37.tbfarge

Page 1

Tysvær Bygdeblad

tomta

Einar Kvalavåg

?

BYGG OG BU

«Urbanhus har valt å lage hus i to og tre etasjar i eit ferdig tun» Morten Klungland

– Me meiner at bygga skil seg ut og bryt kvarandre litt av sjølv om dei på mange måtar er like. Saman vil dei utgjere noko komplett som skal vere typisk for oss. Her har me også måtte ta omsyn til at det er to verder som møtast. Me har det urbane knytt til at Frakkagjerd ligg sentralt på ytre Haugalandet. Samstundes ligg det i naturskjønne omgivingar kor det er nærleik til vatnet og den frie naturen som er her. Så kombinasjonen av det urbane og det naturlige har vore eit tema i planane, seier Morten Klungeland. – Korleis trur de bustadutviklinga i Tysvær blir framover, sett frå eit teiknebrett? – Tysvær er allereie ein moderne kommune, noko me ser av planane for Aksdal. Men me trur at dette berre vil bli meir og meir tydeleg i åra som kjem. Når stadig yngre kjøparar kjem på banen vil det vere nye utfordringar knytt til bustadane. – Kva med området her på Frakkagjerd kor det er

mange planar. Kva vil skje her? – For det første er det trist at ein har næringsområdet som ligg på begge sider av hovudvegen. Draumen for alle som driv i vår bransje hadde sjølvsagt vore å flytta den biten til ein næringspark. Men det skjer ikkje, og det som er mest sannsynleg dei neste åra er ei fortetting på dei nåverande bustadfelta. Det vil skje her kor me står dag, men også elles på Frakkagjerd. Så er det prosjekter nede ved fjorden og litt her og der. Så bustadbygging på Frakkagjerd vil det vere i mange år framover, seier Åse Kristin Foss og Morten Klungeland. – Og det med Urbanhus som ein ivrig trendsettar? – Me får håpe det. Her likar me oss godt, smilar dei to og tar ein ny kikk på «Drivhustomta», som nå opplever ein ny vår.

Torsdag 1. mars 2012

Heimelaga kransar Kransar er i skotet som aldri før, og no er det ikkje berre ytterdøra som skal pyntast, men også stueveggen. Og trudde du at ein krans er ein krans så tar du feil. Her er fire tips til flotte kransar du lett kan lage sjølv.

1.

2.

Av: Mona Terjesen

1. Berre fantasien sett

grenser. Her har me brukt valnøtter for å laga ein litt annleis krans. Dei er lette å få tak i på butikken, kanskje du til og med har nokre igjen etter jul? Du treng berre ein tjukk ståltråd og litt lim så er du i gong. Både hjarteform og sirkel er like fint. Her har me også brukt litt kvitmaling utvatna i white spirit på nøttene.

2. Anne Kjersti Aarhus

3.

har laga denne flotte bjørkekransen av heilt tynne, fine greiner. Jo større tre med finare greiner, jo betre. Her er det ikkje ein gong brukt ståltråd for å halde greinene på plass, så mjuke er dei.

3.

Kongler finn me overalt og dei eignar seg godt til å lage krans av. Du må ha heilt tynn ståltråd for å tvinna konglene saman, og ein tjukk som du former som ein sirkel og festar konglene til. Så enkelt er det. Også konglekransen er flott med litt kvitfarge. Eller kanskje ein heilt annan farge?

4.

Du kan bruke kva slags tresort du ønskjer når du lagar krans. Det kan vere særleg dekorativt å bruke ein tresort med mykje farge, slik som denne raude duggpila. Tresorten har mykje voks på seg så den er lettast å flette i overgangen mellom frisk og tørr.

4.

37


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.