Page 32

Vidar Ulriksen – Fiskeridirektoratet Vest

Frå RORKULTEN til kontorpulten Vidar Ulriksen har vakse opp i ein typisk fiskarfamilie på Fanøy i Batalden, og har så og seie bølgjeskvulp i årane. Eg fekk tidleg tillit av foreldra mine til å køyre båt, minnes han. Før eg begynte på skulen fekk eg jobben med å skysse mor mi med loddebåten over til butikken på Fugløya. Som ein kuriositet kan det nemnast at delar av denne båten fungerer som bardisk på Knutholmen i dag. Vidar ruvar bokstaveleg tala i terrenget og har alltid vore vand med å halde handa på rattet. Oppveksten og interessa for sjølivet la truleg grunnlaget for at han i dag er regiondirektør i region vest i Fiskeridirektoratet. Å få tillit i ung alder er med å gjere ein trygg på seg sjølv, og eg har aldri vore redd for å seie meiningane mine. Vidar Ulriksen framstår som ein sindig og grundig kar, som uttaler seg i fiskerisaker utan dei store faktene. Å få tillit er ikkje noko vi kan bestemme oss for å få, den må vi gjere oss fortent til, seier Ulriksen. Du må argumentere basert på fakta, vere tålmodig og oppføre deg skikkeleg. Fiskeri viktig for heile Flora Fiskaren frå Batalden er opptatt av at fiskeriet alltid har gitt store ringverknader, både lokalt og i storsamfunnet. Flora er grunnlagt på verdiane frå havet, uansett kvar i kommunen ein bur. Det var faktisk fiskarane som klarte å finansiere bygginga av det første sjukehuset i Florø gjennom vårsildfondet. Helt frå 1860-åra finansierte fondet drifta av sjukehuset nokre månader om våren. Røde Kors dreiv sjukehuset frå 1924, i bygget som seinare vart Fiskarfagskulen. Seinare var det ein annan havets mann – Hilmar Reksten – som var med og finansierte Alderssenteret Havglytt på same tomta. Dette viser at verdiskapinga frå kysten og havet framleis betyr mykje for Florasamfunnet. Tillitsmannen Sjølv har den stødige 64-åringen i Batalden ei lang fartstid i fiskerinæringa, som aktiv fiskar og ikkje minst som tillitsvald og byråkrat. I 1984 fekk Vidar, som den yngste gjennom tidene, vervet med å leie Sogn og Fjordane Fiskarlag. Dette vervet hadde han i 10 år. Han var medlem av landsstyret til Norges Fiskarlag frå 1986 til 1996, og hadde tittelen nestformann frå 1988. Det var utruleg mange reisedøgn, og han vart dermed tillitsvald på heiltid frå 1991 til 1996. Det eine drog det

Vidar Ulriksen kjøpte notbåten MS Diplom i 1981. Etter 5 år tok organisasjonsarbeidet så mykje tid at han valde vekk ansvaret for båt og mannskap. Sidan har han vore mannskap på Hasting og Bluefin, men meste tida har gått med til tillitsverv og byråkratiarbeid. Foto: Rune T.

andre med seg og Vidar har gjennom verva i Fiskarlaget vore med i ulike komitear. Han var også med i utvalet som laga ein NOU om redningshelikoptertenesta i Norge, som konkluderte med lokalisering av basen i Florø. Fiskar og byråkrat Inn i mellom alle desse verva har eg vore aktiv fiskar, smiler Vidar. Eg tok sertifikat som kystskippar i marinen i 1973 og starta å fiske med båten til faren min. I 1981 kjøpte eg notbåten MS Diplom. Vi var fem mann om bord og fiska etter sei, sild og makrell. På grunn av alt organisasjonsarbeidet kunne eg ikkje fortsette med det ansvaret, så frå 1986 til 1991 var eg mannskap om bord i MS Hasting frå same øya. Etter mange år som tillitsvald på heiltid og ein tur innom skulebenken på Fiskarfagskulen mønstra Vidar på MS Bluefin, som nyutdanna skipsførar i 2000.

Etter 5 år bar det tilbake til papirarbeidet. Fiskeriminister Helga Pedersen ville ha han som statssekretær i 2005, og der vart han verande i fem år og fire månader. Det er uvanleg lang tid å ha ei slik stilling. Fiskaren og fiskartalsmannen frå Batalden jobba under 4 ulike statsrådar, og meiner han har vore utruleg heldig. Etter tida i Oslo bar det til Måløy som regiondirektør for Fiskeridirektoratet region vest. No er han vekependlar mellom Batalden og Måløy, der han har ansvar for fiskeri og havbruksforvaltninga i Sogn og Fjordane og Hordaland - som ein av fem regiondirektørar i Fiskeridirektoratet. Teknologisk kvantesprang Det har skjedd utruleg mykje på fiskerifronten sidan Vidar tok sine første turar med loddebåten frå Fanøya til Fugløya i Batalden – til han i dag sit som forvaltar og byråkrat i Måløy. Han hugsar godt

3 2 F I S KE RI F LO R A

Profile for A til Å Grafisk Design og Media

Fiskeri Flora  

- eit magasin frå A til Å. I fiskerikommunen Flora er det registrert over 30 båtar og omlag 100 fiskarar. Vi er stolt og kry over den store...

Fiskeri Flora  

- eit magasin frå A til Å. I fiskerikommunen Flora er det registrert over 30 båtar og omlag 100 fiskarar. Vi er stolt og kry over den store...

Profile for atilaa