


Stor kapasitet FOR FISKEFLÅTEN

Marknadsansvarleg Ronny Kjerpeseth og verftssjef Mikael Johansen fortel at Westcon har mykje å tilby fiskeriflåten, og at dei ønskjer å tilpasse seg denne flåten endå betre i framtida.

Westcon i Florø har gode fasilitetar til å ta inn fiskebåtar, fortel verftssjef Mikael Johansen. Vi har Norges største overbygde dokk – som nesten er for stor for fiskebåtane. Vi ønskjer oss eigentleg ein slipp tilpassa litt mindre båtar, men vi har god lastekapasitet til å løfte båtar på land for overhaling. Om sommaren har vi som regel eit par fiskebåtar inne for overhaling av alt under sjølinja, fortel Ronny Kjerpeseth som koordinerer arbeidet med marknad og sal. Kranane vår løftar frå 40 til 440 tonn, og det er rikeleg for dei lokale fiskebåtane. Fiksar under sjølina Vi har god kapasitet til å ta oss av slikt arbeid og tar gjerne i mot fleire liknande oppdrag. Når båtane er komne på land her hos oss – anten det er i dokka eller oppe på landsida kan vi eller andre lokale leverandørar fikse det som trengs under sjølinja. Arbeid som vask, pussing og maling er veldig greitt å få gjort her. Enklare stålarbeid og vedlikehald av trustarar er og døme på arbeid som har vore gjennomført på verftet. Vil utvikle verftet Vi har hatt oppe både fiskebåtar og arbeidsbåtar for havbruk, og det fungerer godt. Fiskebåtreiarane tenkjer gjerne litt annleis enn oljereiarane – og er ofte meir opptatt av å bruke lokale leverandørar, seier Kjerpeseth. Vi ser på moglegheitene for å utvikle verftet, og har mykje ledig areal å ta av, avsluttar dei to – og legg vekt på at dei ønskjer å kunne gjere meir for fiskeflåten i fiskeribyen. FI S K E RI F LO RA

«Raske på labben» Vi leverer tjenester til Oppdrett – Fôrindustri - Kontroll laboratorium Oljetjenester – Vannanalyse Medisinfôr (GMP/GDP) NORSK AKKREDITERING TEST 184

Besøk www.havlandetfl.no – EN DEL AV A til Å - www.atilaa.no

25


Planlegging og gjennomføring av

GENERASJONSSKIFTE Overføring av eigarskap - her under korleis familiebedrifta heilt eller delvis skal overførast til neste generasjon - krev langsiktig planlegging av både skatt, økonomi, styring og drift av verksemda vidare - og korleis arvingane skal samarbeide. I tillegg til alle dei praktiske forholda ein må få på plass er det kompliserte skattemessige, avgiftsmessige, og arve- og skifterettslege reglar ein skal manøvrere seg innanfor.

Før 1.1.2014 var fokuset ved generasjonsskifte retta inn mot å minimalisere arveavgifta. Denne har nå falle vekk, men det er fortsatt risiko for at det kan oppstå situasjonar der samla proveny (skatt og avgift) til staten blir større ved arveovergang i dag, enn tilfellet var med arveavgift. Generasjonsskifte handlar i første omgang om å vidareføre verdiar og ta vare på menneskelege relasjonar. Det er viktig at arvingane er involverte og at prosessen er open og rettferdig, slik at familierelasjonar ikkje blir skada. Ikkje legg hovudvekt på skatt og avgift, men ha ei forståing av samla proveny ved ulike modellar.

• •

• Forhold som Deloitte meiner er viktige for å gjennomføre eit vellykka generasjonsskifte: • Start i tide og lag en plan. Generasjonsskifte kan ta fleire år å gjennomføre. • Involver eksterne rådgjevarar, med finansiell og juridisk kompetanse. • Bruk tid på å forstå situasjonen, utfor-

Hans Jørgen Kirkeeide Partner | Audit & Assurance Deloitte AS

walcon.no

WALCON AS www.walcon.no N-6909 FLORØ

• • • • •

EVEN WIIK even.wiik@walcon.no Tel. +47 917 20 347

Installasjon av mekaniske anlegg Fabrikasjon av stål Stålutrustning Utleie av fagarbeidere Fabrikasjon av rør

A til Å - www.atilaa.no

Walcon leverer tjenester til verftsindustrien, on- og offshore, landbasert industri, riggvedlikehold og havbruk. Detalj engineering Innkjøp av materiell og utstyr Installasjon av rørsystem inkl. – Trykkprøving – Flushing – Igangkjøring / oppstart

Generasjonsskifte består av svært komplekse og samansette problemstillingar. Alle generasjonsskifte er unike og det er ikkje muleg å setje opp ein fasit for korleis dette bør gjennomførast. Vårt grunnleggande råd er derfor å starte opp i god tid og søke bistand i ein tidlig fase.

