Rein skog

Scroll for more

Page 1

ODDBJØRN AARDALEN

rein skog DIKT 2018

ALM│MEDIA


Tidligere utgitt: Grønn resept, dikt, Setesdalsforlaget, 2005 Å sjå med hjarta, dikt, Setesdalsforlaget, 2006 Tryms verd, dikt, Setesdalsforlaget, 2009 Rundetid, dikt, Setesdalsforlaget, 2012 Seljefløyteprinsippet, dikt, Alm media, 2014 Bever, dikt, Alm media, 2016

© 2018 Oddbjørn Aardalen Produsert og utgitt av Alm media www.almmedia.no Satt med Calluna Sans 12/16 pkt. Omslagsillustrasjon: Shutterstock Papir: Scandia 2000, 115 g, bulk 1,3 Trykk og innbinding: 07 Xpress, Oslo ISBN 978-82-93257-06-6

Det må ikke kopieres fra denne boka i strid med åndsverkloven eller i strid med avtaler om kopiering inngått med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk.


ODDBJØRN AARDALEN

REIN SKOG DIKT 2018

ALM│MEDIA



REIN SKOG Ein dag tala skogen til folket frå eit lågt fjell. Denne talen har blitt kalla «Skogpreika»: Sæle er dei som er fattige i proveniensen bjørke-beltet er deira. Sæle er dei som syrgjer dei skal felle lauvet grønt. Sæle er dei tolsame fiolinkonserter hekker i krunene deira.

5


Sæle er dei som hungrer og tyrster etter rettferd dei skal sjå hogstmaskina dra forbi. Sæle er dei miskunnsame dei skal spegle seg i haustklårt vatn. Sæle er dei som er reine i sevja dei skal sjå forstmannens dotter. Sæle er dei fredkjære dei skal kallast barn av rein skog.

6


Kom til meg alle de som slit og tyrster etter kvile eg skal suse dykk i svevn.

7



I

Stryke handa sakte over filtsigdmosen, kjenne skogen si hud mot mi



OM BORD Før eg somnar gjeng eg om bord i den vesle båten i måleriet på veggen. Han ligg så stilt ved breidda av det haustklåre vatnet. I morgon tidleg ligg båten fortøyd i den store steinen på andre sida av vatnet; du kan skimte meg på veg opp granlia i måleriets vestkant.

11


KVIFOR EIN SKRIV DIKT Kvifor ein skriv dikt og ikkje bruker den tida ein skriv, til å hogge ved, kjem sjølvsagt av at ein har så uendeleg mykje ved frå tidlegare. Dessutan er det for varmt, for kaldt, det regnar, det er for mykje vind, det ligg ein stor hoggorm på plassen der ein skulle ha hogge veden. Til alt overmål eig ein ikkje skogen lenger, ein eig i det heile tatt ingen ting, og dette ingen ting kan ein ta på, gni mot kinnet sitt og kjenne om ein eigentleg likar det. Skriving derimot: diktskriving. Har ein ein penn eller ein blyantstubb, eit blankt ark eller to, ein hjerne som kan koplast til eit hjarte, eit sinn som ikkje er redd fullmånar, så er ein der. Kven ein skriv for, er ei heilt anna sak. Det har ingen ting med ved å gjere.

12


FALK, AURE Vandretankane falken som flyg føda inn i diktet. Regnbogeklokskap auren som sym til kulpen før diktet gjeng turt.

13


SENGA MI HAR FIVRELDVENGJER Lauv i lauv og vind i vind lyset kyssar draumen min. G책ta turkar bort ei t책re undring stryk meg over h책ret. Eventyr blir seld i strikk i ein oskeladdbutikk. Fjellet minkar m책nen veks diktet er ei gamal heks.

14


Senga mi har fivreldvengjer tek meg med til grøne enger. Ikkje vekk meg kjære du ikkje før eg fyller sju.

15


ØVING I REELL UANGRIPELEGHEIT Syngje som lyset syng når vengjen møter fuglen sin. Lye som vinden lyer når han vert spegla i haustklårt vatn. Lengte som havet lengtar etter å bli innlemma i regndropen. Drøyme som kjærleik drøymer etter eit hjarte som kan sjå. Flyge som skogen flyg over fivreldfjellet

16


like inn i sinnet mitt eller ditt.

17


DU SKAL PLANTE Du skal plante ei furu i dagleglivet ditt. Om nokre tiår vil livet frø seg. Du skal slå armane kring stamamen, kjenne årringspråket, klingande som sylvklokker.

ALM│MEDIA