Zeppelin 5 lesebok NN

Page 8

PÅ BIBLIOTEKET

Korleis finne fram på biblioteket På biblioteket finn vi bøker, aviser, blad, teikneseriar, musikk, filmar og spel. Alt som er på biblioteket, er skrive opp og registrert. Det er ordna i eit system, slik at det er lett å finne det ein er på jakt etter. På biblioteket arbeider det bibliotekarar, og dei kan hjelpe deg dersom det er noko du leiter etter. Men du kan også finne fram på eiga hand dersom du lærer deg litt om korleis bøkene er ordna på hyllene. Bøkene i biblioteket deler vi inn i to hovudgrupper: – skjønnlitteratur – faglitteratur Desse gruppene er ordna på ulik måte.

Skjønnlitteratur Bøker med forteljingar som forfattarar har dikta opp, kallar vi skjønnlitteratur. I hyllene i biblioteket blir desse bøkene ordna alfabetisk etter etternamnet på forfattaren. På den måten blir alle bøker av same forfattar ståande etter kvarandre på hylla. Biletbøker, skodespel og dikt er også skjønnlitteratur.

No skal du få lese nokre utdrag av skjønnlitteratur. Medan du les, kan du prøve å tenkje på korleis boka er. Er boka trist? Er ho morosam? Er ho spennande? Eller ...? 8


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.