HAVNEBUKSERING SLEPEOPPDRAG ASSISTANSE - BERGING

Stålutrustning – Hydraulikk Mekanikere – Rørlggere – Sveisere • • •

dringane og problema som må løysast. Overfør verdiar når det er naturleg i forhold til eigen alder og helse. Ved overføring av bedrifter, avklar kva som er best for bedrifta, kven er best eigna til å vidareføre bedrifta, eventuelt vurder om arvingar er dei rette – eller om ein bør selje. Avklar verdien, fordeling av verdiar og at etterfølgande verdiutvikling av overførte verdiar er kvar enkelt arving sitt ansvar og risiko. Skil framtidig eigarskap så langt som muleg, evt. sett av midlar til vedlikehald eller forvaltning av felles eigendelar (eigedom / holdingselskap). Lag klare avtaler.

Stadt Sjøtransport AS Duty 24/7: +47 99542444 Office: +47 57 74 49 50 www.tugs.no

BJØRN TORE LØKKEBØ bjorn.tore.lokkebo@walcon.no Tel. +47 917 20 346

2 6 F I S KE RI F LO R A


Fjordpipe

A til Å - www.atilaa.no

Leverandør til den lokale fiskeflåten

Fjordpipe har sidan starten i 1986 basert seg på prefabrikkering og montering av komplette rørsystem til skips- og landbasert industri, i hovudsak på Vestlandet.

Industri • Maritimt • Offshore VVS-sprinkler • Havbruk

FI S K E RI F LO RA

Fjordpipe AS - 6940 Eikefjord Tlf. 57 74 90 55 - E: post@fjordpipe.no - www.fjordpipe.no 27


Fiskeri og regnskap er SOLVENS Jan Torvanger (til venstre) og Ole Petter Westbø Olsen i Solvens har funne den maritime tonen. Foto: Ian Cassells Fotografi

Jan Torvanger og regnskap for fiskebåtar er eit omgrep i Bremanger. Det har på mange måtar følgt Jan heile livet. Han starta som økonomisjef på Bremanger Fryseri i 1977, og var der til han begynte i Regnskapsføring, eigd av Jan Jeppesen, i 1986. I 1993 overtok Jan firmaet og skifta namn til Økonomisenteret. Vi var oppe i fem tilsette, seier Jan og smiler over utviklinga. I dag er det Solvens og Ole Petter W. Olsen i Florø som har overteke, og kontoret i Bremanger har framleis godt ord på seg. På kontoret på Hauge er det i dag 4 tilsette. Kundane er for det meste fiskebåtar og andre bedrifter frå Bremanger kommune. I Florø har Solvens 10 tilsette, så totalt styrer Olsen ein stor gjeng. Kjenner fiskeribransjen For oss i Solvens er det viktig med fokus på å vere nær kunden, og vi har fokus på å vere eit fiskerikontor. Jan er ein mentor og 28

ressursperson for oss andre, skyt Ole Petter inn. Vi skal ha kunnskap og forstå bransjen. Spesielt er det viktig å gjere ein god jobb med løn, lott og hyre. Dette kan variere spelar Jan inn - og det er viktig å ha greie på strukturering og kvotar. Fiskarane deler både inntekter og resultat på ein annan måte enn bedriftene på land. Deltakarlov og Havressurslov er viktig å ha kunnskap om. Styrer drifta frå land Regnskapsføraren i Bremanger har fleire

roller, men har ikkje fartstid på sjøen, utanom nokre månader med ringnot og pigghåfiske etter militæret. Ringnotsnurparen Vestfart som er heimehøyrande i Bremanger er eigd av Jan og broren gjennom selskapet Vestfart AS. Jan er den som styrer skuta på land som dagleg leiar og har vore korresponderande reiar sidan 1987. Å ha erfaring i bransjen er viktig for oss seier Ole Petter som strekar under verdien av å ha med folk som Jan på laget.

F I S KE RI F LO R A


Vi står klare for FISKERIFLÅTEN!

Arne Jan Kleiven (WIS), Trond Book og Kristian Hovland (NBN Elektro) og Bjørn Inge Igland (WIS VVS) står klare til å møte deg på kaia.

