Tysvær Bygdeblad
BYGG OG BU
Torsdag 1. mars 2012
26
Foto: Mona Terjesen
Kunne du tenkja deg dette motivet på veggen? No er det mogeleg å tapetsera favorittbildet på veggen. Foto: Mona Terjesen
Tapetserer minna på veggen Ferieminne, kjæledyr, djupe skogar og høgreiste tre. Kva med ein heil vegg dekka av favorittfotoet ditt? No kan du få kva som helst trykt på tapet. Av: Mona Terjesen Det har lenge vore vanleg å trykka yndlingsbilda sine på lerret og glasplater, eller som plakatar. Men no er altså tapet det siste nye.
Fersk trend
Sjølv om det er grøn som er det store trendfargen for 2012, så er fleire sterke fargar i skotet. Alt er lov, også å kombinere blomer og striper. Berre fantasien sett grenser.
I allsens interiørblad og bloggar finn ein no fototapet. Folk dekker veggane sine med alt frå kjæledeggar til vassdråpar på ei vindurute. Og det er lett som bare det; du vel enkelt og greitt ut eit bilde du liker, sender det inn til ein fotobutikk og vips så har du eit tapet med ditt eigekomponerte motiv på. Foto Knudsen er ein av butikkane som fører fototapet. På nettsida deira kan du velja fritt i storleikar. Men det er framleis internett
som er mekka for bestilling av fototapet, der er det flust av forhandlarar, i butikkane i distriktet ventar trenden enda litt. Ein ringerunde viser at fotobutikkane i nærleiken ventar på fototapetet, men at dei framleis berre sel bilde på lerret, glasplater og plakatar. – Me sel mykje av store lerret som gjerne dekker mesteparten av ein vegg, så tapet kjem nok også snart, fortel dei ved Japan Photo i Haugesund sentrum. Også Foto Erik ventar på tapettypen. – Me har ikkje byrja å føra det enda, men det kjem heilt sikkert etterkvart, fortel dei der.
Må vera store nok
Fototapetet tåler vask og skal vera slitesterkt, så da er det einaste den som bestiller treng å tenkja på; motivet og storleiken på bildet. Dei som sel fototapetet anbefaler folk å senda inn bildane minimum ein megapiksel store. Så da er det berre å hiva seg på den ferskaste trenden i tapetverda; knipsa draumebildet, setta seg framfor datamaskinen og bestilla seg fototapet.