Page 1

Foto: Photoevent Foto: Photoevent

Vi har olje til det meste Gjennom 50 år har vi levert alle typar smøremidlar til nærområdet vårt. Vi leverer diesel, fyringsolje og andre kjemiprodukt til mange hundre kundar i distriktet.

Våre kundar er vår arbeidsgjevar

Drivstoff og brensel - Smøremiddel - Kjemiprodukt - Dieseltankar med og utan pumpe - Smøreoljeutstyr


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

Dette er Farsund & Naustheller – God service, lang erfaring, rask levering og lokalkunnskap er dei viktigaste konkurransefortrinna vi i Farsund & Naustheller har, seier dagleg leiar Sverre Farsund. – Vi er tre som sit her på kontoret på Øyrane og servar kundane og leverandørane våre, og samtidig har vi 4 sjåførar som stadig er på farten med ulike bilar i distriktet. Førdefirmaet som fyller 50 år i år kan også skilte med 7 ubetente pumpestasjonar rundt om i Sogn og Fjordane. Det heile starta med far til Sverre - Ottar Farsund - som starta karriera si med bilar og bensin hos familien Sivertsen. Saman med Odd Naustheller grunnla han bedrifta som har levert drivstoff til stasjonar i regionen i 50 år. Det er framleis drivstofftransport som står i fokus, men bedrifta har utvikla seg og tilpassa seg tida. Tidlegare køyrde vi med Shell-logoen på bilane våre, fortel Farsund. No er bilane kvite og nøytrale slik at vi kan levere til alle, frå store oljeselskap til små nøytrale tankanlegg. Distriktsvenlege Farsund & Naustheller har gjennom alle desse 50 åra lagt vekt på å vere fleksible og å drive distriktsvenleg. Vi har mange små kundar rundt om i heile fylket. For bøndene, nærbutikkane og småentreprenørane er det viktig å vere sikra levering der dei er. Når vi har samla såpass mange små kundar blir det gunstig for oss også, seier Farsund. - Vi tar nokre telefonar og så fyller vi opp ein bil før vi til dømes køyrer til Askvoll- og Fjaler-distriktet. Samtidig tar vi gjerne med smøreolje og andre produkt som butikkane eller andre treng påfyll av.

Fleksible og tilstades - Kundane er vår arbeidsgjevar og vi legg vekt på å vere fleksible, seier Sverre Farsund. - Det betyr at vi leverer like gjerne nokre liter diesel til ein bonde i Viksdalen som fulle tankar til Firda Billag og jet fuel til Airlift i Kinsarvik. - Å ha stabile sjåfø-

rar som står på når det trengs er ein viktig suksessfaktor for oss. Pumpestasjonane vi har sett opp rundt om i fylket er og viktig service til kundane våre. Der kan folk handle til alle døgnets tider, og storforbrukarar kan få gunstige kortavtalar.

SVERRE FARSUND

GEIR INGE BALE

TORIL SOLBERG

Dagleg leiar Tlf. 57 82 16 88 Mobil: 970 54 010

Bestyrar Førde depot og Norcem Mobil: 970 54 014

Rekneskap/adm. Tlf. 57 82 16 88

sverre.farsund@farsundnaustheller.no

geir.inge.bale@farsundnaustheller.no

HMS-pris for transporørar I 2002 fekk Farsund & Naustheller Norsk Petroleumsråd og Norske Shell sin HMS-pris for transporørar

toril.solberg@farsundnaustheller.no

ODD NAUSTHELLER Odd Naustheller var dagleg leiar i Farsund & Naustheller frå stiftinga i 1966 og fram til 2002, då Sverre Farsund overtok som dagleg leiar. Odd var også dagleg leiar i Fjordane Bil og Oppretting i mange år. Odd hadde oppsynet med fleire utbyggingar på Førde Depot, og var også den som tok imot alle sementbåtane, frå starten i 1977 og fram til han vart sjuk og ikkje makta å stå på som tidlegare. Odd skapte eit godt arbeidsmiljø omkring seg og hadde i alle år eit godt forhold til kundane. Odd vart sjuk og måtte trappe ned, men hadde heimekontor dei siste åra og fylgde med i drifta. Han døydde i 2012. Ansvarleg utgjevar: Farsund & Naustheller AS i samarbeid med A til Å Grafisk Design og Media - www.atilaa.no Prosjektleiar og sal: Malvin Horne I Tekst og foto: Anita Øygard I Grafisk utforming og produksjon: Trond Sagen I Foto: Thor-Aage Lillestøl, Photoevent - photoevent.no 2


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

TORIL SOLBERG har jobba i firmaet sidan 1987 (29 år). Ho har kontroll på kvar liter som går inn og ut av bilane og er sentral i drifta. I starten køyrde ho litt for Bladcentralen i Førdedistriktet i tillegg til kontorarbeid. Toril har ansvar for fakturering og rekneskap.

HELGE-JAN AASEN køyrer for det meste tanksemi i Sogn og Sunnfjord for Scan Tank. Han har jobba i Farsund & Naustheller heilt sidan 1978 (38 år) og hentar stort sett drivstoff frå tankanlegg på Mongstad eller Skålevik, og leverer mellom anna til Firda Billag.