Denne gjengen kan du tilkalle ved å ringe vaktnummeret 57 75 28 00. Dei står klare til å hjelpe fartøyet ditt med elektronikk, rør, sveis og stål. Dei stiller med nye krefter, nytt lokale med tilkomst til kai og eit heilt nytt selskap. Nye krefter Ved å tilsette Trond Book har NBN Elektro styrka sin kompetanse inn mot fartøy. Han har fleire års erfaring frå Brødrene Aa i Hyen. Saman med Kristian Hovland kjem han til unnsetning om du skulle ha nokre elektriske utfordringar på fartøyet ditt. NBN elektro har frå før erfaring med prosjektering og utføring av alle typar installasjonar, elektro, UPS, nødstrømsaggregat, tele/ data, brannalarm, nødlys, tilgangskontroll, innbrotsalarm, IPS-anlegg, antenneanlegg, SD-anlegg og automasjon. Dei leverer og utfører service på varmepumper og ventilasjon. FI S K E RI F LO RA

Nytt bygg West Industri Service har flytta inn i nytt bygg på Botnastranda med tilkomst til ei 60 meter lang kai. Der har dei kontor og verkstad med to avdelingar; ein for arbeid med rustfritt stål, og ein for karbonstål. Slik blir dei ein meir relevant leverandør til fiskeriflåten. West Industri Service leverer røyrlegging, sveising og mekanisk vedlikehald. Som spesialistar på stål- og aluminiumskonstruksjonar står dei klare til å hjelpe deg med alle utfordringar. Dei kan også levere pumper, ventilar, hydraulikk-slangar, røyr og koplingar.

Nytt selskap WIS VVS bygger nå opp firmaet med nye tilsette og ny giv. WIS VVS leverer vedlikehald og reparasjonar av sanitært utstyr som vask, dusj, varmvasstank og klosett. Ta gjerne kontakt Med store lager og ein rikt utstyrt verkstad, er dei i stand til å handtere dei fleste situasjonar på kort varsel. Selskapa tilbyr tenester frå kompetente medarbeidarar som sikrar at arbeidet blir fagmessig utført. ***

29


Med base i Florø har vi hele Norge som arbeidsplass

Prosessutstyr Mack Bryggeri

Ansatte i LP Trading på tankanlegg hos Mack Bryggeri

Spesialister innen rustfritt stål for næringsmiddelindustrien – med mange oppdrag innen fiskeri LP Trading AS har lang erfaring og ekspertise innen demontering, flytting og montering av komplette fabrikkanlegg. LP Trading AS har hovedkontor i Florø – Norges vestligste by – og sysselsetter 26 ansatte som arbeider over hele landet.

Vi leverer profesjonelt stål- og rørarbeid og maskinmontering til næringsmiddelindustrien • kraftfôrfabrikker • meierier • bryggerier • VVS-prosess • kjøle- og fryselager rørisoleringsarbeid med aluminiumskappe • hetvannsanlegg

LP Trading ved Lars Jensen har drevet virksomhet i Florø i en årrekke. For tiden er vi engasjert av Lerøy Seafood sitt store slakteri på Hitra. LP Trading er en fleksibel bedrift med kunnskap innen rustfritt stål for næringsmiddelindustrien LP Trading AS • Tel. +47 416 97 071 www.lptrading.no

PROFESJONELT STÅL- OG RØRARBEID, MASKINMONTERING OG SALG AV MASKINUTSTYR

3 0 F I S KE RI F LO R A

A til Å - www.atilaa.no

Noen av våre kunder: EWOS Cargill, Slakteriet, Kinn Bryggeri, Tine Meierier, Bama, Hansa Borg Bryggerier, Mack Bryggeri, Lerøy Seafood m.fl.


Totalleverandør elektro Elektro

Maritim

FIBER

Fokus Elektro tar mål av seg å vere ein trygg og påliteleg leverandør med god prosjektleiing og med flinke og motiverte medarbeidarar. Vi har tilsette med høg kompetanse og riktige haldningar. Det skal vere SYTALAUST OG ENKELT å samarbeide med oss.

FI S K E RI F LO RA

A til Å

A til Å - www.atilaa.no

Fokus Elektro i Florø er ein totalleverandør av elektrotenester også innan maritime næringer og infranett. Vi er eit aktivt selskap i Sunnfjord innan våre tenester med over 65 tilsette og omset samla for 72 millioner kroner.

Pb 284, 6902 Florø - Telefon 57752920 post@fokuselektro.no - www.fokuselektro.no

www.atilaa.no

grafisk design og media logodesign informasjonsmateriell webutvikling magasin foto & film nyheitsbrev

