BYGG OG BU
Tysvær Bygdeblad
Torsdag 1. mars 2012
Biblioteket på Nedstrand barne og ungdomsskule har og blitt med på wallstickers trenden.
31
Foto: Ingvild Myklebust
Veggpryd Typografi på veggane er kome for å bli!
kroner, fordi wallstickers er billigare enn ny tapet eller ny måling. Det er heller ikkje til og stikka under ein stol at ein sparar seg for mange timars arbeid.
Av Ingvild Myklebust
Personleg preg
Ord, sitat og bilete som blir limt på veggen, og kalla wallstickers, har dei siste åra blitt svært populære. Konseptet går ut på at ein gir nytt liv til veggar og overflater ved å lima på eit motiv.
Billig dekorasjon
Mange brukar wallstickers som eit alternativ til ny tapet, eller ny måling. I staden for å endra farge eller dekorasjon på veggane i heile rommet, kan ein berre byta ut wallstickersane, og dermed få eit rom som ikkje er slik det var før. Her kan ein spara nokre
Det å bruka walllstickers på veggar i heimen er med på og skapa eit meir personleg preg. Ein vel sitat, ord eller bilete som gjerne betyr noko spesielt. Dette er ein av grunnane til at wallstickers er så populært. Ein kan bruka fantasien og vera sin eigen interiørdesignar. På barnerommet kan ein til dømes ha favoritt teikneseriefiguren til barnet.
Korleis det verkar
Wallstickers er vinylfolie som ein ganske enkelt limar på veggen. Sjølv om det krev litt presisjon og måling for at alt skal verta beint, er ikkje det å hengja opp wallstickers nokon stor kunst. Dersom ein skal montere wallstickers bør ein gå fram slik: 1. Reingjer området der du skal feste vinylen. 2. Klipp ut objekta du skal montere. 3. Motiva er plassert mellom to stykk papir. Ei transparent side og ei tjukkare med skrift. Trekk langsamt vekk den sida med tekst på. 4. Fest den øvste delen av elementet på veggen 5. Held den enden som ikkje sit fast litt ut frå veggen
så den ikkje klistrar seg på gal stad. Gni på motivet til det sit fast. 6. Gni hardt på objektet med ein flat og fleksibel gjenstand (f.eks. eit bankkort) for å unngå luftbobler. 7. Ta forsiktig av overføringspapiret mens du forsikrar deg om at designet sit igjen på veggen.
Kvar finn ein wallstickers?
Det finst svært mange nettstader som sel wallstickers. Her kan ein finna så og seie alt ein kan ynskje seg av ord, utrykk, bilete og sitat. Dersom ein ynskjer det kan ein og finna wallstickers i møbel og interiørbutikkar. Her er utvalet litt smalare, og prisane er ofte litt høgare. – Vi har selt svært mykje wallstickers den siste tida. Det verkar som det er veldig populært. For augneblinken er vi faktisk utselt for wallstickers, men dei vil snart vera og finna i butikkhyllene igjen, fortel Gro Vikse som er interiøransvarlig på Bohus i Haugesund.
Komen for å bli
Slik det ser ut no er wallstickers trenden noko som er kome for å bli ei stund. Fleire og fleire vel å dekorera heimen med bokstavar og bilete. Så dersom du ynskjer å pynta opp litt i stova eller på soverommet er kanskje dette noko for deg!