Rune Nilsen er pioneren i garnflåten når det gjeld heileårsfiske i Nordsjøen. I dag - 30 år etter oppstart - har han heile familien med på laget, frå babord side Kyrre Flemming Nilsen, Rune Nilsen, Weronica Nilsen Toftesund og Runar Nilsen. Den viktigaste personen – som har vore med meg heile vegen - er ho Haldis, seier Rune Nilsen - og beklagar at ho ikkje er med på bildet.
resten av garna. Samarbeid er spesielt viktig i Lofoten – i Nordsjøen er nok konkurransen litt større, men her er vi og avhengige av kvarandre, smiler fiskarfamilien frå Hovden.
levert den direkte. Det viktigaste er at vi leverer frå oss best mogleg mat. Skånsamt fiske krev mellom anna at vi røktar garna godt. Vi prøver heile tida å tenke nytt for å sikre kvaliteten. Garnfisken er stor og er mellom anna ettertrakta til den norske klippfiskproduksjonen. Nattfiske i Lofoten Ein ting som er spesielt med Skjongholm sin driftsmåte er at dei fiskar om natta i Lofoten. Torsken går til botnen om nat-
ta og er mykje rolegare då, forklarar den erfarne fiskaren. Rune fortel at dei følgjer torsken når den flyttar på seg om kvelden og set garna i sjøen rett før det mørknar. Dermed står nokre av garna i sjøen i berre 2-3 timar. Vi dreg garna frå klokka 23 om kvelden. Då er torsken roleg og avslappa – og kvaliteten blir heilt topp. Når dei andre båtane kjem ut på feltet på morgonkvisten har vi allereie drege garna våre. Om vi ikkje har frysekapasitet til all fisken, så let vi gjerne ein av dei lokale båtane overta
Weronica tar seg av lokkar og lottar Reiarlaget Nilsen som driv med båten Skjongholm er i høgste grad eit familieføretak. Sønene Runar og Kyrre har vore aktive på båten i mange år. Runar er skipper og byter med Nils Ole Toft på å styre skuta. Kyrre har vore om bord sidan 2011, og har kystskippereksamen og alle nødvendige kurs for å løyse nødvendige sertifikat. Far Rune styrer den flytande bedrifta frå land, og er som regel med på to turar for vinteren og mønstrar elles på etter behov. Dottera Weronica Nilsen Toftesund ser det derimot ikkje som aktuelt å mønstre på som fiskar. Eg har vakse opp i miljøet og er vel vandt med både fiske og kystkultur, smiler Weronica som har flytta heim til Florø med familie. Ho jobbar som frisør på salongen Strigla, men skal samtidig gå inn i drifta av reiarlaget Nilsen på landsida. Vil føre arven vidare Eg veit kor mykje arbeid pappa har lagt ned i oppbygginga og drifta, og eg vil absolutt vere med på å føre det vidare. Weronica skal på sikt ta over papirarbeidet som far Rune har hatt ansvaret for så langt. Det er mykje å setje seg FI S K E RI F LO RA
inn i, fortel dei to. Eg treng tid til å lære og forstå korleis ein driftar ei slik bedrift, både med økonomien, HMS arbeid og logistikk. Gradvis overgang Dagslotten, der ein fordeler det samla fangstutbyttet på båt, bruk og mannskap, blir oppgjort haust og vår. Elles er det innkjøp, arbeidsturnusar og mykje anna som skal haldast styr på. Weronica er glad for å få stelle håret til Florø-folk, samtidig som ho skal gå i lære hos faren og gradvis gå inn i drifta av reiarlaget.
Referanseflåten
MS Skjongholm er ein del av den såkalla referanseflåten. Det vil seie at dei bistår Havforskingsinstituttet med viktige data. Dette arbeidet er det yngstemann i familien – Kyrre Flemming Nilsen – som har ansvaret for. Det er eit omfattande arbeid som krev nøyaktig og systematisk arbeid. Skjongholm sender inn data på all fangst dei får om bord. Dermed får instituttet oversikt over mengde fisk, posisjon på fangstplass og fordeling på fiskesortar. Annankvar dag tar vi ut prøver på 20 fiskar i ei lenke. Då sender vi inn data på lengde, mål og vekt på kvar fisk. Ein dag for veka tar vi i tillegg ut øyresteinen av desse fiskane og sender inn for analyse. Forskarane kan då telje årringane på fisken og få ut nyttig informasjon. Dei kan mellom anna skilje torsk frå skrei ved hjelp av øyresteinen. Det er eit møysommeleg arbeid, som ikkje alle om bord ønskjer å vere med på. Vi får sjølvsagt betalt for dette arbeidet, fortel Rune Nilsen, og presiserer at inntektene mellom anna går til ein Sevsat satellitt som gir mannskapet nettilgang om bord. Det er viktig at desse inntektene kjem alle til gode – så vi sørgjer for at det går til sosiale formål for dei tilsette. Vi ser det som viktig at havforskarane som gjev råd om fiskeriforvaltning har god kunnskap om fiskeria. Skjongholm har vore ein del av referanseflåten i 10 år, og har Nordre Nordsjøen som sitt ansvarsområde. Vi syntes det er veldig spesielt at første gong Havforskinga fekk inn data om lyr var frå vårt fiskeri på Haltenbanken.
11