GUNNAR BRULAND jobba for Farsund & Naustheller frå 1996 til 1999, og starta opp igjen i 2011 (9 år). Han køyrer varmebil med olje og drivstoff til oljeforhandlarar, gardsbruk og entreprenørar. I tillegg køyrer han jet fuel til Airlift.

OTTO BERG er nytilsett hos Farsund & Naustheller i 2016, men er ein erfaren sjåfør. Han køyrer jet fuel frå Mongstad til Airlift og elles deler han tanksemibilen med Helge-Jan Aasen.

ALLAN KJELSNES har køyrt for Farsund & Naustheller sidan juli 1990 (26 år). Han er ein erfaren sjåfør, og køyrer open jumbotralle. Mykje av transporten med denne bilen er på oppdrag for Kårstad Transport.

ØYVIND HAFSTAD er ferievikar og aktiv pensjonist etter å ha jobba i Farsund & Naustheller i 46 år. Frå 1968 køyrde han for Margarincentralen før han skifta over til Bladcentralen i 1972. Øyvind var smøre- og oljekonsulent og hadde driftsansvaret for depotet og dispatching (ekspedisjonsplan) for Shell, frå 1977 til han pensjonerte seg i januar 2015.

Visste du at rekneskapen din er ei kjelde til auka resultat? Ta kontakt i dag og vi viser deg korleis.

• Bransjekunnskap: Vi har meir enn 40 år i IT-bransjen i S&Fj • Fagspesialistar: Våre kundar får tilgang til gode IT-teknikarar og rek neskapsmedarbeidarar

ADCOM Fjord Data - moderne rekneskapsbedrift med unik kombinasjon av fagkunnskap innan økonomi, rekneskap, lønn og teknologi

• Supportspesialistar: Vårt supportapparat vert rekna som leiande innan våre fagfelt • Kunnskapsoverføring: Våre medarbeidarar er engasjerte ideskaparar og har lang erfaring i å styre prosessar -Heilt sidan 1974

Kontakt oss på tlf: 57 72 35 00 I Nettside: adcom.no 3


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

Med jet på tanken

Eigen bil for jet - For oss er det eit viktig kvalitetsstempel at vi har all transporten av jet fuel til Airlift, fortel Geir Inge Bale. - Det er Shell som sel drivstoffet som vi hentar på Mongstad. Farsund & Naustheller fraktar det ut til Airlift

Fleksibilitet viktig - Den viktigast grunnen til at vi blir føretrekt er nok likevel at vi er fleksible. Helikopterselskapa er naturleg nok svært vêravhengige i arbeid sitt, og dermed er behovet for drivstoff vanskeleg å forutsjå. Vi har heile tida klart

sine basar på Bringeland, i Kinsarvik, Høyanger, Stranda, Skien og Evje. Det krev at vi har ein eigen bil, som berre blir brukt til denne typen drivstoff. I tillegg til Airlift leverer vi og jet fuel til Fjord Helikopter i Stryn.

Airlift er vêravhengige i arbeidet sitt, og vi som leverandør av jet fuel må vere tilsvarande fleksible.

å stille på kort varsel og til alle døgnets tider. Det får vi igjen for med fornøgde og lojale kundar.

Otto Berg er nytilsett hos Farsund & Naustheller, og skal mellom anna ha ansvaret for levering av jet fuel til helikopterselskapet Airlift.

• Shipping • Transport

• Sjøtransport – det rimeligste alternativet

• Stevedoring • Lager • Skipsklarering

• NOR LINES – dekker hele Norskekysten, samt Polen, Baltikum og Danmark

www.moldegaard.as Tlf: 71 25 06 30

• Logistikktjenester

www.moldegaard.as Tlf: 71 25 06 30

• Hurtigruten – daglige seilinger Bergen-Kirkenes

• Fortolling SHIPPING, TRANSPORT OG LOGISTIKK

SHIPPING, TRANSPORT OG LOGISTIKK 4


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

BEN

Norsk Energiteknikk AS Er et landsdekkende selskap innen drivstofftekniske løsninger.

Besøk gjerne vår hjemmeside:

www.net-as.no

Sterke lokalt - og nasjonalt!

BDO - ET BEVISST VALG

Leasing på timen!

Vi gratulerer Farsund & Naustheller med jubileet!

Leasing har mange fordeler framfor lånefinansiering og kan vere eit godt alternativ når du skal investere i drifts- og anleggsmidlar.

BDO er et av landets ledende kompetansehus innen revisjon, rådgivning og regnskap. Med over 1350 ansatte, og kontorer over hele landet, sikrer vi både lokalkunnskap og nasjonal kompetansekraft.

Ta kontakt med oss. I lag finn vi ei løysing som passar for di bedrift*.

