Page 1

Torsdag 06.06.

– Klakegg braut lova, hevdar ekspert Nyhende SIDE 8 Visa gåvekort

www.firda.no NR. 126 - VEKE 23 - 2013 LAUSSAL KR. 25,00 96. ÅRGANG

- Kan brukast overalt!

ssf.no/gave

Neppe bom-sjokk

▶ 20 kroner i bompengesats og ei nedbetalingstid på 10 år. Det var tala sivilingeniør Helge Hopen i går presenterte for formannsskapet. Politikarane var positivt overraska og tvilar om det blir noko bompenge-opprør i byen. NYHENDE SIDE 6–7

Fredag og laurdag i Førde SER DEG I

FØRDE


6

NYHENDE

TORSDAG 06.06.  2013

20 kroner, ti år m FØRDE: Fem bomstasjonar, 20 kroner i bompengar og 10 års nedbetalingstid.

BOMPENGAR SIGURD LØSETH sigurd.loseth@firda.no 91149802

Dette blir kvardagen for bilistane i Førde-trafikken frå 2015. I alle fall er det tilrådinga som sivilingeniør Helge Hopen i går ettermiddag presenterte for formannskapet på oppdrag frå Førdepakken AS. Bilistar som kjøper abonnement med brikke i bilen, får 10 prosent rabatt og slepp med 18 kroner. Rabattsystemet omfattar også ein timeregel: passering av fleire bomstasjonar innanfor ein time medfører berre éi betaling. Dessutan blir det tak på tal betalingar pr. månad. Etter 30 passeringar køyrer ein gratis. Det betyr maks 540 kroner i månaden for ein bil. Årsprisen for lett bil med over 30 passeringar i månaden blir dermed 6480 kroner. – Eg vil ikkje uttale meg om dette er billig, sa Hopen, men han viste satsar frå andre bompengeprosjekt som er meir enn dobbelt så høge. Bomring Bergen vil koste 25 kroner frå hausten av. Vossapakken har ein takst på 43 kroner og innkrevjing i begge retningar på bomstasjonane.

Rettferdig system I Førde tilrår Hopen einvegs innkrevjing, inn mot byen. Han har sett på fleire alternativ for plassering av bomstasjonar, og har landa på fem for å få eit mest mogleg rettferdig system i forhold til nytteverdi. Tilrådinga går ut på bomstasjonar i Naustdalsvegen sør for Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrselen til Presteholten, ved bru KronborgVie og på E39 aust for Farsund bygg og vest for Storehagen bru. Opplegget gir eit marginalt «hol» i ringen mot Angedalen. Når ei eventuell bru vert bygd over Jølstra frå Halbrendsøyra, vil det komme ein sjette bomstasjon der. Dette for å tette holet som oppstår i bomringen. Ifølgje prosjektleiar Arve Seger kjem denne brua inn mot slutten av perioden. Driftskostnaden per bomstasjon er sett til to millionar kroner. Dersom føresetnadene endrar seg, så er strategien at taksten kan aukast frå 18/20 til 25 kroner, nedbetalingstida forlengast opp mot 15 år og at dei lågast prioriterte tiltaka blir kutta. – Men finansieringa er robust, understreka Hopen.

Ferdig før E39 – I prosessen har ei nedbeta-

SAKA ▶ Førde bystyre ønskjer bompengeinnkrevjing for å finansiere nye trafikkårer og skape ein meir miljøvennleg by. Førdebakken AS er pådrivarselskapet, og bak står fire kommunar pluss 13 private bedrifter.

lingstid på 10–15 år vore omtalt. Vi tilrår altså 10 år, og så får vi sjå kva politikarane vel. Målsetjinga er å bli ferdig med denne bompengeinnkrevjinga før vi eventuelt får bompengeproblematikken på E39, seier prosjektleiar Arve Seeger. Førdepakken legg opp til å ta rundt halvparten av ein ei samla investering på 1,5 milliardar kroner, der stat og fylket går inn med den andre halvparten. Dersom stat og fylke berre dekker 40 prosent, må bompengesatsen aukast til 22 kroner.

Uspesifiserte tiltak Prosjekta som no ligg inne i planen, er plukka ut med grunnlag i kommunedelplanen som viste kor høg prioritet ulike prosjekt skal ha. Men det kan blir endringar fram til endeleg søknad, påpeikar Seger. I tillegg til prosjekta som er plukka ut, ligg det inne 100 millionar kroner til uspesifiserte tiltak. Dei skal ikkje gå til konkrete prosjekt men til opprusting og omdømmebyggjande tiltak i sentrum. – Kanskje vi kan bruke meir på Hafstadvegen, Langebruvegen og Naustdalsvegen, seier Seger.