31


Vidar Ulriksen – Fiskeridirektoratet Vest

Frå RORKULTEN til kontorpulten Vidar Ulriksen har vakse opp i ein typisk fiskarfamilie på Fanøy i Batalden, og har så og seie bølgjeskvulp i årane. Eg fekk tidleg tillit av foreldra mine til å køyre båt, minnes han. Før eg begynte på skulen fekk eg jobben med å skysse mor mi med loddebåten over til butikken på Fugløya. Som ein kuriositet kan det nemnast at delar av denne båten fungerer som bardisk på Knutholmen i dag. Vidar ruvar bokstaveleg tala i terrenget og har alltid vore vand med å halde handa på rattet. Oppveksten og interessa for sjølivet la truleg grunnlaget for at han i dag er regiondirektør i region vest i Fiskeridirektoratet. Å få tillit i ung alder er med å gjere ein trygg på seg sjølv, og eg har aldri vore redd for å seie meiningane mine. Vidar Ulriksen framstår som ein sindig og grundig kar, som uttaler seg i fiskerisaker utan dei store faktene. Å få tillit er ikkje noko vi kan bestemme oss for å få, den må vi gjere oss fortent til, seier Ulriksen. Du må argumentere basert på fakta, vere tålmodig og oppføre deg skikkeleg. Fiskeri viktig for heile Flora Fiskaren frå Batalden er opptatt av at fiskeriet alltid har gitt store ringverknader, både lokalt og i storsamfunnet. Flora er grunnlagt på verdiane frå havet, uansett kvar i kommunen ein bur. Det var faktisk fiskarane som klarte å finansiere bygginga av det første sjukehuset i Florø gjennom vårsildfondet. Helt frå 1860-åra finansierte fondet drifta av sjukehuset nokre månader om våren. Røde Kors dreiv sjukehuset frå 1924, i bygget som seinare vart Fiskarfagskulen. Seinare var det ein annan havets mann – Hilmar Reksten – som var med og finansierte Alderssenteret Havglytt på same tomta. Dette viser at verdiskapinga frå kysten og havet framleis betyr mykje for Florasamfunnet. Tillitsmannen Sjølv har den stødige 64-åringen i Batalden ei lang fartstid i fiskerinæringa, som aktiv fiskar og ikkje minst som tillitsvald og byråkrat. I 1984 fekk Vidar, som den yngste gjennom tidene, vervet med å leie Sogn og Fjordane Fiskarlag. Dette vervet hadde han i 10 år. Han var medlem av landsstyret til Norges Fiskarlag frå 1986 til 1996, og hadde tittelen nestformann frå 1988. Det var utruleg mange reisedøgn, og han vart dermed tillitsvald på heiltid frå 1991 til 1996. Det eine drog det

Vidar Ulriksen kjøpte notbåten MS Diplom i 1981. Etter 5 år tok organisasjonsarbeidet så mykje tid at han valde vekk ansvaret for båt og mannskap. Sidan har han vore mannskap på Hasting og Bluefin, men meste tida har gått med til tillitsverv og byråkratiarbeid. Foto: Rune T.

andre med seg og Vidar har gjennom verva i Fiskarlaget vore med i ulike komitear. Han var også med i utvalet som laga ein NOU om redningshelikoptertenesta i Norge, som konkluderte med lokalisering av basen i Florø. Fiskar og byråkrat Inn i mellom alle desse verva har eg vore aktiv fiskar, smiler Vidar. Eg tok sertifikat som kystskippar i marinen i 1973 og starta å fiske med båten til faren min. I 1981 kjøpte eg notbåten MS Diplom. Vi var fem mann om bord og fiska etter sei, sild og makrell. På grunn av alt organisasjonsarbeidet kunne eg ikkje fortsette med det ansvaret, så frå 1986 til 1991 var eg mannskap om bord i MS Hasting frå same øya. Etter mange år som tillitsvald på heiltid og ein tur innom skulebenken på Fiskarfagskulen mønstra Vidar på MS Bluefin, som nyutdanna skipsførar i 2000.

Etter 5 år bar det tilbake til papirarbeidet. Fiskeriminister Helga Pedersen ville ha han som statssekretær i 2005, og der vart han verande i fem år og fire månader. Det er uvanleg lang tid å ha ei slik stilling. Fiskaren og fiskartalsmannen frå Batalden jobba under 4 ulike statsrådar, og meiner han har vore utruleg heldig. Etter tida i Oslo bar det til Måløy som regiondirektør for Fiskeridirektoratet region vest. No er han vekependlar mellom Batalden og Måløy, der han har ansvar for fiskeri og havbruksforvaltninga i Sogn og Fjordane og Hordaland - som ein av fem regiondirektørar i Fiskeridirektoratet. Teknologisk kvantesprang Det har skjedd utruleg mykje på fiskerifronten sidan Vidar tok sine første turar med loddebåten frå Fanøya til Fugløya i Batalden – til han i dag sit som forvaltar og byråkrat i Måløy. Han hugsar godt