For mer informasjon, kontakt: Rune Akse - tlf 950 32 485 - rune.akse@bdo.no

Kundesenter: tlf 578 29 700 Revisjon | Skatt og avgift | Rådgivning | Regnskap

Opningstider: måndag-fredag 08.00-16.00 *Vi tilbyr leasing gjennom Sparebank1 Finans

ssf.no

5


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

SVERRE FARSUND

Først med tankar hos bøndene - Bøndene og dei små entreprenørane er viktige kundar for oss, fortel dagleg leiar Sverre Farsund. - Vi var dei første som starta opp med å levere tankanlegg til bøndene her i distriktet, og i tillegg sel vi smøreolje, hydraulikkolje og diverse andre artiklar. Mobile gardstankar - Odd Naustheller var framsynt og tidleg ute med å tilby bønder, lastebileigarar og små entreprenørar å leige eller kjøpe tankar, fortel Farsund. - I starten var det vanleg at bøndene anten hadde fat på stativ eller grov ned forholdsvis store tankar. I dag er det enklare. Vi sel solide mobile tankar med pumpe og telleapparat, som er lovleg å ha ståande opp på jorda. Det gjer arbeidet enklare og rimelegare for både dei som treng drivstoff heim på tunet, og vi som leverer. Bondebutikk Sverre Farsund og dei andre på

eit viktig segment for dei. Vi er opptatt av kundane våre og når vi skal ut i eit distrikt så ringer vi gjerne og spør om dei treng påfyll på tanken. Det set dei pris på.

kontoret på Øyrane får stadig bønder og andre innom døra. Rett ved kontoret har dei butikkutsal av alt frå arbeidshanskar og greaspresser til miljøbensin og hydraulikkolje. Han presiserer at bøndene utgjer

- Kundane er vår arbeidsgjevar, seier Sverre Farsund som tar seg av alt frå å levere jet fuel til helikopter og arbeidshanskar til lokale bønder.

Drivstoff levert på tunet Norvald Erdal er nabo til depotet i Erdalen, og ein av bøndene i Førde som har vore kunde hos Farsund & Naustheller heilt sidan starten i 1966. - Eg hugsar at vi før i tida henta dieselen sjølve på tankanlegget, men det går sjølvsagt ikkje lenger. - No er det veldig sytelaust, fortel Erdal. - Dei svingar

inn på tunet her og fyller opp dieseltanken eg har her ved sidan av fjøsen. Sjølv om eg bur forholdsvis nær bensinstasjonane i Førde, så er det greitt å sleppe å køyre traktoren inn der for å fylle på tanken. For gardsbruk som ligg lenger vekke må dette vere endå viktigare, seier bonden i Erdalen.

Det er sytelaust og triveleg å få drivstoffet levert på tunet, og kjekt å slå av ein prat med sjåfør Gunnar Bruland, seier Norvald Erdal, som er bonde i utkanten av Førde.

HAFSTADVEGEN 45 • 6800 FØRDE www.hellevangkontor.no post@hellevangkontor.no

6

Totalleverandør av maskiner og møblar til kontor, skule og helse


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

ROY SOLBAKKEN

F&N passar på kundane sine Roy Solbakken har drive med bensinstasjonar rundt om i heile Sogn og Fjordane sidan 80-talet. Hovudleverandøren har vore Shell, men den som har levert ut drivstoff er Farsund & Naustheller. - Dei har alltid gjort meir enn berre å levere drivstoff. Sjølv er eg mest opptatt av å selje, ler Solbakken, og ikkje så opptatt av å kjøpe. Hadde ikkje Farsund & Naustheller vore påpasselege og ringt meg så hadde eg sikkert hatt tomme tankar mange gonger. I dag er alle stasjonar fjernpeila, slik at ein til ei kvar tid har oversikt over forbruket. Tidlegare måtte ein følgje meir med for å sjå når dei trengte påfyll. Farsund & Naustheller si innstilling om å passe på kundane sine har vore uvurderleg viktig for meg og drifta av mine stasjonar. Roy Solbakken gratulerer ein fantastisk samarbeidspart, som har stått på i 50 år - og som er veldig gode til å følgje opp kundane sine. - Dei tilsette hos Farsund & Naustheller stiller opp til alle døgnets tider om det trengs, fortel ein fornøgd kunde og samarbeidspart.

Roy Solbakken er gründeren bak Best-stasjonane, som såg dagens lys i 1999, på bakgrunn av eit «opprør» mot dei store selskapa. Sjølv er han innehavar av fire Best stasjonar og sju sjølvbetente pumpeautomatar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. I tillegg til eigedomsutvikling, kro- og hotelldrift er han medeigar i Drivstoffcontainer som leverer løysingar til mellom anna utkantbutikkar.

Best med Best - Eg er veldig happy med at Farsund & Naustheller kjøpte Best oljeforhandlarfirmaet Adolf Indrebø & Sønn i 2015. Dermed blei dei automatisk Bestforhandlar, under firmanamnet Indrebø Olje. Roy Solbakken er ein av gründerane bak forhandlarkjeda Best som er eigd av forhandlarane. - Det er ingen hemmelegheit at eg i mange år har prøvd å få firmaet Farsund & Naustheller med i kjeda, seier Solbakken som sjølv er styreleiar i det landsomfattande selskapet Best

Fakta om Best Stasjon AS: • Landsdekkande bensinstasjonskjede med 135 stasjonar i Norge. • Eigen avdeling for oljeforhandlarar. • Skal styrke forhandlarane sin posisjon i forhold til oljeselskapa. • Skal styrke forhandlarane sin innflytelse og kontroll over eiga verksemd og forteneste. • Frå små lokale stasjonar til store fullservice bensinstasjonar.

