ONEN Foto: Mocca Design/Monica Hansen
NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN
SELJESTAD MED KOMP Merk deg datoen 29. september. Denne søndagen kjem Lars Ove Seljestad m/Storspringkameratane og litteraturkritikar Tom Egil Hverven til Hauge-senteret. Seljestad er frå Odda og har gjeve ut fleire romanar sidan han debuterte med klassereiseromanen «Blind» i 2005. «Storspring» er første diktboka hans. Ramma for dikta er industriprosessen på fabrikken. Forfattaren si opplesing er fletta saman med autentiske opptak frå det no nedlagde Odda Smelteverk, og musikalske uttrykk frå trommene til Bjørn Moe og elgitaren til Kjell Arne Bauge. Storspringkameratane improviserer fram eit rytmisk, melodisk, tekstbasert konsertuttrykk med eit snev av tungindustri og rock. Før konserten vert det litterær samtale mellom Seljestad og Hverven.
2/2013 Lyrikken har alltid hatt ein sentral plass i både store og små seremoniar og hendingar. Den samlar oss og fortel oss noko om det å vera menneske. Me vil arbeida for å styrkja bevisstgjeringa omkring språk og identitet.
FLEIRE ARRANGEMENT I SPRÅKÅRET Hardingen Ruth Lillegraven er i Ulvik med si nye kritikarroste diktsamling «Urd» fredag 6. september. Det blir opplesing og litterær samtale med BT-journalist Kjersti Mjør. Arrangementet inngår i nynorskstafetten og er eit samarbeid med mållaget. Laurdag 26. oktober kan du høyra Bob Dylan, Leonard Cohen og Salomos høgsong på norsk på Hauge-senteret. Forfattar og gjendiktar Håvard Rem fører oss inn i munnleg poesi gjennom tre tusen år før konserten med duoen Rem & Rem der sonen Simen er med på song og gitar. Elevar ved Brakanes skule får i haust møte ungdomsbokforfattar Mahmona Kahn på Hauge-senteret. HAUGE-SENTERET FEIRA IVAR AASEN Den 5. august gjekk flagget til topps. Hauge-senteret feira 200-årsdagen til Ivar Aasen med fødselsdagskake og fint besøk frå m.a. ordførar og styret i Ulvik Mållag. Olav H. Hauge sette Aasen høgt som språkforskar, språkgrunnleggjar og diktar. INTERVJU FRÅ LANDRO SI HAND Hauge-senteret har gjennom eksklusiv avtale med Bergens Tidende rett til å publisera intervju med diktarar gjort av tidlegare kulturredaktør i BT Jan H. Landro. Desse finn du på nye haugesenteret.no, og kvar fredag vil me publisera eit nytt intervju fram til det ein fredag vil vera tid for det siste i bunken. Intervjua er gjorde mellom 1978 og 2006, og blant dei finst mange viktige røyster i norsk litteratur.