32.tbfarge

Page 1

32

Torsdag 1. mars 2012

BYGG OG BU

Tysvær Bygdeblad

Naturen er for alvor på veg inn i stuene til folk. No skal innreiing og interiør vere grønt og naturleg. Anne Kjersti Aarhus har tatt naturen med seg inn heile livet.

Av Mona Terjesen

Tunet og huset til ekteparet Anne Kjersti og Vidar Aarhus ligg som ei perle i naturen, med havet som næraste nabo.

Det kunne ikkje blitt meir romantisk og naturskjønt, huset til Anne Kjersti og Vidar Aarhus på Odland i Gismarvik. Det ligg i enden på ein avstikkarveg med sjøen og skogen som næraste naboar. – Det er nesten litt som ei hytte, men det er slik me vil ha det, seier Anne Kjersti smilande idet ho slepp oss inn kjøkkeninngangen. Treverk, heimelaga møbler, kvister og blomar. Det kjennes verkeleg som om naturen er med inn i heimen til ekteparet. – Eg er eigentleg ikkje særleg opptatt av innreiing, men eg har alltid likt å ta med meg det eg finn ute i naturen, inn i heimen min, fortel Anne Kjersti.

Utsikt

Mange kjenner nok Anne Kjersti som aktivitetskoordinator i Tysvær kommune, der ho i mange år har sørgja for aktivitetar for dei eldre og dei som bur på institusjonar. Tysdagsbordet er blitt ein tradisjon, der Anne Kjersti tar med seg ting frå naturen inn til dei eldre og uføre og gir dei ei naturoppleving dei elles ikkje ville fått. Sjølv er ho ute kvar einaste dag, saman med Mira, ei tre år gammal tricolor Border collie-tispe. Tidleg om morgonen går dei to tur i skogen rundt huset på Odland. Med seg heim har dei gjerne sopp, greiner, stein, mose eller blomar. – Det er så mykje fint å finne der ute, og det skal så lite til, seier Anne Kjersti og peiker mot ein liten vase som står på eit bord i stua. Tre små kvitveis står sirleg plassert saman med nokre greiner. – Folk presser ofte blomane oppi vasar så dei står heilt tett, då kjem dei jo ikkje til sin rett i det heile tatt. Det er mykje finare å la dei få rom så me ser dei, meiner aktivitetskoordinatoren. Ho har fleire vasar med greiner i stua, svart ask med knoppar på, villepletre og solbærgreiner. Ho blandar nokre få kvister med tulipanar og markblomar. Og det harmonerer, skaper stemning. Stemning skaper også den fantastiske utsikta utanfor det mørkegrå huset til ekteparet Aarhus. Hav og natur så langt auga kan sjå. Betre kunne det vel eigentleg ikkje blitt. – Me føler oss heldige som bur her, det er utruleg vakkert, nikkar Anne Kjersti.

Ei skjønn lita Sisselrot har funne grobotn på eit tre.

Utsikta frå huset på Odland kunne ikkje blitt betre.

Blei buande

Før i tida brukte dei bjørnemose til å lage kostar av.

Ei enkel grein er ofte nok for å pynte opp heime. Denne solbærgreina spirer grønt i stua til Anne Kjersti og Vidar.

Etter å ha budd seks år i lærarbustaden på Hetland, der Anne Kjersti var lærar og mannen Vidar styrar, bygde dei huset på Odland. I 1979 kunne dei to og ungane Mathilde og Are Oddmund flytta inn i draumeheimen. Ho er frå Oslo og han er frå Hardanger, jobben førte dei til Tysvær og her blei dei. – Det er så enkelt at me liker oss


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.