Fiskeri Flora

Page 19

Foto: Lisa Giil Photography

Pedagog og fiskar

Linn Theres Nekkøy er kanskje den einaste kvinnelege fiskaren i Flora. Det vil sei heiltidsfiskar er ho ikkje. Eg har vore med nokre turar for året dei siste 10 åra, og det passar meg utmerka, fortel 29-åringen frå Søre Nekkøy. Det er utruleg spennande og mannskapet på Bluefin er ein skikkeleg kjekk gjeng å jobbe i lag med. Linn Theres held for tida på med engelskstudiar, og har tidlegare studert både statsvitenskap og pedagogikk. Neste som står på planen er Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU) – så er ho klar for å undervise i samfunnsfag og engelsk. Inn i mellom studiar i inn og utland har det likevel vore tid for sjølivet. Ho har aldri vore redd for å ta i eit tak.

Det var stor glede om bord då mannskapet på Bluefin fekk størje etter størje over ripa. Bak frå babord side: Ole Henning Årebrot, representant frå Havforskingsinstituttet, Ståle Karstensen, ICCAT observatør og Åsmund Midtbø. Framme frå babord side: Kjell Robert Larsen, Linn Nekkøy, Atle Nekkøy. (Ikkje på bilde Benjamin Nekkøy og Karl Johan Økland). Foto: Privat.

Satsar på Japansk kvalitet Det var klondyke-stemning om bord på båten Bluefin – som for øvrig er oppkalla etter den store fisken – då vi fekk fangsten. Vi fekk nesten for mykje, ler Atle – og fortel at dei måtte sleppe ut igjen rundt 100 fiskar for å klare å ta seg av fangsten. Vi leigde Pelagia anlegget i Gunhildvågen, for å reinse og pakke fisken. Til saman hadde vi seks leveringar, der Global Fish hadde oppdraget med å selja størjene. Representantar frå Fiskeridirektoratet og

oppkjøpar frå Japan var på plass under lossinga i Gunhildvågen. Fisken til Japan må behandlast etter deira spesielle krav, og gjekk med fly til Tokyo. Klare for meir størje Neste års størjekvote er sett til 104 tonn, og det er bestemt at det blir to båtar som skal dele på moroa. Vi vil søkje og så er det Fiskeridirektoratet som tek avgjerda – så her er det berre å vente og sjå. Vi er klare, smiler Atle Nekkøy.

Vikarfiskar Eg har vakse opp med fiskeri og det var vel litt tilfeldig at eg tok hyre om bord ein gong dei var opprådde for folk på Bluefin. Før eg reiste til USA for studiar var eg eit og eit halv år om bord, og eg stortrivast som fiskar. Men, seier ho - eg har ingen planar om å satse på fiskeri på heiltid. Alt eg driv med er jo litt tilfeldig, ler Linn Theres – så ein kan jo aldri vite kva eg finn på ein gong i framtida. Hardt arbeid På spørsmål om korleis det er å jobbe med pappa som skipper, berre ler Linn Theres. Han er grei han, seier ho med glimt i auget – så det går heilt fint. Alle jobbar i lag, og sjølv om det er hardt arbeid, så likar eg godt den friheita det likevel er med å jobbe på ein båt. Vi har våre faste ting, og kan puste litt ut mellom dei hardaste øktene. Eventyrfiske Størjefiske som ho var med på sist haust omtalar den blide fiskarjenta som eit eventyr. Eg hadde aldri trudd det skulle klaffe så bra. Det håpar eg å få vere med på igjen.

FLORØ BRANNVERNSERVICE Salg • Service • Vedlikehold Din servicepartner for fiskefartøy, arbeidsbåter og passasjerbåter. Slokkeutstyr • Verneprodukter • Førstehjelp Tlf. 48 30 52 05 www.brannvernservice.com

FI S K E RI F LO RA

19


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.