BOMMANE: Førdepakken AS tilrår slik plassering av bomstasjonane: 1) ved sørenden av Klettentunnelen, 2) i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og oppkøyrselen til Presteholten, 3) på fv. 484 ved bru Kronborg-Vie, 4) på E39 aust for Farsund bygg og 5) vest for Førde Hotell. I tillegg vil det komme ein sjette bomstasjon på brusambandet Halbrendsøyra-Øyrane når det blir bygt. Skisse: Førdepakken AS.

TRAFIKK: Slik er årsdøgntrafikken på ulike punkt i Førde sentrum.

Skisse: Førdepakken AS


TORSDAG 06.06.  2013

NYHENDE

7

med bom

TAL: Sivilingeniør Helge Hopen la fram overraskande tal. Framme f.v. KrF-politikar Bjørn-Harald Haugsvær og kommunalsjefane Foto: Sigurd Løseth Kurt Even Andersen og Helge Sæterdal.

– Satsen ikkje meir enn ein kopp kaffi Ordførar Olve Grotle tippa at formannskapet ville få seg ei positiv overrasking, då han opna for bompengeorienteringa i går. Og det såg ut til å slå til. Både bompengesatsen og nedbetalingstida på 10 år var lågare enn venta. – 6480 kroner i året for ein bil er innanfor det akseptable. Det er føreseieleg og ein sum vi kan leve med, sa Bjørn-Harald Haugsvær (KrF) som følte seg trygg på tala som sivilingeniør Helge Hopen la fram.

Ikkje gale

– Heilt nytt vegsystem – Dersom vi får på plass alt som ligg inne i planen, vil Førde få eit heilt nytt køyreog transportsystem, seier prosjektleiar Arve Seger. Det skal bli mykje betre å gå og sykle. Farlege og dårlege løysingar skal ikkje lenger vere

noko unnskyldning for ikkje å bruke beina, seier Seger som har hatt hektiske dagar med å få planen ferdig. Han vil ikkje spå om korleis bompengeopplegget vil bli motteke, men han meiner det ikkje finst andre måtar om Førde skal få ei betre trafikk-framtid. – Skal vi få gjort noko med dei ønskte tiltaka i sentrum, er

bompengar den einaste løysinga. Om ikkje vil vi komme tilbake om 15 år og sjå at det framleis ikkje har skjedd noko på vegsektoren i Førde. Førdepakken er heilt avgjerande. Får vi ikkje til dette, vil det hindre utviklinga av sentrum og Førde som by, seier Arve Seger.

– Det er bra at bompengeperioden er korta ned til 10 år. Då ser vi enden på nedbetalinga, og vi får ikkje to prosjekt oppå kvarandre. Og når vi er nede i ein sats på 18–20 kroner, så er det ikkje meir enn ein kopp kaffi. Det er ikkje gale, sa Haugsvær. – Eg er positivt overraska både over nedbetalingstid og kostnaden per passering, seier Iris Loftheim (Sp) til Firda. Men ho trur det kan bli reaksjonar på at bommane er passerte slik at folk i Vieåsen-området kan komme seg både til jobb på sjukehuset, barnehage og butikk utan å måtte passere ein einaste bom.

I debatten vart det peika på at andre bustadfelt hadde sine fordeler av opplegget, og at ting jamna seg ut. – Å få det 100 prosent rettferdig er vanskeleg, sa Hopen. Sindre Roska (V) ser ikkje vekk frå at det kan bli litt debatt om kvar grensene skal gå, men han trur ikkje det blir noko bompengeopprør i Førde.

Tannregulering Også ordførar Olve Grotle ser positivt på dei siste reknestykka. – Satsane er langt lågare enn det har vore spekulert rundt i media. Dette er til å leve med, samtidig som det gir den nødvendige inntening. – Blir det eit bompengeopprør i Førde? – Det er vanskeleg å seie. Alle skal få seie si meining, men ein må ikkje tape av syne hovudføremålet som er betre vegar og eit heilt anna gang- og sykkelvegnett i Førde, seier Grotle som samanlikna innføring av bompengar med tannregulering. – Det gjer vondt i starten, men etter kvart merkar du det ikkje, og til slutt kan du avdekke perlerada, sa Grotle og fekk følgjande kommentar frå Helge Hopen: – Eg har betalt bompengar i 25 år og har prøvd tannregulering. Det siste var klart verst.

Opp med 52 prosent FØRDE: I Firda laurdag 01.06 vart det opplyst om at salet av alkoholhaldig drikke mellom 2,5 og 4,7 prosent i Førde kommune hadde auka med 35 prosent. Dette stemmer ikkje, det rette talet er 52 prosent, frå 243.685 liter i 2011 til 372.367 liter i 2012.

Firda 6. juni 2013, side 1, 6, 7  

Sivilingeniør Helge Hopen presenterte trafikkgrunnlaget for formannskapet i Førde 5. juni.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you