7

Stasjon AS. - Med dette oppkjøpet sikrar vi oss ein svært god samarbeidspart, og eit firma som set service i høgsetet. - Best kjeda satsar på utkantane og legg forholda best til rette der dei store sviktar. Difor finn ein Best-stasjonar og sjølvbetente pumper rundt om i heile Sogn og Fjordane, avsluttar ein optimistisk drivstoffgründer.


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

Farsund & Naustheller 19

2. februar 1966, på Petra Farsund sin 55 årsdag såg Farsund & Naustheller AS dagens lys i Før lagt grunnlaget for bedrifta, ved å jobbe med drivstoff og transport for Reinhard Sivertsen. Det drivstoff, olje, transport og bil har stått i fokus.

M/S Cemstar var den største og nyaste bulkbåten som frakta laussemet for Norcem i 1977. Den leverte den første dellasta på 2500 tonn til siloen i Førde. På kaia ser vi Olav Helgås sin sin nyinnkjøpte sementbil, med kapasitet på 20 tonn. (foto Firda)

Utbygging i Erdalen

Den første bensinstasjonen i Førde var eigd av Sivertsen som dreiv hotell i Førde. Ottar Farsund starta si karriere med bil og drivstoff her.

Bilbyen si vogge

Sivertsens Hotell var ein gong eit landemerke i Førde. Det staseleg bygget ruva omlag der Coop Mega ligg i dag - i enden av Kyrkjevegen. I tillegg til hotell dreiv familien Sivertsen med bakeri og landhandel, og kanskje var det nettopp her bilbyen Førde si vogge låg? Sivertsen etablerte bygda sin første bensinstasjon på 1920-talet. Shellstasjonen låg der drosjesentralen er i dag. I tillegg drifta Sivertsen drivstoffdepotet i Erdalen og Margarincentralen, som distribuerte margarinprodukt frå Bergen.

I 1967 kom den første utvidinga, og kapasiteten auka til 780 m3. I 1978 var kapasiteten oppe i 2200 m3. Behova var aukande og det kom på plass lager og sosialbygg i 1984 og eit tilbygg på elektrorom i 1991. 2 år seinare vart anlegget igjen utbygt og automatisert. Kapasiteten på anlegget er no oppe i 3450 m3. Etter 1993 har anlegget vore utbygt med større sosialrom og kontor til oljeselskapa. Sidan 2000 er det bygt gassgjenvinningsanlegg (VRU) for bensin, pulver og overrislingsanlegg, og depotet har fått ISPS godkjenning (The International Ship an Port facility Securety code) av Kystverket. Fram til juni 2010 har depotet betent Esso, Statoil og Shell. Etter at depotet blei selt til Moldegård Maritime trekte Esso seg ut og Best kom inn.

Smøremiddel og drivstoff i 50 år

Kjellaren i bustaden til fungerte so Petra og O m lager og tta kontor dei første åra til r Farsund Farsund & Naustheller.

Gjennom heile historia har tankbilane og sjåførane til Farsund & Naustheller vore den viktigaste ingrediensen i bedrifta. Sjølv om eigarane har vore involvert i bilforretning og sjåførskule har drivstofftransport og sal av smøreolje og andre smøreartiklar vore kjerna i bedrifta. Etterkvart har Farsund & Naustheller vore sterkt involvert i oppstart av mindre stasjonar rundt om i fylket og dei er ein viktig leverandør til bønder og entreprenørar i distriktet.

Stifting 196

6

Ottar Farsu nd, som se inare overt depotet i E ok drifta av rdalen, star Margarince ta si yrkesk Ottar og P ntralen og arriere hos etra Farsun S ivertsen. I d saman med 1 Odd Naust 966 stifta niesa Sigri heller firm d og ektem aet Farsun skulle drive annen d & Nausth med agentu eller AS. Sel r, k sk o m apet m Firmaet leig isjon, hand el og transp de i starten ort. Ottar sine kontorstad 2 lastebilar en var heim , og e i huset ti på Toene. T l fa m ilien Farsu anktranspo nd, rt for Shell Erdalen va og depotet r hovudgesk i jeften frå d ag ein for 50 år si dan. 8

O i ha

O Dr På bi

B

For Ot og han sin e star O


966–2016

rde. Ektemannen Ottar Farsund hadde tte var starten på ei lang karriere – der

Farsund & Naustheller sin første tankbil vart innkjøpt av Ottar Farsund i 1964.