3 2 F I S KE RI F LO R A


då den første Fiskebas kom til Florø som flott nybygg for omlag 50 år sidan. Då var det ingen av oss som hadde fantasi til å fatte kva kvantesprang som venta oss av utvikling innan teknologi og fangstbehandling. Dagens Fiskebas kan ikkje samanliknast med den som var topp moderne «i gamle dagar». I dag har sjølv dei minste kystbåtane tilnærma same tilgang på informasjon og kommunikasjon som vi har heime. Meir livsstil enn yrke Uansett kor flotte båtane er og kor godt utstyret er, så trengs det kompetente folk om bord. Fiskaryrket er meir ein livsstil enn eit yrke, seier Vidar Ulriksen. Samti-

dig er det meir enn i noko anna næring ein plass der ungdom som er lei av teori og skule kan få sjansen til eit godt betalt arbeid. Å vere skulelei i tenåra treng på ingen måte bety at ein ikkje er i stand til å tileigne seg teoretisk kunnskap, men det må kanskje skje på nye måtar. Krav til teoretisk kunnskap blir stadig høgare – også innan fiskeri – men det vil aldri vere eit handikap å ha praktisk erfaring i tillegg. Vi treng mangfaldet Flora har ein stor og avansert fiskeflåte, men vi skal heller ikkje gløyme at vi har mange viktige leverandørar og samarbeidspartar i kommunen. Ein viktig aktør er skipselektrofirmaet Sigurd Solberg

som no har slått seg saman med Måløy Radioforretning i Ocean Electronics. Dei er fylkets største innan maritim elektronikk. Vi har fleire andre som utfører service og vedlikehald på båtane og leverer forsyningar, men vi har dessverre ikkje lenger fiskeindustri som tek i mot fisken. Til tross for dette har dei flinke familiereiarlaga klart seg godt og torer å satse, slik at neste generasjon også vil vere med på denne viktige næringa. Vi treng både dei store havgåande garn- og notbåtane og alle sjarkane som utnyttar ressursane langs kysten. Fiskeflåten er flinke til å samarbeide og inspirere kvarandre – og det er avgjerande for suksessane i kystbyen.

Bygut på rett hylle Her er båten eg har læreplass om bord i, fortel fiske- og fangstlærling Torstein Dolve stolt. Det er viktig at folk i Flora får auga opp for kor viktig fiskarfaget er for byen. Eg skulle ønskje det var fleire ungdommar som satsa på dette spennande yrket.

Torstein Dolve (21) er ein av få lærlingar i fiske og fangst frå Florø. Han er kanskje ein litt utypisk fiskarspire frå byen, men fortel at han nok har litt fiskarblod i årane frå mora sin familie i Kalvåg. Eg har alltid hatt lyst til å jobbe på sjøen, men at det blei fiskaryrket var vel litt tilfeldig, fortel Torstein – og legg til at det passar godt for han å jobbe skiftarbeid. Han meiner han er heldig som har fått lærlingplassen sin på Fanøyvåg. Eg har gått på Naturbruk VG1 i Måløy, og på VG2 valde eg fiske- og fangstlinja. Etter 2 år som lærling vil Torstein ha fagbrev som fiskar i handa. Etter andre året i Måløy tok eg sjølv kontakt med skipperen på Fanøyvåg, fordi eg kjende ein som jobba om bord. Eg fekk første prøveturen min om bord på garnbåten i august 2017 – og sidan har eg vore der, smiler Torstein fornøgd. Motiverande læreplass Turnusen er slik at eg er om bord i 3 veker og så får eg 3 veker på land, men inn i mellom kan eg ta doble turar om det passar slik. Det er ganske hardt arbeid, fortel den unge fiskaren, som sjølv meiner han har fått plass på den beste båten. Det er veldig god stemning om bord, og skipperane er rolege karar som han lærer mykje av. FI S K E RI F LO RA

Det er motiverande å vere i lag med folk som er så engasjerte i det dei jobbar med. Skipper Geir Henning fortel at han har fått ein svært motivert lærling om bord, som er spesielt opptatt av fisken som mat. Det er det viktig å vere bevisste på, seier han. Vi må heile tida tenke på at det er mat vi tar oss av. Rett yrkesval Ja, eg er altetande og et utruleg mykje fisk, seier Torstein. Det er det beste eg får. Interessa for fiskaryrket har også samanheng med at det ligg mykje spenning i arbeidet. Eg er ikkje så glad i det teoretiske, men fysisk arbeid likar eg godt. Dessutan er det gode pengar å tene på fiskeri for tida. På sikt kan Torstein godt tenke seg å skaffe seg ein eigen sjark. No gjer eg ikkje på så mykje i friperiodane, men eg trur det kan

vere greitt å ha ein liten sjark for å drive litt sesongfiske på si. Eg tenkjer og litt på å gå meir på skule etterkvart, men eg har ingen faste planar. Det blir i tilfelle styrmannsutdanning på fagskulen. Vi får sjå korleis motivasjonen er om nokre år. God oppfølging Ein viktig ingrediens i lærlingtida er kontakten med Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk (OKFH). Dei er flinke til å følgje oss opp, fortel Torstein. Det er ekstra kjekt når dei kjem om bord i båten. Sist eg kom til lands i Måløy kom dei på besøk og hadde samtalar med meg åleine, skipperen på båten og oss to i lag. Dei passar på at eg får med meg det faglege eg skal og at både eg som lærling og læreplassen min er fornøgde. 33


Hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og leiar for Flora Fiskarlag Geir Henning Seljeseth er begge godt fornøgde med at den nye fiskerikaia i Hesteneset no er klar for bruk. Med god dialog skal vi klare å få den ferdigstilte kaia tilpassa den moderne fiskeflåten i byen, er dei to einige om.

