Page 1

Oddbjørn Aardalen

Bever dikt 2016

ALM│MEDIA


Oddbjørn Aardalen

Bever dikt

2016

ALM│MEDIA


MUNN I dag styvde beveren ei stor osp. Eg har hatt time hos kjevespesialist. Nattas veldige munn lukker seg snart om oss begge.

(Diktet stend i Rundetid, Setesdalsforlaget 2012)


I STRAUM


LYS Utan masseoppslutning om beveren hadde ikkje straumen blitt ført fram til den gamle garden hausten 1948 i mørke novemberkveldar vågar eg no å gå heim framom lyset frå beverhytta det var slik det begynte.

9


HEIME ETTER EI LANG REISE Eg stig inn idet regnet gjeng over til snø. To rom og kjøkken. Nyoppreid seng. Oska i gruva er kald. Stilla talar. Eg kjenner meg nøgd. Det kjennast godt å vere så nær jorda. Vite at ho er mi og eg jorda sin. Som fele og boge. Som snigle og hus.

10


STRAUM Ein straumførande bever og midt i straumen ei jorda osp.

11


KLEM EIT TRE I DAG Eg tok skogen med då eg drog til den store byen utan hjarte, trudde det var sol nok i sinnet og regn, vind og djup nok jord. Eg stelte skogen kjærleg, når eg hogg eit tre, planta eg to nye. Om kveldane åt eg på boulevardkaféane, drakk vin, flørta med lettkledde ungjenter. Eg sa: Om alt anna svikter, om det blir nedgangstider, svolt, uår,

12


krig; det er skog nok til alle som har eit ope sinn. Våren og sommaren gjekk, det blei haust. Ein kveld las skogen eit brev til meg: Den skogen du trur du har med deg er død. Kom heim. Skogens grøne tillit vil ta imot deg, røsslyngklokkene vil kime, den store freden i verda vil finne ei glenne i sinnet ditt, sige inn som røyken frå tyribålet du og far din låg ved, midtsommarnatta sine mjuke armar kring dykk, den sommaren du fylte ni.

13


FOR AT IKKJE NOKO SKAL VERE SKJULT Eg sym aldri langt utpå. Er redd for stup som ser barnslege ut. Når det ringer er det K som opnar. Eg deltek aldri i diskusjonar om glenner i teologien, gjeng ikkje til tannlækjare som er redde for tronge rom, avskyr store forlag og litteraturkonsulentar som aldri har omfamna eit furutre. Eg røykjer berre JHA cigarillos når eg er saman med beverfelt skog. Eg veit eg skal døy; det blir sagt at tida er ei huske, at det kitlar i magen når nokon gjev ho fart.

14


YGGDRASIL Den gamle aska på tunet. Greinene som breidde seg ut over heile verda. Kronhjort og hind som beita av lauvet, ekornet Ratatosk som flaug opp og ned. Brunnen til Mime og kjelda til Urd, og åtte kortbuksesteg som det må vere råd å finne att.

15


STERKARE LYS Det er sterkare lys i bever vest fra Lillesand sjølv om det er i skogane rundt Tvedestrand at vi finn den optimale veksten for osp.

16


UNDER VATN Eg får ikkje sove før eg er sikker på at det ikkje ligg ein bever under senga, eg prøveligg i beverhytta ved Skjerkestea, det er så mange vanskelege sider ved dette, av og til tenkjer eg på dei 15 minutta beveren kan vere under vatn, det er om lag på minuttet den innsomningstida eg treng.

17


SKOGEN Eg kjem inn i den overfylte bussen, betaler, stiller meg opp i midtgonga, ropar «SKOGEN» så høgt lungene tillet. Ei mor med to barn på fanget begynner å gråte. Vi køyrer framom ei raud kyrkje, bussen skiftar gir, det er dødsens stille, så stille at ein kan høyre snutebillenes grafsing i dei nyhogde stubbane. Kva skjer no, tenkjer bussen, han har eit gir han aldri har brukt.

18


DEI STORE BYANE TRENG MEG IKKJE Eg opnar sommarens vindauge idet ei humle bankar på. Eit ruvande luktsveip av nyhogd ved. Eg opnar munnen. Morgonen smakar grønt. Dei store byane treng meg ikkje. Eg kjenner meg mindre enn eit dun i verdsdyna og samstundes stor, eg er støv og stjerner, vassdrope og hav, eg er frøet som veks til eit mammuttre som skuggar for all tvil.

19


Eg skriv hegg eg skriv syrin hadde eg vore ein stor poet skulle eg ha skrive alt som er imellom.

«Hos Oddbjørn Aardalen får orda aldri døy, for dei blir vyrdsla og hegna om, men først og fremst blir dei brukte til alt frå hyllest til djupaste undring over livsens mysterium.» Sigurd Haugsgjerd, Setesdølen, anmeldelse av Seljefløyteprinsippet. Oddbjørn Aardalen (f. 1944) har alltid vore eit skrivande menneske, han har skrive dagbok sidan han var ni år og gjer det den dag i dag. Han har tidlegare gjeve ut fem diktbøker og har vore Månadens poet på Dagbladets Diktkammer seks gonger.

ISBN 978-82-93257-04-2

9 788293 257042

ALM│MEDIA

www.almmedia.no

Bever  

Oddbjørn Aardalen, 2016

Bever  

Oddbjørn Aardalen, 2016

Advertisement