Drivstoff og sement

Ottar Farsund tok over drifta av depotet etter Sivertsen 1964. Sidan 1966 har firmaet Farsund & Naustheller att driftsansvaret for drivstoffdepotet. Då Norcem sin sementsilo blei bygt på nabotomta i 1977, var det naturleg at Farsund & Naustheller fekk ansvaret for drifta av denne også.

til tograf ) var Farsund (fo r og Sverre n og Nissan. su tta at O , D ny av hn ar til Førde. eller, Ole Jo forhandlar ed seg heim Odd Nausth reiv kontrakt for å bli dei henta m m sk so og y nn en m Su ram atsun den første D ildet ser vi

reskule rk, y ø k g o k k Bilbuti bil og køyring vore eit viktig littvsarvedreiv

.O d har å køyre bil ttar Farsun fjordingar n n Su 7. I 1969 8 9 ge 1 an var 70 år i har lært m an h l g ti rdane Bil o rskule fram firmaet Fjo il eigen sjåfø b r le . el h en Vik d & Naust er Gerhard arta Farsun verksmeist ed issan m N g g la o i , n u, Datsu ar Oppretting b Su , eo r seljar lfa Rom nd, som va Dei selde A hnny Farsu Jo le år O . 2 g år ,o i 30 sjuk i 1997 vart alvorleg aet. rm fi ei d etter selde

Margarin- og Bladcentralen

Margarincentra len var viktig i startfasen av firm fram til 1973. Kv aet, ar måndag hent a ein margarinpr som kom med odukt Bergensbåten til ekspedisjonen Lageret var i kj på Steinen. ellaren på Toen e. Så hadde ein heile veka med faste ruter mellom anna m argarin og majon butikkane i Sunn es til fjord og ytre So gn . Frå 1972 til 20 Farsund & Nau 04 var stheller kommisj onær for Bladce Det gjekk ut på ntralen. å distribuere ve keblad til butik bensinstasjona kar, r og kioskar i sto re delar av fylket. I retur to k ein med seg de t uselde Arealet til Førde depot i Erdalen vart kjøpt av restopplaget frå veka før. Norske Shell og oppmålt så tidleg som 8. april 1940. Rett etter krigen - i 1947 - vart det første anlegget oppført med ein kapasitet på 130 m3 drivstoff. I startfasen bestod depotet av liggande tankar med bensin og diesel. Depotet var utan straum og lys, og jobben med å ta i mot og levere ut drivstoff kan ikkje samanliknast med dagens drift. Farsund & Naustheller har investert fleire millionar

Drivstoffdepot i Erdalen

i kai, butikk og trelastlager i Stavang.

Framtidsretta satsing I 2011 kjøpte Farsund & Naustheller landhandelen, trelastlageret og tilhøyrande kaianlegg i Stavang. Året etter starta dei opp butikkdrifta i samarbeid med Henry Kårstad, Hildur, Frank og Ida Sørdal. I 2013 – 2014 blei det investert i ny flytebrygge og butikken vart utvida og oppgradert. Ved butikken og på kaikanten er det drivstoffpumper for bil og båt. Farsund & Naustheller overtok drifta av Indrebø Olje i 2015. Det blir drive som eit eige selskap med transport av drivstoff og fyringsolje. Selskapet har eigen automatstasjon på Hornes, der fleire større entreprenørar i Førde tankar opp maskiner og køyretøy.

9


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

NY TEKNOLOGI HOLDER MASKINENE I GANG LENGRE Få mer ut av kjøretøyet med Shell Rimula Ultra. Den nye Shell Dynamic Protection Plus-teknologi kombinerer PurePlus Teknologi med Adaptive additiv teknologi og gir eksepsjonell rensing, stabil viskositet/flyteevne og bedret kald-start egenskaper under de mest krevende forhold. Utviklet for å gi den beste motor beskyttelsen uavhengig av kjøre og værforhold1. Bidrar til lengre levetid på motoren uavhengig av kjøreforhold og temperatur samt gir lengre oljeskift intervall2 og lavere drivstoff forbruk3 som igjen reduserer driftskostnader. Vi presenterer Shell Rimula Ultra denne våren. Gjør deg klar til å bli med på revolusjonen. 1. Sammenlignet med revidert strengere Mercedes 228,51 spesifikasjon, grenseverdier målt i forhold til MB OM646 motor test. 2. Sammenlignet med en vanlig 10W-40 olje over en 100,000km oljeskift intervall 3. Sammenlignet med standard 15W-40 olje.

Vi gratulerer Farsund og Naustheller AS med 50 år og ser fram til vidare samarbeid

Norsk Scania AS Tverrgrova 1 - 6814 Førde www.scania.no

Scania feirer dette året 125 års jubileum med modellen «Evolution 125». Forrige år feira vi 70 år som eigen organisasjon i Norge. Scania har 45 verkstader i landet og vart i 2015 markedsleiar for tunge køyrety.

