Fiskeri Flora

Page 40

Fiskeskipper Geir Henning Seljeseth og fiskeribankmann Roger Svarstad meiner at gjensidig tillit og personlege eigenskapar er avgjerande for å lukkast. Ein må vere engasjert og ha rett kompetanse for å kunne vere bank for fiskarane.

Avhengige av ein engasjert bank Dei unge fiskarane er ofte svært klare til å vere med og satse på fiskeri, men så er båtane for små til å klare dei store resultata. Det er derfor vi bankane er her, smiler Roger Svarstad. Han er bankmannen i Sparebanken Sogn og Fjordane med undertittelen fiskeriminister. Vi er 5 personar i banken – langs kysten – som brenn for å bygge fiskerinæringa, fortel han. Fiskeri er eit komplisert fag, seier han og peikar på flåtegrupper, kvotereguleringar og politiske føringar for næringa. For oss i næringa er det veldig viktig å ha folk i banken som snakkar same språk som oss, seier Geir Henning Seljeseth. Banken var avgjerande for at han og faren satsa på ny båt. Hadde vi ikkje hatt dei lokale bankane hadde vi heller ikkje hatt dei lokale fiskesatsingane meiner han. Det er avgjerande viktig at bankfolka er engasjerte og har kompetanse på vår type fiskeri, og ikkje berre dei store havgåande fartøya. Eit ord er eit ord Tillit er eit viktig stikkord, framhevar både fiskeskipperen og bankmannen. Det er det som er spesielt med lokalbankar, meiner dei to. Vi kjenner kvarandre, opparbeider tillit begge vegar og eit ord er eit ord. Fiskarane er ofte utålmodige og treng raske avgjerder, smiler Svarstad. Både for banken og for fiskarane er det å

lukkast veldig personavhengig, og vi er avhengige av eit godt tillitsforhold. Geir Henning minnest at første kvota blei finansiert over telefonen, utan underskrifter. Ting går fort og då kan vi ikkje alltid vente på formalitetane. Ein lokal utviklar Når ein skal investere i ny fiskebåt, kan ein derimot ikkje vere alt for utålmodig. Det er ein langsiktig prosess, der reiarlag og bank må jobbe godt i lag. For oss er banken ein viktig sparringpartnar og ein lokal utviklar, seier Seljeseth. Å bygge ny båt betyr at ein må ta viktige avgjerder kvar dag. Roger Svarstad synes det er imponerande at Geir Henning har fått så stort ansvar med nyebåten, i så ung alder. Det har vore ei bratt læringskurve, men familien har samarbeidd godt med banken i heile prosessen, fortel Seljeseth.

Magasinet FiskeriFlora: © A til Å Grafisk Design og Media - www.atilaa.no

Optimismen smittar Roger Svarstad har vore med heile vegen frå det å finne det rette verftet til finansiering og ferdigstilling. Det er utruleg kjekt å sjå det ferdige resultatet, og skal ein ta ei slik investering må ein ikkje spare på den siste millionen, seier han. Ein må gå for ein båt som ein veit fungerer, og som er klar for å tene pengar frå dag ein. Då familien Seljeseth presenterte planane sine, der dei budsjetterte med 3 dobla fiskeri på den same kvota, måtte eg gå nokre rundar med meg sjølv om dette verkeleg var realistisk. Budsjettet deira viste seg å vere velbegrunna, og eg er imponert over kva fiskarfamiliane i Florø får til. Det er ekstra kjekt å sjå den smitteeffekten satsingane har – og at nye generasjonar kjem til.

Les meir om FiskeriFlora på www.fiskeriflora.no

4 0 F I S KE RI F LO R A