DIALOG er det VIKTIGASTE VERKTØYET Hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og Flora Hamn KF administrerer rundt 7500 skipsanløp årleg og er ansvarlege for vedlikehaldet av 16 rutekaier i kommunen. I tillegg kjem Alden Hamneområde, som er eit fellesprosjekt for 7 kommunar med hovudfokus på trygging av farvatn. Det nyaste tilskotet på stammen er den nye fiskerikaia i Hesteneset. Det er nok den største satsinga Flora Hamn har gjort i forhold til fiskerinæringa, fortel Linda. Den ferske hamnesjefen som starta karrieren sin som fiskarlærling er opptatt av å ha ein god dialog med næringa. Vi er glade for å ha fått på plass ei dedikert fiskerikai, som kan ta i mot dei nye fiskebåtane i Flora, supplerer leiaren i fiskarlaget Geir Henning Seljeseth. Utviklar fiskeribyen saman Fiskerikaia har fått ei sentral plassering i byen, og når vi har fått på plass ei permanent løysing med veg, straum, vatn og kloakk – så meiner hamnesjefen at dette må bli eit stort pluss for små og sto-

re fiskebåtar. Det blir enkelt å komme til og her er ingen ISPS-gjerder som hindrar tilkomsten. Båtane kan få gjort mindre serviceoppdrag ved kai og den eignar seg godt for å få varelevering om bord. Det viktigaste vi gjer i denne prosessen er å snakke med fiskarane - slik at vi saman kan planlegge for framtida. Slik kan vi bidra med å utvikle Florø som fiskeriby.

å følgje med, seier leiaren i det lokale fiskarlaget. Han er godt fornøgd med å ha fått på plass ein hamnesjef som tar brukarane på alvor. Utviklinga går mot større og færre båtar, som er meir på sjøen enn det som var vanleg før. Vi ror ikkje fiske lenger. Flora Hamn KF har forstått dette og derfor har vi snart ferdig ei kailøysing som er tilpassa eit moderne fiskeri.

Tilpassa framtida Det har skjedd ei rivande utvikling i fiskerinæringa dei siste tjue åra, slik at det kan vere vanskeleg for nokon og ein kvar

Dialog nord - sør Linda presiserer at Flora Hamn skal drive forretningsmessig, med ein nullvisjon – samtidig som vi skal halde oss innanfor

3 4 F I S KE RI F LO R A


A HAMN OR K L F

F

FISKARJENTA som blei hamnesjef

Tromsø

Linda Mortensen Midtbø som styrer skuta på Flora Hamn starta karrieren sin innan fiskeri. Eg gjekk naturbruk og fiske- og fangstlina på Måløy VGS, og så jobba eg eit år som lærling om bord på MS Rindenes. Eg likte meg som fiskar, men der og då valde eg å gå vidare på skule. Maritim utdanning Det var aldri tvil om at eg skulle satse maritimt, så neste steg vart nautikkog skipperutdanning på Høgskulen i Tromsø. Etter det segla eg som kadett og styrmann på kjemikalietankarar, som er bygde i Florø. Før Linda enda opp som hamnesjef i heimbyen, var jobben driftsog skiftleiar ved Statoil sine prosessanlegg på Sture og Kollnes i Øygarden. Lytt til brukarane Eg kjenner byen og eg kjenner fiskarane i byen, så eg har stor tru på at vi saman og med god dialog skal få til ei god utvikling av kyst- og fiskeribyen. Florø er eit viktig knutepunkt for både fiskeri, oljeverksemd, konteinar- og passasjertrafikk – og det viktigaste verktøyet eg har for å få dette til å fungere er samhandling med brukarane. Slik er det å vere fiskar og slik er det å vere hamnesjef, avsluttar ho som kunne blitt fiskar i heimbyen, men som enda opp som hamnesjef.

dei kommunale reglane og «havne- og farvannlova». Eg meiner vi må sjå fiskerinæringa og hamneområda i Måløy, Bremanger og Flora som ein region. Vi kan ikkje sitje på kvart vårt nes og gjere ting på kvar vår måte. Her og er dialog avgjerande viktig. Hamnene utvekslar erfaringar og legg vekt på å samarbeide – på den måten kan vi hjelpe fiskeriflåten i heile regionen. ***

FI S K E RI F LO RA

w

.n w.f l o ro h a m n

o

w

Bodø

Trondheim Kristiansund Ålesund FLORØ Førde

Sogndal

Bergen Oslo Stavanger

Stockholm

FLORØ - EUROPAVEG NR. 1

Opnare landskap Vegen til omverda går via Florø Florø er eit knutepunkt for sjøtransport – midt mellom Bergen og Ålesund. Fugleskjerskaia ligg nær hovudleia langs kysten, og har god innsegling og djupne. I tillegg kjem kailengdene i Gunhildvågen, på verftsområdet og på Fjord Base.