10


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

Bilhuset Førde – kvalitet og trivsel - Skal du få lyst til å kjøpe bil hos oss, må du synest det er triveleg å besøke oss her i Bilhuset, seier dagleg leiar Frode Svidal. - Sjølvsagt sel vi dei beste bilane, smilar den ferske daglege leiaren, men like viktig er det at vi har dei beste og blidaste folka. Bilhuset Førde skal vere ein hyggeleg plass å besøke. – Vi held til i trivelege lokale, i same bygg som Farsund & Naustheller, som feirar 50 år i desse dagar. – Det er imponerande seier Svidal og nyttar høvet til å gratulere naboen. Skal ei bedrift overleve i så mange år er folka som jobbar der og relasjonen til kundane avgjerande. – Her på Bilhuset kjøper vi all dieselen hos naboen, som har pumpene sine 20 meter frå husveggen. Det er praktisk og dei er konkurransedyktige, slår Svidal fast. Må sjå alle - Slagordet vårt er «Kvalitet i alle ledd» – og då er det viktig at alle gjer jobben sin. Svidal starta i jobben som Mercedes- og Peugeot forhandlar i desember 2015, og tok eit uvanleg og viktig grep frå dag ein. - Eg jobba ei veke på verkstaden og ei veke på kundemottak og delelager. For meg og Bilhuset er det viktig å sjå alle og at vi forstår korleis folk jobbar. Dei tilsette er det viktigaste leddet for at vi kan tilby kundane våre god service, i alle ledd. Fornøgde og hyggelege tilsette gir fornøgde kundar. «Det lille ekstra» Frode Svidal fortel at han vil løfte firma, og ikkje minst merkevara Bilhuset Førde. – Vi skal gje kundane våre «det lille ekstra». – Vi er godt i gang, og kan allereie vise til gode resultat, smilar ein fornøgd bilmann. Kvalitet i alle ledd er ikkje berre eit tomt slagord. Bil og skatt - I januar inviterte vi bedrifter frå regionen til frukostmøte, med tema bil og skatt. Det var

veldig populært og over 20 leiarar frå næringslivet fekk nyttig påfyll om nye reglar, samtidig som eg fekk fortalt om våre bilar og vårt bilhus. Gode møteplassar er god relasjonsbygging.

- Kundane våre skal hugse Bilhuset på ein positiv måte, avsluttar ein kanskje litt annleis bilseljar – som satsar på trivsel og kvalitet i alle ledd.

- Fornøgde tilsette gir fornøgde kundar, seier Frode Svidal som sit i førarsetet på Bilhuset Førde. Han legg vekt på å sjå og sette seg inn i arbeidet til alle, for at dei saman skal løfte bedrifta og yte «det lille ekstra».

Damer og champagne Det neste arrangementet som står på agendaen for å promotere Bilhuset Førde er ein damekveld. - Dette er eit reint trivselstiltak, der vi ønskjer å gje dei kvinnelege bilkjøparane ei god oppleving – og kanskje ei positiv overrasking, smiler Svidal lurt. - Dette er på planleggingsstadiet, men vi ser for oss raud løpar, bobler i glasa og ein eigen fotovegg med profesjonell fotograf. Servitørane denne kvelden blir sjølvsagt våre eigne mekanikarar i «barisen».

Autorisert merkeforhandlar • Mercedes i Sogn og Fjordane • Peugeot i Sunnfjord • Komplett bilvarehus: Nybil - Bruktbil - Verkstad for service og reperasjon Dekkhotell - Lån og leasing - Bilutleige

11


Vi dekker heile fylket

- Vi leverer alle typar dekk, til alt frå små trillebårer til store anleggsmaskiner, fortel salsleiar Ståle Kvammen. Han viser rundt i lokala til tradisjonsrike Førde Vulk, der det er stabla dekk overalt, utan at det ser rotete og uoversiktleg ut. - Vi er nøydde til å ha orden og system for å finne fram og yte god service til kundane. - Service og tilgjengelegheit det viktigaste konkurransefortrinnet, seier Kvammen. - Folk flest skiftar ikkje dekka sine sjølve lenger, og lagrar dei heller ikkje mellom sesongane. For 7 år sidan kvitta vi oss med regummieringsmaskina og laga plass til eit dekkhotell, med kapasitet på 1200 sett personbildekk. Det vil sei 4800 dekk på rekke og rad, som ligg klar for utskifting haust og vår. Det var eit smart val. Dekkhotell og stort varelager - I tillegg til dekkhotell er det viktig at vi har alle typar nye dekk på lager. Til saman har vi rundt 10.000 nye dekk lagra her. Den viktigaste utviklinga vi merkar på personbilmarknaden er at det er så utruleg mange

forskjellige dimensjonar. Det ser nesten ut som kvar biltype satsar på sin eigen type dekk, smiler salssjefen.

for bilen. Førde Vulk tilbyr også vaskehall, der folk ved hjelp av ei brikke får tilgang heile døgnet. Hallen er tilpassa større bubilar og lastebilar.

VULKANISERING Prosess som omvandler rågummi eller en rå gummiblanding fra en klebrig, plastisk eller flytende masse til det ferdige gummiprodukt med gode elastiske egenskaper og styrke.

