Page 1

SYMRA – Våren 2019


For 500 år sidan bestilte den danskfødde, tyskætta, erkebiskopen i Nidaros trykking av to bøker på latin frå København og Paris. Det norske bokåret 2019 har eit fleirspråkleg opphav, og det vil vi også bidra til å markere. Gaute Øvereng, dagleg leiar Ansv. redaktør: Per Magnus Finnanger Sandsmark Redaktør: Gaute Øvereng Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2019. Opplag: 5 000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Gunnhild Øyehaug Foto: Aasen-tunet Stig Ulv Foto: Egil Olsen Lurivar Foto: Sunniva L. Osdal Billettinformasjon:

Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no

Program våren 2019 24. januar

Utstillingsopning: Nynorsk vinyl

s. 3

3. februar

Klare sjølv: Matlaging for barn og foreldre

s. 4

14. februar

Bok og bakverk: Norsk røyndom

s. 4

21. februar

Morsmålsdagen: Romanispråk i Noreg

s. 5

8. mars

Bok og bakverk: Kvinnedagen

s. 5

14. mars

Klyngetunet: Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth

s. 6

21. mars

Stig Ulv og Hilde Myklebust

s. 7

2. april

Gunnhild Øyehaug: Presens Maskin

s. 8

7. april

Familiedag: Viss eg hadde hale

s. 8

15.–17. april

Påskerock med Lurivar

s. 9

10. mai

Bok og bakverk: Bygdepride

s. 9


Utstilling

Utstillingsopning: Nynorsk vinyl Platesamlar Arild Torvund Olsen er primus motor bak ei ny temautstilling om nynorsk musikk på vinyl. Fleire års omhugsam leiting har resultert i ei forvitneleg samling plater som blir stilte ut i Aasen-tunet. Torvund Olsen deler raust av kunnskapen sin gjennom ein ny utstillingskatalog, og publikum kan både sjå og lytte til ein video der samlaren fortel. Temautstillinga blir opna med kviss, samtale, og besøk av ingen ringare enn Marie Lovise Widnes. Kafeen byr på ost- og vinsmaking i samarbeid med Haula vingard.

Foto: Tone Solhaug, plateomslag “Kjærleiksvegen” av Marie L. Widnes

Torsdag 24. januar kl. 19.00 Kr 100 / honnør 70 / student og ungdom 50

3


Familie

Søndag 3. februar kl. 13.00–15.00, kr 150 per barn med følgje. Billetten inkluderer mat. NB! Berre 25 plassar.

I 2002 kom kokeboka Klare sjøl ut på Selja forlag. Vi inviterer små kokkar til matlaging denne søndagen, der dei får lage hovudrett og dessert med oppskrifter frå boka. Det blir også aktivitetar i museet medan maten gjer seg klar.

Foto: bokomslag Selja Forlag

Familiedag: Klare sjølv

Litteratur

Torsdag 14. februar kl. 14.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst

Norsk Røyndom er ein ny serie bøker frå Samlaget som inneheld opne og ærlege essay frå menneske i samtida. Forteljingane har noko å lære oss alle – dei skildrar alt frå botnlaus sorg til sann glede. Bibliotekaren les eit utval tekstar. 4

Foto: bokomslag Samlaget

Bok og bakverk: Norsk røyndom


Foredrag

Morsmålsdagen: Romanispråk i Noreg

Romanifolket og romane, for nokre kjende som taterane og sigøynarane, har kvar sine språk: Romani og romanes. I høve den internasjonale morsmålsdagen kjem Rolf Theil for å fortelje om skilnader og fellestrekk, historie og meir om romanispråk i Noreg.

Foto: Universitetet i Oslo

Torsdag 21. februar kl. 19.00 Kr 100 / honnør, student og ungdom 70

Litteratur

Bok og bakverk: Kvinnedagen På slutten av 1800-talet kom dei første kvinnelege nynorskforfattarane. Kven kom etter? Bibliotekaren vil presentere fleire kvinnelege forfattar, lese frå det det skreiv og snakke litt om kva grunnlag desse kvinnene skapte for ettertida.

