festspelavisa_ferdig_crop_webres

Page 31

Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 27. juni – 30. juni 2013 • Volda og Ørsta 31

Nye vegar inn i språka Når Dei nynorske festspela går av stabelen i år, får publikum tilgang til heilt nye installasjonar i basisutstillinga. Fredag føremiddag blir fornyinga av utstillinga offisielt opna. – Det blir meir å ta på, det blir fleire inngangar til kunnskap om språk, og det blir veldig mykje meir informasjon som går i djupna. Dette gjeld både språk i

Noreg og i utlandet, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Han har leia arbeidet med den største utstillingsfornyinga i Aasen-tunet sidan opninga av nybygningen i 2000, og gler seg til å gi publikum nye tilbod. – Bøkene til Ivar Aasen har vore utstilde heile tida, men no får ein òg høve til å bla i dei, seier Øvereng. – Rett nok i digital form, legg han til. I tillegg blir det presentert nybrottsarbeid; publikum vil

få sjå spenstige presentasjonar av dialektformer i Noreg og Norden. – Vi set ikkje berre ting i ein ny samanheng, vi presenterer også noko som ikkje har vore vist før, seier Øvereng om dette. Gode samarbeidspartar har vore viktig i utstilingsfornyinga, og den daglege leiaren understrekar at Aasen-tunet strekkjer seg langt for å bruke lokale leverandørar til dei fleste installasjonane. – Men av og til må vi fak-

tisk til utlandet for å få det vi ønskjer. Det har òg vore svært viktig at born skal finne sitt i dei nye installasjonane. Namnet på utstillingsprosjektet, Høgt og lågt, gir ein tydeleg peikepinn på det. Fredag 28. juni 12.30–12.45 Basisutstillinga, Aasen-tunet Utstillingsopning Gratis under Festspela

Grenselaus meny Dei tre unge festspeldiktarane er sameinte. Dei vil ha aure som festspelrett. Kvart år serverer kaféleiar Milan Ilic festspeldiktaren sin favorittrett under Dei nynorske festspela. I år var han ekstra spent, når tre festspeldiktarar skulle einast om ein rett. Diktarane valde omnsbakt aure med poteter og saus av créme fraîche, servert med salat. Kafeen i Aasen-tunet har ein enkel, men variert meny under Festspela. Ilic gler seg litt ekstra til å servere den sjølvkomponerte tunpølsa frå Åsen til gjestane. – Vi har valt å servere spekepølsa på ciabatta, saman med Snøfrisk. Ein enkel, smakfull og kortreist variant, seier kaféleiaren, som samstundes ymtar om ei overrasking eller to. Elles på menyen står ein eigenkomponert, grenselaus burger, sommarsalat med kylling og ein eigen vegetarrett. Torsdag 27. juni 17.00– Kafeen, Aasen-tunet Festspelretten 2013

Ingrid Opedal og Milan Ilic i Aasen-tunet

Vil du vere frivillig?

Grenselause produkt

Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Innsatsen dei frivillige gjer er avgjerande for at vi skal kunne ha fest og spel fire flotte dagar kvar sommar. Vil du vere med på laget? Ring 70 04 75 70 eller send ein e-post til admin@aasentunet.no.

Festspeltemaet Grenselaust vil setje sitt preg på nokre av dei nye produkta i butikken, seier tunvert Ingrid Opedal, og nemner ulike reisevesker og musematter som døme. Motivet for Festspela er i Språkåret 2013 laga av den italienske formgjevaren Ariele Pirona og vil vise att på årets festspelskjorter. Det kjem også fleire nye varer med

språk som tema, mellom anna nye kort med måleri av Ivar Aasen og eit satelittfoto som illustrerer reisene hans. Dei tradisjonelle festspelkrusa kjem i år i to variantar: eitt med tekst av Lars Petter Sveen og eitt med tekst av Sigrid og Guri Sørumgård Botheim. Med desse to krusa inneheld serien no 12 krus.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.