Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen
Bjørn Erik Hollevik - Flora Industri og Næringsforening
Vi treng mangfaldet i FISKERIBYEN Næringslivet og Flora Industri- og Næringsforening er opptatt av at vi har eit mangfald av næringsaktørar i kommunen. Fiskerinæringa er det viktigaste historiske grunnlaget for byen, og det er ei glede å sjå at fiske framleis er ein av dei sterkaste næringsvegane i kystbyen. Vi er avhengige av at nokon torer å stake opp vegen og satse – og at ein har eit sterkt engasjement for det ein jobbar med. Fiskarfamiliane i Flora er eit godt døme på det. Fiskebåtane har vore gjennom ein elektronisk og teknisk revolusjon, og båtane har utvilsamt vorte både større, betre og meir komfortable for dei som jobbar om bord. Dette har samtidig auka statusen med å vere fiskar. Meir livstil enn yrke Fiskarane må heile tida tenke nytt og tilpasse seg nye tider. Kvotereguleringar og strukturpolitikk er ikkje godt for vanlege
folk å forstå, men fiskarane i Flora ser ut til å tilpasse seg stadig nye krav. Dei seier sjølve at det er meir ein livsstil enn eit yrke å vere fiskar. Næringslivet i Flora treng slike aktørar, som står på og skapar nye arbeidsplassar, bygd på erfaringar og ny teknologi. Mangfald på sjø og land I Flora kan vi vise fram store og moderne havgåande garn- og notbåtar side om
side med sjarkar som fiskar alt frå kreps til skrei. På landsida har vi leverandørar av alt frå arbeidskle og mekanisk arbeid til den mest avanserte teknologien som finnast. Dette er med og befestar Flora sin plass som fiskeriby. Vi har som sagt eit mangfald av næringsaktørar i byen, og det er ingen motsetnad i at leverandørindustrien servar både olje- og fiskerinæringa – det er heller ein stor styrke.
www.incgruppen.no
57 75 28 00 anders.nodseth@incgruppen.no www.incgruppen.no FI S K E RI F LO RA
A til Å - www.atilaa.no
Våre ansatte har lang erfaring og våre lager har et rikt utstyr som gjør oss i stand til å håndtere de fleste elektriske situasjoner som skulle oppstå på ditt fartøy på kort varsel.
37