Foto: Aasen-tunet

Fredag 8. mars kl. 14.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst

5


Litteratur

Klyngetunet

Ein gong fanst det mange tusen klyngetun i Noreg, og framleis er der nokre som kan fortelje om korleis det er å leve saman slik. Med Klyngetunet gir forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth refleksjonar rundt den norske landsbyen. Dei har tidlegare fått mykje god merksemd med bøkene Norges låver (2014) og Av stein (2017). Røyrane og Apneseth presenterer eit utval av dei mange klyngetuna dei har besøkt, supplert med forteljingar og spennande fotografi. 6

Foto: Brit Aksnes, Jan M. Lillebø

Torsdag 14. mars kl. 19.00 Kr 150 / honnør, student og ungdom 100


Konsert

Stig Ulv og Hilde Myklebust Torsdag 21. mars kl. 19.00 Kr 250 / honnør 200 / student og ungdom 150

Publikum får eit unikt møte mellom poesi og musikk når strengekunstnar Stig Ulv og diktar Hilde Myklebust skal finne saman for første gong. Ingen av oss veit kva vi har i vente. Velkomen til verdspremiere i Aasen-tunet!

Foto: Egil Olsen, Tove K. Breistein

Møta mellom poesi og musikk resulterer alltid i noko nytt. Dei to uttrykksformene løftar fram perspektiv og klangar som kanskje ikkje var der i utgangspunktet.

7


Litteratur

Gunnhild Øyehaug: Presens Maskin

I sin tredje roman kastar Gunnhild Øyehaug seg inn i nye dimensjonar. Anna og Laura er mor og dotter som lever i parallelle univers. Dei veit ikkje om einannan, men i liva til begge er det noko som ikkje stemmer. Øyehaug møter Bjørn Vatne til samtale.

Foto: Aasen-tunet

Tysdag 2. april kl. 19.00 Kr 200 / honnør, student og ungdom 150

Familie

Søndag 7. april kl. 13.00–15.00 Kr 80 / familie 60 per person

Tenk deg at du har åtte bein som ein edderkopp, eller øyre som ein elefant! På denne familiedagen les vi frå boka Viss eg hadde hale av Mats Eldøen. Vi brukar kroppen, og leikar oss med dyra i boka og eigenskapane deira. 8

Foto: bokomslag Samlaget

Familiedag: Viss eg hadde hale


Familie

Påskerock med Lurivar

Ordspion Lurivar treng hjelp frå små ordspionar til å løyse eit nytt påskemysterium. Kan løysinga ligge gøymt i den kattefantastiske vinylutstillinga, eller må ein lytte seg fram til moglege svar? Bli med på mange katteartige oppgåver i den svære Fehn-bygningen.

Foto: Sunniva L. Osdal

Måndag 15.–onsdag 17. april kl. 13.00 Kr 80 / familie 60 per person

Litteratur

Bok og bakverk: Bygdepride

Det kan vere godt å kjenne seg att i ei bok om ein kjenner seg annleis. Under Bygdepride syner direktør Per Magnus F. Sandsmark og bibliotekar Siri B. Gjerde fram nynorsk barne- og ungdomslitteratur med skeive hovudpersonar. I samarbeid med Bygdepride.

Foto: logo Bygdepride

Fredag 10. mai kl. 14.00 Gratis

9


Om Ivar Aasen

Allkunne.no

Ivar Aasen skriv i eit brev til bokutgivar Olav Paulson at Elias Blix vilde imidlertid helst have min Oversættelse i Samlingen i Stedet for hans egen. Det var Blix sin versjon av «Vaar Gud han er so fast ei borg» som kom med i Nokre salmar i 1869, men Aasen var nok godt nøgd med at salmeskalden frå nord også likte hans omsetjing av Luther-salmen.

