Page 1

Oddbjørn Aardalen

Oddbjørn Aardalen

Nattsnø den kvite lyden av stille.

ISBN 978-82-93257-03-5

9 788293 257035

ALM│MEDIA

ALM│MEDIA

«Her er 'småfuglstipend', 'Norsk bonde- og svarttrostlag' og 'septembers bestemorfang' i eit univers der lesaren sit att med gleda over å vera tilstade medan poeten møter kvinner og minne. Og der han er både trygg og jordnær, overraskande og sjølvironisk. Gode dikt følgjer gode dikt og nokre av dei skin av undringas perlemor.» Helge Torvund, på vegne av juryen, i juryens merknader til Månadens dikt («Landbruksmelding») i Dagbladets Diktkammer for desember 2012.

dikt

Han har alltid vore eit skrivande menneske, skreiv dagbøker sidan han var 9 år og gjer det den dag i dag. Han har gjeve ut fire diktbøker (alle på Setesdalsforlaget). Oddbjørn har vore Månadens poet på Dagbladets Diktkammer fem gonger og har tri dikt i antologien Å våga seg ut i ord (Samlaget 2011). Han er mykje brukt som opplesar av poesi rundt om i landet og har faste dikt ein gong i månaden i Fædrelandsvennen i samband med ein biletreportasje om Agdernaturen (av naturfotograf Jan Thomassen). Oddbjørn, som i dag er pensjonist, bur på slektsgarden Skjervedal i Vennesla. Han er gift med Kari, har to barn og to barnebarn.

dikt

2014

Seljefløyteprinsippet

Oddbjørn Aardalen er født i Vennesla i 1944. Han har arbeidd med skogbruk i heile sitt yrkesaktive liv, dei siste 19 åra hos Fylkesmannen i Vest-Agder som fylkesskogmeister i biologiske fag.

Seljefløyteprinsippet

ALM│MEDIA


Seljefløyteprinsippet


Oddbjørn Aardalen

Seljefløyteprinsippet dikt

ALM│MEDIA


Kom nærare Eg kan bruke ostehøvelen på seljefløyteprinsippet, eg kan spa telehiv ut av budsjettdokumentene, eg kan flørte med våren, by den lettande skodda opp til dans, eg kan sjå på deg, skrått i smug, til det gror konservatisme over augnebryna mine, til istappar frå 2006 seier dei saknar meg, kom nærare, kjære syster, så skal vi drikke denne kalken, du og eg åleine, sidan vi er gjester her.


1 BONDEN


Norsk bonde- og svarttrostlag Bønder som syng vender heim når lyset er sterkt nok. Du høyrer den fyrste bonden tidleg i april om du gjeng ut på tunet i grålysninga, det er noko med songen som minner om regn og lukt av skyfart frå sør.

9


Det er kveld i verda og mørket har pakka oss inn. Stilla, tatovert på vinterens skulder, arm i arm med mørket. Til og med vinden teier. Eg legg ein bjørkekubbe i omnen, sløkkjer lyset i daglegstoga, gjeng opp loftstrappa til soveromet der svevnen venter meg som ein gamal ven. Om kort tid kjem draumen siglande i fembøringen hans farfar. Eg er med, sit bak i båten, lyslugga, holøygd, ser på farfar som om eg vil spørje om noko. Nede i daglegstoga teier mørket eit dikt for stilla, eller kan hende det er stilla som teier for mørket, det same kan det vere: Omnen som knitrar Huset som søv Katten som mel Og ingen som bryr seg om At atomane der ute Har frose fast i stilla

10


Landbruksmelding Bondens fire døtre blir slått med ljå to gonger i året. Feiarens fem søner blir sleppte på beite i mai. Landbrukspolitikken er ikkje skapt slik du trur men Gud er bekymra for biene.

11


G 35 + Skal eg hjelpe deg, spurte ho. Eg bala med å få plasten av brunostskivene. Eg har så store hender, sa eg, å få opp boksen til makrell i tomat er endå vanskelegare. Er det berre oss to i kantina i dag, spurte ho, hendene i fanget såg ut som dei kjeda seg. Osten var sveitt, smakte dårleg turka høy. Kvifor har du lue på inne, sa ho. Det hadde ikkje regna på to månader, ute i bakgården sto oretrea. Dei skjøner ingenting, tenkte eg, og det skal dei vere glade for.

12


Ofte, om kveldane talar han med huset han bur i han undrast om huset vil tale med seg sjølv nür han er død.

