då den første Fiskebas kom til Florø som flott nybygg for omlag 50 år sidan. Då var det ingen av oss som hadde fantasi til å fatte kva kvantesprang som venta oss av utvikling innan teknologi og fangstbehandling. Dagens Fiskebas kan ikkje samanliknast med den som var topp moderne «i gamle dagar». I dag har sjølv dei minste kystbåtane tilnærma same tilgang på informasjon og kommunikasjon som vi har heime. Meir livsstil enn yrke Uansett kor flotte båtane er og kor godt utstyret er, så trengs det kompetente folk om bord. Fiskaryrket er meir ein livsstil enn eit yrke, seier Vidar Ulriksen. Samti-
dig er det meir enn i noko anna næring ein plass der ungdom som er lei av teori og skule kan få sjansen til eit godt betalt arbeid. Å vere skulelei i tenåra treng på ingen måte bety at ein ikkje er i stand til å tileigne seg teoretisk kunnskap, men det må kanskje skje på nye måtar. Krav til teoretisk kunnskap blir stadig høgare – også innan fiskeri – men det vil aldri vere eit handikap å ha praktisk erfaring i tillegg. Vi treng mangfaldet Flora har ein stor og avansert fiskeflåte, men vi skal heller ikkje gløyme at vi har mange viktige leverandørar og samarbeidspartar i kommunen. Ein viktig aktør er skipselektrofirmaet Sigurd Solberg
som no har slått seg saman med Måløy Radioforretning i Ocean Electronics. Dei er fylkets største innan maritim elektronikk. Vi har fleire andre som utfører service og vedlikehald på båtane og leverer forsyningar, men vi har dessverre ikkje lenger fiskeindustri som tek i mot fisken. Til tross for dette har dei flinke familiereiarlaga klart seg godt og torer å satse, slik at neste generasjon også vil vere med på denne viktige næringa. Vi treng både dei store havgåande garn- og notbåtane og alle sjarkane som utnyttar ressursane langs kysten. Fiskeflåten er flinke til å samarbeide og inspirere kvarandre – og det er avgjerande for suksessane i kystbyen.
Bygut på rett hylle Her er båten eg har læreplass om bord i, fortel fiske- og fangstlærling Torstein Dolve stolt. Det er viktig at folk i Flora får auga opp for kor viktig fiskarfaget er for byen. Eg skulle ønskje det var fleire ungdommar som satsa på dette spennande yrket.
Torstein Dolve (21) er ein av få lærlingar i fiske og fangst frå Florø. Han er kanskje ein litt utypisk fiskarspire frå byen, men fortel at han nok har litt fiskarblod i årane frå mora sin familie i Kalvåg. Eg har alltid hatt lyst til å jobbe på sjøen, men at det blei fiskaryrket var vel litt tilfeldig, fortel Torstein – og legg til at det passar godt for han å jobbe skiftarbeid. Han meiner han er heldig som har fått lærlingplassen sin på Fanøyvåg. Eg har gått på Naturbruk VG1 i Måløy, og på VG2 valde eg fiske- og fangstlinja. Etter 2 år som lærling vil Torstein ha fagbrev som fiskar i handa. Etter andre året i Måløy tok eg sjølv kontakt med skipperen på Fanøyvåg, fordi eg kjende ein som jobba om bord. Eg fekk første prøveturen min om bord på garnbåten i august 2017 – og sidan har eg vore der, smiler Torstein fornøgd. Motiverande læreplass Turnusen er slik at eg er om bord i 3 veker og så får eg 3 veker på land, men inn i mellom kan eg ta doble turar om det passar slik. Det er ganske hardt arbeid, fortel den unge fiskaren, som sjølv meiner han har fått plass på den beste båten. Det er veldig god stemning om bord, og skipperane er rolege karar som han lærer mykje av. FI S K E RI F LO RA
Det er motiverande å vere i lag med folk som er så engasjerte i det dei jobbar med. Skipper Geir Henning fortel at han har fått ein svært motivert lærling om bord, som er spesielt opptatt av fisken som mat. Det er det viktig å vere bevisste på, seier han. Vi må heile tida tenke på at det er mat vi tar oss av. Rett yrkesval Ja, eg er altetande og et utruleg mykje fisk, seier Torstein. Det er det beste eg får. Interessa for fiskaryrket har også samanheng med at det ligg mykje spenning i arbeidet. Eg er ikkje så glad i det teoretiske, men fysisk arbeid likar eg godt. Dessutan er det gode pengar å tene på fiskeri for tida. På sikt kan Torstein godt tenke seg å skaffe seg ein eigen sjark. No gjer eg ikkje på så mykje i friperiodane, men eg trur det kan
vere greitt å ha ein liten sjark for å drive litt sesongfiske på si. Eg tenkjer og litt på å gå meir på skule etterkvart, men eg har ingen faste planar. Det blir i tilfelle styrmannsutdanning på fagskulen. Vi får sjå korleis motivasjonen er om nokre år. God oppfølging Ein viktig ingrediens i lærlingtida er kontakten med Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk (OKFH). Dei er flinke til å følgje oss opp, fortel Torstein. Det er ekstra kjekt når dei kjem om bord i båten. Sist eg kom til lands i Måløy kom dei på besøk og hadde samtalar med meg åleine, skipperen på båten og oss to i lag. Dei passar på at eg får med meg det faglege eg skal og at både eg som lærling og læreplassen min er fornøgde. 33