«Vi ser at kvalitet er mykje viktigare enn den store mengda, og målet er først og fremst å komme inn på den japanske marknaden»
EVENTYRFISKARANE med klondykestemning om bord MS Bluefin er kystnotbåten som vann det store lotteriet i 2017. Atle Nekkøy som styrer skuta fortel at dette var første året på lenge at ein fekk drive med kommersielt fiske etter makrellstørja i Norge – og vi var den heldige båten som vann loddtrekkinga. Det er eit spennande fiskeri, og vi håpar på å få vere på dette eventyret til hausten igjen. På vinteren er det sild og pal som står i fokus om bord i Bluefin. MS Bluefin har 6 mann om bord og har ikkje skiftordning slik som garnbåtane har. Vi fiskar kvotane med fullt mannskap, og så får alle fri mellom turane, fortel skipperen. Vi har ikkje torskekvote, men derimot ei kvote på lodde i Barentshavet. Her er det usikkert med prisane, så det er ikkje kvart år vi tar turen dit. Makrell, sild og pal På etterjulsvinteren er det storsild på Mørekysten og utover våren er det norsk vårgytande sild (NVG) og notfiske etter pale. I august – september går vi etter makrell i Norskehavet og så blir det eventuelt ein loddetur til Barentshavet. Størjefisket føregår også rett etter sommarferien, men tida vil vise om dei får eit nytt år med det fiskeriet.
Neste års størjekvote er sett til 104 tonn, og det er bestemt at det blir to båtar som skal dele på moroa Erfaren størjefiskar Atle har lang erfaring som størjefiskar på Afrika-kysten tilbake på 80-talet, og var godt førebudd på størjefisket sist år. Vi investerte i ei ny og betre not til dette fisket, før vi visste om vi fekk det. Det viste seg å vere ei fornuftig investering, er den sindige konklusjonen. Makrellstørja beitar på
pir (små makrell), og fiskaren frå Nekkøya har viktig kunnskap om både beitefisken, området den går i og korleis størja oppfører seg. Full klaff i 2017 Det vi no håpar på er at vi skal få ein ny makrellstørjekvote, som vi kan drifte etter til hausten. I 2017 fekk vi først tildelt ei kvote på 30 tonn, som ettervart vart utvida til 42 tonn. Det var knytt stor spenning til fisket, og det var eit eventyr å få full klaff, smiler størjefiskaren fornøgd. Til saman fekk Bluefin 274 makrellstørjer over ripa – og vekta vart til slutt summert til 34 tonn. Vi ser at kvalitet er mykje viktigare enn den store mengda, og målet er først og fremst å tilfredstille krava i den japanske marknaden.
MS Bluefin • • • • •
Kjennemerke SF 12 F Kystnotfartøy 34,79 meter lang og 7,5 meter brei Bruttotonnasje 331 tonn Lastekapasitet
KVOTER (FISKERIDIREKTORATET): • Makrell alle område 15 tonn • NVG-sild alle område1326,48 tonn • Sei nord for 62. breiddegrad 522,52 tonn • Sei sør for 62. breiddegrad (del av totalkvote) • Sild sør for 62. breiddegrad 478,4 tonn • Sild EU-sona (ICES IVa og IVb) 208 tonn
1 8 F I S KE RI F LO R A