Lastebildekk til heile fylket - Sjølv om vi satsar breitt er last den viktigaste kundegruppa vår. Vi er dei einaste som reparerar store anleggsdekk, mellom Ålesund og Bergen, og har mange store og viktige kundar i fylket. Statistikken viser og at vi leverer mange traktorslangar rundt om i fylket. Ståle Kvammen fortel at dei sel dekk til verkstader og store firma i heile fylket og personbildekk til frittståande butikkar. Førde Vulk leverer dekk til busselskap og dei fleste transport- og entreprenørfirma i Sogn og Fjordane.

Store Norske Leksikon

Rask levering - Vi opplever meir og meir direktesal til privatkundar, og det nye systemet med timebestilling på nett har letta arbeidet vårt betrakteleg. Kundane er impulsive og vil ha dekka sine med ein gong, og har ikkje tid til å vente på at vi får dei inn på lager. Kvammen fortel at felgar også er ei viktig salsvare. - For mange er ein flott felg eit viktig ansiktsløft

Arnt Bruland har jobba på Førde Vulk i over 40 år og har lang erfaring med å reparere store maskindekk.

– For oss er det positivt at lokale transportfirma vinn fram i konkurransen, seier Kvammen. Gratulerer jubilanten Førde Vulk etablerte seg så tidleg som i 1949, og var nok det først firmaet som satsa på dekk i fylket. Farsund & Naustheller som feirar 50 år i desse dagar har vore kunde her heile tida, seier Ståle Kvammen. - Saman har vi kanskje lagt eit viktig grunnlag for at Førde er blitt den bilbyen som den er i dag. Dekk og olje er viktige ingrediensar, og noko som alle køyretøy treng - uansett merke og type. - Vi vil sjølvsagt vere med og gratulere ein god kunde med eit så viktig jubileum.

Sals- og innkjøpssjef Ståle Kvammen har vore i bedrifta i 30 år, og kan fortelje at dei må ha store mengder ulike dekk på lager for at kundane skal sleppe å vente. Kundane krev effektivitet og rask levering.

• • • • • •

12

Etablert i 1949 Sel, reparerer og skiftar dekk 19 fast tilsette + ca. 10 ekstrahjelper i høgsesongane 70 millionar kr i omsetting siste åra 4.300 m2 bygningsmasse Dekkhotell og vaskehall www.fordevulk.com


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

www.drivstoffcontainer.no Vi er stolt leverandør av Drivstoffcontainer til en sprek 50 åring og gratulerer Farsund & Naustheller AS med jubileet.

Vi forhandler diverse drivstoffløsninger som fungerer utmerket som midlertidige eller faste installasjoner på steder hvor det ikke finnes alternative løsninger.

Hellandsjøveien 4, 7200 Kyrksæterøra - Tlf. 918 62 437 - post@drivstoffcontainer.no

13


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

Ansvar for drivstoff og sement i Erdalen Geir Inge Bale har lang fartstid som sjåfør, men er forholdsvis fersk i firmaet Farsund & Naustheller. Han har jobba her i 2 år og er driftsansvarleg for drivstoffdepotet og Norcem sin sementsilo i Erdalen. I tillegg jobbar han med sal og steppar inn som sjåfør når det trengs. Depotanlegget som Shell bygde opp så tidleg som i 1947 og Norcem sin sementsilo som kom på plass 30 år etter, er kjende landemerke langs Førdefjorden. Siloen ruvar 54 meter over kaianlegget og rommar 3500 tonn med sement. Saman med ein mindre stålsilo ved sidan av har anlegget ein kapasitet på nesten 5000 tonn sement. Herifrå blir det frakta sement med mellom anna Mordal Transport sine

bulkbilar til anlegg i og utanfor fylket. Drivstoffdepotet, som Moldegaard Maritime Logistics overtok frå Shell i 2010, har tankar for diesel og bensin. Farsund & Naustheller har administrasjonsansvar og dagleg oppsyn med både depotet og sementsiloen. Dei har i tillegg transporten av drivstoff ut frå depotet, men ingen ting med sementkøyringa å gjere.

Geir Inge Bale har driftsansvaret for Norcem siloen og depotanlegget i Erdalen, og skal sørgje for at alt fungerar forskriftsmessig.

KEMETYL AG ALKYLATBENSIN

LIKE GODT FOR MOTOR SOM MILJØ! Bruk til:

• Farlige stoffer betydlig redusert • Motor og tennplugger holdes rene • Lenger holdbarhet, inntil 2 år g fra Bestill i dathe ller AS Farsund & Naus

14


F A R S U N D

&

N A U S T H E L L E R

Henny Råheim driv Viksdalen Handel og kortautomat med drivstoff frå F&N

AKSJONÆR I BUTIKK OG

Dagleg drift og vedlikehald - Jobben min er å sørgje for at alt fungerer på begge stader, fortel Geir Inge Bale. Det betyr at eg må sjå til at alt er tett og virkar, og at vi tilfredstiller alle sikkerheitskrav. Kystverket har gitt oss status som ISPS hamn, som inneber strenge sikkerheitstiltak. Elles har vi strenge reglar å halde oss til med tanke på både arbeidstilsyn og oljeselskapa sine HMS standardar. Når det gjeld sementsiloen kan det fort oppstå ein del vedlikehald etter snart 40 års drift. Omorganisering 2016 Vi har rasjonalisert drifta siste året, og dermed redusert bemanninga. Tor Jonassen jobba som driftsoperatør, og hadde ansvaret for den daglege drifta

på depotet frå 2008 til 1. februar 2016.

