Gruppeoppleving Traktorsafari til Eikemostølen - gardane på den veglause sida “der ingen
På bestilling for grupper min. 10 personer. Ta kontakt for tilbod.
skulle tru at nokon kunne bu” Båttur til hi sida av Fjorden der lokalguiden ventar med traktor og passasjerhengar. Turen sniglar seg opp den bratte grusvegen. Landskapet opnar seg, og du får besøkja sjarmerande gardstun med geitehald på Eikemo med underhaldande guiding undervegs. Ny etappe i hengjaren, og så er du framme på Eikemostølen med historiske stølshus, lavvo med gruer og beitande dyr. Ein av våre mest populære turar. Velkomen til ei anna verd... Hugs: Jogge-/fjellsko/støvlar, klær etter véret.
Villmarksleiren - vestlandets flottaste villmarksleir Villmarksleiren er ein aktivitets- og opplevingsleverandør som har spesialisert seg på varierte og tilrettelagde villmarksopplevingar for alle som ønskjer eit annleis og spennande eventyr. Fantastisk utsikt over Sunnhordland. Stort flott Huldrehus for bespisning for inntil 60 personer. Servering av lokalmat med tradisjoner og historie tilbake til 1870. Eit besøk her kan kombinerast med ein fjelltur på Postvegen mellom Etne og Skånevik eller tur med MS Stein Viking i Sunnhordlandsbassenget. Overnatting kan ordnas på f.eks Skånevik Fjordhotell. Me kan skreddarsy eit tilbud som passar deg og dine.