29.tbfarge

Page 1

Tysvær Bygdeblad

Torsdag 1. mars 2012

BYGG OG BU

29

Rift om eigedommane i Tysvær

På Veimtoppen i Førresfjorden ligg det igjen eit par tomter for sal, dei andre er solgt, og husa poppar opp på høgda. det ikkje er nok eigedommar for sal til å metta behovet til folk.

Sel raskt

Det er ifølge bustadsportalen Boliga.no, 20 bustader for sal i Tysvær kommune, seks av desse er prosjekterte. Til samanlikning er 162 for sal i Haugesund, 158 i Karmøy og 29 i Sveio. Ser ein på storleiken til kommunane så er det få eigedommar for sal i Tysvær samanlikna med na-

Eigedomsmeklar i Eiendomsmegler 1, Håkon Nilsen fortel at eigedommane i Tysvær kommune blir selt raskare enn i nabokommunane. Arkivfoto

Tysvær blir ein stadig meir ettertrakta plass å bu. Bustadane og tomtene i Tysvær blir selt mykje raskare enn i kommunane rundt. Av Mona Terjesen At Tysvær er i vekst er det ingen tvil om, noko også eigedomsmarknaden viser tydeleg teikn på. Tala frå 2011 viser at det er stor rift om bustadane i kommunen. Det kan virka som om

«Ser me på alle eigedommar samla, så er snittida for sal i Tysvær på 30 dagar» Meklar Håkon Nilsen

boane. Årsaka er at dei ikkje ligg lenge nok ute om gongen. Dei blir rett og slett selt veldig raskt. Eigedomsmeklar i Eiendomsmegler 1, Håkon Nilsen er blant dei som opplever trenden tydeleg og seier at omsetningstida er lågare i Tysvær kommune enn for eksempel i Haugesund og Karmøy. – Ser me på alle eigedommar samla, så er snittida for sal i Tysvær på 30 dagar. I Haugesund er den 46 dagar og i Karmøy kommune 42 dagar, nikkar Nilsen. Det er tomannsbustadane som freistar kjøparane mest i Tysvær kommune. Desse går i snitt etter berre 27 dagar ute

på marknaden. Einebustadar ligg for sal i 29 dagar i snitt og leilegheiter i 39 dagar.

Tomter

Tysvær er heilt klart ein kommune i medvind, med god økonomi og mange planar. I den kommande kommuneplanen for 2011-2023 er det skissert bustadbygging over heile kommunen åra framover, særleg nord blir det mykje aktivitet. Legg me saman alle eigedommar som er regulert til bustadføremål, altså ulike typar bustadar og prosjekterte tomter, så ligg dei i snitt ute i 79 dagar før dei blir selt i Tysvær og 85

Foto Mona Terjesen

dagar i Haugesund. I Vindafjord ligg dei i 80 dagar og i Sveio ligg dei ute i 94 dagar i snitt før nokon kjøper dei. Tomtene i Tysvær er med andre ord også ettertrakta, og det blir stadig skilt ut fleire. Det er per dags dato 31 kommunale tomter for sal og 10 private eller via byggfirma. 20 av kommunen sine tomter er på Øverland i Nedstrand. Til våren kjem det nye tomter for sal på Bjørnsvik i Tysværvåg og på Kallevik Sør.

Skilnader

Sjølv om Tysvær med sin gode økonomi, store planer og voldsamme vekst, samla sett er ein

ettertrakta kommune å bu i, er det store skilnadar på dei ulike stadene. Det blir lagt for sal langt fleire bustadar nord i kommunen enn sør, og dei mest populære plassane som sel best er Førresfjorden, Førre, Frakkagjerd, Aksdal og Grinde. – At desse stadene sel så raskt viser kor populære dei er, kommenterer meklar Nilsen. Han legg til at eigedommar som blir lagt ut for sal på andre områder som Hervik, Tysværvåg, Skjoldastraumen og Nedstrand ligg mykje lengre før dei blir kjøpt opp.

Desse er for sal per i dag: Bustader for sal i Tysvær kommune: Tre leilegheiter i Stuvik, Nedstrand Einebustad i Slåttevik. Ein leilegheit på Rindane, Førresdalen. Ein einebustad ved Aksdalsvatnet. Ein einebustad på Veimtoppen, Førresdalen. Ein tomannsbustad i Skjoldastraumen. Ein einebustad på Askeland, Aksdal. Ein einebustad på Susort. Ein einebustad i Førresdalen. Ein einebustad på Førresfjorden Brygge. Ein einebustad på Voll, Hervik. Eit rekkehus på Førreneset. Ein einebustad i Slåttevik, Tysværvåg. Ein leilegheit i Slåttevik, Tysværvåg. Rekkehus på Førresfjorden Brygge. Ein leilegheit på Førresfjorden Brygge. To leilegheiter i Aksdal.

Ledige kommunale tomter: Ni ledige tomter i Nypedalen, Hindervåg. To ledige på Garhaug. 20 ledige på Øverland.

Private tomter/firma for sal: Ei tomt på Vestli i Førresfjorden. Ei tomt på Kalvatre i Tysværvåg. To tomter på Førland, Aksdal. Ei tomt i Skjoldastraumen. Fire tomter på Veimtoppen, Førresfjorden. Ei tomt på Eikelund, Aksdal.

Hytter for sal i Tysvær kommune:

Ei hytte med naust på Lindanger, Skjoldastraumen. Ei hytte i Grinde. Ein fritidseigedom på Hetland, Aksdal. Ein sjøeigedom ved Grindefjorden, Aksdal. Eit nedlagt gardsbruk Grindefjorden, Aksdal.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.