Firda 8. juni 2013

Page 1

LAURDAG 08.06.  2013

NYHENDE

3

To bilar kolliderte

Krasja ved sjukehuset

HYLLESTAD: To bilar kolliderte på fylkesveg 65 ved Skifjorden i Hyllestad fredag morgon. Det var ikkje meldt om personskadar etter samanstøyten, berre materielle skadar.

FØRDE: Ein personbil og ein moped kolliderte ved avkøyringa til Førde sentralsjukehus torsdag kveld. Bilføraren var ein mann i 50-åra, mopedføraren var ei kvinne i tenåra. Kvinna vart lettare skadd i ulykka.

Protestane aukar

▶ – Vi har nok underskrifter til å krevje folkeavrøysting FØRDE: På ei veke har nesten 500 personar stilt seg bak krav om folkeavrøysting i spørsmålet om bompengar i Førde.

FØRDEPAKKEN SIGURD LØSETH sigurd.loseth@firda.no 91149802

– Dette er nok til at bystyret må ta stilling til dette, seier gruppeleiar Ove Henning Håkonsen i Framstegspartiet. Han har lagt ut eit opprop på nettsida minsak.no om å stoppe bomringen. I går ettermiddag hadde det komme inn 495 underskrifter, og nye kom stadig til. To prosent av innbyggarane eller 300 personar må fremje eit slikt krav for å få det opp i bystyret. Men bystyret avgjer om folkerøysting skal gjennomførast. – Bystyret kan avvise det, men avviser dei eit folkekrav, så veit vi kva som skjer ved neste val, seier Håkonsen.

Trur på tusenvis Han ser at også folk frå nabokommunane skriv under. – Det er viktig for oss at også dei viser engasjement. Dette handlar om dei også, men ved eit formelt krav om folkerøysting tel berre underskriftene til førdianarane. Vi vil gjere ei finteljing etter kvart, seier Håkonsen, som uansett ikkje er redd for at dei vil mangle underskrifter. Så langt er det berre jungeltelegrafen som har verka etter at oppropet vart lagt ut på nettsida, pluss at folk har begynt å dele det på Facebook.

OPPRØR: Gruppeleiar i Frp, Ove Henning Håkonsen, har laga underskriftsaksjon for å krevje folkeavrøysting. – Vi skal promotere kravet om folkeavrøysting utover sommaren, og då reknar eg med at vi vil komme opp i fleire tusen underskrifter, seier Håkonsen. Minsak.no er ei seriøs side oppretta av Kommunal- og regionaldepartementet for innbyggar-initiativ. Folk må registrere seg med namn og e-postadresse. – Responsen viser at det er stor

motstand mot bompengeringen, og at ordførar Olve Grotle tek feil, seier Håkonsen. – Vi trur folk i Førde er interesserte i vegane, men ikkje i bommane. Dei har betalt inn desse avgiftene til staten fleire gonger. No må du betale på nytt, det du alt har betalt. Årsavgifta vil bli over 6000 kroner, og bur du litt ute i distriktet og har to bilar for

Vil inn i Førdepakken Naustdal-ordførar Håkon Myrvang har bedt om eit møte med Førde formannskap for å diskutere innhaldet i Førdepakken. – Vi har ei kjempeutfordring med trafikktryggleiken i Naustdal sentrum, og det er naturleg å få ordna dette som ein del av Førdepakken, seier Myrvang. Kommunen har planlagt ny gangbru over Nausta til 40–60

millionar kroner. Blir halvparten finansiert gjennom Norsk Transportplan, må det skaffast 20–30 millionar lokalt. Myrvang meiner dette vil innverke minimalt på bompengesatsane. – Dette blir lite i den store samanhengen, seier han. Førde-politikarane har så langt sett på Førdepakken som eit lokalt og ikkje eit regionalt prosjekt. Både tunnel under Rørvikfjellet og gangbru over Nausta har blitt avvist. – Naustdal har stor utpendling

til Førde, og som eit felles bu- og arbeidsområdet vil det vere naturleg at naudsynt trafikksikring i Naustdal blir ein del av Førdepakken, seier ordføraren. Naustdal har vurdert eige bompengeopplegg, men det vil koste fleire millionar både å setje opp og drifte ein bomstasjon, påpeikar han. Naustdal har heile tida støtta Førdepakken, men berre dersom Naustdal er ein del av den. Støtta vil ta slutt om Naustdal ikkje blir med, det ligg i vedtaket, stadfestar han.

å komme på jobb, blir det over 12.000 kroner. Det er veldig urettferdig, meiner Frp-leiaren.

Halde presset – Framstegspartiet er bastant imot, men seier folk ja, så er det greitt for oss, legg han til. – Men finst det andre måtar å få rusta opp vegane på? – Staten har fått inn avgifter for

Foto: Sigurd Løseth

å bygge desse vegane, det er riksog fylkesvegar mesteparten. Syklistane betaler ingenting, og det er dei som skal få vegane. Ein burde lage bommar for syklistane i staden, seier Håkonsen i ein humoristisk tone. Frp får ikkje fremja kravet om folkeavrøysting før etter stortingsvalet og vil bruke sommaren til å la folk komme til orde.

Alle bilmerke Service

Sjekk når bilen din skal til EU-kontroll på våre nettsider.

– opptil 7,5 tonn

før sommarferien? – Bestill time no! Har bilen din

klimaanlegg? Vi utfører service, refylling og reins av klimaanlegg.

Bestill time: Tlf. 57 83 07 00 www.fordebil.no

Førde Bilservice AS Flovegen 6 • 6800 Førde • Tlf.: 57 83 07 00

Car Service – MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE –


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.