Depotet i Erdalen er eigd av Moldegaard Maritime Logistics, men det er Farsund & Naustheller som har ansvaret for drift, vedlikehald, mottak og utkøyring frå anlegget.

Båt- og biltrafikken ved Førdefjorden Bale fortel at når det kjem båtar til kai for å levere drivstoff er dei 2 mann på vakt. - Ved sementlevering er vi ein mann, men to ved sjølve fortøyinga. Med anløp av cirka 70 tank- og bulkbåtar per år, er Førde depot og Førde sementsilo ansvarlege for størstedelen av båttrafikken på Førdefjorden. - Det meste som nokon gong har gått via drivstoffdepotet på eit år er 90 millionar liter. I 2015 var talet 55 millionar liter. Når ein bil har kapasitet på 40-43.000 liter, blir det ein del tankbilturar ut frå Erdalen per dag.

drivstoffanlegg i Viksdalen - Då butikken fekk nytt bygg i 2008 fekk vi samtidig nytt drivstoffanlegg, fortel Henny Råheim, som driv Jokerbutikken i Viksdalen. - Det er 260 lokale aksjonærar som eig bygningen og drivstoffanlegget. Eg står berre for drifta og er leigetakar, forklarar Råheim - som har drive butikk i Viksdalen sidan 1997.

Geir Inge Bale har ein allsidig arbeidsdag i ei fleksibel bedrift. Han er driftsansvarleg i Erdalen og jobbar med sal i tillegg til å steppe inn som sjåfør når det trengs.

Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2015 Verda´s sterkaste lastebil

Postboks 283, 6821 Sandane Telefon: 57 86 84 00

15

Distriktspolitikk - Her har folk kjøpt bensin og diesel lenge før eg overtok drifta, men det er ikkje så enkelt å få dei store oljeselskapa til å satse på oss små. Difor er det ekstra gledeleg at Farsund & Naustheller er ein av aksjonærane i både butikken og tankanlegget. Dei har ikkje krav om store kvanta, men leverer som regel 5-10.000 liter per gong. Det er god distriktspolitikk og ein vinn-vinn situasjon, som sikrar både oss og dei stabil levering, seier Henny Råheim. - Farsund & Naustheller er ein fleksibel og god samarbeidspart som stiller på kort varsel. Kortautomat gir ekstra service - Det er ikkje alltid så lett å berekne salet av drivstoff. Nokre gonger er det eg som ringer til dei når det minkar på tanken, men ofte er det dei som ringer fordi dei likevel skal levere i nærleiken av oss. Her i Viksdalen var vi første nærbutikken som kjøpte kortautomat via Farsund & Naustheller. Kundane våre kan kjøpe drivstoff heile døgnet, og det er sjølvsagt viktig for oss som konkurrerar med mellom anna bensinstasjonane i Førde. Farsund & Naustheller leverer drivstoff til desse nærbutikkane: • Farnesbui Balestrand • Joker Korssund • Joker Kvammen • Joker Viksdalen • Stavang landhandel • Solund Senter • Fjordbutikken Vevring


Farsund & Naustheller overtok drifta av Shell sin automat i Gaupne i 2002. I 2015 omprofilerte vi og bygde ut med automatstasjon. Foto: Frank Optun Smedegård.

Eigne tankanlegg i heile Sogn og Fjordane Farsund & Naustheller har investert i tankanlegg rundt om i heile fylket. Dette er ubetente pumpeautomatar, der alle kan handle med kort. For storforbrukarar tilbyr F&N gode rabattar og månadleg faktura.

A til Å - www.atilaa.no

Pumpestasjonane til Farsund & Naustheller finn du her: • Førde, på Øyrane rett ved F&N og Bilhuset - blank og farga avgiftsfri diesel • Gaupne, på Grandane er ein nyleg utbygd automat med 95 og 98 blyfri bensin og blank diesel. • Fjærland, ved Norsk Bremuseum er ein moderne drivstoffstasjon bygd som konteinar med blank diesel, 95 oktan bensin og farga avgiftsfri diesel • Korssund, ved Joker Korssund - blank diesel, 95 oktan bensin og farga avgiftsfri diesel tilrettelagt for bil og båt. • Stavang, ved butikken og på kaianlegget er det pumper for blank diesel, 95 oktan bensin og farga avgiftsfri diesel til bil og båt. • Sandane, i Jarbrugda ved Eide Sandtak - oppgradert kortautomat med blank og farga avgiftsfri diesel. • Bygstad, i båthamna - farga avgiftsfri diesel.

Øyrane 6, 6800 Førde Telefon 57 82 16 88

www.farsundnaustheller.no Du finn oss i Førde, Bygstad, Stavang, Korssund, Sandane, Fjærland og Gaupne.

Våre kundar er vår arbeidsgjevar

Farsund Naustheller  

Farsund & Naustheller 50 år

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you