13


Den striragga elghunden som glefser fiskekaka frü neven til den litt for fulle mannen i det rosa huset i svingen ved bedehuset og snøvinteren 1950/51 som tek til akkurat dü.

14


Eg høyrer ein godlynt kattuglelåt Eg ser meg i spegelen. Vi er om lag like gamle, han og eg. Eg fyller vatn på kaffitraktaren. Fire strekar. Eg tenkjer på eit dikt vi lærte av frøken K. Det handlar om ei egyptisk prinsesse eg ikkje hugsar namnet på. Eg tek inn morgonavisa. Ei strofe av John Lennon vil ikkje sleppe øyret. Det er vår. Eg tenkjer på rådyr: Kor mange har bukka under i vinter? Eg høyrer ein godlynt kattuglelåt, og ser at isen har gått opp over kjelda i hagen som er klar til å ta imot far. Han kjem stegande inn frå dagboka med to varme mjølkespann i nevane.

15


Etter kveldsstellet Dei fem steinane under Ekredalsbakken minner meg om familien i det vesle smalskuldra kammerset som etter kveldsstellet i fjøset sat og tala med kvarandre utan ü seie eit ord.

16


Morgontur til Ospedalen. Sm책pludring med bekkjen. To grankongler legg seg i skisporet. Kva er vakrare, tenkjer eg, enn eit skispor pynta med grankongler. Februardagen fuktar leppene. Togna talar. Tida stend p책 bakketoppen, der sola har tatt tak, venter p책 meg. Eg er ikkje p책 veg heim, tenkjer eg, eg er heime.

17


Ingen kan eige ein skog Ingen kan eige ein skog, seier far. Vi stend på fjellet, røysta er lett som cumulusskyenes tankar i mai, tung som ein mett julikveld augneblinken før regn. Han held meg i handa. Eg kjenner sevjestraumens søtlege smerte, her skal du drikke av livet, seier han. På klare dagar ser vi sjøen, seier far, den vesle guten ser musvåken sigle sørover på båten av byrgskap, forstår at dette er føreordet, at han aldri skal kome nærare Gud.

18


Ingen visste når fjøset ville slutte å vokse Mor sa at vi ikkje måtte tenkje på det, det er ikkje sikkert at far og eg får oppleve det, det er ikkje eingong sikkert det hender i dykkar tid. Det verste er uvissa, tenkte eg; augene hennar sat endå lenger inn i hovudet enn før, dei mørkeblå rendene under likna dørmatter, men det sto ikkje velkomen på dei.

19


Oddbjørn Aardalen

Oddbjørn Aardalen

Nattsnø den kvite lyden av stille.

ISBN 978-82-93257-03-5

9 788293 257035

ALM│MEDIA

ALM│MEDIA

«Her er 'småfuglstipend', 'Norsk bonde- og svarttrostlag' og 'septembers bestemorfang' i eit univers der lesaren sit att med gleda over å vera tilstade medan poeten møter kvinner og minne. Og der han er både trygg og jordnær, overraskande og sjølvironisk. Gode dikt følgjer gode dikt og nokre av dei skin av undringas perlemor.» Helge Torvund, på vegne av juryen, i juryens merknader til Månadens dikt («Landbruksmelding») i Dagbladets Diktkammer for desember 2012.

dikt

Han har alltid vore eit skrivande menneske, skreiv dagbøker sidan han var 9 år og gjer det den dag i dag. Han har gjeve ut fire diktbøker (alle på Setesdalsforlaget). Oddbjørn har vore Månadens poet på Dagbladets Diktkammer fem gonger og har tri dikt i antologien Å våga seg ut i ord (Samlaget 2011). Han er mykje brukt som opplesar av poesi rundt om i landet og har faste dikt ein gong i månaden i Fædrelandsvennen i samband med ein biletreportasje om Agdernaturen (av naturfotograf Jan Thomassen). Oddbjørn, som i dag er pensjonist, bur på slektsgarden Skjervedal i Vennesla. Han er gift med Kari, har to barn og to barnebarn.

dikt

2014

Seljefløyteprinsippet

Oddbjørn Aardalen er født i Vennesla i 1944. Han har arbeidd med skogbruk i heile sitt yrkesaktive liv, dei siste 19 åra hos Fylkesmannen i Vest-Agder som fylkesskogmeister i biologiske fag.

Seljefløyteprinsippet

ALM│MEDIA

Seljefløyteprinsippet  

Oddbjørn Aardalen, 2014

Seljefløyteprinsippet  

Oddbjørn Aardalen, 2014

Advertisement