Ulla

Page 1

Det er tomt for vaflar. – Kven sin tur er det til å fiksa meir vaffelrøre? spør Ronny. Albert og Ullbert peikar på Ulla. – Eg kjenner ei som heiter Turid, seier Ulla, – ho vil så gjerne vera med i ein flokk og ... – ER IKKJE Turid ein kanin? spør Ronny. – Jo, seier Ulla, – og ho er … – ALTSÅ! seier Ronny. – Me er ein saueflokk.


– Men Turid er … seier Ulla. – DESSUTAN! seier Ronny: – Alle som er med i ein flokk, må vera veldig flinke til noko.


Ronny ser lenge på Ulla, og til slutt seier han: – Ullbert er veldig flink til å bygga ting. Albert er veldig smart og lur. Og eg er veldig, VELDIG sterk. Kva er du veldig flink til, Ulla? – Eg er veldig flink til å gøyma meg! svarar Ulla. Ronny smiler lurt. – Då spring du og gøymer deg, så kjem me og leitar, seier Ronny. – Den er grei! seier Ulla.

Ulla elskar å gøyma seg! Og når Ronny, Albert og Ullbert har funne ho, vil dei heilt sikkert helsa på Turid.



Ulla spring vanskeleg og krunglete, heilt til ho finn ein perfekt gøymestad. Det er fint å ha ein flokk som leitar etter meg, tenkjer ho. Ulla ventar og ventar. Kanskje ho må hjelpa dei litt? – Piiip! pip Ulla. Det er heilt stille. Ho prøver igjen: – Piiip! Her er eg! Men ho høyrer verken Ronny, Albert eller Ullbert.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.