Hamna er regelmessig trafikkert av: • Kystgodsruter, med anløp til kontinentale hamner • Fraktefartøy og lasteskip • Containerskip. Tørrlast- og frysecontainarar • Store lasteskip med røyr for oljeindustrien • Hurtigruta med to daglege avgangar • Ekspressruter med 4 daglege avgangar til/frå Bergen 35


ORIGOD – den fleksible samarbeidspartneren

Døgnbemanna vakttelefon 940 15 823 918 08 644

MEKANISK AVDELING Produksjonsavdelinga vår kan tilby eit bredt spekter av mekaniske varer og tenester. Origod AS har lang erfaring innanfor aluminium, rustfritt og syrefast. Maskinverkstaden vår har ein moderne maskinpark der vi kan utføre allsidig bearbeiding. MASKINPARK • Sveisemaskiner TIG/MIG/ MAG • Hydraulisk presse • NC kantpresser • Profil og kombisaks • Platesakser • CNC maskineringssenter • CNC dreiesenter • Dreiebenk

• • • • • • • •

Brennebord Fres Borverk Valse Pulver lakkeringsanlegg Profilvalse Plansliper og bladslipere 5 tonns traverskran

Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no A til Å - www.atilaa.no I

Foto: Photoevent

3 6 F I S KE RI F LO R A


Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Bjørn Erik Hollevik - Flora Industri og Næringsforening

Vi treng mangfaldet i FISKERIBYEN Næringslivet og Flora Industri- og Næringsforening er opptatt av at vi har eit mangfald av næringsaktørar i kommunen. Fiskerinæringa er det viktigaste historiske grunnlaget for byen, og det er ei glede å sjå at fiske framleis er ein av dei sterkaste næringsvegane i kystbyen. Vi er avhengige av at nokon torer å stake opp vegen og satse – og at ein har eit sterkt engasjement for det ein jobbar med. Fiskarfamiliane i Flora er eit godt døme på det. Fiskebåtane har vore gjennom ein elektronisk og teknisk revolusjon, og båtane har utvilsamt vorte både større, betre og meir komfortable for dei som jobbar om bord. Dette har samtidig auka statusen med å vere fiskar. Meir livstil enn yrke Fiskarane må heile tida tenke nytt og tilpasse seg nye tider. Kvotereguleringar og strukturpolitikk er ikkje godt for vanlege

folk å forstå, men fiskarane i Flora ser ut til å tilpasse seg stadig nye krav. Dei seier sjølve at det er meir ein livsstil enn eit yrke å vere fiskar. Næringslivet i Flora treng slike aktørar, som står på og skapar nye arbeidsplassar, bygd på erfaringar og ny teknologi. Mangfald på sjø og land I Flora kan vi vise fram store og moderne havgåande garn- og notbåtar side om

side med sjarkar som fiskar alt frå kreps til skrei. På landsida har vi leverandørar av alt frå arbeidskle og mekanisk arbeid til den mest avanserte teknologien som finnast. Dette er med og befestar Flora sin plass som fiskeriby. Vi har som sagt eit mangfald av næringsaktørar i byen, og det er ingen motsetnad i at leverandørindustrien servar både olje- og fiskerinæringa – det er heller ein stor styrke.

www.incgruppen.no

57 75 28 00 anders.nodseth@incgruppen.no www.incgruppen.no FI S K E RI F LO RA

A til Å - www.atilaa.no

Våre ansatte har lang erfaring og våre lager har et rikt utstyr som gjør oss i stand til å håndtere de fleste elektriske situasjoner som skulle oppstå på ditt fartøy på kort varsel.

37


Shutterstock

I LETT BRIS OG FULL STORM HAV Vi har vore ein viktig støttespelar for fiskeri- og havbruksnæringa så lenge vestlendingane har sett mot havet. Det skal vi fortsetje med. Som bedriftskunde hjå oss får du eit eige team som består av dyktige rådgjevarar med spisskompetanse innafor ulike fagområde. Har du ein god idé eller eit prosjekt du ynskjer å diskutere, ta kontakt med Kjetil Søvik på kjetil.sovik@spv.no eller tlf.: 957 51 268.

