«Når nokon prøver noko nytt, følgjer andre etter og så utviklar vi det i lag – det gjeld både fiskeplassar og fiskemetodar»
Investerer på sjø og land Kristian og Svein Magne Korneliussen har vakse opp i Breivika i Florø, men tilknytinga til Rognaldsvåg har alltid vore sterk. Faren Arne er frå øya vest i havet, og det var her interessa for fiske og fangst starta. Gutane vaks nærast opp i båtane til familien Madsen, der faren var mannskap. Han har fartstida si om bord i både Rindenes, Rindheim og Fiskebas. Sjølv starta dei to brørne Kristian og Svein Magne med sin første sjark i 1985, som fekk namnet Leinar. Vi har prøvt oss på litt forskjellig fiske, og vi dreiv lenge med linefangst. På starten av 90-talet var det breiflabben vi fiska etter. Det fiskeriet var det Johnny Seljeseth som starta opp. Reiarlaga i Flora har følgt kvarandre tett, fortel Kristian, og meiner at det er mykje av grunnen for framgangen i fiskeflåten. Når nokon prøver noko nytt, følgjer andre etter og så utviklar vi det i lag. Det gjeld både fiskeplassar og fiskemetodar. Verdien av det fiskemiljøet som har utvikla seg i kystbyen er avgjerande viktig meiner han. Ulike båtar og ulik drift Brørne Korneliussen har hatt mange ulike båtar sidan sjarken dei starta med midt på 80-talet. Denne kjøpte Svein Magne tilbake for nokre år sidan. I 1989 kjøpte vi den første Breivik Junior - ein 40 fots sjark med kvote - frå Arne Breivik. Namnet passa bra
Både vi og dei andre Florabåtane som fiskar i Nordsjøen legg likevel meir vekt på kvalitet enn kvantitet
sidan vi har vokse opp i Breivika, smiler Kristian. På den tida var det kystfiske her sør i tillegg til Lofoten. Etter 7 år var det ny satsing med ein 50 fots aluminiumsbåt. Vi var småbarnsfedre i etableringsfasen med mykje arbeidslyst. Då gjekk det i linefiske, som Kristian minnest som eit svært kaldt arbeid.
Stadig større båtar I 2002 bytta dei 50-fotaren ut med båten Tommy Junior frå Frøya i Trøndelag. Den var 63 fot (19 meter) og hadde sheltra dekk. Vi gav etterkvart opp linefisket og frå 2004 satsa vi på heilårs Nordsjøfiske, etter inspirasjon frå Rune Nilsen og Skjongholm. Dermed meldte behovet seg for endå større båt. I 2008 bytta vi ut Tommy Junior med ein 24 meter lang rein garnbåt. Med den fiska vi i dei same områda som vi driftar med nyebåten i dag. Dagens Breivik Junior kom i drift hausten 2016 og er endå 10 meter lengre enn den førre, og er som dei andre garnbåtane i området utstyrt med fryseri om bord. Nye generasjonar Med den nye båten har vi fått ein større og på alle måtar betre båt, slår skipperen fast. Forholda er betre for både mannskap og
MS Breivik Junior • • • • • • •
Kjennemerke SF-60-F Garnbåt 34,07 meter lang og 9,5 meter brei 6 lugarar og 11 køyeplassar Bruttotonnasje 499 tonn Lastekapasitet i fryserommet på 288 kubikk Frysekapasitet 18 tonn i døgnet
KVOTER (FISKERIDIREKTORATET): • Hyse nord for 62. breiddegrad 1021,92 tonn • Sei nord for 62. breiddegrad 432,16 tonn • Sei sør for 62. breiddegrad 800 tonn • Torsk nord for 62. breiddegrad 542,19 tonn • Torsk Nordsjøen 765 tonn
1 6 F I S KE RI F LO R A