36.tbfarge

Page 1

36

Torsdag 1. mars 2012

Tysvær Bygdeblad

BYGG OG BU

Det «spirer» i drivhus På «Drivhustomta» på Frakkagjerd gravast og jobbast det på spreng for tida. Om kort tid vil ein sjå 15 nye bustadar nær Aksdalsvatnet. Av Alf-Einar Kvalavåg For eit snautt år sidan besøkte me Urbanhus på Raglamyr. Grunnen var at dei skulle utvikle ei av dei mest spanande bustadprosjekta i Tysvær. Nå begynnar det å gå seg til og denne veka var det ein travel gjeng frå både Nerheim & Søner og Haugaland Kraft som jobba på spreng. Snart skal ein begynne betongarbeidet. – Me er i rute og begynner å sjå konturane av prosjektet som skal innehalde 15 einebustadar satt saman i eit tun. Og nå når vegen, leikeplassen og grunnarbeidet er på plass ser me at dette blir bra. Ingen tvil om at dette blir slik som me både håpa og trudde, seier Åse Kristin Foss i Urbanhus.

Kvalitet sel

Saman med Morten Klungeland, som har teikna prosjektet, er Foss svært nøgd både med salet så langt, men også med tilbakemeldingane dei har fått. – Me har prøvd å gjere dette unikt og med strenge krav til kvalitet. Då er det kjekt å få tilbakemeldingar på akkurat dei

Åse Kristin Foss og Morten Klungeland likar det dei ser så langt. Snart vil det poppe opp 15 einebustadar like ved Aksdalsvatnet. tinga me har hatt mest fokus på. Me ønskjer å skape oss eit rykte om at vårt namn skal forbindast med kvalitet på heile prosjektet og då er det også eit visst press. Spesielt når me får slike tomter å byggje ut som her, seier Klungeland.

– Kor langt er ein komme i arbeidet? – Nå har ein fått grave ut tomta og gjort ferdig infrastrukturen. Om kort tid vil ein starte betongarbeidet og så kjem snekkarane like etter. Som ein

ser held Haugaland Kraft på med å legge kablar inn til husa, mellom anna breiband. Tar ein med tomtene på haugen bak oss som Hagland Eigendom eig, så har heile dette området nå spanande veker framføre seg,

Foto: Alf-E

seier dei to representantane for utbyggjarane.

To verder

– Urbanhus har valt å lage hus i to og tre etasjar i eit ferdig tun. Kvifor?

– Kor komme dei eigentleg frå? Det blir stadig fleire tysværbuar. Er det berre byfolk som flyttar innover? Av Alf-Einar Kvalavåg Når Monica Vikse hos EiendomsMegler 1 oppsummerer sala av dei nye bustadane på «Drivhustomta» på Frakkagjerd så langt, er det god geografisk spreiing på kjøparane. – Det er ingen tvil om at det å kjøpe seg hus eller leilegheit i den ytre delen av Tysvær er attraktivt. Difor visste me, før me opna salet her for Urbanhus, at dette ville vere ein populær stad som er lett å selje. Dei åtte første som har signert kontrakt her kjem frå Sola i sør til Sveio i nord. Eit av husa er selt til ein frå Kopervik, to til haugesundarar og tre har allereie adresse Førresfjorden. Det betyr at ein legg merke til Frakkagjerd

langt utanfor kommunegrensene, seier Vikse.

Skule

For dei aller fleste meklarane er ytre del av Tysvær blitt indrefileten når dei skal lage prospekt. – Men kva er det som gjer området så ettertrakta? – Her er det mange ting som spelar inn. Det er nærleik til skule, barnehage, butikk, idrettsanlegg, natur og til kommunesentrum i Aksdal. I tillegg er det fem minuttar til Raglamyr og knapt nok ti minuttar til sentrum av Haugesund. Det er sjeldan ein kan ramse opp så mange plussar i eit prospekt, seier meklaren som sjølv kjem frå Sveio og har eit lite ankepunkt i tomtepolitikken i nabokommunen. – Eg registrerer at Tysvær prioriterer sine eigne når dei legg ut tomter. I Sveio får ein eit verdibevis når ein er ung, som ein kan nytte til tomtekjøp om ein flyttar heim att etter enda utdanning. Det er sjølvsagt fritt å lage si prioriterings-

liste, men eg veit det sit mange rundt om som kunne tenkt seg ei tomt her, seier Monica Vikse.

Lettselt

15 einebustadar i eit miljø er det Vikse skal selje på Frakkagjerd denne gongen. – Før den første muren er støypt har me selt over halvparten, noko som er uvanleg. Men så er det eit prosjekt som er i eit miljø med 15 bustadar som ligg på ei fantastisk tomt. Det heile er gjort komplett av Urbanhus, slik at kvar bustad blir unik, men samstundes ein del av det ferdige miljøet. Storleiken er enten 171 kvadratmeter eller 186 kvadratmeter i tre og to etasjar, seier Vikse. – Kan du seie noko meir om kjøparane? – Utan å gå i detalj i akkurat dette prosjektet ser me nå at stadig yngre kjøparar har midlar til å investere i bustadar frå 3,6 millionar til omlag fire millionar kroner. Der kor det tidlegare berre var 40+ som var på banen, er aldersgrensa

nå snart kutta med ti år. Men når det er sagt har me interesserte kjøparar i alle aldrar frå som sagt snart heile Rogaland, avsluttar Monica Vikse.

Monica Vikse kan plukke opp nok eit skilt og skrive «solgt» på. Over halvparten av bustadane på «Drivhustomta» blei rivne vekk. Foto: Alf-Einar Kvalavåg


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.