38

F I S KE RI F LO R A


i vind og vanntett pustende stoff. Ypperlig for fritid, tur og fiske.

Frequency.no

SUPERLETT KJELEDRESS

SIKKER JOBB -TRYGG FREMTID VI SØKER LÆRLINGER TIL FREMTIDSNÆRINGENE

10 000 mm vs Tapede sømmer

Reparasjon av

BÅTKALESJER

Good people make good fish!

www.oytex.no T: 57 74 55 20 I post@oytex.no

OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG

FUNKSJONELL UTEBEKLEDNING

Post: Postboks 89 - 6707 Raudeberg Besøk: Maritim Park - 6710 Raudeberg Tlf.: 57 85 22 32 | Mob.: 959 86 700 post@okfh.no | www.okfh.no

www.incgruppen.no

57 75 27 00 / 957 06 081 arne.kleiven@incgruppen.no www.incgruppen.no FI S K E RI F LO RA

913 79 696 bjorn.inge.igland@incgruppen.no www.incgruppen.no

A til Å - www.atilaa.no

West Industri Service og WIS VVS er dine ideelle samarbeidspartnere når du trenger rørlegging, sveising og mekanisk arbeid på fartøyet ditt.

39


Fiskeskipper Geir Henning Seljeseth og fiskeribankmann Roger Svarstad meiner at gjensidig tillit og personlege eigenskapar er avgjerande for å lukkast. Ein må vere engasjert og ha rett kompetanse for å kunne vere bank for fiskarane.

Avhengige av ein engasjert bank Dei unge fiskarane er ofte svært klare til å vere med og satse på fiskeri, men så er båtane for små til å klare dei store resultata. Det er derfor vi bankane er her, smiler Roger Svarstad. Han er bankmannen i Sparebanken Sogn og Fjordane med undertittelen fiskeriminister. Vi er 5 personar i banken – langs kysten – som brenn for å bygge fiskerinæringa, fortel han. Fiskeri er eit komplisert fag, seier han og peikar på flåtegrupper, kvotereguleringar og politiske føringar for næringa. For oss i næringa er det veldig viktig å ha folk i banken som snakkar same språk som oss, seier Geir Henning Seljeseth. Banken var avgjerande for at han og faren satsa på ny båt. Hadde vi ikkje hatt dei lokale bankane hadde vi heller ikkje hatt dei lokale fiskesatsingane meiner han. Det er avgjerande viktig at bankfolka er engasjerte og har kompetanse på vår type fiskeri, og ikkje berre dei store havgåande fartøya. Eit ord er eit ord Tillit er eit viktig stikkord, framhevar både fiskeskipperen og bankmannen. Det er det som er spesielt med lokalbankar, meiner dei to. Vi kjenner kvarandre, opparbeider tillit begge vegar og eit ord er eit ord. Fiskarane er ofte utålmodige og treng raske avgjerder, smiler Svarstad. Både for banken og for fiskarane er det å

lukkast veldig personavhengig, og vi er avhengige av eit godt tillitsforhold. Geir Henning minnest at første kvota blei finansiert over telefonen, utan underskrifter. Ting går fort og då kan vi ikkje alltid vente på formalitetane. Ein lokal utviklar Når ein skal investere i ny fiskebåt, kan ein derimot ikkje vere alt for utålmodig. Det er ein langsiktig prosess, der reiarlag og bank må jobbe godt i lag. For oss er banken ein viktig sparringpartnar og ein lokal utviklar, seier Seljeseth. Å bygge ny båt betyr at ein må ta viktige avgjerder kvar dag. Roger Svarstad synes det er imponerande at Geir Henning har fått så stort ansvar med nyebåten, i så ung alder. Det har vore ei bratt læringskurve, men familien har samarbeidd godt med banken i heile prosessen, fortel Seljeseth.

Magasinet FiskeriFlora: © A til Å Grafisk Design og Media - www.atilaa.no

Optimismen smittar Roger Svarstad har vore med heile vegen frå det å finne det rette verftet til finansiering og ferdigstilling. Det er utruleg kjekt å sjå det ferdige resultatet, og skal ein ta ei slik investering må ein ikkje spare på den siste millionen, seier han. Ein må gå for ein båt som ein veit fungerer, og som er klar for å tene pengar frå dag ein. Då familien Seljeseth presenterte planane sine, der dei budsjetterte med 3 dobla fiskeri på den same kvota, måtte eg gå nokre rundar med meg sjølv om dette verkeleg var realistisk. Budsjettet deira viste seg å vere velbegrunna, og eg er imponert over kva fiskarfamiliane i Florø får til. Det er ekstra kjekt å sjå den smitteeffekten satsingane har – og at nye generasjonar kjem til.

Les meir om FiskeriFlora på www.fiskeriflora.no

4 0 F I S KE RI F LO R A


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.