Kvar dag kjem det nye artiklar om all verdas emne på det digitale oppslagsverket allkunne.no. Her kan du òg prøve deg på kvissar om nynorsk litteraturhistorie, språk og mange andre emne. I løpet av våren kjem Språkfakta interaktiv og temaside om kommune- og fylkestingsvalet 2019.

Foto: C. C. Wischmann

10

Foto: illustrasjon allkunne.no


Ny direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark (29) er frå 1. november 2018 direktør i Nynorsk kultursentrum. Kulturvitaren frå Halden har brei politisk bakgrunn frå organisasjonsliv, kommunestyre, fylkesting og som rådgivar på Stortinget. Han kom frå stillinga som redaktør i Allkunne, og har tidlegare arbeidd ved Hauge-senteret i Ulvik. Sandsmark er oppteken av å gjere språk og litteratur til ein del av kvardagen, og at Nynorsk kultursentrum skal vere synlege for fleire i heile landet. På den måten kan stiftinga bidra med kunnskap og opplevingar som gjer det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar. Foto: Sunniva Lund Osdal

11


Bokåret 2019 Ein skriftkultur består av mange forteljingar. Nokre er sanne, nokre utgjer seg for å vere sanne, og andre er dikta. I Bokåret 2019 vil Nynorsk kultursentrum undersøkje dei mange variantane forteljingane finst i, både frå røynda og fantasien. Gjennom arrangement og utstillingar vil både barn, ungdom og vaksne møte forteljingar frå den nynorske litteraturen, og frå andre delar av den fleirspråklege norske språkhistoria. 14. februar lanserer vi heile programmet vårt for Bokåret 2019 i Ivar Aasen-tunet og andre stader i landet.

12

2019

Bokåret Foto: logo Bokåret 2019


Siste nytt Skal verksemda di arrangere kurs, konferanse, selskap, eller kanskje ein konsert? Ivar Aasen-tunet byd på flotte lokale for ulike typar lukka arrangement. I kafeen har vi alt frå enkel servering til trerettars middag. Ønskjer de ei omvising i museet også, så ordnar vi sjølvsagt det! På nettstaden lurivar.no kan barna leike seg med ord, lese forteljingar, høyre songar og lydbøker og ikkje minst sende inn eigne tekstar, spørsmål eller nye ord til Lurivar si ordliste. Fuglar i lyrikken er ei ny temautstilling som opnar i april på Hauge-senteret. Kvifor blir vi menneske så fascinert av fuglar, og kva ulike roller har fuglen hatt i poetisk dikting?

Foto: Aasen-tunet, Kib og Morits

13


Dei nynorske festspela 13.–16. juni 2019 Vi gler oss til Dei nynorske festspela 2019! Med temaet «Forteljingar» og festspeldiktar Carl Frode Tiller som utgangspunkt, arbeider staben iherdig med å sy saman eit spennande program. Billettsalet til konsertane med

Mari Boine, Sigvart Dagsland, og Bokkereidars med Side Brok er godt i gang, og festspelpasset er også i sal. Billettane finn du på festspela.no. Velkomne!

Foto: Akam1k3, Gregor Hohenberg, Hans Fredrik Asbjørnsen, Johan Vipper, Tord Lejon

14


Stort utval i nynorske varer i Ivar Aasen-tunet og pĂĽ Handlenett.no

Her finn du güvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk litteratur for barn og vaksne. Besøk nettbutikken vür eller kom innom for ein hyggjeleg handel!


Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no Samarbeidspartnarar:

Med atterhald om endringar

Opningstider 16. august–31. mai Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 1. juni–15. august Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utanom vanleg opningstid etter avtale

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no

aasentunet.no

Profile for Nynorsk kultursentrum

Symra 1/2019  

Vårprogrammet i Ivar Aasen-tunet 2019

Symra 1/2019  

Vårprogrammet i Ivar Aasen-tunet 2019